Gå til innhald

21.september

september 21, 2014

image

I dag ville bestemor ha blitt 111 år gammal, dersom ho framleis hadde levd. Det får meg til å forstå kor fort tida går. Ho var eit veldig viktig menneske i livet mitt, og eg fekk behalda henne så lenge at dei eldste ungane mine hugsar henne. Frramleis kan eg drøyma at ho lever, og framleis kan eg diskutera ting med henne i mitt eige minne, sjølv om det faktisk er 21 år sidan eg mista henne.

Helga mi har vore god. I går kom hausten med masse regn og kaldare luft. På fredag kunne eg nyta det som kanskje vart den siste sommardagen i år med å skriva ute på verandaen med ein vakthund og ein vaktkatt til å halda meg med selskap.

image

image

I dag var det sol att, men lufta var ikkje lenger sommarvarm, og vinden bles ganske friskt. For første gong denne hausten tende me stearinlysa i lysekrona i går kveld. Me hadde invitert Hanne Lise og Gunnar til fylt krabbe, ost og heimebakte scones. Det blir mørkt om kveldane nå, og det er fint å vera inne. Det som prydar ostefatet i lag med druene er tomatbær, tomatar i bærstorleik. Det hadde eg aldri vore ute for før, så det kjøpte eg med meg.

image

image

I dag fekk eg først med meg gudsteneste med dåp og konfirmantpresentasjon. Så hoppa eg på toget til Stavanger, der eg møtte Anne Mette. Me la ut på byvandring i blåsande bygater, og nede i havna var vatnet uroleg og skummande.

image

image

image

image

Gule haustblad fauk rundt føtene våre, men frå togvinduet såg eg ein mann som bada. Han duppa i havoverflata med snorkel og dykkarmaske, og såg ikkje ut til å frysa i badebuksa si. Me to vandrarskene, syntest etterkvart at det var koseleg å søkja tilflukt på kafeteriaen på kulturhuset der me hadde varm te og litt lunsj. Denne dagen fungerte forresten utan ytterjakke og sokkar med sandalar. I ryggsekken hadde eg varmare klesplagg og sko dersom det skulle trengjast, men sekker trengde ikkje opnast. Det kan forresten anbefalast å leika turist i ein heilt lokal sundag. Med ryggsekk og togtur, og vandring og kafebesøk vart det nesten som ei lita feriereise i miniatyrformat.

Dei neste vekene har eg fleire oppdrag som diktlesar, forteljar og nesten-foredragshaldar, og i dag fekk eg spørsmål om eit arrangement til. Det er kjekt å gjera slike ting så lenge det let seg kombinera med jobb og alt det andre rare eg driv med. I haustferien reiser me nokre dagar til Oslo, det gler eg meg og veldig til. Innlagt på vegen er ei overnatting på Dalen hotell. Det har vore ein slags draum å gjera det ein gong, og nå har Leif blitt bedd om å halda foredrag i Dalen, så då passar det plutseleg å realisera draumen.

Men nå er det ei heilt vanleg, ganske travel arbeidsveke, så det er viss best å ta dagen inn for landing. God haust alle saman, for nå trur eg rett og slett at han er her…

Heidi

image

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: