Skip to content

Carnavale

februar 15, 2015

imageI går kveld drog me ut for å sjå eit stort karnevalsopptog. Det var langt og imponerande, og folkemengden var som på 17. mai og jærdag samtidig. Me gjekk langt for å finna ein plass der det gjekk an å sjå litt i alle fall. Det er lite krembollar å sjå her på fastelavnssundag, men som katolsk land så feirar dei i alle fall karneval før fasten set inn.

image

imageimage

Eg får litt lyst til å læra meg å gå på to meter høge stylter med prinsessekjole. Det kunne vera noko å  slå til med i arbeids- og selskapslivet, så nå set eg det på lista der eg har skrive ned slikt eg har lyst til å læra meg, som til dømes buktaling og stepping…

Her på hotellet vart me oppgraderte til eit nytt og større rom med badekar og balkong etter uhellet med baderomsflisa som nesten slo meg i bakken. På det nye romet venta det snop og nedkjølt sjampanje som plaster på det såret som heldigvis kunne seiast å vera bokstaveleg talt heilt minimalt.

image

imageOg sidan eg har utlevert hotellet med å skriva om ulykka, så får eg fortelja om sjampanjen og. Eg er kanskje ikkje den mest takknemlege sjampanjemottakaren i verda, men tanken var god. Og eg har alltids nokon å dela godsaker med. Det blir mange innlegg her i dag, men det er av publiseringstekniske grunnar. I- paden min klarer ikkje så lange innlegg om gongen. Eg har faktisk lyst til å skriva endå meir i kveld, men me får sjå det an litt…

Heidi

From → Reiser, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: