Gå til innhald

Burde eg vera Charlie?

januar 18, 2015

image

I det siste har stadig fleire erklært via T-skjorter og statusar på facebook at dei er Charlie. Eg har forståing for akkurat det på grunnlag av det forferdelege som har skjedd i Paris, likevel har eg kjend på at eg ikkje er Charlie.  Dette er eit innlegg eg vegrar meg litt for å skriva, for det er lite politisk korrekt, men eit eller anna inne i meg insisterer på at eg skal gjera det likevel. Ein ung mann som står meg nær har sagt at dei som ikkje er Charlie bør teia i respekt akkurat nå. Eg forstår kva han meiner, men nå seier eg det likevel.

Eg set ytringsfridomen høgt, la det vera sagt. For min del er det likevel grenser for kva eg vel å bruka ytringsfridomen til. Likevel ynskjer eg å respektera at andre har heilt andre synspunkt på korleis dei ynskjer å bruka sin ytringsfridom.  I ytringsfridomen sitt namn, vel eg å skriva dette.

Eg har jobba i skulen i tretti år, og det å ordna opp i konfliktar, misforståingar og anna som oppstår på grunn av ulikskapar, er ein del av kvardagen. Om ein av elevane mine hadde klaga på at ein annan elev teikna teikningar av han som han opplevde krenkande, så hadde eg utan tvil bedd teiknaren om å stoppa med det same. På skulen har me ein stopp-regel som alle er pålagde å respektera. Den som er krenka har rett til å seia stopp når det begynner å gjera vondt. Om ein av elevane mine var blitt krenka av at ein medelev teikna Muhammed og ikkje han, ville eg og bedt han stoppa med det same. Om nødvendig ville me måtta gå eit plan opp for å stoppa teikningane som nokon opplevde som krenkande. Me ville måtta ta det opp som ein mobbesak, og eg er nokså sikker på at beskjeden ville bli at slikt vil me ikkje sjå meir her på skulen. I respekt for at nokon opplever det som ei krenking av trua deira, vil eg heller ikkje som RLE-lærar gje elevane mine i oppgåve å teikna hendingar frå Muhammed sitt liv, sjølv om eg ofte brukar teikning som metode i RLE-faget.

Eg forstår at dette dreier seg om andre og meir alvorlege ting, sjølvsagt avviser eg terror på det aller sterkaste, men eg lurer likevel på om dette er det mest virksomme våpenet mot terror. Eg er ein varm tilhengjar av ikkje-valds-løysingar. Pennen og blyanten burde vera eit utmerka våpen i ikkje-valds- kampen, men finst det ikkje betre måtar å gjera det på enn respektlause teikningar av Muhammed. At nokon vel den løysinga har eg og ei viss respekt for, men at me alle plutseleg skal bli utfordra til å teikna teikningar som me veit at langt fleire enn terroristane opplever krenkande, byr meg likevel i mot.

Eg slit og med den sterke bølgja av » ingenting er heilag» som me som nordmenn blir så utfordra til å hiva oss på akkurat nå. For meg ligg det ei slags forflating i at ingenting skal vera heilag, ingenting skal vera annleis, opphøgd, skjult eller mysteriefullt.

Som ei tankeøving har eg lurt på kva det ville gjort med meg som eit religiøst menneske at det ein laurdagskveld vart sett ut eit stort bilete av Jesus på torget, og at alle vart inviterte til å visa sin avsky mot religion ved å koma ned og kasta stein, spytta, urinera, og spy på biletet. Så skulle eg stått sett på at folkehopen hadde gjort akkurat det under skrik og skrål og forlystelse. Eg trur eg kan lova at eg ikkje ville bli valdeleg, men eg ville likevel føla meg krenka og ha lyst til å gråta for verda.  Dette sjølv om eg lever i ein kultur som for lengst har gått bort frå det at ein har rett til og lov til å vera hårsår av religiøse grunnar.

Sett at eg hadde trusfeller som var villige til å ty til vald… Eg visste at eg djupast sett burde stå opp mot valden og ta avstand til det dei står for.  Ville det gjera det lettare for meg å stå opp mot «mine eigne» at eg faktisk sjølv var krenka, såra og lei meg over det som foregjekk på torget. Eg vil nokså klart tru at svaret var nei. Eg ville føla meg skvisa av kryssforventningar, frykt, sorg og forvirring.

Eg ynskjer sterkt at muslimar skal stå opp og ta offentleg avstand frå vald, terror og ekstremisme. Hjelper eg dei på vegen ved å laga teikningar som for dei er å krenka noko heilag? Eg vil ikkje tru det.

Me har mange muslimar her i landet, dei eg kjenner er hyggelige folk. Nokre av dei liker eg faktisk så godt at eg kunne ynskja å bli så godt kjend med dei at dei var blant mine næraste venner. Eg trur faktisk at det å bli kjende med kvarandre og lytta til kvarandre er sterkare våpen enn å krenka kvarandre.  I nesten alle klassar eg er inne i er det barn som er muslimar. Heldigvis er grupper av barn befriande frie for politiske konfliktar og religionskonfliktar, i alle fall når barna er sju år. Dei lyttar med like stor entusiasme og interesse anten eg fortel dei om Jesu liv eller om Muhammed sitt liv i ein RLE- time. Kva fortel me barna våre når vaksne plutseleg ser det som noko bortimot ein heltedåd å teikna teikningar av Muhammed som er på på do, eller kva det nå måtte vera? At barna ser vaksne mobba kvarandre på diverse TV-program medan me på skulen brukar ein time kvar veke på eit anti- mobbeprogram er eit anna tankekors det ikkje er plass til her.

Om nokon måtte misforstå meg dit hen at eg ikkje er fortvila over terroren i Paris, så kjenner dei meg dårleg. Dette var likevel tankar eg kjende at eg måtte tenkja høgt, og sjølv om eg vel må innrømma at eg er konfliktsky, så skal eg tola å høyra andre sine meiningar om kor forkasteleg feil eg tenkjer. Eg har framleis ei naiv tru på at godleik, kommunikasjon og toleranse er det som tener verdensfreden og forståinga mellom menneske best.

Og kanskje nokon kan overbevisa meg om at eg burde vera Charlie? Eg har framleis ikkje klart å sjå det på eiga hand.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Kloke ord, Heidi!

  2. Eirik Moss permalink

    Enig, når ytringsfriheten brukes til å krenka kvarandre, er det noko som ikkje stemmer..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: