Ein slags gategudsteneste
Det er veldig mange kortvokste menneske her. Eg føler meg nesten høg med mine 161cm over bakken, og det er det ikkje ofte eg gjer. Her ser eg rett inn i auga på menn med hatt og frakk, og høgt over hovuda på bittesmå damer i pels. Det er ei uvant kjensle. Midt i ei sterkt befolka bygate, såg eg ei bittelita gammal dame sitja og spela på lirekasse. Ho var så nydeleg der ho sat, og eg fekk så lyst til å fotografera, men ville ikkje virka påtrengjande. Eg tok eit bilete halvvegs i smug, så gjekk eg bort for å leggja ein mynt på trekassen på lirekassevogna. Då såg ho opp på meg, ho smilte under skautet og takka. Så strekte ho seg etter noko ho ville gje til meg.
Så gav ho meg eit Jesus- kort. Eg vart litt rørt over at ho dreiv sin eigen form for gate- evangelisering, og kanskje sat der og bad for eller velsigna dei som gjekk forbi på gata.
Bak på kortet stod det ei bøn og nokre vers, som slutta slik omtrent på norsk…
Og slik gav Magdalena
smerte og kjærleik på sin måte.
og slik gir me og til Herren
bøner, kjærleik og smerte,
og i alle ting eit kjæleikskyss.
Ho stod for gudstjenesten min i dag. Ho og mor Teresa. Eg har kjøpt ei bok på kindelen min skriven av mor Teresa med daglege refleksjonar og meditasjonar. Teksten for i dag var om å tena kvarandre med stille og lyttande kjærleik og om å ikkje snakka stygt om kvarandre, men trena seg på å ikkje seia ting om andre som kan bli dei til sorg eller skade. Eg seier amen, og prøver å ta i mot dei kloke orda med lyttande kjærleik.
Heidi