Midt i juni
Framleis har ikkje den store sommarvarmen nådd oss, men dei lyse kveldane er her med dette utruleg vakre lyset som gjer at ein tenkjer at ein burde vore oppe heile natta for å sleppa å sova når det er så fint ute. Desse bileta er tekne i løpet av dei to siste timane av gårsdagen. Det er Leif som er fotograf.
Kveldane i juni er noko av det vakraste me har her i nord. Eg gleder meg til å skru av vekkjarklokkealarmen slik at eg med relativt godt samvit rett og slett bare kan la vera å leggja meg dersom eg ikkje har lyst. Nå er det bare ei veke att med skule, og eg ynskjer både oss vaksne og barna ei god sisteveke før ferien. Etterpå får me gå over på hage og bryllaupsmodus. I går var Ingrid og eg i ein blomsterbutikk og bestilde blomar til å pynta bord og kyrkje med, og brurebukett. Det er nesten litt høgtideleg å vera den som får lov til å vera med på det. Eg trur det skal bli fint alt saman. Etterpå feira me med å eta lunsj saman på den nye pastarestauranten. Elles så har eg fått med meg både konsert i går kveld med Jærklang og Jæren solistensembel, sundagsskule med ein stor gjeng ungar på vandring i «Paulus sine fotspor» med trillekoffert, sundagstur i Sandtangen og eit koseleg sundagsbesøk av Torhild.
Nå skal eg finna eit fint dikt til diktutfordringa. Det skal få sin eigen post.
Dette las eg i kalenderen min i går. Av ein eller annan grunn fekk det meg i godt humør.
Eg måtte finna fram den gamle oransje sommarkjolen med dei store prikkane. Det vart eg og i godt humør av. Det er sommar. Rett nok med det ein på vermeldinga kallar «ein relativt kjøleg vertype». Men me har vore ute ein kald sommardag før, me som held til i dette hjørnet av verda. Ha ein framleis fin sommar.
Heidi
Fantastiske bilete! Hels Leif og sei det! Eg sat og såg på det fyrste biletet før eg las teksten under og tenkte at du er flink til å finna bilete – kor er desse publiserte, tru? Men du har altså ikkje gått langt. Alle bileta var veldig fine. 🙂 men korleis ser den oransje kjolen ut? Den har eg og lyst til å sjå. Eg har på meg raud kjole i dag, med store mønstra prikkar framme – eller eg trur eg må seia rundingar denne gongen.
Tusen takk, det skal eg gjera. Eg skal fotografera kjolem ved eit passande høve… Min kjole har due- egg- store eggforma figurar i ulike fargar.