Gå til innhald

Casa caotica

I heimen er eg mellom anna sjølvutnemnd bunadsjef. Det inneber for eksempel å sjå til at barnebunadane passar når nasjonaldagen nærmar seg.

For sånn omtrent 28 år sidan hadde eg arva litt pengar etter at bestemor døydde. Eg kjøpte då inn materiale for å sy grøne Karendrakter til ungane som ein slags arv etter oldemor. Eg fann kjapt ut at det å brodera og montera barnebunadar var i overkant optimistisk tenkt i forhold til tidsbudsjettet, så det ende med at svigermor tok ansvar for jobben og broderte og monterte to jentedrakter. Sjølv hadde eg nok med å brodera ei gutedrakt. Me har altså ei lita og ei litt større Karendrakt som Ingrid og Sunniva hadde då dei var barn. Dei er veldig fine om eg sjølv skal seia det, så det er sløsing av ressursar om me ikkje sørger for at dei passar.

I år rekna eg med at den minste var for lita til eldstejenta, og at eg måtte sy ho inn til minstejenta som blir fem i august. Det innebar at eg måtte sy om den største som var maksimalt utsydd, og i tillegg den minste som og er maksimalt utsydd, med andre ord ein ganske stor jobb…

Det viste seg at Iben kunne ha den minste drakta eitt år til, og då var det synd å ikkje la ho blir brukt eit år til. Problemet var då at Hella hadde vakse ut av den blå festdrakta me kjøpte på obs for to år sidan, og dermed stod utan nasjonaldrakt til 17.mai.

Det var då eg kom til å tenkja på den gamle fine hardangerbunaden som farmor sydde til meg for 60 år sidan. Farmor var flink med handarbeid og sydde til og med ei lik drakt som vart seld på husfliden. Det var både skjorte og forkle med hardangersaum og i tillegg brodert brystduk og belte og perlebrodert lue. Denne hadde eg sjølv gjennom store deler av barndomen, og følte meg veldig fin kvar einaste 17.mai. Ingrid brukte den same bunaden til ho var 6-7 år. Tenk så kjekt at farmor sin gamle sykunst skulle koma til sin rett igjen! Eg vart heilt gira av tanken. I ein plastboks i kjellaren fann eg vest, belte og lue, men kor var resten av bunaden?

Eg leita gjennom dei andre plastkassane i kjellaren, men der var det ingenting å finna. Eg er heilt sikker på at eg har sett skjorta og forkleet i ein gjennomsiktig plastpose. Eg hadde til og med eit slags minne om kor eg såg det, men der låg det ikkje lenger. Kor lenge var det sidan eg såg posen? Nei, det var ikkje lett å hugsa, det kan ha vore ti år sidan, eller kanskje femten…

Det kunne då ikkje vera forsvunne? Kor kunne eg ha lagt det? Einaste moglege grunnen til at det ikkje kan finnast i huset er at det kan ha forsvunne under ei utreinsking som må ha blitt teken teken ein gong eg var langt vekke frå heimen. Eg mistenkjer at det kan ha vore ein eller kanskje to sånne. Eg er nemleg ikkje i stand til å hiva noko som helst, så den beste måten å bli kvitt slikt me ikkje har bruk for er å smugla det ut når eg ikkje kan dukka opp og stansa prosessen… Men ei lita bunadskjorte og eit forkle med hardangersaum brodert av mi gamle farmor… Ingen ved sine fulle fem ville vel ha reinska ut noko slikt? I alle fall ikkje dersom vedkomande forstod kva det var.

Foldeskjørtet som høyrer til fann eg heller ikkje, men eg fann snart ut at skjørt kan ein kjøpa på nettet, dei blir mellom anna brukte til skuleuniformar rundt i verda…

Så starta jakten. Vaklande på ein kjøkkenstol i solid furu undersøkte eg alle høge skap, trådkorger og hyller i heimen. Eg vart litt i den moduset ein gjerne er i rett før jul som Vidar Sandbekk syng så treffande om i ein song. «For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra…» Til slutt måtte eg bare gi opp, i alle fall for ei stund. Eg hadde nemleg sett av dagen til å jobba med heilt andre ting. Men det fekk eg då og gjort. Tekstane til boka i skapande skriving ligg nå klare, kanskje det blir ein siste omgang korrekturlesing, men det tek mindre enn ein time…

Eg reknar med at nokon, som ikkje kjenner meg heilt lurer på kva slags menneske dette kan vera som ikkje har peiling på kor dei har tinga sine. Slik er det med den saken. Pensjonisten eg er gift med drøymer om kor store ryddeprosjekt me skal i gang med når eg får betre tid… Var turen gjennom kaos uten finnarlykke heilt bortkasta tid? Ikkje heilt… Eg fann mykje anna eg nesten hadde gløymt, eller ikkje visste kor eg hadde. Barneklede eg har teke vare på, ei strikka barnebunad til baby, garnet eg trudde eg var tom for slik at eg hadde måtta strikka siste del av eit prosjekt i ein annan nyanse enn tenkt, ammeputer, babynest, dukar i nervøs fløyel etter ein konfirmasjon, ei svart alpelue, klovneparykkar og ein Rødhettekappe sydd av eit gammalt dynetrekk. Kassane med stoff og knappar etter svigermor… Det vart ei nostalgisk reise gjennom slikt som ein gong var, og kanskje finn eg skjorta og forkleet ein annan dag, eg må bare sova på kor i all verda det kan tenkjast å vera lagt hen.

Etter leiteøkta kom Ingrid og hadde fått ei festdrakt av ei ho kjende. Den passa perfekt til Hella, så nå treng eg eigentleg ikkje hardangerskjorta lenger, i alle fall ikkje dette året. Men sjå på dette beltet, på lua og brystduken.Så utruleg små korssting,og så flotte fargar. Det hadde eg viss aldri heilt lagt merke til før nå. Så utruleg mykje fint travle kvinnehender har fått tid til å laga mellom alt det andre som måtte gjerast!

Dagen vart avslutta med eit hyggeleg besøk hos Laila og Olav som hadde bedd oss på noko varmt til kvelds og overraska med full komlemiddag. På heimturen la me inn ein kjøretur over Jæren i kveldslys, me kjørde frå Kleppe langs vegen frå Bore til Vik. Så utruleg fint det er her i mai. Det er så grønt og vakkert ute at ein nesten får lyst til å gråta. Mai månad er noko for seg sjølv.

Heidi

1.mai igjen…

smacap_Bright

Første mai betyr ein del forskjellige ting for meg. Ein av dei er opninga av maibloggen min. Den har blitt ein tradisjon eg ikkje har lyst til å svikta. Mai er ein månad eg føler spesielt behov for å halda fast med begge hender fordi dagane er så tettpakka og intense, og fordi dei fyk så fort forbi…

Slik ser det ut til å kunna bli i år og, om alt er som det pleier. I dag har eg brukt mesteparten av arbeidarane sin dag til å arbeida. Eg har teke eit skikkeleg krafttak og fått skrive årets evalueringar av elevane mine inn på Visma. Det kjennest godt å vera så langt. Eg fekk forresten nokre timars pause midt på dagen då mor og far kom på besøk for å eta Leif si heimekokte bønne- og potetsuppe med nybakt brød til. Ingrid var og innom ein tur med jentene fordi både me og oldeforeldre hadde så lyst til å møta dei.

Ute er det tidleg vår og heilt grønt. Kirsebærtreet vårt står i full blomstring, og det har stort sett vore varmt og tørt vårver i vekevis. Trump har vore president i meir enn hundre dagar, pave Frans er død og vart begravd for fem dagar sidan, og snart går kardinalane i konklave. Verda er på sin litt skakke måte framleis på sett og vis på hengslene…

Om ein drøy månad kjem det eit nytt barnebarn til verda i Oslo. Ikkje lenge etter det går eg inn i eit nytt rom i livet, eg har nemleg, etter lange diskusjonar med meg sjølv, bestemt meg for å gå av med AFP frå sommaren av. Sidan eg sender gullungane mine ut av sjuande klasse og over i ungdomsskulen, har eg ingen elevar eg føler ansvar for å fylgja opp lenger. Det gir meg ein gyllen sjanse til å stansa før eg blir like hjelpelaust glad i eit nytt kull med ungar…

Eg fortel meg sjølv at eg ikkje sånn direkte skal gå hen og bli pensjonist, eg skal bare bli forfattar og frilansar i staden for lærar. For ei fantastisk ordning me har her i landet som gjer at det er mogleg å ta slike val. Eg har elska jobben min i skulen og aldri grudd meg for å gå på jobb. Det er intenst, krevjande og utfordrande å vera lærar, det er eit yrke der du får brukt kvar einaste millimeter av deg sjølv og alt du måtte ha av kreativitet, kunnskap og tålmod. Eg kjem garantert å sakna elevane mine, men eg synest det er spennande at eg kan få prøvd meg på ein annan form for liv og medan eg framleis har arbeidskapasitet. Eg har ikkje lyst til å fortsetja så lenge på jobb at alle bortsett frå meg sjølv forstår at eg burde ha gitt meg for lengst…

Det å skulle lukka skuledøra fører med seg mange tankar, heldigvis mest glade og takknemlege tankar. Likevel kan eg plutseleg bli slått av kor rart det er at nå gjer eg ting for siste gongen. Eg rekk å få med meg nøyaktig 40 år i skulen. Eg har vore med på nokre læreplanmessige pendelsvingningar fram og tilbake, eg har fått mange gode klemmar og ledd mykje…

Men framleis har eg den siste oppløpssida igjen. Det blir to intense månadar med full rulle, høgt trykk og mykje rydding før målstreken skal passerast. Slå fylgje med meg gjennom denne aller siste vårmånaden min i skulen, så får me sjå kva vegar og dører mot livet som skal opnast for oss.

Heidi

Luke 24- Julaften – 24

Så har me teke denne kanskje mest spesielle dagen i året inn for landing.

Etter hektisk aktivitet på føremiddagen, kom me oss i kyrkja i tide og fekk høyra Iben og Hella synga i koret, kledde i like kvite kjoler med blå sløyfer i halsen og store raude sløyfer i håret. Barnekor er alltid rørande, spesielt på julaften.

Leia av presten fekk damene breka som sauer og førskolebarna som små lam. Mennene burte som oksar medan orgelet laga esel og tordivellydar. Me fekk spegla oss i ein stor spegel for å sjå menneske som er elska, og som Gud har glede i. Me fekk høyra om fred på jorda.

Når ein er litt trøytt, og situasjonen er ekstra høgtideleg, er det alltid fint å reisa seg og synga «Deilig er jorden,» songen om tonen frå englane og frå sjelene som alltid syng medan » tider skal komme, tider skal henrulle», og «slekt skal følge slekters gang».Dette verset har alltid rørt meg. Det var sterkt å stå mellom dotter og dotterdotter og synga akkurat desse orda i dag. Eg høyrde på radioen i dag at denne songen var skriven nesten på trass og som protest i ein vanskeleg tidsperiode med krig i Europa. Det er ein fin tanke at me fortsatt syng songen om tonen frå himlen midt i alt som er vanskeleg og uforståeleg.

Etter gudstjenesten var det å skunda seg heim igjen for å sørga for at pinnekjøt, poteter, kålrabistappe og riskrem skulle vera klar til servering halv seks. Sidan Halvard er heime, var me tre til å dela på jobben. I dag var det veldig greitt å ha eit par ekstra hender.

Julaftenfeiring er vel djupast sett eit kjend rituale som stort sett blir utførd i familiane etter lokale og familiære tradisjonar. Me hadde ein fin kveld, der midtpunkta var to glade jenter, som heldigvis hadde ein kjempefin kveld og som fekk vera oppe langt utover vanleg leggetid.

Etter at gjestene hadde gått, var det litt av kvart å ordna og rydda. Litt har me fått ordna med, resten tek me i morgon. Leif og eg landa framfor TV -skjermen med midnattsmesse frå Roma. Leif har gitt opp å halda seg vaken, og har sett programmet på opptak, eg held ennå fast medan eg skriv.

Akkurat nå snakkar paven om å ta ansvar i ei vanskeleg tid. Han ber oss alle kjenna etter om me har genuin medkjensle med dei som lid, og om me er klare til å leggja eigen bekvemmelighei innt til sides når me trengst. Det høyrest ut som ein veldig god idé. Nå må eg posta dette før eg somnar.

Gledeleg jul, har eg høyrt at det heiter nå etter at julaften er over, så det ynskjer eg alle lesarar.

Heidi

.

Luke 23 – 2024

Så gjør vi så når vi pynter vårt tre …

I dag har me hatt julegraut med mandel, kaffi, julekaker og pynting av treet. Det siste var kjekt ei lita stund for dei to yngste, så vart det kjekkare med leik og spel. Juletreet vart pynta sånn litt utover kvelden, og nå står det her og lyser. Litt rydding, pynting og små innkjøp gjenstår til i morgon føremiddag. Så skal me på gudsteneste halv to der jentene skal synga i koret. Iben skal til og med synga i mikrofon, og gleder seg veldig til det.

Den dagen som er usedvanleg lang når ein er liten går raskare enn nokon annan dag når ein er vaksen og har ansvar for julemiddag og juleselskap. I år blir me bare ni rundt middagsbordet, så få trur eg nesten ikkje me har vore før, men mor og far kjem og innom før dei skal vidare til middag hos bror min.

Halvard, eg og Leif har sett første halvdel av Fanny og Alexander i kveld. Me har stor sans for Bergmann, og får lyst til å tenna opp hundrevis av levande lys i stova i morgon. Det har eg lova å ikkje gjera, men eit lite titals lys skal eg kanskje klara å lura meg til… Aller helst skulle eg hatt levande lys på juletreet, for det er så utruleg vakkert, men eg innser at slike som meg absolutt bør halda seg til dei elektriske sådanne.

Ein advenkalender er ikkje ferdigopna før luke 24 har opna seg på vid vegg, men før den tid skal dei fleste av oss feira jul. God feiring, alle saman.

Heidi

Luke 22- 2024

Det er kveld, og freden senker seg i stova. Snart er det «litla julaftå», og ser ein stort på det, er me vel på ein måte sånn ca i rute. Eg smiler litt for meg sjølv og tenkjer på ei strofe frå ei ganske treffande vise, skriven av Vidar Sandbekk, om kjerringa som styrer med å stella i stand til jul:

«… for nå er det lemmer og liv om å gjøra,

med påsken og pinsen og jula for døra,

for tida går så alt for fort, kan hende,

kjæm hu for seint, for seint til verdens ende…»

Det er ein gammal song, men slik er det vel litt framleis for ein del av oss mødre så om gjerne vil stella i stand perfekt jul for mange generasjonar familiemedlemmer, som gjerne vil ha reint hus, fulle bord og glade barn, barnebarn og oldeforeldre som gler seg over at jula i år er akkurat slik juler helst skal vera når alt er vidunderleg…

Dagen i dag starta ikkje med å vera husmor, men med å ha sundagsskule i lag med Hilde. Kyrkja var så fin og julepynta då eg kom, og ei ung jente stod og øvde på musikken ho skulle spela på fiolin i lag med organisten vår på flygel.

Så måtte me gjera klar nede med skattekiste som barna skulle få opna med rekvisittar til dagens tema, trearma lysestake med lys til lystenning, juleblad til utdeling og kostyme til teateret, henta frå det fine kostymelageret oppe på orgelgalleriet. Inger og Synnøve har sydd fantastiske og forseggjorte drakter til kongar, gjetarar, englar, rike og fattige personar og alt ein måtte ønskja seg.

Eit bål blir sett på golvet, ikkje langt frå juletreet, og ein improvisert stall får ei krybbe av ei pappøskje på pianokrakken dekka av sekkestrie med eit lammeskinn oppi. Hilde må klatra opp på ein stol og festa ei stjerne med fiskesen i lysekrona fordi ho er høgare enn meg, og fordi eg ikkje er så glad i klatring.

Eg har med diverse rekvisittar frå heimen, mellom anna nyinnkjøpt kongerøykjelse frå apoteket, myrra i form av ein antirynkekrem eg ein gong fekk i gåve der eg har klart å lirka etikettane av med varmt vatn. Iben spør om ho får gå rundt og la alle kjenna den gode lukta. Eg seier at det kanskje ikkje er heilt slik ekte myrra luktar, men at begge deler luktar godt, så folk kan godt få lukta…

Eg har og med ein saueflokk i kosedyrvariant og ei babygutedokke med bleie av eit gammalt kvitt kjøkkenhåndkle. Hilde gjer klar rundt langborda til laging av gammaldags juletrepynt i glanspapir, flettekorger, hjartekorger og lenker. Eg fortel nokre av barna at då eg var lita og bestemor lærde meg å fletta korger, limde me på hankane med kveitemjøl syklister, eller me sydde på hankar med stoppenål og dobbel sytråd. Av og til høyrest det ut som om eg nærmar meg hundre år.

I begynnelsen av gudstenesten er barna med oppe i kyrkja. Når det er barnedåp får dei alltid vera med på den delen før dei blir henta ned av ei løve, som alltid først har ein samtale med presten.

Då eg førebudde meg i går, tenkte eg at rett før jul hadde folk det travelt, og sikkert praktiserte skitnesundag i staden for kyrkje. Kanskje det kom mellom fem og ti barn? Eg var derfor overraska over at det sikkert dukka opp mellom 20 og 30 ungar.(Eg hadde aldri tid til å telja). Eg lova alle som ville at dei skulle få ein rolle i teaterstykket. Mange var litt sjenerte og ville heller sjå på, så me måtte trekkja inn ei farmor og ei mamma for å få castet til å gå opp. Men alle fekk vera med og prøva ut kva lyder og rørsler dei ville ha laga om dei såg ein engel framfor seg og vart veldig redde. Så fekk alle vera med og synga versa frå «Et barn er født i Betlehem» etter kvart som historia gjekk fram.

Me gløymde viss faktisk å synga verset «Av Saba kom de konger tre», sjølv om dei tre kom i fine drakter og med fine gåver. Ein kan seia mykje rart om tida me lever i, men ungar av i dag syng dette verset med stort frimod, utan å ana at, eller korfor heile skuleklassar kunne bryta ut i intens og pinleg fnising då dette verset skulle syngast i min barndom…

Eg har meir eller mindre vore med på å ha sundagsskule i meir enn tretti år i Brynekyrkja, Torhild og eg fekk forresten prøva oss som sundagsskulelærarar i lokala til Gjesdal ungdomsskule då me var femten og seksten år gamle. Eg meiner me hadde dramatisering av juleevangeliet der englar kom inn via trampolinen på scenen i gymsalen. Det eg veit heilt sikkert at me gjorde i vår nokså pyntelege opprørstrong var at me lot jentene synga at dei ville ligna Daniel og jentene at dei ville ligna Rut…

Eg gjekk sjølv på sundagsskule kvar sundag i mange år og fekk fiskar i garnet og eple på epletre i kortet eg alltid hadde med. Det var og fast takst å ha eit handsveitt kronestykke med til kollekten.

Eg gjekk først i ein sundagsskule driven av pinsevenner, for naboane våre var pinsevenner. Så flytta eg til Ålgård og fekk naboar som var baptistar. Då begynte eg på sundagsskule i baptistkyrkja Emmaus. Me såg flanellograf og lærde mange bibeldforteljingar og mange songar. Ein del av dei er nok gått ut på dato som «Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn», «Jeg vet en deilig have» og «Vær forsiktig lille øye hva du ser.» Andre kan framleis tola dagens lys som «Min båt er så liten» og «Om jeg er liten eller stor».

Eg er takknemleg for sundagsskulen. Den gav meg ei trygg barnetru, lærte meg mange bibelforteljingar og lærte meg noko om å sitja stille og lytta. Eg opplevde og lyttande vaksne som slapp oss ungar til med undring, kommentarar og spørsmål. Eg er redd eg var det barnet som ofte hadde spørsmål, kommentarar og anekdoter eg ville fortelja, men eg følte meg aldri avvist. Eg synest det er viktig at me som vaksne orkar å stå i denne tradisjonen, og synest det er fint at foreldre og besteforeldre framleis tek med barn på sundagsskule.

Ein fordel barna på vår sundagsskule har, er at dei kan vera med på kyrkjekaffi etter at me er ferdige. Servering i sundagsskulesamanheng i barndomen begrensa seg til juletrefestane og til sundagsskuleturen om våren, der alle hadde nistekorg med brødskiver med hardkokte egg, og dei serverte dei vaksne kaffi frå store kaffikjelar og barna saft frå plastdunker. Det var på desse turane fedrar i kvit skjorte og lusekofte, og med spisse svarte sko, vart nesten farlege når dei med stor iver kasta seg inn i fotballkampen etter maten… Men det høyrer i grunnen til ein heilt annan historie.

Andre gilde ting som hende i dag er at eg etter ein viss innsats nå har mange kakebokser fulle av risbollar, og at minstebarnet Halvard ( nå 30 år gammal, men alligavel …) kom heim på juleferie. Det er kjempekoseleg at han som han pleier set seg til pianoet og improviserar og gir meg musikk til arbeidet.

I morgon blir det julegrøt med mandel for små og store og pynting av juletre. Eg er (delvis fordi desember er så travel) av den utdøyande rasen som pyntar litt til advent først i desember og til jul på «litla julaftå». Det pleier å bli ein travel dag og ein lang kveld, men det er alltid jul i stova før eg går og legg meg. Eg innser at det er lenge sidan eg «gjekk i takt med resten av verda» på det området, men slik vart det jammen i år og.

Og eg gjekk viss heilt amok rundt temaet sundagsskule og har laga ein frykteleg lang tekst. Gratulerer til deg som har lese heilt ned hit… Du er av det uthaldande slaget….

Heidi

Luke 21- 2024

Årets mørkaste dag har mellom anna blitt brukt på «kampen om delfiafettet»… Eg hadde nokre ærend på Bryne, mellom anna å kjøpa risnøter og delfiafett for å laga dei obligatoriske risbollane som små og store synest må til for at det skal bli skikkeleg jul.

Tydelegvis var det andre som og hadde tenkt å sikra seg risbollar denne helga, for på den eine butikken etter den andre viste dei seg å vera utselde for delfiafett. Eg møtte Torunn på Obs som kunne fortelja meg at ho hadde kjøpt inn til risbollar på Kiwi Rosseland i går. Då eg kom dit etter å ha sykla i vind og pøsregn mellom fire daglegvarebutikkar, oppdaga eg at dei hadde seld dei siste stykkene med delfiafett der og.

Det forekom meg at eg hadde sett ei oppskrift på risbollar der delfiafettet var bytta ut med smør, den kunne eg kanskje prøva? Det viste seg at dei var utselde for risnøter og. Dei brukte til og med orda «inne i langvarig leveringsstopp».

Eg lærer viss ikkje så fort. Medan alle menneske brukte lilla adventslys, hende det at eg måtte bruka blå fordi det dagen før første sundag i advent ikkje var eit lilla lys igjen på heile Bryne. Eg har opplevd det same med kremfløte dagen før «bollesundag». For nokre år sidan var det Inger som i sin godheit måtte dela matfettet sitt med meg på lille julafta. Ho påstod at ho ikkje hadde bruk for alt…

Ei jul utan risbollar burde vera til å overleva. I staden sette eg i gang å baka ein ny runde biscotti fordi eg har gitt vekk så mange at kakeboksen var nesten tom. Noko må jo svoltne gjestar få fylla julekakemagen sin med når dei ikkje kan bydast på risbollar…

Men så fekk eg telefon frå Leif som hadde dradd ut for å handla varer til diverse julemåltid. Han hadde funne både risnøter og delfiafett på matvarebutikken på Håland, så nå var me berga…

Eg klarer ikkje å la vera å mora meg litt over at me går mann av huse i dagane før jul håp om å kunna dra til heimen ei matvare dei færraste av oss ville drøyma om å kjøpa andre gonger enn i veka før jul. Det var nesten så eg kjende eit strok av den lammende angsten dei av og til har rapportert om frå Austlandet fordi dei er redde for at butikkane skal gå tomme for ribbe før jul… Eit anna år var det eventuell mangel på meierismør som skapte den store panikken… Ein får kanskje konkludera med at me er relativt bortskjemte i dette hjørnet av verda…

Elles har dette vore ein av dei koselege førjulsdagane der folk kjem innom med små julehelsingar og let seg overtale til å stansa ein time og to til ein prat, og ein kopp kaffi, eventuelt litt kald drikke. I dag kom først Gunnar på føremiddagen med ein stor gris av heilt heimelaga marsipan med ei gulrot i munnen. Så kom Torhild i heil – lilla antrekk etter å ha stått julegrytevakt for Frelsesarmeen. Så kom Anne Liss og Helge, som me ikkje hadde snakka med på veldig lenge. Då hadde me akkurat klar eit brett omnsvarme biscotti. Me fekk oss velfortente pauser med kvar og ein av gjestene og kjende at ferielivet var godt og nytbart.

Med dette går eg i seng og utsett jakta på det eg skal ha med til sundagsskulen til i morgon tidleg 😊.

Heidi

Luke 20- 2024

Dagens høgdepunkt var ein heilt fantastisk konsert med min gamle elev Johannes Hetland, Thomas Wesley Brasel og to andre flinke musikarar. Eg har visst heilt sidan Johannes var ganske liten og ofte spurde om å få spela piano for meg i friminutta at han vart fantastisk musikalsk, og nå etter mange års øving, musikkstudium og musikarliv har det i mine øyre teke heilt av. Det svinga skikkeleg av musikken og vokalisten gjorde ein utruleg jobb.

Repertoaret var stort og variert og at nokon kunne få slik musikk ut av «O jul med din glede», og «Det lyser i stille grender», hadde eg ikkje hatt fantasi til å forestille meg. Om du får moglegheit til å høyra denne konserten, bør du gjera akkurat det. Alle musikarane var opprinneleg Rogalendinger, og sikkert heime på juleferie, men eg veit ikkje om dei har fleire konsertar på trappene denne jula.

Eg måtte bort og helsa på eleven min etterpå, og spurde om han hadde noko av dette ute på nettet. Han var usikker, men sa at han spelte med Lava og hadde turnert med Maria Arredondo, så noko låg det nok der ein plass…

Elles har eg fått send mykje julepost i dag. Det meste blei sendt på den litt upersonlige måten på nettet. Postgangen blir mykje raskare på den måten, og det trong me i år. Eg må likevel innrømma at eg sjølv synest det er endå koselegare å få ein konvolutt i postkassa. Men dette var raskt og lettvint… Dersom du føler deg gløymt av oss på julebrevfronten, er det bare å gi eit hint om det…

Det var nydeleg å kunna sova litt vidare då eg vakna til vanleg tid i dag tidleg. Då eg vakna var pilegrimen i heimen i ferd med å pakka nybakte surdeigsbrød i papirposar saman med julebrev for å dela dei ut til gilde folk han kjende. Eg støttar tiltaket. I morgon får eg sjå om eg ikkje får disiplinert meg til litt rydding, og meir lystbetont: driva med vidare juleførebuingar. Så må eg tenkja grundigare ut konseptet for sundagsskulen på sundag. Eg trur det blir ei slags spontandramatisering av juleevangeliet samt å laga gammaldags julepynt av glanspapir.

Heidi

Luke 19- 2024

Eg har fått juleferie, og det har ikkje fått heilt opp for meg endå. Ute er det mørk kveld, snart svarte natta, og det regnar og det bles. Eg har nettopp kome heim frå juleforening på Sola, der gjengen som har møttest ein gong i månaden i sånn omtrent 38 år, har kost oss i lag med masse tende lys og god mat i ei varm, koseleg stove med regn og vind piskande mot rutene.

Tidlegare i dag har klassen min vore på fin juleforestilling med 5-trinn. Me har og hatt «julekino» i lilleaulaen og sett «Snøsøsteren», ein nydeleg film laga over boka med.same namn som me hadde som høgtlesingsbok i adventstida for tre år sidan.

Nå gleder eg meg utruleg mykje til veker med morgonar utan vekkjarklokka. Som dedikert B-menneske synest eg at akkurat den detaljen er det aller meste frydefulle med ein ferie.

Vissteæ skal eg jobba i morgon og, og visst har eg mange ting eg har tenkt å gjera, men arbeidsdagen begynner når arbeideren er klar…

Heidi

Luke 18-2024

Det skakke, rare, feilbarlege vakre livet…

Desse malte kakemennene frå produksjonen vår i helga i lag med to små jenter, synest eg er eit greitt eksempel på overskrifta over. Verken steikinga, utforminga eller malinga har det minste anstrøk av å vera masseprodusert eller maskinlaga-. Figurane har eit litt rufsete preg, eit eller anna som får dei til å sjå ut som om dei er laga av barn, og det er jo nokså nær sanninga… I beste fall er det sjarmerande, i verste fall ikkje bra nok…

Dei færraste av oss er perfekte, og det er kanskje like bra? Det er jo lett å sjå glansbileta frå andre sine perfekt redigerte situasjonar på sosiale media og tru at andre sin fasade er slik dei og liva deira eigentleg er. Av og til kunne eg nok ønska meg ein fasade som var ein tanke meir straumlinjeforma, samtidig hender det eg er glad for å våga å tru at ikkje alt treng og skal vera perfekt. Eg har alltid hatt sansen for det litt skeive, skakke, ufullkomne og særprega. Det er ei trøyst å tru at det finst andre menneske og som har det slik.

Haustsemesteret i norsk skule går mot ein ende, og me lærarar har ei rar evne til å programmera oss etter forholda, sikta oss inn på målstreken og klara å ta ut den siste rest av energi etter å ha kasta armen i siste sving for så å snubla seg framover i oppløpet og seila over mål. Nå trur eg dei fleste av oss er klare for å kvila litt.

I første økta i dag skulle elevane ha engelsk grammatikkprøve. Det var heilt stille i klasseromet og dei jobba som heltar. Noko sa meg at det er kanskje dette dei treng nå, litt tran, gulrøter og grovbrød etter all marsipanen. Det høljeregna i dag morges og regnet bøtta ned vannrett på ekte jærsk maner. Det passa å nynna på ei strofe frå den jærske julevisa mi: «Og husa står i rennedrev og reggen, og lyser medan jula ringest inn». Slik er det i vårt hjørne av verda. Dette er det og litt befriande å innsjå og kvila i og ikkje rekna oss som avvikarar frå offisiell norsk julestandard som me kjenner godt frå julekorta som stjerneklare dagar med to meter snø, tre som står horisontalt og ikkje på skrå, med eit bugnande julenek med tilhøyrande livsglade dompapar.

På skapande skriving pleier eg alltid å skriva i lag med elevane, løysa oppgåvane på min måte og leggja dei fram til evaluering og opplesing i lag med elevane sine tekstar. I dag tok eg meg i å sovna to gonger medan eg skreiv ei novelle om ei gammal dame som sat stivpynta på aldersheimen på julafta og venta på besøk. Eg vakna sekundet etter og såg at blyanten hadde sklidd ut av skrivne ord og laga tanketome nedoverstriper på papiret…

Eg opplevde det same på omtrent denne tida for nokså mange år sidan då eg etter ein lang dag på jobb med juleforestillingar… Eg skulle sjå julekalenderen frå barne TV saman med ungane, eg trur kanskje det var Blåfjell det året. Eg hadde teke med meg ein kaffikopp for å halda meg vaken. Plutseleg vakna med eit rykk, full av kaffi, som heldigvis ikkje var glovarm lenger. Eg hadde sovna og slept koppen i fanget.

Eg skreiv ein gong eit dikt om regnversdagar like før jul. Kanskje det kunne passa her i dag?

Vona om ei god jul

I regntunge adventsdagar
med forventningar i den fuktige lufta
og fletta julekorger i trea,
går menneska gjennom gatene
med tunge bereposar i hendene,
og vona om ei god jul
i tankane og kroppane
vemodsvakkert modige
i skjæret frå kulørte lykter.

Alt godt til alle flotte, skakke og ufullkomne menneske som les dette og eventuelt måtte kjenna på at dei er litt for trøytte, og ikkje heeeeilt i rute før jula som snart skal koma.

Heidi

Luke 17- 2024

Mellom regnet i går kveld og regnet i ettermiddag hadde me ein fin, lys føremiddag med låg sol og gyldne desemberfargar i oker og brunt.

Det passa fint for klassen var budne til julegraut rundt bålpanna i hagen heime hos ein av elevane. Så utruleg koseleg at nokon tek seg tid til å gjera slikt i den travlaste julestria. Ungane sat tett i tett på benkjer dekka med saueskinn og koste seg med den heimelaga grauten. Etterpå gjekk me til ballbingen i nabolaget og «spende foball» til det var på tide å gå heim. I går tok me dei og med ut i Svertingstadparken for å grilla pølser. Nå har me hatt nokre veker med fokus på leik, drama, høgtlesing, musikk og sosiale aktivitetar. I morgon skal me ha nissebading der dei skal få erfare korleis det kjennest å symja påkledde i bassenget. Det blir ein overgang til heilt vanleg skule igjen, så det er godt me har jula til å omstilla oss på.

Då me hadde send heim elevane i dag, hadde me felles julelunsj i personalet der alle hadde bidrege med ulike rettar. Bordet såg heilt fantastisk ut. Me hadde ei fin læraravslutning med julesongar, rektor sin tale og to konkurranser. Etterpå hadde eg tre koselege timar med dei siste seks utviklingssamtalane med elevar og foreldre. På grunn av sjukdom og diverse anna, hadde eg såpass mange samtalar igjen, men eg gjentek meg sjølv med å fortelja at når alt føre arbeidet er unnagjort så er det bare veldig fint å møta barna i lag med foreldra sine på denne måten.

I går hadde me open julekafé i kyrkjekjellaren. Dette vart og eit veldig triveleg arrangement. Nå har eg førebudd mine siste krle-timar for i år, og trur i grunnen at dei dagane som står att av skuleåret skal bli ein fredeleg sjarmøretappe fram mot ferieporten.

Heidi