Skip to content

Som sommarferien på kjerringa

mai 26, 2015

17643346981_0b1ee2c870_o

Det er ikkje bare julekvelden som kan koma brått på kjerringar. Det går litt brutalt opp for meg kor kort tid det er att av skuleåret, og kor mykje eg i grunnen bør få gjort før me legg til kai. Det har vore så pass kaldt at tanken på sommar har lege litt på is for å uttrykkja det slik. Men det er klart me skal koma i mål og det er klart at det skal bli fint. Nå lurer eg bare på kor eg har lagt akvarellskrinet mitt, for det treng eg til i morgon. «Jeg er sikker på jeg hadde det i fjor,» som det står i songen. Elles så puggar eg tekst til personalrevyen og planlegg å skriva iop-ar i løpet av helga.

cropped-3656818335_31d6e1bc01_m.jpg

Og sommar skal på ingen måte bli feil om nokon skulle ha forstått meg dit hen. Tysdag er den dagen eg først har langdag på skulen og så går rett til kulturskulen, så det vart ein travel overgang frå pinseferien. Mai er årstida for festreiser her i huset med to gebursdagar og ein bryllaupsdag i tillegg til dei høgtidene me deler med alle andre nordmenn. Helga har vore fantastisk fin, og denne dagen har og vore fin, men nå er eg veldig klar for ein tidleg kveld.

image

I dag i rle- timen hadde me om buddhistiske velsigning og namngiving til nyfødde barn. Læreplanen på skulen min er lagd opp slik at elevane har lært og «erfart» både kristen dåp og barnevelsigning, jødisk markering av barnefødsel, hinduistiske ritualer for nyfødde barn og ritualer i islam ved same anledningen. Me har og hatt human-etisk namnefest. Eg har lært masse sjølv, og alt saman berører meg. Eg synest det er vakkert at alle kulturer har fine velkomstrituale for heilt nye små menneske. Det er heldigvis universelt at alle vil gje barna sine det aller finaste dei har for å ynskja dei velkomen til livet, og det er slåande at ganske mykje går igjen i dei ulike feiringane.

image

Einar Skjæråsen har skrive ei utruleg vakker voggevise, som eg ville ta med her, men dessverre fann eg bare to av strofene på nettet. Det er eit veldig fint vers der med eit ynskje om at «alle har en mor» som kan ta vare på dei «når dagen svinner hen». Far kunne det sjølvsagt og ha stått. Det får vera mitt ynskje her i dag, at alle barn har vaksne som kan ta vare på dei. Og og med motsett vinkling: At alle me vaksne har auga opne for barn som treng å bli tekne vare på. Eg trykkjer heile diktet når eg finn det, eg veit eg har det ein plass, men er for trøytt til å leita meir nå.

Vuggevise

Det er hvile over tunet
det er signing i min sang
det er aften i vårt hus og viden om
Bysse lille, bysse lalle
bysse barnet på mitt fang
bysse fugl og fe
og bysse blad og blom

Vannet vugger sine liljer
løvet stilner i sin lund
men i rommet står en stjerne blek og sår
Det er barn vi ikke ser
det er øyne uten blund
det er hender som vi aldri, aldri når

Einar Skjæråsen

Veldig lett å gløyma å hugsa

Heidi

From → barn, Skule

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: