Gå til innhald

Om femøringar og det å snu seg

april 2, 2020

Så oppdaga me til vår eiga overrasking
i kor stor grad me framleis
er i stand til å snu på femøringen,
hundre og åtti grader hælvending,
og så stod me der nyorienterte og klare
til å sjå alt på ein heilt annan måte
enn det me har gjort fram til i sist veke.
Ikkje verst med tanke på at det er trettiåtte år sidan
me sist såg snurten av ein femøring
eller ein gong kunne bruka han til noko,
og dessutan hadde femøringane krympa
betrakteleg dei siste åra
og var nesten ikkje lenger eigna
til å kastast mot streken
eller ristast opp i lufta for å avgjera vinnarpotten,
mynt eller kron,
spennande sjølv for dei
med totalt manglande gen for kasting,
og dessutan kunne me leggja dei under eit papirark
og gni toppen av ein blyant over
før det som ved trolldom dukka opp
ein tilnærma perfekt portrett av kong Olav V,
eller den femte, som me seinare fekk læra at det heitte.
Men snu oss klarte me,
femti år seinare, sjølv utan femøringar
og snautt nok setlar ein gong.
Ungane var dei første til å snu seg,
så nå står me her,
med like nye landskap for gamle og unge,
og tenkjer ein smule imponerte,
for det må det vel vera lov å vera,
på kor utruleg fleksible me viser oss å vera.

***

Så ferskt som eit dikt kan få blitt. Det er kjekt for andre enn musikarar å få lov til å improvisera litt. Jazz har eg alltid hatt sansen for. Så får eg heller endra eller stryka etterkvart. For dei av oss som ikkje kan spela trompet frå verandaen, synga Mads Berg frå ende til annan på facebook, eller synga salmer på youtube.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: