Gå til innhald

Sommarsjela

Mot slutten av juli er den etterlengta tilstanden heilt på plass. Dette romet i livet der ein nesten ikkje veit kva dag eller dato det er, og kan oppleva å vakna til heilt blanke dagar der store og små ting kan skje utan at ein har ofra for mange tankane på det på førehand.

Dette å vakna utan vekkarklokke og la dagen starta seg sjølv, kanskje med ei god bok og så ein god kopp kaffi. Å træ ein kjole over hovudet og gå barbeint inn dagen med framleis bustete hår. Sjekka i skåla om det er att nokre jordbær frå i går. Så kan ein kanskje skriva eit dikt som plutseleg har lyst til å bli skrive, eller kanskje kosa seg med å skriva nokre linjer på bloggen, ein hugsar så vidt at ein har ting ein må få gjort før sommarferien er over, men det kan då godt venta ein dag eller to. Kanskje ein etterkvart får lyst til å finna fram sykkelen og sykla ein tur, eller kanskje heller gå ein runde ein eller annan stad, men det får visa seg etterkvart…

Omtrent akkurat slik har dagen min vore til nå, og det er heilt nydeleg. Eg veit at lærarferiar er eit stort privilegium, eg vågar nesten ikkje skriva om det her, eg bare seier at denne pausen frå usannsynleg travle arbeidsdagar i verdas beste yrke, og endå kan eg venta ei vekes tid med alt som må tenkjast og ordnast før eit nytt skuleår skal sparkast i gang.

I dag har eg ei bok å anbefala. Me har høyrd boka «Afganerne» av Åsne Seierstad som lydbok den siste veka. Her møter me tre forskjellige personar frå Afganistan i tida rundt og etter at Taliban tok tilbake makta i 2021. Dette er personar med ulike ståstadar. Jamila, Ariana og Bashir. Den eine ein markant kvinneleg politikar, den andre jusstudent frå ein relativt liberal familie der mora var rektor på ein skule, den siste ein mann med maktposisjon i Taliban. Me får og bli kjende med familiane deira og menneska dei omgir seg med. Det blir fortald på ein måte som gjer at om ein kanskje ikkje får rein sympati for Talibankrigaren, så får ein ei viss forståing for korleis han tenkjer og korfor han handlar som han gjer. Ein får og innsikt i korleis det er å leva i Afganistan.

Medan eg høyrde boka, tenkte eg mykje på kor autentisk dette kunne vera. Eg veit jo at Åsne Seierstad veit mykje om Afganistan, men er ei vestleg kvinne i stand til å leva seg inn i korleis det er å vera innfødd afganar. Dette gjorde at det var veldig sterkt å få med siste kapittel der forfattaren fortel korleis boka blei til. Ho har drive grundig feltarbeid, og alle menneska i historia eksisterer i det verkelege livet. Ho har møtt dei mange gonger, snakka med dei, brukt tolkar, skrive ned og bedt dei vurdera det ho har skrive, ho har snakka med mennesker som kjenner dei, verkeleg gjort alt ho kan for at det er deira eigen stemme som får fortelja om liva dei lever. Eg sit igjen og lurer på korleis det går med dei. Korleis går det med Jamila som flykta til Noreg og prøvde å driva arbeid i Afganistan via ein PC i Finnmark. Korleis går det med Bashir og dei tre konene hans? Er han framleis klar til å døy for Taliban? Og kva med Ariana som bare mangla litt på jusstudiet då universitetet vart stengd for kvinner? Lever ho i lag med mannen som ho sa ja til å gifta seg med fordi familien var desperate i ein vanskeleg situasjon? Har ho klart å bli glad i han, eller er ho framleis fyld av avsky og forakt? Vil han halda løftet sitt om at ho skal få fullføra utdanninga og stå på eigne bein?

Den andre boka eg har lese dei siste dagane er ei av dei bøkene eg kjøpte på bruktbokutsalet i Ålbæk. Det er ei samtalebok mellom forfattaren, som eg akkurat nå ikkje hugsar namnet på, Benny Andersen og Povl Dissing. Dette er ei bok eg nesten ikkje klarer å leggja frå meg. Benny Andersen er eit av mine store litterære førebilete når det gjeld å skriva dikt. Eg kan vel ha vore nitten år då eg oppdaga han, og sidan har eg hatt veldig stor glede av tekstane hans gjennom heile livet. Dei fleste kjenner nok både han og Povl Dissing best gjennom songen «Svantes lykkelige dag» med refrenget om at «Og snart er kaffen klar». Både den og Evert Taube sine tekstar hugsar eg som noko som gjorde stort inntrykk på meg i barndomen. Ein del av tekstane til Benny Andersen er med i boka, og dei gir meg lyst til å skriva mange nye tekstar.

I går kveld sette eg meg ned for å sjå litt på opningsseremonien frå Paris- OL. Eg såg at det skulle vara i fire timar og hadde ikkje drøymt om at eg skulle bli sitjande som hyptnotisert og sjå heile forestillinga, men det gjorde eg. Det var verkeleg imponerande å sjå korreografiane, dei store linjene, måten dei brukte byroma i Paris og Seinen på. Det er sikkert spesielt å sitja på ein platform på Seinen og spela flygel i høljeregn, og fleire enn meg lurde sikkert på korleis det gjekk med flygelet. Ein ryttar riande midt i elva på ein mekanisk hest av metall var og veldig fint. Høljeregnet må ha vore ein strek i rekninga, men samtidig noko ein må ha tenkt gjennom under planleggjinga. Eg synest dei oppnådde å gå ut med bodskapen om ein draum om ein betre og fredelegare verden der menneska står saman om å beskytta livet.

Det var likevel ein stemme eg gjerne ville hatt med i det store koret, kyrkja sin stemme. «Imagine» av John Lennon vart vakkert framførd. «Imagine there`s no countries, it isn`t hard to do. Nothing to kill or die for, and no religion too». I det store mangfaldet ville eg gjerne hatt med nokre element av at menneske og kan strekkja seg mot Gud for å få hjelp til å leva rettferdig, nestekjærleg, berekraftig og i solidaritet med andre. Kanskje eit kyrkjekor utanfor Notre Dame eller ei bøn til Gud sungen av ein solist.
Nå skal det seia seg at skulefransken min er nokså langt frå nypussa, så det kan ha vore stemmar og element eg ikkje fekk med meg. Eg veit at det er mange skuggesider og mykje makt involvert i eit OL_arrangement, men eg syntest likevel det var fint at fokuset i denne store forestillinga var fred og samhald mellom menneske. Å påstå at toppidrett framleis er leik er nok ei sanning med modifikasjonar, men det er vel for så vidt dei fleste sanningar…

Nei, nå får eg la dagen driva meg vidare. Litt har eg då tenkt å få gjort i dag, sjølv om eg fortel meg sjølv at det å kvila litt i ferien er ganske viktig det og…


Heidi

Ålbæk

Den aller første Danmarksturen med vaksne barn gjekk og til Ålbæk. Eg er ikkje sikker på når dette var, men det er sånn omtrent 14 år sidan. Den gongen var det bare me og «ungane» som reiste.

Noko av det eg hugsar best er stranda og den vesle hamna. I eit hus i hamna var det ein gjenbruksbutikk med brukte bøker. Der kjøpte eg mange danske bøker, mellom anna bøkene til Dea Trier Mørk som eg hadde slukt og lese om igjen opp til fleire gonger på norsk. Så låg eg på magen ute i sola og les

Ein av dei tinga eg hadde lyst til å finna ut var om dette utsalget framleis eksisterte, og ein dag var eg og Leif på ein lang trilletur med Tage i vogna ned til hamna. Til min glede såg eg at den same måten å skaffa seg bøker på eksisterte framleis, og eg kunne fornøgd venda tilbake med ein pose full av ulesne bøker. Når eg er i Sverige og Danmark kjøper eg alltid med meg bøker heim. Ein eller annan avtale gjer at skandinaviske bøker er vanskelege å oppdriva på originalspråket i Norge, noko eg synest er trist. Så lenge norsk og dansk er så tilgjengeleg for oss, så er det litt trist at me må gå vegen om nokon si omsetjing.

Dagane i Ålbæk har gått utruleg fort, og veret har vore det finaste me har hatt på nokon av Danmarksturane våre. Det har vore fint å vera saman, og for barnebarna trur eg at det å vera i lag med besteforeldre, syskenbarn, tantar og onklar i ei veke er heilt magisk og styrker opplevinga av å bli oppdregne av ein landsby.

Denne gongen gjorde utleie systemet på huset me budde i at veka i Danmark denne gongen bare varde i seks dagar. Nå er me pakka og klare til overfarten til gamlelandet, og står i fergekø i Hirtshals. Dei som skal til Oslo skal med ei anna ferge, så dei har me allereie sagt ha det bra til. Heldigvis skal me til Oslo om ei vekes tid, så ferien er ikkje heilt slutt endå.

Nå kjører me om bord, så nå får eg finna brillene og gjera meg klar til avstigning.

Heidi

I stim

Langt her nedi djupet, her er alt så flott. Det er her me lever, her me har det godt. Finne ved finne, spord ved spord, og havet er vårt spisebord, det er så godt å leva når ein kan gå i stim

i går tok me med oss småjentene og reiste til Nordsjømuseet i Hirtshals, der kunne me sjå rett inn i fiskestimar og fotografera dei. Denne gamle songen frå musikalen «Reka Regina og kampen om havet», dukka opp i tankane mine. Det må vera sånn ca 26 år sidan me laga dette stykket om forureining av havet, og ulike vesen i havet parodierte menneskemåtar å tenkja og leva på.Stimfiskane sitt motto var: «Treng aldri ha ein tanke, me bare går i stim». Åle Ålesen var glatt og innsmigrende, havfruene tenkte på å ta seg best mogleg ut, og rockene laga «rokke-rock». Det var nesten så eg fekk lyst til å setja stykket opp igjen… Nokre av formingslærarane hadde laga fantastiske kostymer, ein del av dei ligg nok framleis på kostymelageret på skulen.

Det er ein fin eigenskap å kunna gå i stim. Saman er me sterke og ein er tryggare i sentrum av ein stim enn aleine midt i det store havet. Samtidig tenkjer eg at og til at me menneske er meir stimfisk enn me likar å vera ved. Me treng ein stim å høyra til i, og det er lettare å meina og tru det som er opplese, vedteke og godteke som politisk korrekt enn å stilla spørsmål og ta opp kampen dersom noko skurrar

Så lenge me høyrer til stimen vår er det godt og trygt. At andre går i andre stimar og trur på andre ting kan vera meir problematisk, og dersom ein annan stim tenkjer annleis enn oss må dei vera dumme og hjernevaska heile stimen.

Det er mykje rart ein kan bruka tida på å filosofera over når dagane er lange og lyse og ferien gjer oss godt. Her i Ålbæk er me opptekne av å gå i vår eigen vesle stim, og det klarer me ganske godt. Det er fint å ha alle sine rundt seg. Alle gjer ting dei har lyst til å gjera i større og mindre grupper og så samlar me oss rundt langbordet til frokost og middag. Me kan synga med Prøysen og: «Og vi passa unger og vi laga mat, og lønna den passa oss akkurat…»

Av og til skjer det skikkeleg uventa ting som at det plutseleg sit ein frosk eller ei padde, me vart ikkje heilt einige, i dusjen, når ein av oss kjem inn på badet. Den må ha kome opp gjennom ei ganske smal sprekke i sluken. Heldigvis er det handlekraftige damer mellom oss som fort fekk fanga den vesle gjesten og geleida han eller ho ut fridomen i det grøne graset.

Nå er nokre av oss på frisbeegolf, og andre er på ein runde på brukt- og antikvitetsbutikkar. Dei to yngste held fortet og heimen saman med meg. Hella kom akkurat og serverte meg store grøne sukkererter. Nå skal me sjå litt på Karsten og Petra.

Heidi

Skagenstur

Denne føremiddagen vart sett av til noko spesielt, ein tur til Skagen bare for mormor og skulejenta vår. Ho er blitt så stor at ho synest museum er veldig kjekt, og ein føremiddag der ei stor jente får gjera ting litt aleine må då vera innafor… Eg hugsar sjølv at eg syntest det var så fint å få reisa på bytur aleine med ein vaksen av og til då eg var på hennar alder.

Første post på Skagensdagen var eit bamsemuseum. Der var eg og Sunniva då ho var på omtrent same alder som Iben. Eg måtte først finna ut om det bittelille museumet framleis eksisterte, og det gjorde det. Det var litt nostalgisk å gjenta opplevinga 31 år seinare.

Så var me i Anchers hus. Ein av mine favorittstadar i Skagen. Først måtte eg fortelja om kunstnarkolonien i Skagen og om huset der vesle Helga budde i lag med kunstnarforeldra sine. Helst ville eg teke henne med ein heil dag og sett på alle Skagensmaleria på museet og, men eg hadde vett nok til å unngå overdosen. Eg trur desse to musea var akkurat passe

Etterpå fann me jo eit standsmessig konditori der dei serverte kaffien i blå porselenskoppar med ei tilhøyrande kaffikanne. Der var det kaker og danske isar med mange kuler og guf, softis, syltetøy, kokosbolle og krem og alt som bare danskar kan utstyra is med. Valet vart likevel kvar vår softis i kjeks.

Dokka Live frå dagen før, ville vera med. Iben kunne avsløra at ho fylde året akkurat i dag, så ho fekk velja seg eit nytt klesantrekk og ein liten emalje koffert til reisebruk. Me fann ut at alle måtte få vera med og feira, så me gjekk inn på eit bakeri der Iben fekk bestemma at me kjøpte med oss eit rosa eller lyseblått pikekyss til kvar, slik at dei som var igjen heime og skulle få feira litt.

Resten av dagen vart bading og leiting etter små konkyliar på stranda. Middag hadde me ute i hagen rundt langbord dekka til tolv i beste «Hipp, hipp, hurra -stil». Her i huset er det ei stor hylle med danske billetbøker som me kan lesa når det blir leggetid. I morgon skal det regna, så då må me finna alternativ til hage og bading. Me får sjå kva livet har å by på

Heidi

Ålbæk 20.juli

Det var stor stas å møta igjen mormorjentene mine på danskebåten. Eg hadde ikkje sett dei på tre veker, og så lenge trur eg aldri me har vore borte frå kvarandre før.

Etter ein tur for åtte-ti år sidan har eg alltid vore litt spent på hurtigbåt til eller frå Danmark. Slik eg hugsar det sat me og dei fleste andre passasjerane og spydde heile turen som tok dobbel så lang tid som han av skulle fordi stormen gjorde at dei måtte velja ei alternativ lei. Det gjorde så pass inntrykk at eg sa at eg aldri meir skulle på den typen enn hurtigbåt meir. Men det har viss reiseleiarane mellom oss gløymt…

Denne gongen var havet slett som eit stovegolv, så det var ingen grunn til engsting. Då me kom fram til Ålbæk, var første pulje allereie klare og inn installerte i det fine huset det ser på biletet. Eit par timar etter oss kom dei siste to, og så var me fulltallige.

Nå er det storfamilielivet som gjeld i ei lita veke, tolv til frokost og tolv til middag, og tolv par joggesko og sandalar sånn omtrent frå størrelse 20 til 46. Huset er stort og romsleg, i stova er det to langbord, og på terrassen er det eitt. Det er nesten som å vera på leir.

Det mest fantastiske, og nesten litt uventa, er at me har hatt heilt nydeleg sommarver i dag med sol og 25 varmegrader, så me har bada og kost oss ute. Nå har eg kjøpt jordbær og vaniljesaus som me kan ha til lørdagskos. Minstemann er alt i seng med tutt og pyjamas. Det kan nesten virka som har somna allereie. Iben sit her hos meg med ny dokke kjøpt på genbrugssupermarkedet.Dokka skal heita Live og har fin og blomstrete kjole. På stranda har dei b funne bittesmå konkyliar og skjell som kan opnast og lukkast. Viss ein vil kan ein leggja ei fin perle inni dei.

Heidi

Sommar

Me har passert midten av juli og det er midt på sommaren. Me har hatt nokre dagar heime før ny ferietur og har fått vaska klede, rydda litt og pakka på ny.

Sommaren er ein tilstand. Eit rom i livet som av eg alltid lengtar litt tilbake til. Blåklokker og kløver, lyse kveldar og grøne tre, lukter av solkrem, blomar, gras og høy, smakar av søte jordbær og ville bringebær, det å leva litt utan struktur i eit hav av god tid. Alt dette er sommar og ingenting er heilt avhengig av sol og varme og fråver av vind og regn.

Men som innimellom gjer godt. I går var det sol og sval, blond sommar på Bryne. Tjue grader og varmt nok til å kasta jakken. Eg sykla ein tur langs Frøylandsvatnet, forbi Midgardsormen og så tilbake same vegen, stoppa litt for å fotografera og smaka på bringebæra som veks langs vegen. Nå ladar me bil i Lyngdal klare for Danmarkstur med heile familien.

Verda går sin skeive gang. Trump triumferar med skotsår i øyret etter nesten å ha blitt drepen i sist veke. Samtidig prøver dei å få Biden til å kasta handkleet inn for å sleppa til nokon som er yngre enn nokon og åtti. Snart er det OL.

Det vesle sommar livet, og den store verdenssituasjonen, der eit presidentval i USA som kunne minna om ein litt lite truverdig Hollywoodfilm, er bare ein liten del av alt som ikkje er heilt på hengslene.

Me må halda oss godt fast i alt som er godt og be til høgare makter om at me og alle andre menneske må bli kloke og sterke slik at me langsamt og litt etter litt kan koma oss ut av uføret og bidra til ei betre verd. Ei verd der somrane framleis kjem, milde og svale og varmar oss på ryggen.

Heidi

Vakre vestlandet

Me er heime att i vårt eige hus på Bryne. Turen har gått veldig bra i dag og, og det har klaffa perfekt med alle fergene.

Me hadde nokre fine timar i Bergen med Bodil og Per Christian, gamle venner me ikkje har vore i lag med sidan før korona. Me har hatt så mange fine folk å vera i lag med på denne turen. Det er nesten litt tomt å koma heim att.

Som alltid når eg har vore lenge borte slår det meg kor fint det er i Rogaland… Eigentleg rart at ikkje turistane strøymer til i store svermar. Nå skal me få oss litt veldig sein middag og pakka ut tinga våre. Den første vaskemaskinen sviv allereie.

Heidi

Sundag på Selja

Turen frå Volda til Selja begynte med ein ferjetur. Skodda letta etterkvart, og me såg den fine naturen på Sunnmøre bada i sol med bare lette skoddeflak rundt fjella.

Me skrudde på gudstjæenesten og då dei sa at det var frå Selbu kirke trudde eg først eg skulle få høyra min gamle venn Per Kvalvåg. Det viste seg å vera ein annan prest denne gongen, men det var ei veldig fin gudsteneste med folkemusikkfokus og tema håp. Slikt kan eg lika. Nå er det sjølvsagt fint å vera i kyrkja sundag føremiddag, men varianten med å høyra radio og syngja med på slike salmar ein i si tid lærte utanåt på skulen medan ein køyrer gjennom ein sommardag i juli med havet på høgre side er heller ikkje feil.

Då me kom til Selje og skulle venta på båten ut til Selja, oppdaga eg at me hadde gløymd ost, smør og to greske yoghurtar igjen i eit lånt kjøleskap i Volda…

Turen ut til Selja tok 15 minutt med båt. Havet var heilt roleg. Me vart loste gjennom ruinane av ein veldig flink guide som fekk historiane til å leva. Etterpå fekk me tid til å oppdaga staden på eiga hand.Det var rart å tenkja på at denne vesle øya i si tid var bispesete for biskopen for Vestlandet frå Agder og nordover, at det hadde eit benediktinarkloster med 8-10 munkar, byggfolk som haldt bygningane i orden og kanskje opp til 200 pilgrimar kvar einaste dag.

Fram til Svartedauden var det eit av dei viktigste sentera me hadde for kunnskap, religion og makt. Det var eit sjukerom der sjuke vart pleia og munkane dyrka korn, hadde sauer, hadde urtehage og dreiv med fiske i tillegg til studier og avskrift av gamle skrifter samt tidebønner. Etter reformasjonen vart munkane jaga frå landet, og etterkvart vart det bestemd at folk som hadde bruk for fint tilhogde steinar kunne koma og ta det dei ville frå klostermurane og bygningane.

Etter omvisninga fekk me sjå oss om på eiga hand. Eg fekk ringa med klokka i tårnet, og knela på høgre kne for å drikka tre slurkar vatn frå den heilage og lækjande Sunnivakjelda slik pilgrimane gjorde i si tid. Etterpå sette meg ned på muren og skreiv på siste verset på fredssalmen min.

Då alle var ombord i båten som skulle ta oss tilbake, oppdaga Leif at han hadde gløymde kameraet sitt. Dei var gilde og haldt båten tilbake medan medpassasjerane våre til underhaldning eller irritasjon fekk sjå han i fullt firsprang opp mot klosteret og etterpå i fullt firsprang tilbake med kameraet i handa.

Då me la planar for turen såg me at me kom til å køyra forbi Sandane der Stig og Oddny bur, og spurde om det passar at me stakk innom dei. Dei skulle dessverre på ferie denne veka, men inviterte oss varmt til å overnatta på låven deira. Det takka me ja til. Det er veldig kjekt å sjå med eigne auge kor dei bur og kor fint dei har fått det. Veldig kjekt var det og å møta igjen dottera som har teke veldig godt vare på oss.

Den einaste gongen eg med vilje har våga å lura meg unna den bundne tida på jobb var då den same jenta var nyfødd. Jan Ivar foreslo at me reiste til Lye for å sjå henne, han hadde forhøyrd seg om at me var velkomne innom. Eg hugsar at eg sat i ein stol og bare stirra på det nydelege vesenet oppi vogga. Det var stort.

I morgon er planen å reisa tidleg for å møta Bodil og Per Christian i Bergen før me reiser heim om kvelden. Då har me tre dagar på oss til å gjera oss klare til den neste ferien: Danmarkstur med alle små og store etterkomarar inkludert tre kjærastar som og høyrer huset til. Det blir gildt det og.

Heidi

I dag har me køyrd i nydeleg sommarver frå Trondheim til Volda. På Pilgrimsgarden er matsalen sllk att ein kan ta maten med seg ut og eta under ein parasol. Pilfinkar og gråspurvar trippa rundt borda og håpa på smular. Pilgrimsgarden kunne by på kjempegodt frokost i nydelege omgivelsar. Dette er ein av dei finaste overnattingsplassane eg veit om.

Dagens prosjekt var å køyra frå Trondheim til Volda. Me hadde lagt inn i at me ville reisa vian Atlanterhavsvegen, for der har me køyrd ein gong før, og då var det så fint at me hadde lyst til å oppleva det igjen. Sist køyrde me der i vind og regn, så vidt eg kan hugsa, og då gjorde naturen eit mykje villare inntrykk enn nå når det var sol og finver. Men vakkert er det. Dei av dykk som er på dei kantar av landet må få med dykk det strekket dersom de ikkje har vore der.

Nå har me hatt ein fin kveld i leiligheten i Volda som me er så heldige å få låna av Eli og Petter. Dei såg at me hadde vegen vår forbi og sende oss melding og lurte på om me hadde lyst til å overnatta der. Her er det så fint og nytt.

I morgon er planen å koma oss til Selja kloster. Eg kunne skriva mer om dette, men eg bokstaveleg talt sovnar heile tida mens eg skriv, så eg gir meg for i dag.

Tillegg sundag morgon:

Eg var så trøytt i går at eg ikkje klarte halda meg vaken mens eg skreiv, så eg måtte inn og retta litt. For første gong på fleire veker vart eg minna på at det pleier å bli mørkt av og til. Klokka eitt om natta famla eg rundt i ein mørk ukjend leilegheit og leitte etter lysbrytarar, og kor var nå badet og soverommet igjen?

Nå er det morgon og lyset er heldigvis tilbake. I går kveld då me kom såg me havskodda koma sigande. I dag ligg ho tett rundt fjella og skjuler den fine utsikta til Volda frå høgt oppe i dalsida. Det blir spennande å sjå om det lettare til me skal ut på Selja.

Naturen i Møre og Romsdal er og veldig vakker med dei høge majestetiske fjella og havet og dei smale stripene av land og dyrkbar jord langs kanten av fjella der menneska held til.

For eit utruleg vakkert land me bur i. Eg håpar me klarer å ta vare på både naturen her og resten av jorda slik at oldebarna våre kan reisa på tur og oppleva det same.

Når eg skreiv på fredssalmen min i Nidarosdomen på fredag og prøvde å la innhaldet formulera seg i tankane mine er det som rører meg sterkast omtrent dette:

I ein verden som nesten går av hengslene vart barn i alle byar sungne inn i svevnen om kveldane. Folk bakar brød og steller jorda. Nesten alle vil bare ha eit fredeleg liv og ei framtid for barna. Me har ei jord som treng at alle krefter blir sett inn på å berga det som bergast. I staden er me komne i den situasjonen at pengar og ressursar går til å kjøpa og laga nye våpen, og folk blir sende ut for å drepa kvarandre.

Eg veit at det spørsmålet eg stiller nå er lite politisk korrekt, men eg gjer det likevel: Kor er det blitt av pasifistane? Eg veit at det er fredsforhandlinger og diplomati som ikkje heilt har ført fram, men viss nesten alle menneske ønskjer fred, korfor blir det slik som dette. Burde me ikkje ha kome lenger enn at verda blir styrt av maktspel, angst og manglande evne til å snakka saman for å oppnå det alle lengtar etter.

Kall meg naiv, men eg trur slike tankar må få større plass.

Heidi

Sommarettermiddag i Trondheim

Det var så fint å sjå himmelen klarna meir etterkvart som me reiste sørover. Då me kom til Trondheim ca klokka kvart på fire slo sommarvarmen mot oss då me opna bildøra.

Pilgrimsgarden er ein fantastisk plass å bu. På turen har me vore bortskjemde med fleire plassar med utruleg fin havutsikt. I dag er den byta ut med utsikt til Nidarosdomen, som er næraste nabo akkurat nå.

Endeleg vart det ver til å hiva på seg ein tynn sommarkjole, så det var det første eg gjorde etter at me hadde fått tilgang til romet vårt. Ironisk nok var det ein bestemt ting eg hadde lyst til å gjera i det fine solskinnet. I mange veker har eg drøymt om å ta med penn og skrivebok inn i Nidarosdomen for å sitja der og skriva. Det har vi eg nemleg gjort ein gong før, og det var så fint.

Eg var glad for at det var halvannan time att av åpningstida, så eg skunda meg å kjøpa billett bare for å finna ein stol der eg kunne sitja og skriva. Eigentleg kan eg skriva kor som helst, så eg kan ikkje forklara korfor akkurat denne kyrkja har nesten magnetisk tiltrekning på meg. Eg må inn dit og ha god tid til å vera der kvar gong eg er i denne byen. Det er jo ikkje ofte, så det står eg i. Eg lurer på om fastbuande kan kjøpa klippekort eller om dei som har det som si fastkyrkje kan snika seg inn bakvegen?

Det var akkurat så fint som eg hadde forestilt meg. Tida gjekk alt for fort mot 18.00 og ööstengetid. Eg jobbar med ein fredssalme. Den same dagen som eg bestemte meg at det måtte eg bare gjera, så vart eg spurd om kvelden om eg som eit oppdrag kunne skriva nettopp ein slik salme. Desse tinga er rare, eg opplever slikt heile tida.

Eg gjekk ikkje ut med ein ferdig salme, men med mange formuleringar, setningar og vers eg kanskje kan bruka stykkevis og delt.

Etterpå var me på Vesper, tidebøn etter gammal skikk, med veksellesing og vekselsong. Så vart det fiskesuppe på ein liten kafê på Bakklandet og kaffi i kveldssol på torget. Her på Pilgrimsgården er det og ei fin fellesstove der ein kan sitja og lesa og kanskje til og med prata og bli litt kjend med folk ein møter. Eg skulle gjerne ha vore her lenger.

Heidi