Gå til innhald

Boksommar

juli 11, 2014

image

For meg har alltid sommaren mellom alt anna vore det å ha god tid til å lesa bøker. Ein av sommarfantasiane mine gjennom vinteren er tanken på å liggja på magen i graset eller på ei solvarm trebrygge som luktar svakt av tjøre med ei god bok framfor meg og den besnærende tanken i hovudet at her kan eg liggja og lesa så lenge eg bare har lyst. I familieferiar med masse folk rundt meg, finn eg og små lommer i tida til boklesing. I føremiddag har eg lese boka «På ville veier,» av Cheryl Strayed. Boka har undertittelen » om å miste fotfestet og komme på beina igjen.» Boka er sjølvbiografisk. Etter å ha mista mor si i kreft etter eit sjokkarta kort sjukepleiar, kjem 22 år gamle Cheryl i ei djup personleg krise. Ho bryt av utdanninga si, separerer seg frå mannen ho gifta seg med då ho var 20 og hvirvlar inn i eit depressiv og sjølvdestruerande sorgmørke som til slutt endar opp med eksperimentering med heroin. Cheryl får den nokså ville ideen å bryta opp frå alt for å vandra ei hundre mil lang og krevjande fotturistløype langs vestkysten av USA. Løypa går delvis i høge fjellparti, og er så fysisk hard at bare ca hundre personar gjennomfører turen kvart år. Ho anar ikkje kva ho har gitt seg ut på, og den dagen ho legg i veg oppdagar ho at ho ikkje ein gong klarer å løfta den tunge ryggsekken med alt ho treng opp frå golvet.

Mot alle odds klarer ho å gjennomføra turen i løpet av tre og ein halv månad. Store deler av turen går ho heilt aleine på føter nesten øydelagde av gnagsår, vannblemmer og negler som blir blå og dett av føtene, og med djupe gnagsår av den alt for tunge sekken. Ho møter både bjørnar og klapperslangar, og har til tider svært knapt med mat og drikke, men er som besett av tanken på å gjennomføra.

Eg anbefalar boka. Ho handlar djupast sett om det å leva og om det at dei viktigste reisene i eit liv gjer ein aleine, anten dei er fysiske eller mentale. Boka handlar om styrke, om natur og om dei fine og dei vanskelege tinga i livet og i tillegg om kor sterke me er når me må.

Ei anna bok eg ofte har med meg er denne:

image

For dei som ikkje har lese så mykje i Bibelen, så kan eg opplys om at her finn ein det meste. Eg har lese systematisk dei siste fire år for å koma gjennom alle bøkene der, og eg les tre plassar om gongen. Akkurat nå les eg Josva, provoserande og opprørande. Det er ei bok eg nesten får vondt i magen av å lesa i… Heldigvis har eg ingen forventningar om at eg bør bli oppbygga av å lesa der, men eg tenkjer at eg bør kjenna til det. Den andre staden eg les er Høgsongen. Det er ei bok eg både har lese og høyrt framførde fleire gonger. Det er første gongen eg les skriftet i den nyaste nynorskomsetjinga, og det er utruleg vakkert. Skriftet har tre stemmer: Ho, han og koret. Det at deler av teksten er lagt til «koret», gjer at eg får dramaturgiar i hovudet medan eg les. I tillegg til Josva og Høgsongen les eg Johannesbreva. Dei er fine. I dag vart eg minna på at kjærleik til andre blir vist gjennom praktiske gjerningar, og det å snakka om nestekjærleik utan å vera det for dei som treng det blir meiningslaust og tomt.

Det å ha ei tru er og på ein måte å vera på reise. Eg håpar at livet stadig lærer meg noko nytt om livet, kjærleiken og Gud.

image

Denne boka såg eg i ein billigkasse i dag. Eg kjøpte ho ikkje, men vart mildt provosert og litt lattermild på same tida. Ho handlar om plastiske operasjonar ein kan ta for å halda seg skjønn heile livet. Nå ropar dei og spør om eg skal vera med og bada i sjøen. Eg får ta sjansen på at eg kan gjera det med frimodig sjølv om eg ikkje er plastisk operert…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: