

I dag har eg hatt ein skikkeleg mormordag av det slaget som mormødrer gleder seg til i vekevis. Dagen starta med ein kopp kaffi og eit knekkebrød i lag med svoger Henrik. Eva Mari hadde for lengst reist på jobb. Eg konstaterte med glede at det var plussgrader og litt smågrått ver slik yr hadde lova. For ein vestlending som meg er litt grått ver eit lite problem bare ein slepp unna klinkande hålke eller vassing i snøslaps på glatte, eller ikkje vanntette sko.
Eg tok banen til Tøyen, her må det innskytast at eg frå eg budde i Oslo for førti år sidan har vore van med å kalla banane som i si tid gjekk frå Vestbanen for «trikk», noko eg truleg har lært av min Bærumsfødde mann, men «ungdomen» protesterer og meiner at det heiter T-bane, sjølv om dei stort sett går oppå jorda. Dei har heilt sikkert rett…
Eller kanskje det ville vera mest korrekt å benevna framkomstmiddelet som «ei reise med Oslo Sporveier». I alle fall vartar dei opp med «sporveisdikt» på Tøyen stasjon.
Eg og Sunniva tok med gutane på trilletur på Grünerløkka. Då eldstemann på to og eit halvt såg meg var det første han ropte frå vogna si «Hvor er morfar?» Då han høyrde at morfar var heime på Bryne kunne ein spora ein viss skuffelse. Det kom seg.då mormor tok han med inn i ein barnebok handel fordi han hadde sett ei veldig fin Mummibok med utbrettsark som låg i vindauget der. Han har og til ei viss grad forstått kva ordet «kjøba» betyr og var godt fornøgd då han kunne gå ut av butikken med ei bok i ein papirpose og ein rosa ballong i handa.
Ein tur til ein leikeplass var og veldig stas, sjølv om det var litt skummelt at hundrevis av måkar og eit titals kråker hadde samla seg der for å nyta gammalt brød som nokon hadde teke med til dei. Etterpå var me på kafé med to tålmodige gutar som klarte seg godt sjølv om me måtte venta ei stund på maten.
Eldstemann har teke kvantesprang i språkutviklinga sidan i sommar, og pratar i veg om alt mogleg som det viser seg at ein to og eit halvt- åring tenkjer på. Mormor let seg sjarmera av at han på.trass av oppveksten på Tøyen snakkar med skarre-r , a- infinitiv, og tydeleg Rogalandsaksent. Dette kjem nokså sikkert snart til å forandra seg, men vitnar om at han kjenner mange kjekke rogalendingar.
Minstemann som var nyfødd i sommar, har akkurat rukke å bli eit halvt år. Han har eit stort smil med to risengrynstenner i underkjeven. Dei siste par dagane har han fått prøva seg på nokre små skeier fast føde. Han har og akkurat lærd seg kunsten å stå på hender og kne og gynga fram og tilbake med rompa. Dette driv dei fleste på med ganske lenge før dei til slutt knekker krabbekoden. Det er fascinerande å sjå kor fort eit lite barn utviklar seg det første året. Likevel er me reine sinkene i forhold til kalvar og lam som nesten reiser seg direkte opp på fire skjelvende bein og begynner å gå.
Heldigvis er det ein snarveg mellom aust og vest som heiter toget. Nokre av oss ville aldri drøyma om å setja seg bak rattet og køyra denne distansen, og nokre av oss kvir seg veldig for å setja seg i fly. For slike raringar er det fint at ein til ei kvar tid bare er ei togreise unna. I alle fall dei dagane toget går.
Heidi


Nå er eg trygt plassert på toget, som enn så lenge går og er i rute. Det er nydeleg, låg desembersol utanfor vindauget, eg har site på kne i setet og fotografert, for strekningen mellom Bryne og Egersund er det vakraste på heile togturen.
I går kom det inn fullt av meldingar frå Go-Ahead om innstilde tog og buss for tog delar av turen på andre avgangar enn denne. Det følest nesten som eit lite under at toget verkeleg går. Det er jo litt komisk at det skal vera slik, men ein bieffekt blir jo faktisk at ein kjenner seg takknemleg for noko ein fort kunne rekna for sjølvsagt… Sjølv som pasjonert togpassasjer, må eg innrømma at det å ha ein togbillett langt i frå gjer deg trygg på at toget faktisk kjem til å gå. Det positive er at dei som styrer med det nesten alltid klarer å finna ei alternativ løysing. Då er det bare å henta inn Askeladd-innstillinga til livet: «Dette var uventa, det skal bli spennande»… Eg må vel innrømma at det hender det er godt å sleppa å leika Askeladd…
Eg er godt utrusta med strikketøy, skrivesaker, lydbøker og høyre telefonar, så dette bør kunna bli ein avslappande og fin dag. Rapport om det eg endå ikkje veit får koma i neste luke…

Dette er Hella sin juleengel frå i går. Eg fekk fylgja henne på adventklubb for femåringar. Alle femåringar var inviterte i fylgje med ein forelder eller besteforelder. Det var forteljing, song, posar med kakemann og klementin, eplejus, laging av englar og gang rundt juletreet. Det var veldig fint tillaga, og stas å vera invitert til noko utan storesystrer og slikt.
Då skal eg posta dagens luke før internett forsvinn. Det er nokså ustabilt på denne togstrekninga. Kanskje ein rett og slett skulle unna seg ein kopp kaffi i kafevogna 😁
Heidi



Eg høyrde ein gong nokon seia at det mest helsefremmande tiltaket for kvinner heitte syklubben, i alle fall når det gjaldt psykisk helse. Det kjenner eg at eg trur på. Det er alltid godt å ha nokon å lena seg mot, relatera seg til, fortelja livshistoriar til og få livshistoriar tilbake som gjer at du kan sjå eitt og anna i nytt lys og få større innsikt i korleis det er å vera andre menneske.
Det var naturleg for meg å gripa fatt i denne fliken av livet akkurat i dag, for nå er eg verkeleg midt oppe i syklubbdelen av livet, den som på godt jærsk blir omtala som «forening». Eg er med i fleire slike grupper, og alle gjer meg godt. I går var eg i lag med ei gruppe flotte damer som møtest med jamne mellomrom for å snakka om eit til kvar gong gitt tema, med bakgrunn i kristen tru. I går var temaet «Tvinna tommeltottar», og handla om behovet for av og til å vera heilt stille utan å kava med noko som helst fysisk arbeid eller med kjør på tankeplanet. Det viste seg at me hadde så mange andre tema som det var viktig å snakka om, så timane flaug på eigne venger medan me åt Ingrid si gode blomkål og brokkolisuppe med nydeleg nybakt brød til. Plutseleg såg me at me snart måtte gå heim, så då fekk me konsentrert oss om dagens tema ein halvtimes tid før me måtte bryta opp. Vertinna hadde forresten eit skilt på veggen som godt kunne passa inn i denne teksten, så det skal eg visa fram før eg skriv meir.

I kveld skal eg i veg til ei forening som har vore i drift i nesten førti år. Dei fleste av dei som er med der har eg kjend sidan me gjekk på vidaregåande skule. Me har møttest ca ein gong i månaden i alle desse åra, så me har relativt god kjennskap til kvarandre sine liv. Det er noko fint med det å bli ei gammal dame saman med nokon du og har vore ung jente saman med. Det første elementet i denne setningen ligg sjølvsagt framleis langt framme i tid…
Medan eg skriv om foreningar, må eg jo nemna at me var fire venninner som laga forening allereie då me gjekk på barneskulen. Alle vaksne damer hadde jo forening, så korfor ikkje me? Eg hugsar framleis den litt hektiske stemninga når mor skulle ha forening. Den gongen gjekk det gjerne i terteskjell med reker, fiskebollar og kjøttbollar, eller kanskje aspik med remulade og spiralloff. Til det heile høyrde det alltid ei kake, og det vart gjerne litt restar på oss ungane som fint måtte halda oss på kjøkkenet eller på romma våre når det var forening på gang. Som ein lidenskapleg lyttar skulle eg gjerne fått med meg praten i stova, men det vart alltid sørga for at det ikkje vart aktuelt. I ei ekte forening skulle damepraten få flyta trygt og fritt utanfor høyrevidden til ungar og mannfolk. Men tilbake til oss ti- elleve år gamle jenter som begynte å sykla i forening til kvarandre kvar fredagskveld der me serverte tomatsuppe frå pose eller noko liknande, me har faktisk halde saman heilt sidan då, og møtest framleis eit par gonger i året for å le av ting me opplevde for femtifire år sidan eller i sist veke. Eg vinkar til Karin, Rita og Jane dersom dei les dette, tenk så fint at me har klart å halda taket i kvarandre.
Bileta øverst er kanskje frå det litt fleire kunne tenkja på som eit helsefremmande tiltak. Ein gjeng tidlegare kolleger frå Bryne skule har i fleire år hatt ein trimtur langs Frøylandsvatnet kvar onsdag føremiddag. Nå er eg på det stadiet i livet at det er mogleg å henga seg på. Eg hadde bestemt meg for at nå måtte eg koma i vane med lange daglege turar nå når eg skulle få betre tid. Eg må innrømma at det er ein god del forbetringspotensiale på dette punktet. Frå evalueringa av individuelle utviklingsplanar kvart år før jul, hugsar eg formuleringa. «Målet er delvis nådd». Med litt velvilje kunne eg kanskje kryssa av i denne rubrikken. Det som er sikkert er at det er lettast å koma seg ut på tur viss nokon ventar på deg, og viss ein kan prata samtidig. Eg kan i alle fall bruka formuleringa «Målet blir vidareførd til neste semester.» Eg innser at helse er noko ein bør ta godt vare på, og at det er eit mål at kroppen ikkje blir på åttiårsnivå på nokre ord endå. Sidan nyttårsløfta framleis er langt frå gjennomføringsstadiet, så kan ein jo alltid leggja litt hårete planar. Eg må innrømma at eg framleis er langt i frå den delen av befolkninga som seier at dei gleder seg heile dagen til dei skal trena. Eg er og usikker på om det ville vera mogleg å lura kroppen sin til å hamna i denne kategorien, men det kunne kanskje vore interessant å prøva å finna det ut… Eg innser at eg er flinkare og meir interessert i å trena sjela enn lekamen som det så fint heiter på nynorsk…
Vel heime etter turen hadde eg ein lang, og utan tvil helsefremmande telefonsamtale med Torhild. Då eg høyrde at ho hadde sett lys under kongerøykjelsen kom eg på at eg kunne gjera det same. Så snakka me i lange tider medan eg drakk kaffi og åt Leif sitt gode heimebakte brød med brunost med julesmak og deilig grønt stikkelsbærsyltetøy frå julemessa.
Nå må eg snart til med pakking, for i morgon føremiddag set eg meg på toget for å ta ein førjulstur til Oslo/ Bærum. Det blir nok fint. Ein får håpa at toget går, og at eg kjem meg på i tide, så ordnar nok det meste seg.
Bare ein påslengd kommentar til uttrykket i den første setningen: «Helsefremmande tiltak for kvinner». Har mine rogalandske medsystrer reflektert over at me på vår dialekt nesten ikkje har eit nøytralt ord for vaksne menneske av vårt kjønn? Kvinne er eit ord eg kan skriva, men det er heilt unaturleg å ta i munnen når eg snakkar. Då blir det som regel «dame», men det er heller ikkje nøytralt. Ordet dame er det ein viss byswung over. Noko litt elegant og forfina, som eg i grunnen ikkje trur at eg lever opp til. Då eg var barn var vel det vanlegaste ordet «ei kåna», men det har og med seg ein slags innebygd vigselsattest. Dersom ein ikkje var gift kunne ein vera «gammal jente» til ein blei sånn ca nittisju og avgjekk med døden. «Ei vakså kjæring» kunne vera eit alternativ, men med eit liten bismak av noko negativt. «Kvinnfolkjå» og «mannfolkjå» var vel bortimot nøytralt for seksti år sidan, men er heller ikkje heilt gagnbart lenger? Ja, ja det er mykje ein kan grubla over både munnleg og skriftleg når ein langt heller burde ha rydda litt eller kanskje tvinna tommeltottar? Akkurat det med benevning ville vore enklare viss ein rett og slett var mann, men det er vel ein pris dei færraste av oss ville vore villige til å betala bare for å vita kva me skal kalla oss.
Ha ein framleis god dag!
Heidi

Dersom du lurer på kva i all verda som er motivet på dette biletet, så kan eg fortelja at det er blånissen Ekko-Ekko som sit på ei nisje i aulaen på Bryne skule…
I dag har eg nemleg vore på forestilling. Torjus som var sjefen for oppsetjinga spurde meg litt til råds då han skulle ferdigstilla manuset sitt ein gong i haust, og då lova han at han skulle invitera meg til den ferdige forestillinga. Det var veldig kjekt å få ein liten smak av elevar, forestillingar og sceneliv igjen, og etterpå hadde eg matfriminutt på personalromet for første gongen på eit halvt års tid. «Er det rart å vera her igjen?», spurde nokon. «Ikkje i det heile tatt,» svarde eg. Så fort eg kjem innom dørene her, så hugsar eg på ein måte ikkje at eg faktisk ikkje var her i dag eller dagen før…
Elevane var kjempeflinke, og alle som ikkje til ei kvar tid var på scenen, varmed og stod framme i koret og song. Det er så fint å sjå at slikt kan eit heilt sjuandetrinn vera med på. Stykket var eit samandrag av adventserien om «Jul i Blåfjell». To konfliktar blir ordna opp i på beste måte: Søppelfirmaet Mamsén og Lillegutt som kjem og tømmer alt søppelet frå bygda i den uberørte naturen ved Blåfjell, og det at den eldste og klokaste blånissen, Erke, har teke ein rødnisse inn i fjellet. Ho haldt på å frysa i hel, og han valde å bryta den urgamle blånisseregelen om at ingen rødnissar eller menneske nokon gong må sleppa inn i Blåfjell. Lovbrotet fekk den klokaste løysinga, i staden for å kasta ut lovbrytaren Erke, som ville vera å handla etter loven, kasta dei ut sjølve loven fordi han ikkje gav meining lenger…
Dette er jo fantastiske løysingar å visa til både foreldra og dei yngre elevane på skulen. Av og til må ein tenkja på nye måtar for å finna den beste løysinga… Eg tenkjer at det kan vera eit føredøme for mangt og mykje her i livet. Sidan eg er veldig oppteken av både fredsarbeid og grøne løysingar, er det musikk for sjela å sjå det presentert for barn på ein så enkel måte.
Det som kanskje er min favorittjulesalme etter at eg vart vaksen er «Deilig er jorden». Eg har høyrd folk seia at dette er ein vanskeleg salme å synga når tidene er som dei er akkurat nå. Det gjorde inntrykk på meg å høyra at denne salmen eigentleg ikkje er skriven som ein julesalme, men som ein fredssalme i september 1850. På den tida hadde nettopp slaget ved Isted, eit avgjeranse slag i treårskrigen funne stad. Salmeforfattar Ingemann ønska å skriva ein protestsalme mot meiningslaus krig som i fylgje han ikkje hadde ført med seg noko som helst godt, bare tap av menneskeliv meiningslaus bruk av pengar og ressursar. Han stod og såg utover det vakre landskapet og lurte på korleis han skulle formulera fredsbodskapen. I staden for å skriva ein tekst om kor meiningslaus krigen som hadde rast i tre år var, valde han å fokusera på kor vakker jorda er, og kor mykje me står i fare for å tapa. Fredsbodskapen kjem med englesongen. I Sverige syng dei denne salmen heile året, eg trur han er nesten obligatorisk ved skulane sine sommaravslutningar.
Eg kunne skrive mykje meir om dette, men det får halda for i dag. I staden tek eg med teksten. Eg hugsar me gjekk rundt juletreet saman med svigerforeldra mine og dei eldste barnebarna ein jul før eg sjølv fekk barn, og at linja «Slekt skal følge slekters gang», traff meg på ein ny måte. Nå er me i den situasjonen at det er me som har to generasjoner under oss. Kanskje eit vers i salmen kunne ha begynt slik:
Deilig er jorden, hastig flyr tiden…
| Deilig er jorden, prektig er Guds himmel. Skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom de fagre riker på jorden Går vi til paradis med sang! Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang. Aldri forstummer tonen fra himmelen i sjelens glade pilgrimssang. Englene sang den først for markens hyrder, skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske, fryd deg! Oss er en evig frelser født! | |
Heidi

For ein fin haust eg har hatt. Dagane har vore gode, eg har fått skrive mykje og har hatt og har mange spennande oppdrag og mykje godt samarbeid. Det kjennest meir som eg har skifta jobb enn som å vera pensjonist, men eg har jo aldri vore pensjonist før, så kanskje det handlar mest om eigne fordomar. Eg brukar p- ordet med vilje, for å venna meg til det, for framleis har er det noko med det ordet, som eg ikkje heilt får til å identifisera meg med. Eg er open for at det kan handla om manglande sjølvinnsikt. For eit flott land me bur i som gir oss moglegheit til å kunna bruka år med framleis god arbeidskapasitet til å kunna jobba på nye måtar dersom me har lyst.
Det eg kan sakna litt med det gamle livet er å vera omgitt av nysgjerrige og sprell levande barn store delar av dagane. Det har eg alltid likt veldig godt. Det som er fint er å ha betre tid til å konsentrere meg om slikt som eg har oppriktig lyst til å bruka meir tid på. Det må og nemnast at for klart definerte B-menneske er det nesten litt euforisk å kunna leggja seg om kvelden og vita at ikkje ein einaste alarm skal vekkja deg i morgon klokka kvart over seks…
Adventstida har alltid vore mi favorittid i skulen, nå får eg prøva korleis det er å ha god heime før jul. Adventfeiringa i år vart innleia med stor julemesse i kyrkja der ei stor gruppe menneske avslutta ein lang dugnadsprosess med å produsera ulike varer til sal og så å ha salgsmesse, opning med barnekor og forteljing, kafé og stor julemessefest med stor basar. Det er kjekt å høyra til i ei kyrkje der det er mogleg å be gjennomføra slike arrangement, det er fint å få til fine ting i lag.
i dag har eg bakt litt julekaker, og om nokre timar skal me gjera klar til open kyrkjekafé klokka seks med riskrem, julekaker, julesongar og bingo med pakkepremiar. Dette er ei samling l har kvar månad for alle som har lyst til å vera saman nokre timar for ein prat og ein kopp kaffi. Sidan det er advent trør me til litt ekstra i kveld.
I går tok eg først med Iben og Hella til kyrkje og sundagsskule. I går fekk dei oppdraget å koma fram og tenna det første adventslyset. På ettermiddagen inviterte eg på lystenning heime når mørket senka seg og serverte gløgg, kaffi og kaker frå julemessa. Leif har teke seg ein snartur til Oslo for å feira ein storebror som fyller år. Seinare i veka tek eg meg og ein tur austover. Det blir fint, trur eg.
I fjor, seint ute som eg alltid er, så var eg lukkeleg over at det framleis var godt med lilla lys i butikkane, av og til har eg måtta nøyaktig meg med mørkeblå fordi eg har vore for seint ute. Etterkvart forstod eg at det var fordi dei fleste ikkje bruker lilla lys lenger… Eg er ikkje den første som fangar opp nye trender… Og lilla lys i heimane er heilt sikkert ikkje ein veldig gammal tradisjon det heller, men enn så lenge så er adventstida lilla heime hos oss, så får det bli jul sånn litt etter kvart.
Som julekvelden på kjerringa har alltid vore eit treffande uttrykk på meg. Tidene kjem ofte litt overraskande på meg. Plutseleg er kveldane blitt så tidleg mørke. Mørketida før jul har eg alltid likt veldig godt, så nå er det bare å nyta det lune mørketeppet som pakkar seg rundt oss, og kjenna kor fint det er å tenna lys inne og å ha lange fine kveldar saman med andre eller aleine med radio, podcaster, strikketøy, gode filmar og fine bøker.
God advent, alle saman. La oss ta godt vare på kvarandre. 🕊️
Heidi

Av og til får ein våga å vera ubetenksomt spontan. Dette diktet kjem direkte frå tastaturet mitt denne føremiddagen:
Ei mørkare årstid
Me skal inn i ei mørkare årstid.
Me leitar fram selbuvottar og lange skjerf,
isbroddar til spegelglatte vegar,
faklar til trappa,
ullsokkar til bruk i gummistøvlar,
ull-luer til bruk under sydvestar,
paraplyar, ullundertøy og varmeputer,
me ber til armane våre blir tunge og lange.
Me kjøper ved til lagring i garasjane,
sand til strøing av trappene,
vaksinar mot covid og influensa,
lange stearinlys og økonomipakkar med fyrstikker.
Me finn fram vinterdyner, ullteppe og pelstøflar,
og trøyster oss med kakao og varm te,
elektriske utelys, og tomme kakeboksar me skal fylla,
med kakemenn, kokosmakroner og gjestfridom,
med fint dekka kaffibord og omsorg.
Så tenner me lykter i regnet utanfor,
og veit det er nå me skal snakka saman,
le saman og og vera stille saman.
Me skal kvila saman med naturen,
og mesteparten av døgnet
vera pakka inn i vennleg nattemørke.
Me skal ta vare på kvarandre,
og takka for lyset som er her,
og for lyset som snart skal koma tilbake.
Me skal synge som Sakarja
om at lyset frå det høge
skal gjesta oss som ein soloppgang,
og ein gong veldig snart
leia føtene våre inn på fredens vegar,
dei ligg sikkert der og lengtar etter oss.
Heidi

I går la eg ut eit dikt som handla om siste gongen sjuandeklassen min gjekk ut døra av klasseromet. Det var samtidig siste gongen eg gjekk ut av den same døra etter førti år som allmennlærar, men det tok mange veker før det gjekk heilt opp for meg at eg nå var over i ein ny fase.
Den andre jobben eg samtidig nesten forlot etter tjuefem år var ein deltidsjobb i kulturskulen, som for meg praktisk nok, held til i dei same bygningane som Bryne skule. Her har eg vore dramalærar og lærar i skapande skriving. Nå i haust har eg framleis hatt ein liten jobb i kulturskulen som leiar for ei gruppe tiandeklassingar som har skrive manus til ei stor forestilling me alltid har i Storstova før påske. Det å jobba i kulturskulen har for meg vore herleg befriande. Sjølv om det blir spurt etter planar, evalueringar og mål der og, så har eg opplevd det så utruleg fint at her er det kreativiteten som står i sentrum. Det å få lov til å jobba kreativt, relasjonelt og intuitivt, har eg fått lov til i skulen og, men der er det fleire naturlege begrensningar som gjer at system i ein del situasjonar må trumfa kreativiteten.
Tidlegare denne månaden fekk eg vera med å feira Guri, min fantastisk flinke kulturskulerektor sin 60-årsdag. Då skreiv eg eit dikt til henne, som handla om det å jobba i kulturskule. Etter oppfordring deler eg teksten her, det vil seia eg har teke vekk første delen, som gjekk på å vera den som skal administrera og gjeta kattar (= kulturskulelærarar i denne samanhengen).
Eg må innrømma at eg aldri har undervist musikk-elevar, men eg er nokså sikker på at det er slik det er…
Den magiske melodien
Det finst små og store rom i livet,
det finst kulturskular med rom fulle av saksofonar,
av klarinettar og små musikantar.
Dit kjem dei alle saman,
med indre ønske om spela,
eller er sende dit av mor og bestemor
med høge musiske ambisjonar,
eller ønske om barndomar fulle av musikk.
Men dei kjem kvar einaste veke
Nøtteliten, alltid fem minutt for sein til timen,
glad, fornøgd og sprell levande
sjølv om han aldri har tid til å øva,
spelar han med freidig mot,
høglytt grovspeling utan kryss og B-ar,
og er raus med klemmane,
før han spring og gløymer lua si på stolen.
Bolla Pinnsvin smiler engsteleg når ho kjem,
og skjelv litt på labbane,
sjølv om ho har øvd både lenge og ofte,
og mamma og pappa har sagt at ho er flink.
Med nybørsta pigger og eit sjenert smil,
tek ho klarinetten forsiktig opp,
og sjekkar at flisa sit som ho skal.
Helene Harefrøken når timen i dag,
men notene ligg heime eller i ein grøftekant.
Ho gløymer å hugsa kva melodi ho har øvd på,
og lagar sin eigen i staden,
medan ho snakkar ubekymra mellom spelinga,
og pleier leppene med rosa leppepomade.
Så kjem Pippi Langstrømpe,
som sjølvsikkert og smilande
opererer i eigne notesystem,
og tålmodig forklarar læraren
korleis dei eigentleg skal låta.
Emil frå Lønneberget,
lærte å spela trekkspel av Alfred
bak veggen på låven,
den sommaren han var fire år,
på trass av det alle hadde rekna med,
og som han sjølv ikkje veit endå,
kan han fort enda opp i eit symfoniorkester,
eller bli soloartist.
Det som er hemmeleg for alle som ikkje veit,
er at dei alle saman,
ofte eller kvart jubelår,
i sekund om gongen,
finn den magiske melodien,
den som Brogeen, og alle me andre
alltid har leita etter.
Melodien som for ei fortrolla stund
får veggane i romet til å forsvinna,
taket til å opna seg,
og golvet til å bli heilag grunn.
Dette me alltid lengtar etter,
og som kjem når ein minst ventar det,
og viser at det finst eit univers,
bortanfor det me kjenner til.
bortanfor solsystema,
alle kjende notesystem og periodiske system
som er rein glede og sæle,
kvar gong me får eit glimt inn i det.
For den som har elevar får høyra
noter ein ikkje visste om,
og synga songar ingen visste fantest…
Heidi

Ikkje eit farvel til bloggen eller noko anna som er her og nå, må eg kanskje skunda meg å seia…
Eg sit her og jobbar med dikta eg skreiv i sommar, og prøver å forbetra dei litt, sortera kva som skal vidare og bli til bok, og kva som skal få kvila i idéhaugen litt lenger. Nå er hausten og på hell, og me skal inn i den første vintermånaden. Då skal det i fylgje tradisjonen min bli liv her på bloggen igjen.
Medan eg sat her halvvegs nedgravd i ord, kom eg til å tenkja på at eg kanskje kunne dela litt med meg sånn undervegs. I dag kom eg over eit dikt eg skreiv til elevane mine etter at eg hadde send dei vidare ut i livet utan meg til det me oftast kallar ungdomsskulen.
Eg møter nokon av dei rett som det er. På gata og i butikkar. Det er fint. Det er ein av dei fina tinga med å jobba der ein bur, ein møter ofte gamle elevar, opptil fleire gonger i veka. Heldigvis er det nesten utan unntak fint.
Farvel, mine kjære,
Farvel, mine kjære.
Eg skal sleppa taket,
de skal gå vidare
med pubertetskroppane,
med barneblikka,
med overmotet,
og med nevrotisk engstelege tankar.
De som veit det meste som kan vitast,
og samtidig ingenting veit.
De som har levd tretten vintrar,
og bare så vidt har begynt.
Eg står i døropninga,
varmhjerta og tåreøygd,
eg tek i mot dei siste klemmane,
og smiler tappert.
God tur vidare,
med kloke tankar,
inkvisitoriske spørsmål,
underleg naive og uendeleg djupe tankerekkjer,
med opprør og med sjenanse.
Eg har kjend dei frå dei var i tannfellinga,
har sett dei i vidåpen undring
og sett dei oppslukte av leik.
Gå vidare nå,
la dykk overraska av livet,
av melodiane, og songane,
av nye tankar og ny lengt.
Det er livet som ventar,
med høgder og avgrunnar,
Med annleis kvardagar,
med veksande ansvar,
med ny kjærleik
og med ukjende horisontar.
Takk for fylgjet,
de har lærd mykje,
og eg har lært mykje av dykk.
Med avtrykka av skuleåra
og av kvarandre
skal me alle vidare.
Tilgi meg det eg kanskje ikkje såg,
sjølv om eg burde ha sett det.
Tilgi om eg nokon gong var urettferdig
eller alt for unnfallande .
Vit at eg har vore glad i dykk,
og stolt av dykk,
grenselaust og himmelhøgt.
Heidi

Me står her og har forete oss
på frukt frå Paradiset.
Forvirra innser me at me kan rekna ut
eit og anna me aldri burde visst svaret på,
at me kan byggja våpen
verda aldri skulle ha sett.
Hovuda våre får til slikt me ikkje har rygg til å bera.
Framleis er me barn i kjensler og sansar,
sårbare, hudlause og redde.
Forgifta av slangegift,
og slitne under føtene,
av alle dei utemde slangane
me prøver å halda nede.
Heidi
Ei lita kvardagshelsing frå skriverommet mitt. Kvar dag, så sant det let seg gjera, set eg meg ned nokre timar og jobbar med dikta eg har liggjande. Det blir sannsynlegvis ei samling neste haust, men eg har veldig mange fleire tekstar enn dei som kan vera saman mellom to permar, så nå gjeld det å få til «å skilja snått og kanel», som det heiter i eit gammalt jærsk utsagn. Det er ikkje alltid lett å bedømma kvaliteten på eige arbeid, i alle fall ikkje når det er nyskrive.
Likevel fell eg lyst til å dela eit av dikta eg har sitte og pussa på i dag. Eg har alltid vore glad i dei gamle urhistoriane i Første Mosebok, og tenkjer at på ulike plan er dei framleis tekstar som er relevante for det å vera menneske.
Elles har eg mange spennande prosjekt å ta del i, så akkurat som eg hadde håpa, så kjennest det nye livet med AFP meir som å ha skifta jobb enn som det å vera arbeidslaus. Det er eg veldig takknemleg for. Eg har så mykje eg har lyst til å gjera og til å få gjort, så dette er ein luksussituasjon på mange vis. Det eg nok saknar mest om eg skal sjekka ut den tanken, er det å vera i klasseromet saman med ein gjeng elevar store deler av dagen, det har eg alltid synest har vore spennande, utfordrande og givande. Heldigvis treff eg dei gamle elevane mine ganske ofte når eg er ute for å handla eller har andre ærend utanfor huset. Det er så fint å høyra at dei har det bra og liker seg på ungdomsskulen.
I helga blir det Oslo-tur med seminarer i regi av Aeropagos. Det gleder eg meg til. Einaste ulempa er at me må koma oss på eit veldig tidleg tog for å unngå buss for tog og for å rekka fram i tide, men det burde vel gå bra. Me blir der eit par dagar ekstra for å få sjansen til å vera saman med barnebarn og vaksne barn. Når ein har eit lite menneske der som vart fødd i sommar, så gjeld det å få mest mogleg tid med han, for utviklinga det første året går så fort at det nesten ikkje er til å tru. Og mormor lengtar sjølvsagt like mykje etter to-og-eit-halvtåringen som har blitt veldig flink til å snakka i haust på ein sjarmerande blanding av jærsk og austnorsk.
Heidi

I går stod me grytidlig opp for å få ein tidleg start på ein lang dag i bilen. Eg må innrømma at tidlege morgonar ikkje er min styrke i livet, men eg må og innrømma at den nydelege soloppgangen me fekk med oss var ei fin oppleving. Himmelen var pastellfarga og det låg store flak av morgontåke og dirra over det vakre franske landskapet.
Det var vemodig å reisa frå denne bobla eller katedralen alt etter korleis ein ser på det. Menneske frå heilt andre liv og kvardagar enn våre eigne, og som var oss totalt ukjende for ei veke sidan, hadde blitt nesten som nære venner. Dersom me ikkje aktivt gjer ting for å treffast igjen er det ganske stor sannsynligheit for at me aldri gjer det. Ein av dei eg møtte sa at han nesten var som eit anna menneske når han var i Taizé. Han var opnare og hadde ei heilt anna ro enn det han vanlegvis opplevde å ha. Slik trur eg det kan vera for mange. Me kjem til å bera med oss ettervarmen av opphaldet lenge, trur eg. Eg vil gjerne dit igjen.
I går var me i bilen tolv timar og kom oss omtrent til Bremen. I dag går ferda til Hirtshals. Eg har nesten strikka ferdig eit blått sjal til julemessa av garn til julemessa, etterpå begynner eg på eit i ein djup rosalillafarge. Når me køyrer bil er eg nesten det som på nyamerikansk heiter tradwife. Far køyrer, mor strikkar»…( + at mor passar på at far ikkje overser at trailarar blinkar for filskifte, eller at han tek unødige sjansar…)
Heidi