Det er sommar i september – ein slags visetekst
Det er sommar i september.
Kan det verkeleg gå an?
Roser blømer inn i hausten,
milde bølgjer slår mot land.
Nokon badar rett her ute,
fuglar flokkar seg og dreg.
Livet det har blitt september,
sommaren er att hos meg.
Tunge raunbær heng og gløder,
og potetgras blømer kvitt.
Det er sommar i september,
det er kyss i smilet ditt.
Sol av gull i horisonten,
vinden leikar som han vil,
det er sommar i september,
det er godt å vera til.
Det er sommar i september,
allting har si mogne ro,
takkar for alt som har vore,
sommaren har vore god.
Snart skal frosten kyssa jorda,
snart skal mørket falla tungt.
Me har sommar i september,
alt er framleis nytt og ungt.
Heidi
Det siste halvåret har eg hatt stor glede av å skriv små viser som kanskje er litt rare og naivistiske. Dette er eit forsøk i den retningen. Det er sikkert bare eit førsteutkast, men dei meldar at hausten skal koma sånn omtrent i morgon, så eg får skunda meg å posta medan det framleis er aktuelt.


