Ei stillare verd
Kommenter innlegget
Dagens dikt er skrive av Tor Jonsson, og har vore eit av mine favorittdikt sidan lenge før eg vart vaksen.
Fattig ynskje
Var eg ein gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein gud,
ville eg skapa
kjærleik og død.
Berre kjærleik og død.
Tor Jonsson
From → Poesi
