
Det finst så mange fine keltiske velsigningar. I denne tradisjonen har dei laga bøner for kvardagslege hendingar og heilt vanlege dagar. Eg liker godt tanken på at alt i livet er heilag, og at det meste kan velsingnast. Her har eg prøvd å laga ei velsigningsbøn over huset vårt.
Signing over huset
Signe dørene mine med evne til gjestfridom.
Gi stolane mine store fang,
og god støtte til trøytte ryggar.
La sola skina over bordet,
la det alltid vera dekka med storsinn og blomar,
og la det alltid vera levande lys der,
klare til å kasta varme flammer.
Signe knekkebrød, ost og paprika,
og la kjærleiken vera nær
i heimekokt syltetøy, kaffi og rabarbrasaft.
Gjer veggene, auge og øyre klare for lytting og respekt,
og signa munnen min med gode, nære ord.
Opna mine rom og mine tankar.
Heidi

Haustsola stryk vennleg
tre og knausar over kinnet.
Vinden ruskar leikent
i ei pannelugg han fann,
Flyttar alle frøa i ei trapp
til inst i trinnet,
kjærteiknar ei kjole
på ei klessnor som han fann.
Barnelåtten trillar
frå ein open barnehage.
Fuglane dei flokkar seg
og øveflyg i lag.
Mellom mur og asfalt
veks ein einsleg prestekrage,
ei humle surrar lukkeleg
i lys septemberdag.
Kom og signa dagen, Gud,
for kveldane blir lange,
signa prestekragane
som ikkje har gitt opp.
Signa alle raunbæra
som svulmar og er mange,
signa alle humlene
med lubben humlekropp.
Ver hos oss i gledene,
og bu i tunge sorger,
La oss drikka seinsommar
av di septemberhand.
La oss samla bær og frukt,
og sol i store korger.
Slik at me kan dela lys
i vintermørkets land.
Heidi

I går hadde eg vore mor i 39 år. Det er meir enn 30 år sidan sist dei henta eit lite barn ut av kroppen min.
På grunn av at eldstemann låg i seteleie, var nesten fem kilo tung og ikkje hadde tenkt seg ut på eige initiativ, vart det ti dagar over min aller første fødselstermin bestemd at denne setefødselen måtte konverterast til eit planlagd keisarsnitt… «Dette er du sikkert glad for», sa den sympatiske fødselslegen. Som ein hypokondar som hadde psyka seg opp til ein hard og krevjande setefødsel var eg alt anna enn glad. Eg var forferda. Skulle eg skjerast opp i staden for å gjennomgå ein vanleg fødsel?
Dette var før fedre fekk vera med på keisarsnitt, så dette måtte eg stå i aleine, men vennlege menneske fekk overbevist meg om at dette var den beste løysinga, og at eg ville ha epiduralbedøving for å kunna vera med på alt som skjedde.
Det at første mann kom på denne måten gjorde at dei tre påfølgjande fødslane og ende som keisarsnitt. Eldstejenta som vart fødd tre år seinare var tenkt å skulle få ein vanleg fødsel, kva nå det måtte vera, men sidan ho og var stor og sein til å villa ut vart keisarsnitt vurdert som tryggast denne gongen og. At den føremiddagen ho skulle fødast opna med rier og fostervannavgang fekk ingen til å ombestemma seg. Dermed blei nummer tre og fire og «bestilde keisarsnitt».
For meg har dette vore ein måte å føda barn på som ikkje har stått tilbake for andre fødselsmåtar. Eg har skrive mange dikt om graviditet og fødslar, men eg har aldri skrive om keisarsnitt. Eg har tenkt at det skal eg gjera ein gong, men eg har liksom aldri kome så langt. I går tenkte eg at nå det kanskje på høg tid nå, om det skal gjerast ein gong…
Om nokon som les dette snart skal føda, så må eg kanskje ta med at med at det heilt sikkert har skjedd mykje på førti år, så det kan absolutt tenkjast at deler av det eg skriv er «spor av gamle dagar», og at keisarsnitt kanskje ikkje er heilt slik lenger…
Keisarsnitt
Det beste av alt som har skjedd meg,
fire gonger,
fire levande barn,
vart halte ut av mitt innerste,
hemmelege mørke,
dei knadde magen min som ein brøddeig,
kjendest det som,
bedøva for knivar,
men ikkje for berøring,
svevde kroppen min mellom grønnkledde,
i uforklarleg tillit og ør venteglede,
medan eg høyrde dei gje kvarandre lågmælte beskjedar.
Anestesisjukepleiaren haldt meg trygt i handa,
og det var så fint.
Glad for det grøne kledet
dei hadde hengd på ein bøyle i brysthøgde,
for å skåne meg for utsikten,
lurde eg likevel på
korleis det såg ut på andre sida,
og høyrde dei grønkledde seia:
Nå løfter me barnet ut!
Runde, raude små armar,
fektande rynkete hender,
små skrikande vidopne munnar
i runde mørke raude ansikt.
Tenk at barneskrik er så vakkert!
Mjuk barnehud mot kinn og hals,
eit framleis skrikande, framleis uvaska barn,
som er mitt,
som er livet sitt.
Så mjukt og så sårbart.
Denne rå lukta av våt mold,
av sommarregn,
av noko utan ord.
Slik luktar altså sjølve livet.
Fire knivskorne opne keisarsnittmunnar,
skorne med presisjon av skarpe knivar.
Kor lenge lever eg om dei går frå meg nå?
tenkte eg medan dei sydde meg igjen
med lange nåler.
Nå ligg livet mitt i andre sine hender.
Dei gjekk aldri frå meg,
dei gjorde jobben sin,
med grøne hetter under skarpt lampelys.
Med hanskar på hendene
smilte dei bak munnbinda og gratulerte,
medan dei gjorde meg skikka for livet igjen,
og snakkar stille saman,
om daglegdagse ting som gjer meg roleg.
Så må det teljast ned under omsorg,
medan blodtrykk og puls blir sjekka,
medan føtene mine langsamt vaknar til liv.
Eg smilar så opplagt eg får til,
og ber Gud og sjukepleiarane
senda meg så fort dei kan til barnet,
til barselsavdelinga der livet flyt,
av mjølk og blod og honning,
der nyfødde menneske ventar,
og eg kanskje snart fått besøk,
av sånne eg er aller mest glad i,
av framtida som akkurat har begynt.
Heidi

I natt har livet snudd på seg,
og reist seg som september.
Kirsebærtreet står her og gulnar,
medan regnet renn over glasrutene.
Kanskje er det nå snart
at sverda skal smist om til plogskjær,
at spyda skal bli til vingardsknivar?
Er me nærare den dagen
då folk ikkje lenger skal lærast opp til krig,
men hjelpa kvarandre å finna vegar til fred?
La oss i tillit
gå ut i Herrens septemberlys.
Heidi

Alt me ikkje når og ikkje maktar,
kunne me leggja frå oss i store røyser og haugar,
kunne me bruka til å byggja vardar på høge fjell,
kunne me byggja rare kunstverk av
og signera det blygt med namnet menneske.
Me hadde hatt nok å ta av,
støvet mellom sete og ryggstø i den velbrukte sofaen,
rotet på verandaen,
ugraset i pallekarm kassane,
usortert rein vask i vaskekjelleren,
brevet me ikkje nådde å skriva,
abonnementet me aldri fekk sagt opp,
tannlegetimen me burde ha bestilt,
skoa me burde ha gått inn,
kjolen me skulle ha slanka oss inn i,
genseren som aldri vart ferdig,
symaskinen som har stått litt for lenge og venta.
Om ein hadde stått der ei stund og beundra kunsten,
ville ein før eller sidan oppdaga signaturen,
den som stod der med lita skrift,
pusta djupt inn og ut,
og gått heim til oss sjølve med rak rygg.
Me ville kanskje lagt merke til at eit av dei tusen frøa me sådde har blitt til ei langstilka solsikke.
Me ville sett at ho var vakker der ho dansa i augustvinden.
Me ville kjenna at brødet me bakte
smakar vidunderleg godt,
og leggja merke til den mjuke varmen i stemmen
til vennen me møtte på vegen heim,
og fryda oss etter å ha gått over eige kjøkkengolv,
utan å få verken syltetøy eller smuler under sokkane.
Heidi

Me har visst om deg lenge,
og visst er me klare,
bare kom inn,
velkomen får du vera
Ullsokkane er ferdig strikka,
langbuksene ligg på geledd,
gummistøvlane er reine,
og skjerfa sorterte etter farge.
Bøttene står klare
og gleder seg til å samla regnvatn,
stearinlysa er ferdig tende,
og strikketøyet for lengst lagt opp til strikking.
Regn blir fint for håret,
og motvind er bra for pusten.
Mørke er bra for lyset,
og nattesøvn er bra for alt.
Haust er bra for plommene,
og nok tid er bra for potetene.
Tålmod har godt av å strekkjast,
og iskremen har det best i frysedisken.
Vepsane er klare for ein pause,
og grågåsa er klar for flyferie,
Tankane treng tid,
og verda treng at nokon har tenkt seg om.
Molda treng regn,
songane treng molltonar,
og tonane…
dei skal som alltid
roleg bera oss vidare.
🍁
Heidi

Det var siste dagen i august
i oss og rundt oss.
Me rørde einannan
og kjende mogninga
i handflater og fingertuppar,
i nakken og ned langs ryggrada.
Dette skarpe, litt kjølegare draget
som strøymde gjennom alle ting,
og minde om at noko nytt og annleis
snart skulle bryta fram.
Dei siste rosene
slepte bleikrosa kronblad mot jorda,
og smilte tappert mot systrene sine
som alt var blitt svulmande nyper.
Ikkje ver redd,
kviskra du,
dette er ikkje farleg.
Då eg lytta nøye
høyrde eg dei solgule tiriltungene
kviskra akkurat det same,
og høyrde at kvitnande, bleike blåklokkene
alt hadde begynt å ringa.
Eg retta ryggen og såg treet
stå der rakrygga
med greinene fulle av raunbær,
strekte ut mot ein grågåsplog på himmelen.
Så får det vera slik, då,
sa me nesten i kor,
og fylgde roleg stien vidare.
Heidi

Me vandrer gjennom årstider
til fots og på sykkel,
krabbande og hinkande,
vaklande og i fullt firsprang,
Kjenner vind i håret og regn i ansiktet,
ligg flate på grasplenar, på svaberg
og i sanddyner,
let sola kjærteikna
bleike eller brunbrende kroppar.
Me veks og minkar,
føder barn og flyt over av mjølk,
flettar hår, plastrar kne, tørkar neseblod,
formaner og trøystar.
Me søv i rare vinklar
i senger fulle av barn,
med lyse små barnehovud mot halsen,
mot ryggen og mot magen,
og ventar til langt over midnatt
før siste tenåringen er trygt i hus.
Me syng og diktar,
kranglar og drøymer.
Me ber til høgare makter om nettene,
og syklar til jobb med hjelmen på snei,
jakken på travelt, og gensaren bak fram,
og rekk alltid fram til første time.
Me dekkjer bord og baker brød,
slikkar vaffelrøre av vispar og slikkepottar,
tenner lys og plukkar blomar,
feier støv under teppet og kokar kaffi.
Me trekkjer gardina i frå så me kan sjå.
Me klemmer, diskuterer og elskar kvarandre,
irriterer oss og tilgir,
strikkar tusen barnejakkar
til hordar av barnebarn,
tørkar klissete fingrar,
og kyssar barnekinn som smakar syltetøy.
Me ser reisa me er på gjenspeglast for oss
kvar gong me passerer ein spegel,
og smiler så vakkert me kan.
Me kviskrar og ropar,
og takkar gode folk for fylgjet,
mens me prøver å stansa krigar
med begge hender.
Me kviskrar hemmelege bøner
om god jord og god bør
for endå langt frå påtenkte oldebarn.
Me tek av slitne joggesko,
og trør med nakne føter i heilag sand.
Me kjenner pulsen frå det store havet,
banka trufast i takt med vårt eige blod,
medan me takkar for å få vera her.
Nå og i stadig komande årstider.
Heidi
Dette diktet er skrive lettare inspirert av Vesaas sine bøker «Det store spelet» og «Kvinner ropar heim» som eg las då eg var veldig ung og las om igjen den siste veka.

Reglar for alt
Det finst reglar for alt.
Det finst reglar for krig.
Som om krig var lov.
Som om det var lov å drepa kvarandre.
Som om det var lov å senda søner og døtrer
ut for å drepa,
senda menneske ut for å bli drepne.
Som om det var lov å smi våpen,
av pengar som kunne gi mat til svoltne.
Som om det var lov å kle menneske i uniform
og tru at dei er brikker i eit spel.
Som om me levde i ei mørk og utemma fortid.
Som om me framleis ikkje hadde lærd noko som helst.
*
Kor blir det av dei vaksne?
Kva lærer me barn i barnehagen?
At det er lov å kasta stein
viss nokon kastar på dei?
At det er lov å gøyma spissa pinnar
i ein stor haug under rutsjebanen
for å stikka dei i auga på slike som kastar stein?
At dei alltid må rekna med at andre vil lura dei?
At det er lov å sitja ved matbordet
på høge trip-trapp-stolar
og ropa stygge ting til kvarandre
med skingrende utestemmar,
med stygge blikk
og med spyttet sprutende frå sinte munnar?
Kor blir det av dei vaksne?
Burde dei ikkje snart ta tak?
Heidi
Foto: Maria-altaret i Tanum kirke ved Stavern

Eg steikjer vaflar i august
ein stor stabel på fatet,
det er sundag eg er raus
med egg, med smør og sukker.
Vase med fine blomar frå ein grøftekant,
serviettar med markjordbær på.
Kjøkkenet luktar eplekake
og om ikkje lenge nytrekt kaffi.
Kremen legg seg mjuk og nypiska ned i skåla.
Eg blandar solbærsaft i mugga,
for framleis er me her alle saman,
med bringebærsyltetøy
og det som er att av ein kvardagsleg brunost.
Sola varmar så fint, og dørene står opne.
Dei rosa små rosene frå mor og far i blå vase,
tomatane frå drivhuset heime hos dei
i ei skål på kjøkkenbenken.
Eit utålmodig barnebarn
kan endeleg melda at alt er klart,
Dei reiser seg alle saman
frå hagestolar og hengekøyer
og me sit tett i tett ved det store bordet,
for framleis er me her alle saman,
framleis har ingenting utenkjeleg skjedd.
Barna er framleis barn,
i blomstrete sommarkjolar
med langt flagrande hår,
og vaflane framleis vaflar,
med bringebærsyltetøy
og små innsjøar av smelta smør.
Framleis leiker tantane gøymsel
med ungar oppe på loftet,
og framleis dansar barna
med onklane på stovegolvet.
Framleis er det sommar.
Heidi