
Bak luka i dag ligg ein julepynta Oslo S. På oppslagstavla.står det at ein må rekna med forseinkingar på grunn av feil i kommunikasjonssystemet, så dette kan jo bli interessant. Under taket heng eit amerikansk inspirert lokomotiv forma av raude, grøne og brune lyspærer, og eit veldig kunstig, smalt og spisst juletre går heilt til taket. Eg har vagla.meg på Starbucks der eg i mitt lettsinn har kjøpt ein kopp kakao, eg trøystar med at peparkake-mac-toffee med krem sikkert er mykje meir usunt.
Under julelokomotivet stod ei jente med knalloransje jakke og song julesongar. Først trudde eg at det kanskje kunne vera eit julestunt frå personalet her, men eg landa nokså fort på at det nok heller var på ei som håpa at ho kanskje kunne tena nokre kroner på å opptre.
Det å tena nokre kroner har blitt stadig meir utfordrande sidan ingen går omkring med kroner lenger. (Ikkje me og ikkje dei kongelege). Tiggarane som sit på den kalde asfalten på fillete ulltepper har vippsnummet på eit pappskilt, og det same hadde han som hadde bygd snøslott utanfor julebodene. På torsdag kjøpte eg er-lik-Oslo sitt julemagasin av ein selgjar på trikken, og det var ein lang prosess med sms og vipps, og eg veit ikkje kva, men me fekk det til til slutt. Som alltid når eg ikkje har vore i hovudstaden på ei stund, så gjer det vondt å sjå alle dei som treng hjelp, og som ein ikkje heilt veit korleis ein best skal kunna hjelpa.
Ein organisasjon eg har utruleg stor respekt for et Kirkens Bymisjon. Eg kjenner opptil fleire som har jobba der som gateprest, og er veldig glad for at gateprestar finnest. Dersom eg hadde budd i Oslo, er eg ganske sikker på at eg ville ha engasjert meg som frivillig det. Sunniva er nå blitt nesten næraste nabo til Tøyenkirken der eg har vore eit par gonger i lag med Carl Petter Opsahl, dit stikk eg nok innom igjen når høvet byr seg. Eg synest det er veldig fint at det er dit Kari Veiteberg tenkjer seg tilbake etter end bispeteneste.
Her på Oslo S er det ganske roleg ein førjulsmåndag på dagtid. Rundt meg her på Starbucks sit menneske med kaffikoppar, laptoper og mobilar. Ei forklekledd servitørdame kom akkurat og henta koppen min og spurde om eg var ferdig, kanskje eit diskret hint om at andre kunne trenga plassen…
På veg ned Karl Johan var det påfallande mykje politi med refleksvestar. Det var ridande politi, politi på motorsykler og politi i bil. Utanfor Stortinget var det mange politibilar og bevæpna politi. Om det er slik det pleier å vera veit eg ikkje. Kanskje det har med hendingar i verda situasjonen å gjera, eller kanskje med den nær føreståande Nobelprisutdelinga å gjera?
Eg er glad for at fredsprisen går til overlevende frå Hiroshima og Nagasaki som har brukt livet sitt til å arbeida mot atomvåpen. Eg kan ikkje tenkja meg noko meir avskyeleg, grusomt og primitivt enn våpenkappløp, rasling med skremmesablar eller krig. Eg innser at det er vanskelege tider for å koma ut av skapet som overbevist pasifist, men eg gjer det likevel. Det må då finnast betre måtar å få til fred i verda enn å pøsa på med våpen, senda unge menneske ut i krigen for å døy og bomba uskyldige barn… Det er sikkert fortent å bli stempla som blåøygd og naiv, men det får eg heller leva med.
Nå er toget mitt kome opp på lystavla. Det ser ut som om det skal vera rutemessig avgang,som det heiter på jernbane språket, og det er jo ein god start. Eg har rusta meg til turen med strikketøy, bok, skrivesakar og ein ekstra strikkejakke. Dette kan fort bli gode greier.
Heidi

I dag var veret klart og kaldt. Eg var tidleg ute for å eta frokost på Tøyen. Eg hadde gleda meg til å møta to av dei aller yngste og nyaste i storfamilie, men det hadde oppstått ei misforståing rundt kva helg ein eigentleg meiner når ein snakkar om «neste helg», men det kan framleis vera at eg får møtt Elmer og Malte i jula.
Ein veldig koseleg og veldig lang frokost vart det likevel med familien Sunniva, Halvard og Vilde. Etterpå la eg inn ein liten tur opp Karl Johan for å kikka litt på julemarknaden øverst oppe ved Nasjonalteateret. Der lukta det peparkaker, gløgg, sukkerspinn, kakao og glaserte eple og parisarhjulet spann.
I dag var det akkurat som i går veldig forskjell på føret i Oslo og i Bærum. I Oslo var det snøfritt, bart og heilt ukomplisert å ta seg fram, medan vegar og fortau på Haslum var delvis heilt glaserte. I den siste bakken var det bare å klamra seg fast i ein høg mur og håpa på å koma uskadd i mål. Det gjorde eg.
Eg vart møtt med ein stor kopp varm eplegløgg med anis, kanel og rosiner kokt på eplemost pressa av eple frå hagen. Middagen var hjortekjøt frå Andreas på Sunnmøre og saus med.masse traktkantarell plukka av svoger Joffe. Me hadde eigentleg tenkt oss på julekonsert i Haslum kirke, men på grunn av tid og føre bestemte me oss for heller «å vera heime».
I løpet av fridagane her har eg rukke å strikka eit langt lilla skjerf og ein halv turkisblå barnejakke. I tillegg har eg fått oppdatert meg litt i Vårt Land, lese boka «Evil grandmother», sett to filmar og fått teke att litt avislesing. Det har gjort godt og eg har fått kjærkomne kvilefagar. I morgon skal eg pakka bagasjen saman igjen, få pressa mest mogleg oppi den vesle grøne trillekofferten og etterkvart gi meg på heimveg.
Eg har fått ny melding frå Go-ahead om at me vil bli frakta med lokaltog mellom Kristiansand og Bryne. Då eg reiste bort fekk eg same beskjeden som viste seg å vera falsk alarm, så får me sjå koss det blir i morgon. Som ivrig togturist har eg lært å ikkje ta noko som helst for gitt når ein reiser med toget. Då er det beste tipset eg har å gi andre å bruka «Askeladd metoden» og tenkja at «Nå skjedde det noko uventa, det blir heilt sikkert interessant…» Dei gongene toget både går og kjem fram på venta tidspunkt og det ikkje dukkar opp uventa alternative framkomstmiddel, får ein ta i mot som rein bonus…
Heidi

I natt hadde det regna, og snøen frå i går låg som våt issørpe på bakken. Eva Mari og eg hadde hatt planar om å dra på julemarknad på Bygdøy, men vermeldingane tekne i betraktning, så ombestemde me oss.
Min nye plan var å dra til byen og møta «Tøyengjengen» etter Tage sin kvil. Sidan det var litt glatt ute, vart eg utstyrd med brodder under vinterskoa. Broddar har eg ingen trening med, så eg følte meg som ein salig blanding av ein nittiårinh og Bambi på isen. Dei viste seg likevel å gjera si nytte, for eg kom meg trygt ned til banen.
Nede i byen var det heldigvis isfritt, så eg kunne lirka broddane av og leggja dei i nettet. På Karl Johan var det grått og vått og det vrimla av menneske. Mange av dei var prega av å vera fotballsupportarar som lada opp til cupfinalen, mange av dei med blå moldeskjerf rundt halsen.
Eg tok banen vidare til Tøyen og møtte Tage og foreldra hans. Heldigvis var han utstyrd med både gule regnklede og vogn med «regntelt», så han hadde det bra sjølv om det regna litt. Me gjekk ein tur på Grünerløkka og var innom og åt lunsj på ein mexikansk restaurant. Etterpå hadde me kaffi heime hos Sunniva og Trygve før eg tok banen tilbake til Haslum.
Då eg kom tilbake vanka det nybakte aniskringler og havreflarn. Me har sett handballkamp og ein nydeleg italiensk film på fjernsynet. Nå må eg stilla morgonalarm på mobilen slik at eg kan rekka frokost avtalen hos Sunniva i morgon.
Heidi

Dagen starta med sein frokost, kaffi og lilla strikking. Etterkvart tok eg og Eva Mari oss ut i nysnøen og nullgradersføret som innebar at snøen som låg på bakken var mest som vått snøslaps å rekna. Vakkert og vinterleg var det likevel.
Me tok bussen opp på Bærums verk der me møtte dei to andre svigerinnene i Harboe-familien, Astrid og Elisabeth. Me hadde bestilt bord på Vertshuset for å eta adventslunsj saman. Dette er eit nydeleg lokale i nasjonalromantisk stil der servitørene går i folkedrakter mens dei serverer.
Maten var standsmessig, hummersuppe med heimebakt brød og karamellpudding med krem og frukt. Etter at måltidet offisielt var over, bar dei inn etasjefat med klementiner, dadlar og sjokoladekaramellar. Ryktet seier at staden snart skal opphøyra å eksistera i sin nåverande form, så det var kjekt å få det med seg. Veldig koseleg var det og at me fire fekk nokre timar for oss sjølve, det skjer ganske sjeldan.

Etterpå gjekk me for å få med oss julemarknaden på verket der ein kunne kjøpa heimestrikka luer og vottar, brende mandlar, akevittgelé, peanøttsmør med pepar og chili i tillegg til diverse anna ein kan trenga eller ikkje trenga.
Ettermiddagen og kvelden har me brukt inne med strikkepinner, kaffi og ein passe søt julefilm. Eg har prøvd å leggja ut ei lydfil til den nye salmen eg spontant har laga dei siste dagane i lag med Arne Martin Sandstad. Det har eg ikkje klart å få til frå mobilen, men kanskje eg klarer det i morgon. Kan likevel ikkje dy meg for å leggja inn tekst og notar.
Mens eg er i det kyrkjelege landskapet sånn avslutningsvis, så vil eg gjerne gratulera Sunniva Gylver som har fått tillit til å bli ny Oslo-biskop etter Kari Veiteberg. Dette har eg stor tiltru til.

Heidi

Eit strikketøy let seg av alltid fiksa i nærleiken av Eva Mari. Plutseleg sat eg i sofaen, prata og drakk kaffi medan eg strikka meg eit nytt lilla adventskjerf.
Den nemnde dama er heilt rå både med strikkepinnar og symaskin. I løpet av dei siste vekene hadde ho strikka to julebukser med reinsdyr på magen, og den eine var til min vesle Tage.

I byen fekk me kjøpt matchande flanellskjorter og mørkeraud strømpebukse i rett storleik. Etterpå hadde me indisk lunsj på Jaipur der me koste oss med god mat medan me kikka ned på folk som myldra rundt i gata i det sure vinterveret med store pakkar og elegante kåper. Min personlege favoritt var nok mannen i dynejakke som hadde lånt jordbærlua til barnebarnet eller kanskje av det yngste barnet sitt. Lua var for liten til å nå øyrene, men varma nok greitt på toppen av skallen der menn på hans alder fort kan bli litt kalde…
Me sat så godt der at me til og med plukka fram strikkepinnar til kaffikoppen. Eg veit ikkje om det er uhøfleg åtferd på ein restaurant, men ingen såg stygt på oss.
Etterkvart tok me banen til Tøyen der me møtte Sunniva med ein liten nyhenta barnehagegut i vogn. Me blei med dei heim til ein fin ettermiddag med tacos og tortillas. Halvard kom og på besøk, og Tage opptrådte med alle sine nyaste kunstar. Då guten var i seng og me var på heimveg hadde det kome eit tynt lag med nysnø, og bakgården der eg drakk kaffi og skreiv salmer i sommar var nå fyllt av vinterlys.
Dagens siste spennande prosjekt er at ei ny salme eg skreiv på toget i går er i ferd med å få melodi allereie. Eg gler meg til eg kan publisere han her 🕊️.
Auga er ved å detta igjen, så eg skal avrunda blogginnlegget, og lukka luka igjen før eg sommar. God natt ❄️.
Heidi

I dag opnar eg luka inn til ein togtur på sørlandsbanen. Klokka eitt hekta eg med meg kofferten min, vottar, jakke, skjerf og lue og forlot skulen med kurs for jernbanestasjonen. Eg er aldri hundre prosent sikker på om eit tog dukkar opp før eg ser at det rullar inn på rett spor på perrongen, og det gjorde det i dag. Heilt rutemessig, som det heiter på togspråket.
Før sommarferien opparbeider eg meg to dagars avspasering som eg har ruga godt på fram til nå. Då eg bestemde meg for at ein fredeleg Oslo-tur måtte vera tingen i den travlaste førjulstida, framstod det heile som ein veldig god idé. Dei siste dagane har eg ikkje vore så sikker. Eg har hatt så mange ballar i lufta at det har vore reine balansekunsten å få kabalane til å gå opp, og i går var eg så trøytt at eg nesten ikkje visste korleis eg skulle orka å pakka kofferten. Men det fekk eg gjort, og i dag morges kjende eg meg klar. Vikaropplegg for juleverkstad er ferdigstild, eg har fått øvd med dei som skal opptre i kyrkja, og fått tømt keramikkomnen etter ein vellukka omgang med glasurbrenning. Eg har ikkje fått rydda verken arbeidsbordet på jobb eller arbeidsrommet heime, så der kan alle sjå spor etter ein travel og lettare kaotisk person med mange merkelege prosjekt på gang.
Eg las på Go-ahead si side at vognene i eit togsett var ute av drift slik at ein måtte belage seg på å reise med lokaltog vogner utan toalett eller kafeteria vogn. I dag kunne dei informera om at vognene var på plass og at toget gjekk som vanleg. Av og til må ein ha flaks.
Nå sit eg i nemnde kafevogn og nyt ein kopp togkaffi i pappkopp med lok. Ein kunde seier » Æ ska bestill ein porsjon kjøttkaka i brun saus, fantasien strækk sæ ikkje lenger». Den blide sørlandske togvertinna svarer «Men det æ jo det beste i værden!». Kunden svarer «Ja, ikke saint…» Førebileteleg positivisme frå begge partar. Eg blir rett og slett i litt godt humør av vinklinga på handelen.
I kveld blir eg henta på Lysaker stasjon av Eva Mari, som eg gleder meg til å treffa. Så gleder eg meg til å møta Sunniva, Trygve, Halvard og vesle Tage. Før eg kjem så langt har eg to romaner å dukka ned i. Kanskje får eg skrive litt og?
Klokka er ti over tre, og det skumrar alt der ute. Eg høyrer til dei av oss som liker desember mørket. Det er noko koseleg med mørke morgonar og mørke ettermiddagar. Det er fint å tenna levande lys og nyta dei lange kveldane og dei lange morgonane.
Eg kjenner mens eg skriv at eg har konvertert tilbake og kome fram til at ei reise i adventstida er gode greier. Dei andre klarer nok både å halda fortet og passa på at jula er i gang til eg kjem heim igjen. Det einaste eg kanskje kunne ønska meg nå var eit strikketøy, men det kan det henda at det går an å gjera noko med.
Heidi
Eit open luke mot grønt kyrkjelandskap

I ettermiddag var eg på eit utvalsmøte i utval for grøn kyrkje her på Bryne. Det er eit av dei engasjementa eg er veldig glad for. Eg vil så gjerne bidra på eit eller anna vis til å arbeida for ei framtid for menneska på jorda og for skaparverket. Det er lett å kjenna seg handlingslamma. Det blir liksom litt smått å sortera søppel og å ta toget i staden for å fly. Alt heng fast i store system det kan virka tungt og nesten håplaust å påvirka. Då klamrar eg meg til Changemakers motto «Det er klart at jeg kan forandre verden», og minner meg sjølv og andre på at alle menneske bare er eit menneske, og at viss mange menneske står saman, så er det mogleg å få til forandringar.
Me arrangerte nettopp eit jordmessearrangement med kyrkjemiddag og panelsamtale i lag med litteraturfestivalen «Jorddøgn», det var veldig fint. Me, eller det vil seia langt meir kompetente folk enn meg har opparbeida ei blomstereng mellom kyrkja og byen der det er sådd frø som er samla inn lokalt. Me har hatt kurs i kompostering, temakveld om bier, kurs i vegetarisk matlaging og byttedag, så har me skrive ei fast spalte i menighetsbladet og forsøkt oss på ein klesbytedag. Nå diskuterte me nye idear, kunne det vera ein idé å ha kveldar med praktisk verkstad i reparasjon av klede og idear om redesign?Me veit ikkje, men me tek gjerne i mot idear. Eg er glad for å tilhøyra ei kyrkje som tek dette med grøne verdiar på alvor. Likevel tenkjer eg at det aller fremste kyrkja kan tilby er levd truspraksis. Det mest unike kyrkja har å tilbu er trua på Jesus, på at livet er sterkare enn døden og kjærleiken sterkare enn hatet. Det er ikkje småting, og det er nesten litt vanskeleg å skriva om. Likevel tek eg sjansen. Nokre av oss trur at det er mogleg å lena livet sitt i tillit mot det som er større enn mennesket. I dag avsluttar eg med eit dikt frå den nest siste diktsamlinga mi, «For humlene si skuld»:
Så står me her
Så står me her
saman og aleine
med dei sprikande liva våre pakka tett rundt kroppen.
Står her med trass og håp,
med vrang og god vilje
og store haugar
av alt me ikkje makta
blanda med bunker av alt som vart betre enn nokon kunne ha venta.
Står her med hendene fulle av liv og knuste skåler,
med krukker fulle av skår, og speglar fulle av sprekker.
Står her med sorga
over alt som skulle ha vore og takken for alt som vart.
Står her og er framleis i live skjelvande, sterke og redde,
framleis med håpet
som gulltrådar
i furene i handflatene våre.
Sjå i nåde til nervebanane i våre levde liv,
til spora me tråkka opp
slik at dei ikkje blir andre til skade,
slik at det gode ting kan spira
også i furer av tap og tårer.
Me kviskrar forsiktig
i takt med vår eigen pust og puls:
Så får du ha takk, då Gud,
deg høyrer livet til.
Heidi

Opninga av luka for i dag gir lesaren ein kikk inn i læraryrket, ein jobb eg til våren har halde til i i fulle førti år. Det siste står for meg som merkeleg på grensa til lite truverdig. Kor har det blitt av førti år av mitt liv?
Svaret er at eg har levd dei djupt og intenst, og dokumenteringa er det vel heller ikkje noko å seia på. Desse åra har bare gått så forunderleg fort.
Læraryrket er ei tålmodskrevande og intens livsform. Det nyttar ikkje å skunda seg, for då kan ein fort springa forbi eit eller anna barn som treng å bli sett, og ein kan ikkje rekna med å ta lange pustepausar, for det skjer alltid eitt eller anna som krev at ein koplar seg på rett kanal fortare enn lynet.
Med ein kombinasjon av skule og kulturskule har eg ein tolvtimars arbeidsdag kvar veke, og i periodar kan det fort bli fleire av det slaget. Men eg klagar ikkje, lærarar har eit avkorta arbeidsår med lange avspaseringar, og sidan eg jobbar heime kvar fredag, må all undervisning og bunden tid inn på fire dagar. Då seier det seg sjølv at dagane blir intense.
I dag tidleg tenkte eg at ei arbeidsøkt måtte til i klasseromet i løpet av morgonen, for eg visste ikkje ein gong om me hadde fått hengd opp adventkalendaren i form av kvar sin konvolutt med hemmeleg innhald. Overraskinga var stor, og gleda djup og ekte, då eg opna døra og såg inn i eit magisk pynta klasserom som nokre av mine fantastiske medarbeidarar må ha brukt delar av helga på å få organisert. Litt av resultatet ser du på biletet, og smilet er heilt autentisk og rett frå hjartet.
Deler av føremiddagen gjekk med på å glasera ferdigbrende keramikkrelieff i ulike fargar og dekorar, for å så å setja på ein omn med glasurbrenning som skal jobba seg opp til tusen grader eller meir i løpet av natta, og forhåpentlegvis er klar til å opnast ein gong i morgon ettermiddag. Keramikkbrenning er kjempespennande, ikkje minst glasurbrenning, for ein veit aldri korleis resultatet blir. Det å opna døra inn til omnen etter fullend brenning er skikkeleg spennande, og etter å ha fyld omnen, bolta døra igjen, og starta han etter alle kunstens reglar er eg alltid redd for å ha gjort eit eller anna heilt gale, og i verste fall starta ein brann i løpet av dagen eller natta. Til nå har det gått bra.
For å hella litt malurt i begeret, så er det mest alltid eit eller anna som går gale og i løpet av ein dag. Det har vore ei rivande utvikling frå mine første lærarår med grøne krittavler der ein skreiv med firkanta kvitt, eller rundt gulkvitt tavlekritt. Nå skjer alt digitalt, og det er fantastiske mogleheiter så lenge teknologien leverer, men utruleg stressande når ein står der med ryggen til ein klasse og prøver å få tavla til å virka medan elevane blir stadig meir høglytte.
Etter å ha brukt ca ti minutt på å prøva på alle tenkjelege måtar å få kopla på ipaden for å kunna presentera vekesongen til adventsamlinga og bileta til adventboka på tavla, måtte eg resignera og klara meg utan visuell støtte. Og som i mange skuledagar har det vore både trøysting, skjenning, klemming, grensesetjing og friminutt som har forsvunne i alt anna enn å slenga seg ned i ein sofa på personalrommet.
Rett etter undervisning og planlegging av dei neste vekene i lag med trinnteamet, var det utviklingssamtalar med ein og ein elev med tilhøyrande foreldre. Me sat der med vintermørke utanfor, og ikkje sei det høgt til nokon, eit brennande stearinlys på bordet. Desse treffpunkta med elev i lag med foreldre to gonger i året er veldig fine. Det er krevande i forkant med elevsamtalar, fagevalueringar og legging av kabalar for frammøtetider, men det er veldig fint å få setja seg ned og snakka saman på denne måten.
Plutseleg har dagen gått, og læraren syklar heim i mørket i iskald vind og rekk å bli skikkeleg kald på fingrane, og plutseleg er det langt over tida då ein eigentleg burde gått og lagt seg.
I morgon ventar adventfrokost i klasseromet, adventsstund, forestilling med 6. trinn og øving av drama til julegudstenesta. Det blir sikkert fint. Innimellom skal det gjerast klar til juleverksted, leitast etter ei pukkelhette til ein kamel, gjerast klar til ein krle-time og ha litt utviklingssamtale og sånn. Det blir sikkert fint.
Heidi

Så har me trådd over terskelen til det romet i livet som heiter advent. Det pleier å vera eit fint rom å vera i, og døra opnar seg like plutseleg kvart år, sjølv om me har både klokke og kalendar.
I år trefte det seg til og med slik at første desember er første sundag i advent, og når det passar slik pleier me å laga adventkaffi og tenna det første lyset i lag med familien. Sidan det var julemesse i kyrkja i går var diverse julekaker, ambrosiabrød og eplesyltetøy av det heimelaga slaget kjøpt inn slik at det vart eit enkelt gjestebod å halda.
Ute var det grått og kaldt og surt, så det passa fint å koka ei stor gryte kakao, eller for å vera meir nøyaktig sjokolade basert på kokesjokolade. Det er sjeldan kost her hos oss, eg trur det er årevis sidan eg sist kokte kakao, men det heng ei kjensle av barndom og sundag ved denne drikken. Heime var det ofte kakao til kveldsmaten på sundagane, og for å forsterka det litt ekstragavante opna me ofte ein boks med sardiner i tomatsaus og som me hadde på grovbrødskiver med margarin.
Hos bestemor og morfar på Bryne kokte me kakaoen av kokesjokolade, og denne vart då kalla sukkerlade. Det var alltid stor stas å sitja rundt bordet og drikka det i store kvite koppar med brødskiver til. I dag drakk me av mummikoppar og var elleve personar rundt bordet. At det plutseleg er eg som er bestemora er litt uverkeleg, men så lenge me har med oss to oppegåande olderforeldre, så kjennest det ikkje fullt så gammalt som det elles kanskje kunne gjort.
I går, i ein alder av meir enn seksti, vann eg forresten mi første fruktkorg på åretrekning. I barndomen var slike korger ei korg med hank, gjerne med glitter tvinna rundt hanken og ei stor sløyfe på sida. Nåtidas fruktkorg er ei låg pappøskje frå butikken innepalla i selofan som viste seg å innehalda klementiner, epler, bananar, ei stor sjokoladeplate, ei pakke småsjokoladar, ein pakke oreokjeks og ein pakke sørlandschips. Me måtte spara opninga av korga til jentene kunne vera med og opna. Eg er litt usikker på om slike gevinstar for dei har den same magien som det hadde for oss for nesten 60 år sidan. Eg ser framleis for meg basardokker i trevogger med garderobestativ som eg heller aldri vann. To basardokker dukka likevel opp i min veg,den eine var ei celluloid-dokke med pålimt lysegult hår og brudekjole som onkelen min vann ein gong på slutten av femtitalet. Denne passa bestemor godt på, men av og til fekk eg leika med ho, noko som var stor stas.
Den andre basardokka vann farmor. Ho var stor, hadde lyst hår og krøller og var kledd i kjole, kvit fuskpelskåpe og med kvite gummistøvlar. På lappen som fulgte med stod det at ho heitte Dorthe. Eg var ganske stor då dette skjedde, ti år eller noko slikt. Farmor spurde om eg var for stor til å få henne, som den eldste jenta med mange yngre syskenbarn var det nok av dei som ville blitt glade for å få ho. Eg visste at eg kanskje var nesten for gammal til å få dokker, men eg hadde så frykteleg lyst på henne, og fekk lov til å bli den heldige mottakaren. Då barna mine 35 år seinare hadde klipt panneluggen hennar og brukt kulepenn i ansiktet vart eg oppriktig lei meg. Denne dokka bur framleis i huset mitt og går under namnet storesyster fordi me har fleire babydokker i tillegg. Døtrene mine synest av ein eller annan grunn ho er skummel, men barnebarna har heldigvis teke henne til hjartet sitt.
I går var det julemesse i kyrkja med program frå morgon til kveld. Barnekoret song og Iben fekk synga i mikrofon. Det var stappfullt av små og store menneske der som handla småkaker, syltetøy, trearbeid og heimesydde og heimestrikka bamsar, handlenett, grytekluter og andre varer. Dei kjøpte kaker og saft, graut, lapskaus og årer med mange lodd. Pengane strøymde inn til barnearbeidet i kyrkja og til barn i andre land som treng dei endå meir enn oss. Julemessedagar er skikkelege dugnadsdagar der me kjem med alle varene me har laga, handlar masse med godt samvit og nyt aktivitetsnivået.
Det er blitt advent og desemberblogging, for det ein har klart å gjennomføra i mange, mange år kan ein ikkje så lett bare bestemma seg for ikkje å gjennomføra. Det er ein ganske grei ting å skriva i desember i tillegg til i mai og om sommaren. Då blir det overkomeleg. Første luke i adventkalenderen er med dette opna. Kva resten av lukene inneheld for meg som skriv, deg som les og for resten av verda, er det fortsatt ingen som veit. Me får synga som i adventsongen av Eyvind Skeie, her med nynorsk tekst:
«Tenn lys, eit lys skal brenne for denne jorda vår,
den blanke himmelstjerna der vi og alle går
omkring og deler vona at gode ting skal skje,
må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.»
Heidi

August må vera den vakraste av alle månadar. Mogen,mjuk, full av fred og frukter og framleis full av sommar. Samtidig ber denne månaden med seg eit vemod over at me snart må vera klare til å gi slipp på det som har vakse seg fram og blitt fullend. Å gå gjennom august liknar mykje på det å leva. Kunsten å leva med vissa at alt skal forandra seg, alt skal bli annleis, alt skal gå over og kanskje koma tilbake er ikkje det enklaste me har å forhalda oss til når me str her med eit liv i hendene. Det er stor livskunst i det å kunna kviskra «La det skje» utan å prøva å halda krampaktig fast. Det er og livskunst å kvila i det som er vakkert utan å reflektera for mykje over at dette ikkje er noko me har løfte om å få behalda for alltid.
Dette er tankar som dukkar opp kvar gong det blir august, og i år trur eg at eg har tenkt ekstra mykje på det. Eg trur kanskje eg må skriva ei augustsalme der desse tankane får lov til å bli til ei bøn.
I år har eg levd i sommaren på ein intens måte. Me har vore på tre sommarturar og hatt to omganger med gildt besøk i heimen. Då me reiste heim sist veke bestemde Eva Mari seg til mi glede for å bli med til sørvestlandet nokre dagar. Det betydde at sommarferien fekk ein veldig god slutt med ein av yndlingsgjestene mine dei siste feriedagane. Me hadde ein herleg dag i Stavanger og ein dag med lunsj på Drivhuset, den koselege drivhusrestauranten her på Bryne. Me tok med oss Gerd og sat ute i nydelege omgivelsar der me kunne eta god mat, le veldig høgt og ha det bra.
I dag har eg og Leif vore på gudsteneste i Timekyrkja med dåp av heile seks barn. Det var ein nydeleg sommargudsteneste med sommarkjolar og bunadar og fin sommar utanfor vindauga. Sundagsteksten var om kvinnene som fulgte Jesus, som me får vita atskillig mindre om enn dei tolv mannlege disiplane. Etter ein sommar på farten kjendest det som å koma heim å vera i kyrkja her heime. Eg kjende at eg vart både rørt og rørt ved. Eg blir ofte rørt til tårer over å sjå barn bli borne til dåpen. Eg synest det er fint og vakkert at så mange unge foreldre framleis ynskjer at barna deira skal høyra til i kyrkja. Eg håpar at både dei som blir døypte og dei som vel å la barna sine koma til kyrkja på denne måten skal kunna oppleva kyrkjeromet som ein god plass å koma heim til både på kvardagar og vanlege sundagar, i høgtider og i tider der ein nesten ikkje kjenner grunnen under føtene sine.
I ettermiddag hadde me med to små jenter til Vitenfabrikken på Sandnes. Det var ein kjekk måte å vera saman på. Så heldige me er som har to av barnebarna så nære at me kan vera i lag med dei fleire gonger i veka. Slik hadde eg det med mine besteforeldre, og i vaksen alder ser eg på det som ein stor ressurs at dei var der.
Om få dagar skal eg møta igjen ein gjeng andre barn som er viktige for meg. Eg gleder meg vilt og oppriktig til å sjå dei igjen. Det er eit fantastisk privilegium å ha ei stor gruppe barn ein får lov til å bli glad i og fylgja tett gjennom årstider og utviklingstrinn. Sjølv om eg veit at det å starta eit skuleår er omtrent som å kasta seg uti kald sjø etter å ha lege lenge og hatt det roleg og godt på eit varmt svaberg. Det er alltid intenst å begynna igjen, å byggja opp eit nytt lite samfunn med nye timeplanar og andre endringar. Ein kaver litt rundt i kaldt vatn før ein har det heile under kontroll, men erfaringa seier at det meste kjem på plass etter kvart. På min arbeidsplass har me allereie starta litt med planlegging. Me begynte på fredag, og så blei det helg i staden for ferie. Det gjer at eg faktisk føler at me er i gang att.
Når eg møter elevane mine igjen hugsar eg alltid å fortelja at det framleis er sommar og at i resten av august skal me oppleva seinsommaren saman. Det gjer meg godt å kunna seia akkurat det.
Heidi