Gå til innhald

Nye vegar

april 3, 2020

Når nye vegar skal opnast

Når nye vegar skal opnast,
buttar angsten i mot,
og slår knute kring alt
det me helst vil halda oss fast i.

Det krev mot å låsa opp dørene,
opna koffertar og ryggsekkjer,
leggja minne og suvenirar opne,
sleppa taket i møblar og steikjepanner,
fryseboks og lommebok.

Nå er tida inne
til å vera klare,
nokon har bruk for motet ditt,
for sofaen og klokka di,
for frykta og ærlegdomen,
for joggeskoa dine,
for eventyret, humoren og godleiken.

Ta sjansen på eit og anna gnagsår undervegs.
Det er du som skal gå.
Ikkje ver redd.
Du går ikkje aleine.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget