Carnavale
I går kveld drog me ut for å sjå eit stort karnevalsopptog. Det var langt og imponerande, og folkemengden var som på 17. mai og jærdag samtidig. Me gjekk langt for å finna ein plass der det gjekk an å sjå litt i alle fall. Det er lite krembollar å sjå her på fastelavnssundag, men som katolsk land så feirar dei i alle fall karneval før fasten set inn.
Eg får litt lyst til å læra meg å gå på to meter høge stylter med prinsessekjole. Det kunne vera noko å slå til med i arbeids- og selskapslivet, så nå set eg det på lista der eg har skrive ned slikt eg har lyst til å læra meg, som til dømes buktaling og stepping…
Her på hotellet vart me oppgraderte til eit nytt og større rom med badekar og balkong etter uhellet med baderomsflisa som nesten slo meg i bakken. På det nye romet venta det snop og nedkjølt sjampanje som plaster på det såret som heldigvis kunne seiast å vera bokstaveleg talt heilt minimalt.
Og sidan eg har utlevert hotellet med å skriva om ulykka, så får eg fortelja om sjampanjen og. Eg er kanskje ikkje den mest takknemlege sjampanjemottakaren i verda, men tanken var god. Og eg har alltids nokon å dela godsaker med. Det blir mange innlegg her i dag, men det er av publiseringstekniske grunnar. I- paden min klarer ikkje så lange innlegg om gongen. Eg har faktisk lyst til å skriva endå meir i kveld, men me får sjå det an litt…
Heidi



