Gå til innhald

Den så æ mæ på legen… Luke tre

desember 3, 2014

image

Me er inne i den tida då det er mørkt når me går til jobben om morgonen og mørkt når me går heim om kvelden. Då er det eit slags privilegium å få med seg både soloppgang og solnedgang frå arbeidsplassen sin.

Timane med dagslys er ikkje så mange, men dei er til gjengjeld intense med lystenning, song og ulike formingsaktivitetar. I dag var det englar på timeplanen. Mykje skal ein høyra når ein jobbar med ungar. I dag oppstod det ein liten konflikt i matfriminuttet, leiken vart i villaste laget og ende med eit fall. Partane var ueinige om kva som hadde hend og om dyttet var med vilje. Den eine parten rettferdiggjorde seg med å seia: «Men den så æ mæ på legen, må tåla å få stregen!»

Eg lurte på kva slags strek vedkomande tenkte på. Var det helsesyster sine pirquet-streker? Nei, dei har vel ungane nå lite forhold til, det er ikkje lenger ein årleg skrekktradisjon? Meinte eleven ein anmerkningsstrek frå ein av lærarane? Eg vart litt sjarmert av dette forsøket på å få eit uforståeleg uttrykk til å bli begripeleg. Situasjonen tilsa imidlertid verken språkleg rettleiing eller interesserte språkspørsmål…

Eg tenkte vidare på korleis barn blir kjende med språk ved å prøva å danna seg indre begrepskart og å prøva å få verda til å henga saman. Engler som daler ned i skjul og dei små armane som kjem til Jesus i stallen er klassiske eksempel. Sjølv såg eg for meg at ordet «julekvad» måtte vera ein slags salig og opphøyd sinnsstemning ein kom i i jula, som det stod forklart i songen «Jeg synger julekvaaaad, jeg er så glad så glaaad». Og eg såg for meg at «Pål sine høner» var namnet på hønseflokken som slapp ut på haugen. At det var Pål som slapp dei ut kunne eg ikkje sjå at det stod noko om. Språknerd som eg alltid har vore, så grubla eg på om den talande kamelen i Kardemommeby si taleopplæring stamma frå begge dromedaren sine foreldre, eller om opphavsmannen var dromedaren sin morfar. » og det å tale lærte jeg som liten av en dromedar, som hadde lært det av sin mor, som hadde lært det av sin far…» Barnehagar var noko eg bare høyrde om i «Barnetimen for de minste» på radioen: » … og nå skal kanskje du i barnehaven?…» Slike fantes vel ikkje verken på Ålgård eller på Bryne i min barndom. Eg såg for meg store grøne hagar med masse roser, slik det stod i sundagsskulesongen. » Jeg vet en deilig have der roser står i flor»… Av og til saknar eg å tenkja som eit barn, sjølv om eg har ein mistanke om at eg og fleire med meg gjer akkurat det oftare enn me anar…

Heidi

image

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget