Gå til innhald

Takk for turen

april 4, 2020

Litt skakt

Dette som er litt skakt
og lettare skeivt og ufullkome,
eit mellomrom mellom tennene
ei florlett skjelving på eine auget,
tendensen til ein talefeil,
ein ufrivillig raudne over eit ansikt
ein kommentar utan baktankar,
eit hol i ei baklomme,
ein sprekk i eit brilleglas,
eit fingermerke på glatte flater,
alt som ikkje er fullkome,
alle som ikkje ein gong tenkjer
at dei burde ha prøvd seg
på det uoppnåelege,
dette handlaga preget
som gjer oss til menneske,

fyller meg plutseleg med ein uventa varme.

***

Diktet eg har vald i dag har ikkje meir med det eg har tenkt å skriva enn denne tanken om at ein ikkje blir så fanga i jakta på det perfekte at ein gløymer å hugsa at det ufullkomne og har verdi. Faktisk kan det ufullkomne ha sin heilt eigen sjarm nettopp fordi det er litt skeivt og skakt…

Eg har lese om land og byar som har lagt ned portforbod for innbyggjarane slik at alle er nøydde til å halda seg inne i sitt eige husvere dersom dei ikkje har viktige ærend dei må utføra.

Me har hatt fine turar mest kvar einaste dag sidan «nedstengninga», og det gjer så godt å koma seg ut og vera i naturen. I ein flaum av negative nyheiter gjer det ekstra godt å sjå at våren er på gang og at sommaren skal koma dette året og.

I dag gjekk me turstien frå Hellvik til Egersund. Der har eg aldri gått før. Det var ein veldig fin tur som bileta over kan fortelja litt om. Dei siste dagane har eg reflektert over fargepaletten i vårnaturen. Einar Skjæråsen, ein av favorittdiktarane mine skriv om blåveisen som «blømer i gråbleike vårar».
Ein kan med rette kalda vårfargane for bleike. Samtidig er det ein slags bleikgyllen grunntone i naturen, i alle fall her på Jæren, markene er bleikgule av graset frå i fjor, mosen blir så grøn på steinane, bjørkene står med lilla knoppar og forsiktige grøne museøyre av småblad kjem fram på grå og brune kvistar. Spesielt i fuktig vårver kjem fargane fram og er vakre på heilt sin eigen måte. Våren er som ein neddempa variant av hausten, heilt til alle grønfargane ekspoderer omtrent samtidig og gjer naturen så intenst og mangfoldig grøn av det mest gjer vondt i auga.

Eg må innrømma at i dag hadde me ekstra gildt turfylgje, noko som gjorde turen ekstra fin. Me veit alle at akkurat nå er det så mykje me skal overhalda og så mykje me skal vera flinke til. Me prøver alle så godt me kan å passa på at me sjølve lever som anstendige borgarar av den midlertidige staten og som gode dugnadsarbeidarar. Det at me og passar på kvarandre, gjer at me nesten kan kjenna på ei skam dersom det kan sjå ut som me ikkje er så flinke med desse reglane som me trur at andre kanskje synest at me bør vera. Sunniva kjøpte tidleg billettar heim til påske og me gleda oss alle til ho skulle koma. Ei stund såg det stygt ut for heimtur og me tenkte at det måtte me nok bare gløyma. Men tidlig i denne veka sa Monica Mæland på ein pressekonferanse at ho ikkje såg noko problem i det at studentar reiste heim til familien sin på påskeferie dersom alle partar var friske. Då Sunniva i tillegg fekk lov til å sitja på med bestevenninna som vart henta heim i bil av sine foreldre, fann me ut at ho kunne koma heim likevel. At ho strengt tatt er ferdig med å vera student og har jobba i eit og eit halvt år som lærar ser me litt stort på… Ho har jo vore i «karantene» med fjernundervisning ho som oss, og det er fantastisk å få ha henne heime i ei veke. Den yngste sonen har derimot bestemt seg for å bli i Oslo i ferien.

Plutseleg vart påskeferien som ligg framfor oss sjåande ut litt meir som ein vanleg påskeferie enn i sist veke, og me gler oss over det. Det er så mange små om store val me skal ta om både det eine og det andre akkurat nå, og i løpet av nokre veker er etikken snudd på hovudet. For meg er det ei trening i tålmod å ikkje kunna invitera foreldra mine på sundagsmiddag, ikkje klemma kjende eg møter på gata og ikkje invitera venner på kaffi og kveldsmat. Eg forstår at det er nødvendig og er stort sett veldig lojal og flink, bare for å ha sagt det og. Det er ein merkeleg situasjon at noko av det mest skambelagde ein kan gjera for tida er å nysa eller hosta inne på ein butikk eller i ein eller annan kø. Det kunne kribla i halsen av mindre.

Når det er sagt så er det og ei uvant, men og litt fin ro i det å vita at i kveld skal eg vera heime. Aktiv som eg er er eg van med at det skjer eit eller anna eg skal vera med på minst to-tre kveldar i veka. Eg hadde trudd då landet
«stengde ned» at eg skulle få veldig mykje tid til å lesa bøker og strikka og slikt som eg eigentleg alltid lengtar etter å ha tid til. Til nå har det ikkje vore slik, for fjernundervisninga har paradoksalt nok ført til meir ettermiddags- og kveldsarbeid enn vanleg. Kanskje kjem sjansen til å lesa bøkene på nattbordet mitt nå?

Ei framleis god helg til alle som les.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: