Skip to content

Hvem tør nå si at jeg ikke er vakker?

mai 28, 2015

image

I hylla mi har eg mange meter diktbøker. Ganske mange av dei har eg skrive dikt inn i sjølv. Den første er frå eg var 15-16 år. Før datamaskinar og internett var ein del av livet, så var metoden for å ta vare på ting ein ville hugsa å skriva det inn i bøker med penn, det gjorde eg både med matoppskrifter og dikt og visdomsord. Kjeldene var bøker eg lånte på biblioteket eller tekstar eg fann andre stadar. Nå har eg leita og leita. Eg veit at Einar Skjæråsen si vuggevise, som eg ikkje finnn med alle versa, på nettet står der ein plass, men eg er ikkje god om å finna det. Eg har og leita i barneabuma eg har laga til barna mine, for eg er heilt sikker på at det må vera der ein stad, men til nå har eg ikkje hatt hellet med meg der heller.

Det står skrive at den som leiter skal finna. Det har eg gjort. Eg har ikkje funne det eg leitte etter, men eg har funne mykje anna. Eg har funne dikt som eg synest var fine for tretti år sidan, og som eg framleis synest er fine, og eg har funne bilete frå for lenge sidan, som framleis rører noko i meg.  Det er vel viseleg innretta at ein av og til leitar etter noko, for då blir ein nøydt til å kikka på alt ein har gøymt, som ein elles aldri tek seg tid til å gjenfinna. Eg har og funne forløparen til mai-bloggen min. Det starta nemleg i papirbøker det prosjektet og. Det hadde eg nesten heilt gløymt, men i ei skrivebok i hylla fann eg ein del av dei tekstane og. Eg trur eg kostar på meg å skriva ein av dei små tekstane her. Overskrifta på desse tekstane er «Scener i mai». Dei er i frå 1991. Intensjonen min då var å fanga små situasjonar akkurat slik dei var og skriva dei ned.

Scene 7

– Kan eg sjå på Dumbofilmen til eg skal i barnehagen? spør Odd Christian.
– Nei, for du skrik bare når me må skru av, svarer eg.
– Eg skal lova meg å øva alt eg kan på å ikkje skrika, seier han.

image

Ingen av barna mine har blitt så fotograferte som Odd Christian. Det var så fantastisk å vera mor for første gongen. Det skulle visa seg å vera like fantastisk dei andre gongene og, men då vart det mindre tid til fotografering. Då eg såg dette biletet frå toårsdagen hans, vart eg reint nostalgisk.

image

Det ser bare dumt ut å skriva at eg ikkje synest det er lenge sidan, så det skal eg ikkje gjera sjølv om det kan tenkjast å vera sant. Det som i alle fall er sant er at eg hugsar tyngda i armane mine frå kvart av desse tre barna på biletet og korleis det kjendest å halda dei inn til seg.

Tenk så mange barn og andre menneske ein ber med seg etter meir enn femti år i ulike rom i livet. Sidan eg ikkje fann det diktet eg leitte etter, som me framleis får ha til gode, så byr eg på eit anna dikt eg fann. Det er eitt av dei mange handskrivne dikta i bøkene i bokhylla mi. Eg forstår akkurat kva forfattaren meiner, og eg kjenner at det er sant.

I mitt ansikt
har jeg risset inn
ansiktene av alle
dem jeg elsket.

Hvem tør nå si
at jeg ikke er
vakker.

Vjatjeslav Kaprianov

Biletet øverst på sida er eit stilleben frå livet på skrivebordet mitt. Det ligg det stablar av litt av kvart. Eg skal ikkje trenga å bli arbeidsledig denne helga heller.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: