Her sit eg og kan ikkje anna…
Etter ei fantastisk helg i Oslo stod eg på Oslo S klokka fire og skulle ta toget heim fem på halv fem. I god tid fann eg perrongen og forundra meg over at toget ikkje var kome. Det var få passasjerar som venta og. Eg gjekk opp att for å sjekka sporet ein gong til, jo det stemde. Etter diverse rundar rot med mitt kjære NSB, så er eg aldri for trygg på at ting er som det skal vera. Eg høyrde at fleire av dei reisande snakka rett dialekt, og bestemde meg for at uroa var nevrotisk. Fem minutt før var ikkje toget kome, så stod det at tog frå Stavanger var venta. Eg rekna med det skulle snu og gå tilbake, men konduktøren sa at dette var toget som kom frå Stavanger og at han ikkje visste meir eg og to søte damer frå Kristiansand sprang opp i informasjonen og fekk vita at me hadde vore på feil spor og at toget hadde kjørt. Eg var framleis skråsikker på at eg hadde rett. Me hadde vore ein heil gjeng som venta i lag og lurte på kor toget blei av. Me var alle skråsikre på at det hadde stått at toget gjekk frå spor tolv, men måtte gje oss på at me vel hadde teke feil av ankomst og avgang, så nå sit eg altså her… Dei syntest synd på meg som var heilt på gråten, og gav meg gratis sitjebillett til nattoget, sjølv om dei understreka at eg ikkje hadde rett på det. Eg ringde Sunniva og ho og Halvard kom for å vera med meg ut og eta litt. Det får me sjå på som rein bonus, me hadde det koseleg og ungdomane mine er glade og har det bra.
Eg reiste bort torsdag kveld, og fekk meg ein lang og fin togtur før Sunniva møtte meg på stasjonen, me fekk kveldsmat på ein utestad og ei kveld i sofaen saman med sambuarane hennar.
På fredag ville eg og Eva Mari leika fine fullvaksne damer med te og smørbrød på Grand kafé. Me vart litt skremde av hovmeistarar, kvite dukar og garderobeplikt. I staden havna me på ein hipp uteplass rett ved sida av der me drakk vatn i syltetøyglas og åt maten på blikktallerkenar a la fengselet. Sausen var på oljekanner, men maten smakte godt .
Og elles har helga vore fantastisk med venninner, kunstutstilling, masse trasking og mykje prat. I går såg eg Toralf Maurstad på scenen og i dag fekk eg nattverd av Kjell Magne Bondevik. Eg skriv meir om det meste seinare. Livet er spennande og uføreseieleg…
Heidi
