Kreativ kveld
Ettermiddagen og kvelden har vore kjempefin. Rett etter jobb hadde eg avtale om å møta Tove, venninne og tidlegare kollega på Kinarestaurant. Etter to og ein halv time bevega eg meg vidare ut i ettermiddagen og kvelden og fann mine kreative venninner som skulle ha malekveld. Nokre av oss er ganske drivne i malekunsten, eg er ikkje ei av dei… Men for dei som måtte lura, det er veldig nedstressande og veldig triveleg å sitja i lag og leika oss med penslar og maling medan me drikk kaffi og et jordbær. Til slutt har me utstilling og beundrar verka til kvarandre. I dag var temaet «portrett», og me har drive skamlaus kopiering av andre og større kunstnarar enn oss. I dag var det maling, andre gonger har me skrive, sett opp blomar, laga keramikkenglar i alle variantar eller laga collagar på drivved. Sjølv synest me det er ein genial ide å ha ei slik gruppe. Me instruerer kvarandre i ting ein av oss veit litt om frå før, og på den måten sparer me kursavgifter. Eg har fått lov av dei andre til å visa fram anonymt kva me har gjort i dag. Eg har ikkje tid til å skriva så mykje meir enn dette, så i staden skal de få låna auga mine litt og sjå det eg har sett i kveld. Kanskje me kan inspirera ei og anna skapkreativ sjel?
Heidi








