Gå til innhald

16.mai

Slik såg det eine klasseromsvindauget vårt ut då me hadde pynta til 17.mai. Det ligg så pass høgt over gata at eg ikkje veit kor godt dei ser det frå utsida, men det vart då ganske koseleg.

Av og til blir ting annleis enn ein hadde trudd. I fjor gjekk jærbuen i 17.mai-tog i kuling og 14 varmegrader med ullundertøy under findress og bunad og for nokon sitt vedkomande strikkelue og vinterfrakk. Dei fleste av oss hadde opplevd alt slags 17.mai-ver, og priste oss likevel lukkelege for at det ikkje regna. Med den typen vind ville ikkje dei fine bunadsparaplyane hatt ein sjanse i havet til å halda oss tørre.

I år er det spådd sommartemperaturar som det ikkje er kvar sommar me er i nærleiken av å oppnå i det heile tatt. Nå er bekymringa korleis barn og vaksne skal halda ut å gå i bunad. Det blir alt for varmt. Heldigvis har Ingrid forsikra meg om at Iben skal ha bunaden på i barnetoget. Me får håpa at ho ikkje renn vekk, men eg må innrømma at det gleder meg litt at det heftige sømarbeidet i sist veke ikkje var heilt forgjeves. Men bare så det er sagt eg frydar meg over at veret skal bli over alle grenser varmt og fint.

I ettermiddag fekk me besøk av Henrik og Eva Mari som skal vera hos oss i pinsen og feira 17. mai både i Stavanger og litt på Bryne. Eg og Eva Mari reiste ut til Refsnesstranda i åttetida i kveld. Me hadde med oss jordbær og kald drikke. På stranda var det masse menneske som gjekk tur, spelte volleyball og bada. Det var mange fleire enn eg hadde trudd som våga seg ut i den rolege sjøen som eg reknar med må ha vore iskald, og mange av dei bada ganske lenge. Kven skulle trudd at slikt var mogleg på Jæren 16.mai? Me sette oss inntil ei sanddyne kledde i lette sommarklede og vart sitjande slik og prata og sjå ut over havet heilt til sola gjekk ned klokka tre minutt over ti. Då me køyrde heimover såg me den siste delen av ei stor appelsinfarga solskive søkkja ned i havet. Fargespelet var frå varmt blodappelsinraudt til kjøleg sjøgrønt og bjørkegrønt lenger ute i synsfeltet.

Vel heime att sette eg meg ned for å finpussa på den mykje omtalte 17. mai-talen, og nå trur eg han er nokonlunde klar. Dei andre har gått til ro for ein times tid saman, og snart blir det min tur og. Eg må bare få vaska håret og forsikra meg om at eg har skjebelege klær å ha på meg i morgon. Eg har trua på at det blir ein fin dag.

Heidi

Jeg vil holde en tale for de tykke og de smale

Og sidan mobilen min med nyare fotografi på er utlada og ikkje kan skaffa meg eit illustrasjonsbilete, så fann eg ein barneteikning i arkivet som faktisk kan minna om ei kjensle eg kjenner litt på akkurat nå. Ei litt klumsete dame med mange fingrar og fin paraply som balanserer så godt ho bare kan på stram line.

Av alle rare ting eg av vane og uvane svarer ja til, så er eg i den situasjonen at eg har sagt ja til å halda syttande-mai-tale på Bryne torg etter folketoget. Sidan 17. mai i likheit med julaften alltid kjem mykje fortare på enn ein skulle ha trudd, så må eg forhalda meg til at det er om mindre enn to døgn.

Det er ikkje slik at eg gruer meg forferdeleg for å halda tale, det er i grunnen mest lystbetont om eg skal vera ærleg, men talen skal skrivast og øvast inn. Eg har googla kor lang ein slik tale bør vera, og dei fleste seier ti minutt max, kanskje ikkje meir enn sju. Eg syntest først at det var frykteleg lite tid, men eg innser at det å lytta til lange kjedelege talar ikkje akkurat er det kjekkaste ein gjer.

Eg har faktisk tenkt mange gonger på kva ein kunne og burde seia dersom ein mot all formodning ein gong i løpet av livet skulle bli spurt om å halda 17. mai- tale. Eg kan nesten ikkje tenkja meg nokon sjanger der klisjeane er vanskelegare å unngå og farlegast å halda seg unna. Ein vil gjerne seia noko som er sant, hyggeleg, utfordrande og ekte som ikkje er bare svada. Det gjer ikkje noko om folk får ledd litt heller.

Til dei som nå er litt stressa på mine vegne, så kan eg beroliga med at eg skreiv førsteutkastet i går og reviderte det i kveld. Per akkurat nå, så tek det eg har skrive ned ca ti minutt å få sagt i nokonlunde normal talefart. Nå må eg bare finna ut om det er ting eg vil ta vekk eller ting eg angrar på at eg ikkje har fått med. Kanskje eg klarer å kutta det ned med tre minutt slik eg har lese at det er lurt, eller kanskje eg får ein openbaring som ender med at eg skriv alt på ny, slikt kan ein aldri vita.

Eg har lese at noko av det folk synest er skumlast av alt, og er mest redde for, er å snakka i store forsamlingar. Sjølv har eg mange ting eg synest er skummelt. Å kjøra bilen min til Stavanger eller Sandnes for eksempel. Det kjennest kjempefarleg, og viss eg må utføra den slags halsbrekkande øvingar, så gjer eg det med hjartebank og akslene i øyrehøgde saman med vissa om at eg veit eg er ein dårleg sjåfør som har fått alt for lite kjøretrening dei siste ti åra. Det fine med å bare skulle halda ein tale er vissa om at du ikkje kan skada andre meir enn at du utset dei for å måtta kjeda seg i sju minutt. Det står dei i.

Men visst skal eg oppleva ei viss lette når oppdraget er utførd. Spesielt viss eg hugsar det eg har tenkt å seia, og sjølv opplever at det går nokonlunde greitt. Då kan eg tenkja med meg sjølv at nå har eg jammen gjort det og…

Og viss ikke talen skal bli for lang, så må jeg slutte med en gang.

Heidi

Avskjed med Sigvald

I dag var himmelen høg og himmelblå over jærlandskapet. Utanfor Time kyrkje ruska sommarvindane så pass kraftig i dei nyutsprungne grøne trekronene at det var vanskeleg å høyra kva presten sa. Me stod der i sommarkjolar og mørke dressar og kjende at vinden strauk oss ganske merkbart, men ikkje uvennleg over hår og ansikt.

I dei fleste av mine år på Bryne skule har eg jobba i lag med Sigvald Frøiland. I dei meste av desse åra var han inspektør og altså ein av sjefane mine. Han var ein fantastisk mann å jobba i lag med, han såg positivt på ting, hadde eit godt lag med menneska bak lærartitlane og eit varmt hjarte for elevane.
Glimtet han alltid hadde i auget kunne avvæpna det meste, og få oss til å le midt i dei mest absurde situasjonane. Han såg stort på ting, og trudde at det måtte finnast ei løysing på det meste, noko han hadde heilt rett i. I minst eitt av mine sårbare og mest utfordrande læraraugneblikk sa han akkurat dei orda eg trengte å høyra, og som gjorde at eg retta ryggen og kunne pusta fritt igjen.

Me var samla i Timekyrkja for å minnast eit godt menneske, og for å ta ein verdig avskjed med han og med ein epoke på Bryne skule. Solisten song om ein farfar i livet og «viss eg ser ein liten fuggel som fyke lavt på gyldne vinger, då plokk`eg an opp med mine hender.» Den siste songen som er av Vamp har eg brukt så mykje som morgonmusikk i klasseromet at elevane er gått passe leie av han. For meg er det ein song som handlar om omsorg og om å ta vare på det vernlause og sårbare. Det er gode tankar å minna seg sjølv om i tidlege søvnige morgontimar.

«Det finst ein klang i malm og løv
som seie alt ska bli te støv,
som nattens rov ska alt bli glømt,
av denna lov e alle dømt.

Så føre vinden deg av sted,
når minnet ditt e lyst i fred,
det finst ei trøst, det finst ei havn,
for kver ein savna kvert eit navn»

Så song me saman Amazing grace og å leva det er å elska det beste di sjel fekk nå. Barnebarna fortalde om ein varm og tålmodig farfar og presten snakka fint om å bla i den store livsminneboka.

I kyrkjebenkjene sat mange av dei eg jobba saman med i mange år og som nå er pensjonistar, nokre av dei har vore det ganske lenge. Eg tenkte med vemod på kor fint me hadde det i lag, og kor heldig eg er som har fått jobba så lenge på akkurat denne skulen der eg har fått brukt heile meg og alt eg måtte ha av det som skal til for å leva eit liv i skulen. Eg tenkte på at eg har vore uvanleg heldig. Det har verkeleg vore ein stad der me saman har opplevd svært mykje medan læreplanpendelen har svinga fram og tilbake. Bryne skule har verkeleg hatt sjel, og i dei åra der me alle hadde større råderett over det meste, opplevde me ei uvanleg grad av fritt albuerom og aksept for å prøva ut alt me måtte tru på av pedagogikk og kreative prosessar. Eg tenkjer på alle dei fine folka eg har jobba med og tenkjer at oss, akkurat oss var det som fekk stå i dette saman og oppleva akkurat det me var med på å oppleva saman.

Dei fleste eg har jobba saman med er ikkje på Bryne skule lenger, men framleis er klasseroma, arbeidsroma og gangane fulle av fine folk. Forskjellen er bare at nå er det eg som er den eldste og ikkje ein av dei unge og entusiastiske som kan flyta litt på andre sine erfaringar. Eg skal ikkje gi meg heilt endå, men eg fattar ikkje at det har gått nesten 38 år sidan eg første gongen kom inn som vikar med ein baby heime som var tre- fire månadar gammal, for lange barselspermisjonar fantest det ikkje på den tida. Lite visste eg då om at eg aldri skulle gå vidare til andre skular. «Her skulle eg bli verande all min dag», som Tarjei Vesaas skriv om i bøkene om Per Bufast. Eg meiner presten sa at Sigvald hadde arbeidd i 42 år på Bryne skule. Sjølv om eg nærmar meg, så skal det nok noko til å slå den rekorden. Eg har begynt å tru på det gamle folk seier om at ein er den same som før på innsida. Sjølv gløymer eg heile tida at eg har gått hen og blitt den gamle dama på jobb, og det er kanskje like greitt, for slike tankar treng ein ikkje å bruka alt for mykje krefter på.

Du fekk ein vakker dag til di siste ferd, Sigvald. Rettare kunne det ikkje bli når så gale skulle vera.

I dag fekk eg lyst til å avrunda med dei siste versa på jærsalmen eg skreiv for lenge sidan. Vidar Kenneth Johansen har laga ein fin melodi til, men me har viss aldri heilt klart å fått lansert verken tekst eller melodi. Salmen er bygd opp rundt årstidene her på Jæren, og sjølv om me framleis bare er i mai månad tek eg med sommarverset og haustverset:

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet
skapte oss til haust og vår.

Heidi

13.mai

Ein klovn, ei dedikert og sjarmerande godt vaksen dame på veg til jobb med raud koffert, og ein blå vase med solgule lett visnande, ville tulipanar pyntar kommoden i stova mi. Ekstra observante observatørar kan og skimta eit fint keramikkors som eg ein gong fekk i gåve frå ei som hadde kjøpt det hos ein keramikar i utlandet ein plass.

Klovnen og den andre skulpturen er og gåver, sjølv om eg har kjøpt den siste sjølv for pengar eg fekk då eg fylde seksti. Det er mange år sidan eg fall pladask for desse skulpturane, som i mine auge er sjarmerande, rørande og flotte. Eg har etterkvart forstått at eg ikkje kan gå ut i frå at min kunstsmak utan vidare kommuniserer med andre sin. Då eg var med i innkjøpskomiteen i den kommunale kunstforeininga, fekk eg ikkje ei einaste sjel med på å kjøpa ein slik til kunstlotteriet. Heldigvis fekk eg lokka dei eg deler hus med med på å la ein av dei få ein god heim hos meg.

I kveld hadde eg store planar om å skriva bloggen min før møtet eg skulle på klokka halv åtte, men det nådde eg ikkje fordi eg måtte ordna opp i litt forskjellig, og så måtte eg bruka ganske lang tid på å leita fram mappa med det eg skulle ha med. Eg trudde eg visste kor eg hadde det, men arbeidshaugane på skrivebordet mitt er for tida høgare enn kva godt er.

Då eg sykla heim frå møtet i diakoniutvalet i kveld klokka halv ti og tenkte på kva eg skulle skriva om, vart beslutninga av det fromme slaget, kanskje inspirert av kor eg hadde vore dei siste timane. Eg fann ut at eg ville skriva litt om kyrkja mi. Kyrkja på Bryne og kyrkja generelt har eg eit slags kjærleiksforhold til. For meg er det både ein plass eg er heime og ein plass der eg får leggja ned mine puslespelbitar til noko som kan bli eit stort bilete. For tida er eg med både i soknerådet, i diakoniutvalet, i gudsteneste og kulturarbeid og i barnearbeidet. Eg gjer alt saman med stor glede sjølv om eg av og til seier til meg sjølv at eg må bli meir selektiv når eg seier ja. Eg kunne for eksempel trengt meir tid til å rydda skrivebordet og luka beda mine.

I trygge hender

Eg vil så veldig gjerne at kyrkja skal vera ein god plass for andre og. Ein plass me som bur på Bryne kan eiga saman med låg terskel og vid døropning. Eg har ein visjon om at det skal vera ein god plass å koma med tvil og tru, sorger og gleder, ein plass der det er rom for det store mangslungne livet me alle bevegar oss rundt i. Eg tenkjer at i ei verd der me opererer med meiningslaust store militære utgifter, ei truande miljøkrise og ei verd der mange kjenner seg motlause og heimlause hadde me trengt ein katedral for håp og livsmot, ein stad der me kunne få fornya tilliten til livet og til at det gode er sterkare enn det vonde. Ein slik stad drøymer eg om at kyrkja skal vera. For meg er det langt på veg slik det kjennest, men det er ein erfaring eg gjerne skulle dela med mange fleire.

Eg veit veldig godt at kyrkja består av feilbarlege menneske, at det er gjort mykje dumt i Guds namn og
at kyrkja ofte er sett på som ein plass der det er lettare å dømma enn å lytta, lettare å lukka auga enn å sjå og høyra og lettare å vera seg sjølv nok enn å vera opne og inkluderande.

I vår tid er det blitt slik at me nesten er sjenerte for å snakka om tru og livssyn. Det kan virka som om det er lettare å visa seg naken på TV og lettare å snakka om intime følelsar enn å snakka om truserfaringar. Likevel har eg oppdaga at veldig mange er opne for mykje, det er bare sjeldan at ein snakkar om det. For nokre år sidan kom det ei bok og ein film med tittelen «Eat, pray, love», betegnande nok vart den norske tittelen «Spis elsk lev». Ordet bøn kjendest kanskje litt for klamt ut på norsk? Hovudpersonen legg ut på ei reise for å finna fred i sjela, og søkjer mellom anna på ulike religiøse arenaar. Eg la merke til at hovudpersonen mot slutten av boka sa noko om at ikkje før ho kom heim hadde det slått henne at ein del av dei erfaringane ho søkte kunne ho kanskje like godt ha funne i den lokale kyrkja nede på hjørnet.

Nå må eg skunda meg å fortelja at eg står i ein viss fare for å gjera forfattaren urett, for det er lenge sidan eg las boka og siterer etter minnet.

Eg sluttar med eit dikt eg skreiv ein gong for lenge sidan. Det passar inn her.

Eg lener meg mot ei ufullkomen kyrkje
ei sprikande kyrkje med lange armar.
Som barnet som framleis bare veit om tillit
vil eg lena meg bakover

til eg ser himmelen lysna
til ein ubekymra lett blåfarge
over tårna på katedralar og arbeidskyrkjer,
og kjenna at me er i trygge hender
kyrkja mi og eg.

*

Eg tek og med ei bøn eg skreiv til kveldsgudstenesta i går:

Tilgi oss Gud,
sjå til dine snublande
som for ofte skjøner for lite,
som liker å driva med i flokken
utan å tenkja sjølv,

Tilgi oss som ofte trur me har rett,
som om me sjølve har skrive fasiten.

Tilgi oss
for å tru me veit alt om miskunn,
for å tru at me kjenner nåden,
og har monopol på premissene for rett og galt.

Tilgi oss
for overmodige arrogante ord,
frå våre alt for store munnar,
og vår fråverande sjølvinnsikt.

Tilgi oss for vår manglande evne
til å praktisera nestekjærleik,
og fordi me ikkje ofte evnar
sjølv om me prøver så godt me kan
å skilja lys frå mørke.

Heidi

12. mai

Fine dagar i mai er nokre av dei aller finaste dagane. Det er fint å vakna med ein liten gut i huset og å etterkvart koma seg ut på tur med han for at han skal sova litt. I dag gjekk det lang tid før han sovna, det er nok mange nye inntrykk å fordøya.

Den første halve timen låg han med føtene rett opp. Først ropte han entusiastiske hei og mora seg med å kasta ting ut av vogna, sokken, tutten kosen… Så gjekk han over til å seia namnet sitt rytmisk og taktfast i ein periode «Tage, Tage, Tage, Tage…» om det var språktrening eller ein måte å roa seg ned på, er eg litt usikker på. Men til slutt vart det stille det inne, og auga hans datt igjen.

I kjellaren fann eg den gamle gutebunaden Halvard og Odd Christian hadde då dei var små. Eg spurde Sunniva om eg skulle sy han inn slik at Tage kunne ha bunad på 17.mai. Det ville ho, men det tok lenger tid enn eg hadde trudd, så det vart reine kappløpet med klokka. Eg rakk akkurat litt damping av nokonlunde fullført prosjekt før me måtte hiva oss i bilen retning flyplassen. Sømmen vart eit hastverksarbeid for hand og ikkje handverk eg er veldig stolt av, så eg blir ikkje veldig såra om plagga ikkje kjem i bruk.

«Alle» var innom terrassen for å seia ha det til Tage før avreise, så me har hatt litt besøk i dag og. Etter å ha fulgt dro reisande til innsjekkinga på Sola var det å koma seg heim i full fart for å laga bønevandring til kveldsgudsteneste.

Nå er alt ordna som ordnast skal òg det er på tide å posta innlegget medan det framleis heiter den tolvte. (I den tolvte time). Dei meldar sommar i morgon og

. Heidi

11.mai

Dagen viste seg å bli ein nydeleg vårdag med hint av sommar. Eg og vesle Tage brukte dei første tidlege timane på å eta havregrøt (han) og drikka kaffi (eg) slik at dei andre kunne få sova litt ein laurdagsmorgon. Seinare trilla eg og Sunniva vogna til Bryne der me sette oss i sola og år softis på Ritz før me vandra vidare.

Etterkvart blei det lunsj på Kjøkkenet saman med Ingrid og nokre nydelege timar i hagen til Ingrid og Oddvar. Der fekk Tage smaka på den komande livsepoken som «stor gut» gjennom vannleik, sandkassegraving og hopping på trampoline. Då dagen gjekk inn for landing fekk han eta pølse og potetstappe på kjøkkenet hos Ingrid i lag med dei store kusinene og med gaffelen i eiga hand.

Vel heime laga Sunniva middag til oss, ovnsteikte grønsakar med steikt haloumi og fetaostdressing. Eg fekk brukt litt tid på å førebu skuletimar til neste veke før me såg tv serien om ungdom med rusproblematikk på norske barneverninstitusjonar (hjarteskjerande). Så såg me filmen om «Ola, ein vanleg uvanleg mann», ein portrettfilm om ein lett psykisk utviklingshemma mann busett på Vidaråsen (hjartevarmande). Nå har dei andre lagt seg. Eg har sydd bunadveske til Iben og skrive blogg medan eg nyt dei siste episodane av «Jazzeventyret», historien om norsj Jazz. Flott serie.

Heidi

Sjå så fine blomar eg har fått

Dagen begynte med ein morgontur med barnevogn med innlagt handling av matvarer. Det er så koseleg å gå tur med vogn igjen. Lille Tage sov heile turen, og det var og meininga for han skulle kombinera trilletur med føremiddagskvilen sin. Først då me kom tilbake til gata vår, slo han opp auga, henta fram eit stort smil og kom med eit hjarteleg «Hei!» Så sovna han igjen.

«Hei!» er yndlingsordet hans. Han har oppdaga at det ofte gir han smilande respons. For å vera ærleg er det for øvrig ca 25 % av vokabularet hans. På oppfordring seier han «pappa, mamma og Tage». Elles kan han klappa i hendene når han ikkje vil ha meir mat, vinka, dansa, leia forsamlingar i taktfast klapping, springa rundt i stova, krypa opp trapper og klatra. Det er ein fest å ha han på besøk.

I ddag hadde me veldig kjekt lunsjbesøk av Anne Mette og Torje. Gilde gjester trekkjer til seg fleire gilde gjester, så me var 11 til lunsj. Seinare var me ni til middag, så her går det unna.

Og i dag såg eg syrinar springa ut. Det blir nok ein fin dag i morgon og.

Heidi

Fullt reir

I dag har eg hatt alle mine rundt meg. I dette tilfellet vil det seia begge foreldra mine, to døtrer, to søner, tre barnebarn, ei niese, ein svigerson og ein mann. Stova er lettare kaotisk, oppvask som ikkje fekk plass i oppvaskmaskinen står på benken og sjela mi frydar seg. Nå gjeld det å få sove litt, for i morgon kan det bli ei tidleg barnevakt, og etterkvart blir huset fylt med gilde folk. Slik liker eg å ha det.

Dagens meistringsoppgåve var å remontera ei Karendrakt i størrelse tre til sju år. Me fann ut at ho held til Iben ein 17.mai til om eg spretta ho opp og sydde ho saman med det som fantest av «vekserom». Det var eit møysommeleg arbeid med måling og tråkling og damping av faldar og nedlegg. Eg trur eg har fått det til, at drakta vart brukbar og passar til ho som skal ha henne på. Det er eg godt fornøgd med, for eg var førebudd på at eg i verste fall måtte spretta opp igjen og prøva på ny.

Då bestemor døydde i desember – 93 arva eg litt pengar og kjøpte stoff til Karendrakter til dei tre barna eg hadde då. Eg broderte litt og svigermor broderte mykje. Til slutt var det ho som monterte dei. Dette gjer at for meg er draktene litt ekstra spesielle, og det er kjekt at barnebarna og kan bruka dei.

Skal eg vera brutalt ærleg, så ber dei litt preg av å ha blitt sydd ut og inn diverse gonger og vore utsett for hard leik. På den minste er det eit bittelite hol på stakken. Eg har gløymt om det er eit resultat av knall og fall eller av leik med saks. Det kan i grunnen vera det same, nå nesten 30 åt seinare. Holet er sydd saman etter beste evne og er nesten usynleg.

I kjellarboda har eg delar av ei Hardangerbunad mi farmor broderte og sydde til meg då eg var 4-5 år. Av ein eller annan grunn har det mørkeblå foldeskjørtet forsvunne. Kanskje det framleis går an å få tak i slike skjørt?

Heidi

.

Så hadde eg plutseleg ein håpsblogg

For ei veke sidan lærde eg meg ein usedvanleg tillitsfull vri på eit kjend ordtak. Ikkje overraskande kom det frå Torhild som alltid har elska å vri og venda på ord. «Har du planlagd dette?», spurde ho «Eller blir båten til mens du ror?» Det slo meg at det var det mest optimistiske og tillitsfulle eg hadde høyrd på lenge; å stola på at båten blir til mens du ror.

Som ein tryggheitselskande person i ganske mange samanhengar, er det fint å ha nokre område i livet der vegen får lov til å opna seg nesten steg for steg etterkvart som ein går. Då eg starta årets maiblogg for ei veke sidan, hadde eg ikkje planlagd at det skulle bli ein håpsblogg, men det har blitt det til nå. Kor vegen og innfalla vil føra meg dei neste vekene er det framleis ingen som veit, men enn så lenge er det fint å kunna via seg til håpet.

Eg sit her på arbeidsromet heime etter ein lang dag på jobb med eit innhald etter mitt hjarte. Denne veka har me hatt leseveke, det vil seia at ulike leseaktivitetar har vore i fokus. Min vesle oppgåve frå læreplanen i norsk i dag har vore å «gi elevane kjennskap til eldre norsk litteratur.» Det har eg gjort gjennom å fortelja tre sjetteklassar etter tur om Per Sivle og livet hans, og så lesa «Berre ein hund» for dei, løp) med innlagd nødvendig informasjon om det samfunnet der dette hende, og med bilete for at alle skal forstå ord som «slirekniv», «støl» og «rullepølse».

Då eg var omtrent på alder med elevane mine kom far med boka «Sogur» av Per Sivle og sa at eg måtte lesa «Berre ein hund,» for det var ei fin forteljing. Eg las og var einig med far min, og sidan trur eg at eg har lese denne historia høgt for alle klassane eg har hatt når dei går i sjette eller sjuande klasse. Eg sa og at dei av oldeforeldra og tippoldeforeldra deira som vaks opp i Noreg truleg las akkurat denne forteljinga i leseboka si då dei gjekk på skulen og var omtrent på deira alder.
Eg synest det er fint å av og til dra dei lange linjene, akkurat som då me lærde songane om «Anne Knutsdotter» og «Eg gjette Tulla i femten år,» då me øvde inn tekstar til «Songskattkonserten» i fjerde klasse.

Etter norsktimane var det kunst og handverk som stod for tur, og då laga me dyreskulpturar med utgangspunkt i ein snøballstor leireklump. Etter ein kort pause var det to timar med skapande skriving i kulturskulen. Onsdag er ein intens arbeidsdag. Eg kom heim med ein bukett rosa peonar som eg fekk i vase, og sidan me skal ha mykje besøk i helga, henta eg ei sjokoladekake ut af fryseboksen og fekk tint og pynta ho.

Nå luktar heile huset heilt nydeleg av Leif sine nybakte, grove rundstykke. Av ein eller annan grunn slår det meg at lukta av nybakt grovbrød må vera lukta av håp. Løvetannteppe både her og der, som det på biletet øverst, vitnar og om livskraft og trassig mot. Våren eksploderer i fargar framfor auga våre samtidig som livspulsen dunkar vidare med små og store gleder, bekymringar og håp.

På fredag sat eg på eit kjøpesenter og blogga medan den flinkaste blomsterdekoratøren eg veit om laga ein bukett til meg som eg skulle gi bort om kvelden. Då eg avslutta blogginga og skulle henta blomane tikka det inn to meldingar med to minutts mellomrom. Begge viste seg å vera meldingar frå folk eg bryr meg om om at nokon var døde. I storfamilien min har me den siste veka gått rundt og venta på ein fødsel. I morgon kjem Sunniva heim med vesle Tage som vart eitt år i april, og på fredag kjem Halvard heim for å vera forlovar i eit bryllaup.

I nyheitane meldar dei om nye vonde hendingar som viser at verda ikkje er heilt på hengslene, og på datamaskinen min har det fleire gonger denne veka tikka inn meldingar som ber med seg nye melodiar til salmane min. Livet er intenst, krevjande og vakkert.

Eg tenkte at sidan det har utkrystallisert seg eit håpstema denne veka, så får eg by på eit håpsdikt. Då eg var lita fann eg mor si gamle minnebok der det stod fylgjande fine dikt: «Lev i håpet som katten i skåpet.» Eg var ikkje sikker på kva eit skåp var men resonnerte meg fram til at det kanskje måtte vera eit skap. Dette var på ei tid då det å koma ut at skapet framleis var eit heilt konkret bilete. Det var min onkel Magnus som hadde skrive dette verset som rimte så fint inn i mor si minnebok. Eg lurde på om han hadde dikta det sjølv, men kom vel fram til at det var lite sannsynleg. I tillegg til dette gamle minnebokverset hadde eg tenkt å dela eit sjølvskrive håpsdikt og. Det kjem her:
***

Frå nå av vil eg bu i håpet

Frå nå av vil eg bu i håpet,         
ei hytte av håp i eit hol i tida.
Der vil eg lena meg tillitsfullt mot veggane                         
og festa gode ting med ørsmå knappenåler
på den himmelblå tapeten:

Gode timar,
trygge tankar,
gode blikk
og varme minne.

Eg skal samla på det alt saman.
Livsvolten som aldri før
på alt som er godt,
samtaler
rå humor,
vennskap,
storsinn og tillit,
eg skal tygga det i meg
som søte jordbær,
syrleg rabarbra,
rosa sukkerspinn,
nybakte bollar
og knallgrøne eple.


Eg skal ikkje spara på musikken,
på alt som er vakkert,
 på alle undrande tankar,
på bølgjene mot stranda, på mjukt regn
og på lyse sommarkveldar.
Eg skal la dei leva i meg, vassa i dei,
og omgi meg med dei.

Eg skal våga å leva
så modig og sårbart som eg kan
og opna meg for den store tilliten.

Heidi

Ipaden min…

Nå er eg ferdig med dei oppsette utviklingssamtalane. Det har vore fint. Eg har framleis nokre få samtalar igjen med dei som ikkje fekk til å koma i denne runden, men det er ikkje noko stress. Eg har til og med rukke å evaluera nokre iop-ar, så eg ligg ikkje så verst an.

Rett etter jobb og samtalar spurta eg ned på Ming House for å eta i lag med ein gjeng fine kolleger, så var me i Storstova med undervisningsforbundet og fekk med oss dette :

Det var underhaldande og tankevekkjande. Så er det koseleg å gjera ting med folk frå jobben.

Då eg kom heim og skulle foreta kveldsritualet med å lada ipaden til neste dag, låg han ikkje i veska. Eg håpar inderleg at han vart gløymt på pulten min i farten og ikkje ligg som hittegods på kinarestauranten eller i Storstova. Undervisningsopplegga mine for alle timane i morgon ligg på den harddisken. Det vil seia eit opplegg om Per Sivle og Berre ein hund, og ei skulpturoppgåve i keramikk. Eg får koma meg tidleg på jobb i morgon slik at eg i beste fall får lada før første time.

Og i morgon kveld blir det langfri med Kristi himmelfartsdag som neste hending. Me får Sunniva og vesle Tage heim. Eg gledar meg veldig.

Heidi