
Det finst kvinner som liknar glattskurde varme svaberg i august,
runde, trygge og sterke, milde og forma.av livet,
i stand til å bera det meste,
sjølv med djupe furer i kropp og hender,
furer som vitnar om lange årstider,
om stormar og mange nakne barneføter.
Dei er alltid til stades,
robuste og tålmodige,
med utsyn til dei store pulsslaga
stadig rullande der ute i havgapet,
og til einslege mørke skarvar
med fotfeste på glatte og skarpskorne skjær.
Heidi

På ein måte opplever eg overskrifta og biletet frå ein skikkeleg blåsbortdag i begynnelsen av august som relevant for dette innlegget. Det hadde vore like relevant med eit bilete av blenkande blå sjø i solskin, eller med eit bilete av eit sommartomt skulehus. Eg sit her ein vakker og litt disig morgon i august og ser utover havet frå ei lånt hytte heilt ute i havgapet litt utanfor Stavern.
Heime sit kollegene mine i eit foreløpig elevfritt skulehus og jobbar med timeplaner, vaktplanar og årsplanar. Dei drikk kaffi, geispar over å vera ute av trening med tidlege morgonar, og har pålagde rundtbordetsamtalar om forventningar til godt samarbeid i skuleåret som kjem. Velsigna vere dei, og velsigna vere den rastlause landinga i eit nytt skuleår på som alltid går fortare og lettare enn ein har trudd. Landinga altså… Etter ein halv til to dagar på jobb har ein nesten gløymt at det er noko som heiter sommarferie.
Eg har tenkt i heile sommar at ein eller annan gong må eg dokumentera for meg sjølv, og kanskje for andre, korleis det kjennest å ta eit så langt steg som det å slutta i skulen. Eg oppdagar at denne teksten kan koma til å bli av det lengre slaget, så nå er du som lesar advart. Du treng ikkje føla at du må lesa lenger enn dette viss du ikkje vil..
Det å slutta allereie nå, etter førti år som lærar og trettini år på Bryne skule, er noko eg brukte halvparten av sist skuleår på å tru og tvila meg fram til. Det var så vidt eg hadde mot til å trykkjast på send-knappen då eg hadde skrive oppseiingsbrevet, for det var framleis mykje i meg som ikkje heilt ville det. Likevel, eg hadde bestemt meg, så eg trykte på send og loddet var kasta.
For eit heldig menneske eg er. Eg bur i eit land der ein kan velja å prioritera på den måten sjølv om ein framleis føler seg relativt energisk og bortimot heilt arbeidsfør. Nå kan eg realisera draumen om å skriva nesten på heiltid, vera mykje mormor på post, og fortsetja med nesten alt eg synest det er verd å bruka tid og krefter på. I tillegg så kan eg leggja litt meir krefter inn på det nokon ville kalla helsefremmende tiltak, for å forhindra at kroppen blir nitti år nesten tretti år før resten av meg naturleg kjem etter…
Men heilt utan sorg er det ikkje å ta ei slik avgjersle. Då eg var innom for ei lita veke sidan for å levera nøkkel, låsbrikke og iPad, og i tillegg få lagt på plass sorterte, spissa fargeblyantantar, to -tre bøker eg fann heime, og ein kjole som høyrde til på kostymelageret, vart eg plutseleg angripen av ei sterk kjensle av sorg som eg ikkje heilt hadde sett koma.
Eg hengde kostymelagerkjolen fint frå frå meg på ein hengar, og tenkte på kor mykje eg hadde brukt dette rommet, og kor mange private eigendelar eg og Helen i si tid hadde bore inn dit og aldri teke med oss heim igjen. Eg må og innrømma at eg takka alle gode makter for at eg ikkje hadde ansvar for å rydda der inne. Bøkene vart rydda fint på plass, men for boka «Å tegne er å se» fann eg ingen rett hylle. Eg la henne ein ledig plass og håpar ho blir brukt, for det er ei veldig fin bok.
Ei natt i sommarferien kom eg plutseleg på at eg kanskje hadde gløymt å rydda kateterskuffene. Det måtte eg få ordna før Elisabeth som skal overta rommet opna dei og fann rot… Ganske riktig, i skuffene fann eg blyantar, viskar, viktige papirlappar og andre småting, mellom anna ei flat treøskje med ei handfull terningar. Sidan eg hadde litt lita tid, parkerte eg med eit snev av dårleg samvit terningane på kollega Ole sin arbeidspult. Ikkje fordi han kanskje ikkje ville oppdaga at dei ikkje stod der i juni, men fordi eg stolte heilt på at det ikkje ville gi han høgt blodtrykk eller eit stort raserianfall. Har nokon hatt tålmod med meg og mine vaklande elektronikk- og datakunnskapar, så er det han. Eg burde sjølvsagt lagt ei stor sjokoladeplate der i tillegg, men det hadde eg ikkje for handa. Sorry, Ole…
Før skuleåret startar har eg alltid hatt det klassiske tilbake-til-skulen-marerittet som eg veit eg deler med veldig mange kolleger… Dette scenarioet der ein spring rundt på skulen med ei bunke bøker i armane og ikkje veit kor klassen eller klasserommet er. I tillegg veit ein ofte ikkje kva fag ein skal undervisa i, eller kva klasse ein skal ha i denne timen, ein veit bare at det for lengst har ringt inn til time… Eg veit at veldig mange kolleger er innom denne draumen kvart einaste år. I år har eg sluppet unna.Til gjengjeld trur eg at eg drøymde om skule nesten kvar einaste natt dei første tre vekene av ferien. Mest var det fine draumar om elleville opplegg i kunst og handverk, utprøving av ville spesped-opplegg og innøving av musikalar der nokre av dei i hovudrollane nå er langt inne i trettiåra. Foreldresamtaler og foreldremøte drøymde eg meg og gjennom, samt det å ikkje nå nattoget i tide fordi eg måtte rydda etter eit foreldremøte… Mitt håp stod i å få hjelp av redningskvinne og kollega Kari, men ho sat i eit viktig møte… Hjernen min må ha hatt eit visst behov for bearbeiding av diverse situasjonar…
i sommar har eg med jamne mellomrom tenkt at «Dette må eg diskutera med elevane mine», denne boka må eg lesa høgt i klassen, eller » Denne leiken hadde passa i ein Olweus-time». Eg har gjort meg klar til å fotografera rebusane på mjølkekartongar, fordi eg skal bruka dei som startar i ei undervisningsøkt, før eg sekundet etter har kome til å tenkja på at eg ikkje skal ha fleire skuletimar…
Mange har høyrt mykje om kor forferdeleg det er å jobba i skulen. Det er sant at det er eit veldig krevande yrke, og at ein ofte kjem til kort fordi ein rett og slett ikkje har tid og moglegheit til å fylgja opp elevar så tett som ein gjerne ville, eller utføra alle oppgåver så grundig som ein helst ville ha gjort det. Likevel vil eg påstå at det knapt kan finnast eit så givande, levande og utfordrande yrke som læraryrket. Ingen dagar er like, ein står midt i ein boblende straum av liv og får fylgja sprell levande ungar gjennom ulike utviklings fasar.
Elevar er kanskje dei ærlegaste menneska ein kan omgi seg med, så det er ingen fare for at ein ikkje blir verande på jorda med begge beina. Ein lærer nye ting om seg sjølv og andre heile tida, og for å klara jobben må ein læra seg mykje om samarbeid. Eg er djupt takknemleg for alle dei gode kollegene eg har hatt, dei har lært meg mykje om livet, og litt om ting eg nok aldri blir kjempeflink til, som for eksempel det me før kalte elektronisk databehandling… I tillegg har me kunna dela kompetanse felta våre slik at elevane blir breitt dekka. For meg var det ei trøyst og ei velsigning at eg ikkje trengde å vera maratonløp aten, landslagsspelaren, systematikaren ungdomen eller matematikaren på trinnet. Dei rollane var dekte av andre enn meg, og eg kunne konsentrere meg om å vera ein kreativ kaotikar i bestemors alder som fekk lov til å nerda i fag som verkeleg interesserte meg.
Takk og til alle elevane eg har hatt som har latt meg få plass i barndommen deira. Dei har lært meg så utruleg mykje, og ikkje minst til å bli flink til å le av meg sjølv… Det er mykje eg kjem til å sakna i skulen, men eg er ikkje i tvil om at ungane er det eg kjem til å sakna aller mest.
Nå skal den flokken som fekk min siste lærarkjærleik vidare til ungdomsskulen. Eg er trygg for at dei blir godt tekne vare på det. Takk for fylgjet både til elevar og gode medarbeidarar. Det har meir enn noko vore ei stor glede å vandra i lag med dykk.
Lukka til med eit nytt skuleår til alle som er i ferd med å starta på eit slikt akkurat nå. Måtte vegen bli vennleg.
Heidi

Er du alt her, august?
Står du her på trappa mi
like uventa som alltid,
med hendene fulle av blomar,
vemod og mogning?
Hadde eg bare hugsa at du kom,
så skulle eg ha førebudd meg betre,
seier eg med lett dirrande stemme,
og det mest sjarmerande smilet
eg får til å prestera akkurat nå.
Så opnar eg døra på vidt gap
inn mot alt det eg helst ville verna,
for dør på gløtt fungerer ikkje,
ikkje i slike tilfelle som dette.
Du veit at eg er glad i deg,
kviskrar eg med stemmen full.av undertonar.
Eg trudde bare ikkje at du kom så tidleg..
Så svel eg tre gonger, pustar djupt inn,
lar det stå til, og opnar hjartet mitt
for alt det som koma skal og må.
Eg reknar med at det kanskje blir på omtrent same måten
når den siste hausten bankar på, den siste dagen,
og den siste timen står der på trappa
med hendene fulle av blomar,
vemod, mogning og minne,
ein gong, om la oss håpa veldig lenge,
klar for å henta meg,
at eg skal pusta djupt inn,
svelgja siste smak.av sommar,
pusta vemodig og takknemleg ut.
og la meg bera vidare,
av ei mørkare, mjukare og djupare bølgje
inn i noko eg framleis ikkje heilt veit kva er.
Heidi

Sundag kveld kom me heim frå Korsveifestival i Seljord, og som alltid kjende eg at me hadde fått vera med på noko stort, fint og livgivende. Eg tenkte at nå må eg setja ord på litt av det eg kjenner før det blandar seg og blir litt borte i alt det andre som er sommaren.
Biletet over er frå avslutningsgudstenesten som på beste Korsveimaner vart feira med «Alle rundt alteret» i det store sirkusteltet. Liturg er Torhild Larsen Nygård. I tillegg til liturgi bidrog ho med fantastisk song som fekk det til å gå ilingar nedover ryggen min. Stas var det og at Iben fekk vera ein av barnemedhjelparane denne dagen, som saman med andre barn fekk koma inn i prosesjon og bidra med tegnspråkvarianten av samlingsbøna. Legg merke til kor vakkert altaret er laga og pynta. Dei estetiske elementa er ein viktig del av denne opplevinga av heilskap som Korsveifestivalane alltid byr på.
I tillegg til dei daglege «Alle rundt alteret -samlingane» med masse flotte songar og festivalband leia av Tore Thomassen, har det i mange år vore ei fortsetjingshistorie der både barn og vaksne er med som forteljarar og skodespelarar. I år var temaet «Det hemmelige tegnet». Samlingane blir ramma inn av liturgiske songar. Det er alltid så sterkt når barna med klare barnestemmar mot slutten av festivalen syng aleine «Gud skap i oss tro, håp og handling, Herre hær vår bønn.» Menn, kvinner og ungdomar syng og same bøna aleine, men det er barnestemmane som verkeleg rører noko i meg.
Ein Korsveifestival er intense dagar inne i ei slags festivalboble. Det er ulike seminar, samtalegrupper, verkstadar, barneverkstadar, konsertar, leik, dans, konsertar, filmar, bibeltimar, folkemøte, felles middagslaging og måltid på tuna, det å treffa kjende og ta ein prat i vrimlehallen for å oppsummere livet som har gått sidan sist, eller å gjera avtalar om samarbeid, soveposesamlingar for barna og bål og samtalar på tunet om kveldane og mykje meir. Eg har ofte prøvd å få med meg absolutt mest mogleg av seminar, konsertar og kurs fordi det er så mykje fint å velja mellom. Denne gongen hadde eg bestemte meg for å leva litt meir tilbakelent sidan me hadde med oss barnebarnet på sju og eit halvt år. Det aller viktigste for oss var at ho skulle få ei god oppleving. Det viste seg at litt tilbakelent var veldig fint det og.
«Korsveibevegelsen» har på ein måte vore ankarfestet og ryggrada i truslivet mitt dei tretti åra me har vore med der. For meg var det befriande og sterkt å finna ein stad der engasjement for verda, å fremma rettferd og å leva enklare gjekk hand i hand med kontemplasjon, djup andeleg søken og det å byggja gode støttande fellesskap oss i mellom.
Me var så heldige å få vera med i eit tunfellesskap med mange barn, der Iben kjende nokre av barna frå før. Der fekk me og plass til nokre av vennene våre i «besteforeldrealder». Etter å ha vore i fleire år på «Tun for vaksne utan barn», var det rett og slett fantastisk fint å ha masse ungar rundt seg igjen. Eg hadde trudd at eg kanskje ville kjenna litt på det å vera tjue år eldre enn dei fleste, men det hadde eg ikkje vett til. Eg var rett tilbake til den fasen då me reiste med mange venner med barn på same alder som våre. Eigentleg betyr det ikkje så mykje om ein er 35 eller 64 når ein er på Korsveifestival. I alle fall ikkje for meg. Me opplevde ein hjartevarm og fin inkludering på tunet, og eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til gode samtalar med dei som budde der
Iben hadde det akkurat så fint som eigne barn har hatt det på Korsveifestivalane. Ho var på eit spennande kurs i drama/ teater over fire dagar, leika med barna på tunet, var i badebassenget, rei på ponny, klappa sauer, vart hekta på keramikkverkstaden i den stille hagen og laga mykje fint der, åt is, drakk pulverkakao, laga porsjonspizza og grilla marshmallows og bananar, sov i telt og sovepose for første gongen, gjekk i karnevalsopptog og var på folkefest. Ho og andre barn frå tunet malte akvarellar som dei selde på den store basaren der inntekten gjekk til krigsramma i Palestina. Ho fekk til og med vera med på nattkafé klokka halv elleve om kvelden og eta vaflar med dei vaksne. Grensa gjekk først då ho foreslo «døgning». Det skulle nemleg mange av ungdomane gjera siste natta.
Det at det første natta regna gjennom teltet slik at ganske mykje vart gjennomvått, at den doble luftmadrassen lakk slik at nokre av oss landa på bakken to netter på rad, og at det dei siste tre dagane var tretti grader og stillestående luft, vart nærmast for bagatellar å rekna i den store samanhengen
Takk til deg, Korsvei, for all inspirasjon, glede og gode opplevingar gjennom det eg trur er ca 15 festivaler. Du har betydd uendeleg mykje for meg.
Heidi

Eg må vel vera ærleg om at Korsveilivet er relativt hektisk, det er så mykje ein har lyst til å få med seg og så mange ein vil snakka med i tillegg til at eit og anna må ordnast. Den stille hagen er ein oase for ro, avslapning og ettertanke. Her kan du slappa av på ei stråmatte i graset, setja deg på ein benk med ei bok pw

Etter ein dag med mykje ver, styrtregn, torever, sterke vindkast og solgløtt vakna me i dag til det lova dommarveret med bortimot 30 varmegrader. Etter nok ei natt utan luft i luftmadrassen sånn midt på natta ei gong, var det fint å begynna dagen med keltisk morgonbøn. Biletet øverst viser eit transparent kunstverk frå teltet der dei keltiske morgonsamlingane er. Eg var litt seint ute, så i dag blei det ståplass på meg, men nydeleg oppleving likevel med fin keltisk liturgi, vakre songar frå Iona, og dyktige musikarar. Iona songane er spesielle for meg sidan eg i si tid var med og omsetja dei frå engelsk, og like etter var på besøk på Iona.
Ein annan hjartevarmande ting er alle menneske møta og gode klemmar frå Korsveifolk du har sett og blitt kjend med på tidlegare festivaler. Det er noko fascinerande med å møta ein del menneske annankvart år gjennom ein trettiårsperiode. Kvar gong eg ser dei er dei to år eldre og har teke i mot nye porsjoner liv i mellomtida. Det er vakkert og vemodig på same tida.
Barnebarnet har det fint her og imponerer så langt med stor sjølvstendigheit. Ho går inn på hendingar i teltet og set seg heilt greitt på ein heilt annan plass enn oss fordi då ser ho betre. Eg tek meg sjølv i å seia mange gonger til dagen: » Spør far», » Kanskje far har ordna det…» Då meiner eg ikkje pappa, men morfar. Ikkje alltid lett å hugsa kor i livet ein er.
Dagen går snart inn for landing. Iben er i teltet klar for å sova etter å ha teke ein kveldsdusj for tjue kroner med myntinnkast. Me har laga stor fellesmiddag i tunet og Iben har bada, vore på teaterkurs, ridd på ponny, laga keramikkfigurar og vore på oppdagingsferd med mormor i den stille hagen. Det har vore ein intens, lang, fin og varm dag.
Eg er så imponert over folka på tunet. Nokon har teke med seg pizzaovn og laga pizzadeig, sett fram ingrediensar og invitert alle til å laga sin eigen kveldspizza. Eg og Iben har laga kvar vår. Leif er på Taizébøn i teltet og gått glipp av evenementet.
Heidi


Eg har innvilga meg eit aleinefriminutt i Vrimlerommet i Husdyrhallen. Har lagt frå meg briller og regntøy og kjøpt meg ein iskald Oscar Sylte med ananassmak utan sukker. Det er fint å vera i denne verda eg bur i ei lita veke annankvart år.
I år er me «barnefamilie» igjen. Me henta med oss Iben på snart åtte i går morges for at ho skulle dra på festival med mormor og morfar. Det var ei spent jente som sette seg i bilen med høge forventningar til kva som skulle skje.
Me var så heldige å bli inviterte inn på eit tun med mange barnefamilier, fleire av dei frå Bryne, så Iben hadde nokon der ho kjende litt frå før. Overnatting i lavvo og soving i sovepose var i seg sjølv nytt og spennande. I natt kom århundres regnskyll med vidopne himmelsluser, og det nyimpregnerte teltet vårt viste seg å ikkje vera veldig vanntett. Iben og eg vakna nesten utan luft i madrassen og med partier av golvet dekka med vatn. Bøker og tegnesakar var godt oppbløytte, og det kan tenkjast at strikketøyet mitt kan vrist opp…Heldigvis var kleda i vanntette koffertar og bagar.
Dei fantastiske tunhøvdingane frå Bryne har sett opp ein speidarpaviljong der me alle kunne sitja tørt og eta frokost. Så var det ein av mine Korsveifavorittar: «Alle rundt alteret» med Tore Thomassen sin ukulele og spennande fortsetjingsforteljing. Etterpå var eg med Iben på spennande kurs i drama/teater med ein veldig flink teaterlærar.
Høljeregnet stansa i løpet av føremiddagen. Nå er det meldt nytt høljregn, torden og kastevind, men akkurat nå er det 25 grader. Dei lever spennande i Seljord reint vermessig. Nå kom mi gode venninne Astrid, så nå skal me ha ein god samtale marinert i Oscar Sylte og oppdatering av levd liv. Skriv meir seinare 😊
Heidi

I dag vart det tidleg frokost i lag med feriegjestene som ville austover etter fire netter hos oss. Det har vore så fint med besøk.
Etter at dei hadde reist, bestemte me oss for å dra på gudsteneste på Undheim. Sommargudstenestane alternerer mellom dei ulike kyrkjene i soknet, sidan mange er reiste på ferie og dei i staben skal ha sine velfortente sommarfriveker. Og i dag var det altså Undheim som var staden.
Det er sjeldan eg er i Undheim kyrkje, så dette gledde eg meg til. Eg håpa det skulle bli ein fin og lys sommargudsteneste der me fekk synga nokre fine sommarsalmar. Slik blei det og. Medan eg var der tenkte eg på noko eg ofte har tenkt: Det hadde vore så fint å få til å skriva ein slik salme med mykje lys og mykje natur. Kunsten er å få det til utan å detta i klisjégrøftene, utan å naivisera på ein platt måte, og utan å leggja inn for mykje tyngde. Eg innbillar meg at slikt var lettare før… Me lever i ei tid der det ikkje skal mykje idyllisering til før det blir til lite truverdige glansbildet.
Nå i ettermiddag klarte eg ikkje å dy meg. Eg måtte setja meg ned for å prøva å skriva den sommarsalmen eg drøymer om å få til å laga ein dag. Eg reknar ikkje med at dette er ein ferdig tekst, så eg tek gjerne i mot tilbakemelding om kva som fungerer for deg som les, og om kva som ikkje fungerer, og kvifor…
I dette utkastet har eg vald å la siste verset vera i eg- form, altså første person eintal. Først hadde eg skrive dette verset og i kollektivt fleirtal, altså me og oss i staden for eg og meg.
For lenge sidan gjorde nokon meg merksam på at dei fleste salmane mine var skriven i ein pietistisk stil, fordi eg som oftast skreiv eg/ meg og ikkje vi/me/oss med kollektivt fleirtal. Det hadde eg ikkje tenkt på… (I denne samanhengen pietistisk på grunn av pietismen sitt inderlege og litt private fokus på «meg og Jesus/ meg og Gud») Av og til vel eg nå heilt bevisst å bruka denne forma, og andre gonger vel eg heilt bevisst den kollektive forma. Kva fungerer best i dette tilfellet, mom tru?
Og her kjem første utkastet til min sommarsalme. Eg ser for meg at melodien enten kan vera som dette med seks strofer/vers, eller at melodien kan vera slik at to og to av dei korte versa kan slåst saman til tre lengre vers:
Takk til Gud for sommarsundag,
grøn og lys og mild og fin.
Nå skal blåklokkene kima
i ei grøft der sola skin.
*
Sjå på vatnet voggar liljer,
trygt i tillit, utan ord,
Kviler mjukt mot skaparverket,
kviskrar taust at Gud er stor.
*
Du som skapte tiriltunger,
gras og humler, tre og reir,
gi oss kjærleik til å verna
livet, du som elskar meir.
*
Sommarregn skal vaska molda,
slik at jorda nok ein gong,
gir oss gras og korn og blomar,
glede, frukt og fuglesong.
*
Livet lengtar etter mogning,
gjennom vinter, haust og vår,
året skiftar, nye somrar,
livet lever, tida går.
*
Takk til Gud for sommarsundag,
eg og livet bur hos deg,
kviler trygt i sommartillit,
hald meg fast, og vis meg veg.
Heidi


Når sommaren plutseleg bare er her,
uventa,
for kven kunne vel ha forventa slikt,
når alle dører og vindauge må opnast,
og blomane koker i kvar sine verandapotter,
når lufta vibrerer mest utan pust frå vindane,
og bare ei skjære kastar skuggar
over ansiktet ditt i hengekøya,
i nokre sekund før ho tek til vengene att,
for kroppen din har lagt seg ned i andakt
for å bare ta i mot,
for akkurat nå varmar sola så ubluferdig,
medan tankane dine dovent gyngar
og du tek på den store solhatten,
tenk at du nokon gong skulle få bruk for han på ekte,
og møter orda frå bøkene
du har teke med deg ut
for å bu i med heile deg,
og ikkje gjera stort anna
heilt til du plutseleg blir henta til andre oppgåver,
og det kan bli lenge til,
sjølv om du sikkert burde ha rydda i utestova
og latt basilikum og rosmarin få betre plass mellom ugraset,
men du veit det er i dag det er sommar,
og det trumfar det meste,
enn så lenge.
For resten er det absolutt mogleg
å koma tilbake til
om ein dag, eller ei veke,
eller kva dag det måtte passa deg.
Sommaren er hastig utålmodig og heftig,
han må du møta den dagen det let seg gjera,
bare ta i mot han,
med hud og opne sansar,
utan å stilla spørsmål.
Heidi



Sidan eg klaga litt sånn inndirekte over mangel på sol og varme, skuldar eg nesten lesarane og livet ein liten rapport frå ein solskinsdag og.
I går snudde veret, og skodda revna til fordel for sola. Me fekk vera med på å feira ein femårsdag med pølser på grillen i hagen og opne dører mot sommaren.
I dag vakna me til sol og varme og huset fullt av hyggelege sommargjestar. Halvard dukka og opp, på veg til hyttetur med kompisar, og vart henta på flyplassen av Oscar og Hugo. Så hadde me frokost/ lunsj – alt etter tid for oppstode. Me var ti rundt bordet, og åt surdeigsbrød og nysteikte vaflar. Etterpå måtte dei fleste av oss ut i sola
Smaken av rips og solbær frå hagen er for meg veldig smaken av barndomssommar. Endeleg har vår eigen ripsbusk begynt å bera litt, så sjølv om ikkje alle bæra var mogne endå, fekk eg plukka ein drøy liter som me skal ha som dessert med vaniljesaus etter grillmiddag i kveld. Bare me er flinke å dela, så blir det nok litt til kvar.
I går hadde me eit lite uhell i heimen. Glaset vårt med surdeigsstartar datt i golvet og knuste, og fordi me har ein viss respekt for pulverisert glas i mat, måtte me konkludere med at nå hadde me ikkje meir surdeigsstartar. Heldigvis kjenner me Kari, og når eg fekk lagt fram problemstillinga vart me inviterte til å henta eit glas hos henne. I tillegg insisterte ho på å senda med oss både brød og rundstykke etter teorien om at den som har mange gjester treng mykje brød. Så mange gilde folk me kjenner.
Når eg kjende kor godt sola varma fekk eg uimotståeleg lyst til å sykla ein liten tur bare for å minna meg sjølv på kor godt det er å sykla i sommarkjole gjennom sommarvarmen. Hjelmen fekk vera med sjølv om eg hugsar frå barndommen, den farlege tida då ingen brukte hjelm, den gode følelsen av varm vind i langt flagrande hår.
I Sandtangen veks markblomane tett langs stien,bog det myldra av humler og sommafuglar på jakt etter nektar. Eg måtte stansa og prøva å fotografera, men sommafuglar og humler har ein tendens til å stikka av når dei er ønska som fotomodellar.
Nå sit eg på ein tømmerstokkbenk på den andre sida av Midgardsormen og skriv på mobilen medan fuglane held konsert. Snart får eg snu så eg rekk heim for å laga salatar. I dette hjørnet av verda veit me at sommaren må nytast den dagen han flyr forbi. Det viste seg å vera i dag. Det ser til og med ut som om han stansar eit par dagar til før regnet kjem på måndag. Så kjære sambygdinger, stans opp og nyt. Det er nå det er sommar.
Heidi