Fylgje med far gjennom åra
I går feira me far sin 75- års -dag. På dette biletet er han omtrent like gammal som Halvard er nå, og dette er ikkje så frykteleg lenge før eg møtte han for første, gongen. Nesten så ung far som dette hadde eg… I mine første minne om han ser han omtrent slik ut. Men at foreldra mine var yngre enn foreldre ofte er, tenkte eg ikkje over før eg hadde vore vaksen lenge. Det er heller ikkje mange av mine jamnaldrande som framleis har ei farmor i live. Den som blir tidleg foreldre, og dei som er fødde først, får i beste fall fylgje gjennom mange år. Ei frykteleg lang ungdomstid fekk dei ikkje, mor og far, men relativt unge besteforeldre fekk dei bli, og lenge før dei fylte femti var ungane vaksne og relativt sjølvstendige. Det at eg har kjend far min sidan han var jamnaldrande og yngre enn mine eigne barn er nå, gir livet eit litt surrealistisk perspektiv. Ikkje minst minner det meg på kor fort ein skrir gjennom dei ulike tidsaldrane. Til ære for far min, siterer eg Kumbel (etter minnet):
Tar man livet som det falder,
går man gjennom tidens haller
alltid i sin beste alder…
Kumbel
Og framleis reknar far min seg som ein mann i sin beste alder, kjenner eg han rett. I går hadde me eit koseleg selskap heime hos syster mi for dei «vaksne» i familien, barn, svigerbarn og brørne hans og ei svigerinne. For ei veke sidan feira dei med alle barnebarna deira og det dei ville ta med seg av kjærastar, først var dei ute og åt og så heime og drakk kaffi.
Nå snurrer hjula att medan jula sviv på absolutt siste verset. I dag hadde eg årets første langdag med jobb i både skule og kulturskule. Etterpå gjekk eg den lengste vegen heim i intenst regn. Det kjendest bra. Kanskje heimturen blir ei vise eller eit dikt rundt dette temaet.
Så vassa eg heim i jærsk januar
mens regnvatnet gjekk meg til knes
paraplyen var vrengd
men regnkåpa lang
mens kveldsvinden sulla og bles
det surkla i skorne
og fjeset var vått,
men eg nynna til regnet som slo
Ein rytme av vinter
det vart ganske fint,
men det trur eg ingen forstod.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Mor og far., veret, vinter, Viser


Godt år!
Slike tankar gir perspektiv, slekt skal følge slekters gang 🙂
Godt år til deg og. 🙂