… og i dette tilfellet rosa og. Me hadde mange slike fantastisk fine japanske kirsebærtre utanfor Bryne skule. Ein del forsvann under renoveringa av uteområdet for nokre år sidan, men heldigvis får me framleis med oss denne fantastiske bløminga ei kort veke i mai kvart år. Som eit gammalt japansk haikudikt seier : «Mangt minnest eit menneske når kirsebærtreet blømer». Vårt eige kirsebærtre blømer det og, i kvitt i vårt tilfelle. Det er og utruleg fint ei veke kvart år. Då får det heller vera at kirsebæra er små og sure.
I dag har eg vore på møte i utvalet for grøn kyrkjelyd. Det er eit utval eg er så glad for å vera med i, for det er så entusiastiske og flinke folk der. Vegen frå ideen om ei blomstereng utanfor kyrkja til det punktet der det er lagt ned eit stort arbeid med bearbeiding av jord til og med såing av innsamla lokale frø, vart forbausande kort. Eg er så glad for å høyra til i ei kyrkje som har fokus på å vera med på å verna jorda og visa ansvar i forhold til ei truand klimakatastrofe. Eg synest og det er viktig at me er med som aktørar i den lokale klimakampen.
Det er spennande å kunna fortelja at dette året skal me delta på «Jorddøgnfestivalen», som er ein lokal litteraturfestival tilleigna jordbruk og natur. I dag la me planar for ei jordmesse me skal arrangera i kyrkja i lag med Jorddøgnkomiteen. Messa vil vera ein del av festivalen og finna stad ein sundag i november. Den skal kanskje få tittelen «Ærefrykt for jorda». Det blir ein annleis gudsteneste med påfylgjande litterær og teologisk samtale og eit felles måltid. Eg kjem nærare tilbake til dette når eg veit meir. Eg gledar meg til å jobba vidare med ideane.
Noko anna som har løfta dagen min i dag er det kreative samarbeidet som bare fortset og fortset etter salmeverkstaden på Lia gård. Eg var der som rettleiar, men prøvde å skriva eg og. på same måten som dei andre som var der. Salmeteksten under er ein tekst i skjeringspunktet mellom salme og vise. I Danmark har dei mange slike salmar. Mi salmesyster Ingrid Brækken Mjelve har og ei fantastisk salme i det eg opplever som same sjangeren. Den la eg ut tidlegare. Eg vart veldig inspirert til å skriva noko i same gata. Teksten under er skriven i løpet av nokre ettermiddagstimar, og tidleg neste morgon hadde han fått ein nydeleg melodi komponert av Arne Martin Aandstad. I dag fekk eg tekst og melodi på lydfil frå han. Han er raus nok til å la meg få lov til dela lydfila her for at de skal få høyra kor fint det er, men han understrekjer at dette er eit veldig enkelt opptak laga heime. Teksten handlar om tidleg vår og eit håp om sommar. Ei kyrkje står der og held håpet oppe ein blåsande og regnfull sundag.
Regnet slår på tromme
Regnet slår på tromme, vinden spelar på trompet, og vintertrea dansar vals i hagen. Mørket bit seg fast, men lyset vinn sin kamp til slutt, den jagar natta vekk og startar dagen. Ein svarttrost kvitrar modig i eit skogholt like ved velsigning over dagar som er vrange. Det er framleis tidleg vår, men snart må vinteren gi tapt om kalde netter framleis gjer seg lange.
I trass og tillit ringer kyrkjeklokker i vår by, for det er sundag, snart skal orgeltonar løfta tusen stemmar, tusen rop i takk og sorg, og bøner som stig opp i millionar: Så ver her Gud, for oss som ber og ikkje alltid trur, hald dine hender vernande rundt jorda. Sjå til oss, dine barn, som virrar rundt og søkjer håp, og ikkje alltid finn dei rette orda.
Ein sundag ligg og speglar seg i himmel sveipt i grått, og vinden pustar tungt i tome gater. Ei due et ein brødskalk nokon gjekk i frå i går, og regnet vaskar glorete plakater. Og menneske kan føla seg litt einsame og små, men ber på frø av håp i sine lommar. Det hender at dei gløymer at alt stort har vore smått, og gløymer at av vårar blir det sommar.
Ver hos oss, Gud, mens dagen seglar vegen sin mot vest. Ver hos oss, Gud, når håpet vil forsvinna. Og la oss tru at livet sigrar over død til slutt, få tru at lyset er her for å vinna. La svarttrosten få synga trassig song i regn og vind, med salmetonar modige og såre, så sommaren kan koma snart med livsmot og med tru, og stryka mildt si trøyst mot liva våre.
Kvar kveld plar eg slutta dagen med å tenkja over kva eg er takknemleg for i dag, og å takka for dei gode tinga. Biletet over er frå Astrid si stove i går, jordbær og kvitveis høyrer absolutt til dei gode tinga som gir glede. Først når eg limer inn biletet her i forstørra utgåve, ser eg at kvitveisen her ikkje er vanleg kvitveis som dei me finn i skogen. Kanskje det er kvitveis likevel? Ein hagevariant? Fine er dei i alle fall.
Dagen i dag har bore med seg fine ting og. Det har blitt så grønt ute og frukttre er i bløming over alt. Me starta dagen med katolsk gudsteneste i Stavanger. Leif er blitt så glad i katolske gudstenester, og sidan eg ikkje hadde nokre oppgåver heime på Bryne i dag, så reiste eg i lag med han.
I kveld var me på ein flott konsert i Brynekyrkja, det var ein munnspelkonsert med Sigmund Groven, Georg Pollestad, Alexander Borlaug og japanske Shima Kobayashi. Dei spelte i lag med den engelske pianisten Andrew Melvin. Det var full kyrkje og stor begeistring. Det er noko med munnspelmusikk som går rett til hjartet på meg. Kanskje det er den litt vemodige, såre og sarte tonen?
Då eg og Bjarte laga salmer til salmekonkurransen var tangoen eg la ut den andre dagen hjartebarnet mitt. Det var ein tekst eg har tenkt på i meir enn to år at eg ville skriva. Så dukka det opp ein tekst til som eg bare plutseleg fekk behov for å skriva. Eg skreiv han ned på sånn ca ti- femten minutt, og valde å ikkje forandra på noko. Det eg ville prøva på var ein salme for dei gongene me nesten ikkje finn dei fine tinga fordi verda er vanskeleg og komplisert. Det kan vera når noko uventa og vondt hender, eller når heile verda er i ferd med å gå av hengslene og ein ikkje heilt fattar korleis ein skal klara å gjera noko med det.
Eg ville prøva å skrella teksten ned til beinet, bare bruka dei mest nødvendige orda utan pynt og dekor. Eg ville at teksten skulle vera den bøna me har att til Gud når verden nesten rasar saman. Den songen dei heldige av oss som trur at Gud finst kan synga med det me har att av håp, og den songen dei som ikkje trur på Gud likevel kan hekta stemmen sin på bare for å kunna klamra seg til det at nokon framleis har håp. Nå smører eg viss tjukt på, men det hender då at me kan ha bruk for slike tekstar. Eg ville ha ein enkel song og ein enkel melodi som ein kunne stå ute i regnet og vinden å synga i store flokkar, eller som ein kunne synga stille frå kyrkjebenken i ei nesten tom kyrkje. Litt sånn «We shall overcome-aktig. Eg tenkte at det kanskje var slike salmar me kunne trenga nå.
Eg ser at teksten er så enkel at noko grenser til klisjeane. Kanskje eg burde ha pussa litt på den første tekstversjonen som ramla meg inn, men eg valde å ikkje gjera det. Bjarte brukte og veldig kort tid på å koma opp med ein melodi.
I kveld byr eg på både tekst og melodi med løyve frå Bjarte. Kanskje nokon har bruk for akkurat desse orda i kveld. Eg takkar og vår veldig flinke arrangør Ernst Th Monsen, og gospelkoret Abraham som hjalp oss med å synga teksten slik at me fekk ei demofil å levera til jurien. Godt jobba, alle saman.
Kom livets Gud og fyll oss med din fred, med mot og tillit, og med kloke tankar, så me kan stå i alt det som skal skje, og vera nær der redde hjarte bankar.
Kom Jesus Krist og fyll oss heilt med deg, så me kan bera kjærleik ut til jorda, så me kan bringa håp og finna veg, så me kan finna kjærleiken og orda.
Kom Heilag Ande, fyll oss med ditt mot, så me kan stå i uro sorg og sinne. Så me kan tru når mismotet slår rot, og alle tankar famlar rundt i blinde.
Kom fyll oss alle dine redde, små. Gi kraft til dine barn som frys her nede. Gi mot til oss som ikkje kan forstå Så me kan bera ut di trøyst og glede.
Eg kan jo starta der eg slapp i går med å fortelja at eg hadde ein kjempefin kveld i går med gode venninner på Ålgård. Dagen i dag har og hatt mykje fint å by på. Det starta med å møta Ingrid på Bryne for å endeleg få kjøpt gåva ho eigentleg fekk på gebursdagen sin for ti månadar sidan, eit silkeskjerf til bunaden. Det viste seg å vera mange fargar og mønster, og det viste seg å bli eit vanskeleg val, men me fann ut av det til slutt. Me rakk til og med å feira kjøpet med ein kopp god kaffi på ein utekafé før sommarvarmen skrudde ned temperaturen.
Før korona var me ein gjeng damer som møttest jamnleg til kreativ gruppe der me malte, teikna, skreiv, sette saman blomar, eller gjorde andre kreative og koselege ting. Nå har me hatt ein lang pause, men Astrid klarte å få tromma oss saman igjen, og etter å ha ete suppe og god lunsj, sat me rundt langbordet i stova og malte akvarellar. Nokre av oss er veldig flinke og har eigne utstillinga og slikt, men det er og lov å ikkje vera spesielt flink og bare leika seg utan å forventa dei store resultata.
Biletet mitt for i dag er ei visning av min eigen relativt upresentiøse bilete. Det er ein leik med eit Picassomotiv, og fingrane som ikkje liknar fingrar ,er direkte henta frå Picasso. For meg vart det eit slags mor/ dotter eller kanskje mor/ barnebarnbilete der ein ikkje alltid har styr på dei store linjene og delane, men har ein genuin følelse av å vera der for kvarandre. Kanskje eg prøver å mala det ein annan gong og går inn for å vera litt meir nøye… Me får sjå. Å sitja å mala i lag med nokon er ein veldig koseleg og nedstressande aktivitet. Ein jobbar med sitt og småpratar litt innimellom. Når eg har elevar i kunst og handverk misunner eg dei alltid litt det å få lov til å sitja der og konsentrera seg om sitt eige arbeid…
Eg har fått tid til å jobba meir kreativt og i dag. Inspirert av samtalar og opplevingar eg hadde då eg var på salmeverkstad på Lia gård, har eg skrive ferdig ein slags salme om det å leva mellom gåter, speglar og mysterier, og det å fatta små og store sekvensar av det ein trur må vera livet. Eg har send teksten til ein eg vart kjend med der som eg utfordra til å prøva seg på ein melodi. Eg tek og sjansen på å dela tre av dei fem versa her.
Sjølv om eg av og til fortvilar litt over all teknologien me helst bør ha grep på, for eksempel i klasseromet, så er det noko fantastisk fint i det at eg kan senda eit brev eller ei melding til nokon frå arbeidsromet mitt eller få stova og få svar nokre minutt seinare. Livet er spennande i tillegg til at det er ganske mange andre rare ting.
*
Me lever liva våre her, veit ikkje alltid kven me er, men dansar i for store sko og strever. Me vaklar rundt i tvil og tru, her er eit eg, her er eit du, me takkar deg for livet, og me lever.
Sjå til oss Gud, og vis oss veg, ver hos oss, høyr vår bøn til deg, når avmakt kastar skuggar som blir lange. Legg merke ut så me kan sjå kor vegen er, kor me skal gå, me lengtar etter håp, og me er mange.
Me blandar surdeig, bakar brød, me plantar tre og sår ut frø, tar skoa av, trør barbeint over jorda. Så hender det at me får sjå mysteria me håpar på, det hender at me finn dei rette orda.
I dag viste det seg å vera den store venninnedagen. Endeleg klarte eg og Torhild å setja av nokre timar til å vera saman, snakka, snakka og snakka og i tillegg eta god mat. Når veret i tillegg oppførde seg om me budde i Syden kunne det ikkje bli noko anna enn ein heilt nydeleg føremiddag.
Noko som toppar det heile, er at om ein times tid eller så, skal eg til Ålgård for å bruka kvelden i lag med Jane, Karin og Rita, venninnene mine frå barne-og ungdomsskulen. Me møtest eit par gongar i året for å le, snakka og oppdatera kvarandre på liva våre. Det er heilt nydeleg det og. Eg tenkjer at eg er eit velsigna menneske som har klart å samla på vennskap heilt frå før eg begynte på skulen.
For ein månads tid sidan hadde me klassefest for dei me gjekk i lag med på skulen. Me var den same gjengen som gjekk i lag alle ni åra. Sidan har me møtt kvarandre med jamne mellomrom.
Eg tenkte før eg gjekk at det var frykteleg lenge sidan me gjekk på skulen, og at me kanskje var blitt veldig framande for kvarandre. At det var lenge sidan sist, skal det nok innrømmast at me såg spor av i kvarandre sine ansikt, men det rare er at etter sånn ca eit kvarter så ser ein ansiktet til den personen ein kjende for femti år sidan. Og kanskje det er ein illusjon, men på ein eller annan måte så kjennest det som om me kjenner kvarandre ganske godt framleis. Når eg snakkar med Rune og Ellen, Tor Egil og alle dei andre så veit me kven den andre var som sjuåring og tiåring. Det veit me ikkje når me møter nye menneske, og kanskje får me heller ikkje vita det.
Gode venner har eg fått seinare og, eg er framleis venn med mange av dei eg gjekk på vidaregåande skule i lag med, og med mange eg utdanna meg saman med.
Torhild har eg kjend sidan me var sånn omtrent fem og seks år. Som vaksne er me framleis på ein eller annan rar måte ganske like kvarandre. Om det har noko med alle åra som gode venninner å gjera, anar eg ikkje. Kven og kva me påvirkar og blir påvirka av er ikkje alltid lett å seia.
Eg har lova Leif å fortelja på bloggen at han skal kjøra meg i kveld. Det skal eg skriva meir om seinare, «men se, det er en helt annen historie,» som salig HC Andersen ville ha sagt.
Ei sspesiell helsing til venninnene mine akkurat nå i dag, og til alle dei eg har kjend lenge. Livet er ein merkeleg og interessant tilstand, og det er fint å ha gode folk å gå saman med.
Veret ute har vore heilt fantastisk i dag, sol og sommar og meir enn tjue grader pluss. Det er rart å tenkja på at på måndag sykla eg heim frå skulen med tjukke vottar på hendene og med ulljakke under boblekåpa. I elevsamtalane i vår har nesten alle elevane fortald meg at dei ønskjer seg meir leik og fleire utetimar, så i dag passa det godt at dei kunne få utetid i sola med innlagde øvingar til timestafetten som skal vera i neste veke. Då skal me sykla til Lye med heile gjengen for å springa stafett.
Etter vanleg skule har eg hatt utviklingssamtalar med elevar og foreldre. Det er veldig fint å få setja seg ned rundt eit bord og snakka saman i fred og ro. Nå i vår har elevane jobba med presentasjonar på ipadane sine, som dei skal visa foreldra om sin eigen skulekvardag, om kva som er fint og kva som er vanskeleg. På ein eller annan merkeleg måte synest eg alltid at den avsette halvtimen går alt for fort, og av og til lurer eg på om foreldra fekk tid til å ta opp alt det dei hadde lyst til å ta opp. Etter utviklingssamtalane var det barnekor med påfylgjande kveldsmat i kyrkjestova for meg og dei to mormorjentene på tre eit halvt og seks år. Det er torsdagsrutinen vår annankvar veke. Eg synest me er veldig heldige som har jentene så nære at me kan sjå kvarandre kvar dag om me får lyst. For eit år sidan fekk eg ein liten mormorgut i Oslo. Sjølv om eg gjerne skulle hatt han nærare, så trøystar eg meg med at Oslo er bare ei togreise unna og ikkje på den andre sida av kloden.
Som alltid når eg er i gang med maibloggen, så må eg bla meg bakover litt for å sjå kva eg tenkte og skreiv på denne tida i fjor, for fem år sidan, for femten år sidan… Eg må innrømma at det meste er veldig gjenkjenneleg. Det som foregår i der romet i livet som heiter mai månad er mykje det same frå år til år: Trea som blir grøne, utviklingssamtalar, kirsebærtreet som blømer, arbeid med boka frå skapande skriving, auge som er vonde på grunn av allergi, arbeid som hopar seg opp og gleda over vårlyset.
Om «forskninga mi» gjennom tjue skal kunna brukast til noko tankevekkjande, så er ein av tinga observasjonen av kor lite me i grunnen forandrar oss. Mykje av det eg skreiv for 18 år sidan kunne eg like godt skrive i dag, kanskje bortsett frå at den gongen hadde me huset fullt av tenåringar og nå bur me her aleine. Det same kan eg tenkja når eg les ting eg skreiv då eg var tjue. Dette gjer at eg gjer meg litt tankar om vår kultur sin trang til å dela oss inn i kvar våre alderssegment, og me trur at dei som kan vera nære venner helst bør vera på same alder som oss. Det er eigentleg ein ganske begrensande måte å tenkja på. Eg ser jo at Heidi på 40 liknar langt meir på Heidi på 60 enn det nokon av dei 40- åringane eller 60-åringane eg kjenner liknar innbyrdes på kvarandre… Kan det vera slik at me kan gå glipp av gode vennskap og nære relasjonar med menneske me har masse til felles med, men som tilhøyrer ei anna aldersgruppe enn den me sjølve identifiserer oss med? Det får vera dagens strøtanke.
Då eg var lita og lytta engasjert til «Barnetimen for de minste» i halv ni tida kvar einaste morgon lærde me mange fine songar av tantane og onklane i barnetimen. Ein av dei var slik: «Det finnes gutter, det finnes jenter, det finnes damer og menn, men alle er de mennesker som du kan ha som venn»… Ein slik song ville vel ingen ansvarlege vaksne lært bort til små barn i dag utan å samtidig gi dei beskjed om å ikkje ta det heilt bokstaveleg fordi det finst menneske dei ikkje bør bli venn med… Sidan eg sjølv slapp heilskinna ut av barndomen min, kan eg kanskje vera glad for å ha blitt oppdradd til det ein kunne kalla naiviteten frå ei anna tid. Eg vel framleis å stola nokså blindt på dei fleste eg møter og stort sett har alle vore tilliten verdige så langt.
I år har eg lyst til å vera litt raus med dikt og andre typer tekstar når eg diktar. Eg tek med meg eit mormordikt på tampen, sidan det er eit tema eg har vore innom i dag.
The fact that I will love you till I die
Eg et is med ho som snart skal fylla tre, me smiler til kvarandre
Katie Melua syng frå radioen om ni millionar syklar i Beijing and the fact that I will love you till I die,
Då er me klare for ein ny runde med maiblogg. Viss eg ikkje tek feil, så er det det tjuande året eg skriv innlegg kvar dag i mai, så det må vel vera utelukka å svikta nå i jubileumsåret. Dette blir ein form for dokumentering av liv, kanskje aller mest interessant for meg sjølv, men eg håpar jo at nokre fleire og kan synast det er fint å lesa. I dag tenkte eg at eg kunne by på ein tango. Saman med Bjarte Lending og Ernst Th Monsen har eg delteke i ein salmekonkurranse i samband med Stavanger bispedømme sitt 900- årsjubileum til neste år.
På måndag fekk me vita at me ikkje har vunne konkurransen med nokre av dei tre bidraga våre, og det er jo på ein måte litt synd, men det fine er at då har me lov til å bruka dei som me sjølve vil. Eg har gått lenge og tenkt på at det å leva er omtrent som å dansa tango, og sidan eg nesten har gitt opp å bli ein habil tangodansar, fann eg ut at det kunne eg heller skriva ein salme om. Sidan eg lever med eit levande Gudsbilete tenkjer meg at når eg dansar tango med livet, så gjer eg det hos Gud. Eg liker melodien til Bjarte og arrangementet til Ernst veldig godt. Kanskje dette ikkje passar så godt i eit kyrkjejubileum, men på bloggen min passar det veldig godt. Eg byr derfor på tekst og lydfil. Det siste har eg fått lov til av generøse Bjarte som har vore ein av samarbeidspartnarane mine gjennom mange år.
Fyll meg med din tillit (Ein tango med livet hos Gud)
Når gleda i meg boblar, syng og dansar, når sorga riv i meg og bryt meg ned. Når eg blir redd og vaklar rundt og tviler på alt eg trur om kjærleik, håp og fred. Når alle mine tankar flyg som fuglar, i vide ringar sirklar dei og sviv, forvirra rundt som støv i universet, og blir til eit fortvila rop om liv.
ref: Kom du Guds kraft og full meg med din tillit, la kjærleiken få bera meg, så dansar eg på bare føter, eg dansar tango, min Gud, for livet her hos deg.
Når høge, kalde bølgjer bryt mot livet, eg snublar og kan nesten ikkje stå: Når vindar nesten riv meg over ende, og hjartet nesten ikkje vågar slå, då kjem du stilt og rører meg forsiktig, eg kjenner eg får fotfeste og tru. Eg kjenner at nå vågar eg å dansa, eg kjenner eg får mot nok til å snu.
ref
Du Gud som elskar alt som finst og lever, du Gud som lar meg koma, snu og gå, du Gud som alltid lar meg finna vegen tilbake til deg, ventar på meg nå. Du held meg, du står fast i all mi vakling, du varmar meg med kjærleik du som er. Eg lenar meg mot deg som alltid er der, i dansen min med livet er du nær.
ref
Mai månad er med i dag opna på finast mogleg måte. Veret som har vore ganske kaldt og hustrig store deler av april har slått til med over 20 varme grader, og folk har kome vinterbleike og våryre ut i gatar og hagar i sommarkjolar, shorts og sigletar. Eg og Leif har vore på biltur med mor og far. Det gir ein jo nesten eit slags ungdomsalibi å seia at i dag tok mor og far meg med på tur for å sjå på grøne bjørker og kvitveis og for å spandera middag på Byrkjedalstunet. Far køyrde bilen med oss alle ein lang runde gjennom Gjesdalbygda, gjennom Oltedal til Dirdal, Frafjord, Byrkjedal og over til Høle medan han helste på folk han kjende og fortalde oss om stdane me køyrde forbi. Eg lar meg imponera over alt han veit om alt og alle og alle stadar.
På heimvegen var me innom syster sin hage på Figgjo der dei grilla i hagen med barnebarn og barnebarns foreldre medan dei venta på at eit nytt lite menneske skal bli fødd kor tid som helst nå. Me håpar på god bør og godt og tenleg ver for den vesle jenta som snart skal fødast.
Mai er ein av mine absolutte favorittmånadar. Velkomen, me har lengta etter grøne tre, blomar, sol og sommarvindar.
I nitten år har me hatt katt. Det begynte med at Sunniva kom heim og melde om ein kattunge som sprang rundt i gatene og som ingen eigde. Ho fekk lov til å ta han med seg heim,og så hengde me opp plakatar på alle butikkane i omegna med bilete og spørsmål om nokon sakna ein katt. Dette var i mindre digitale tider, så me gjekk der og venta på ein telefon eller at nokon ringde på døra og ville henta kattungen. Det var det ingen som gjorde, så kattungen fekk bli verande hos oss. Fordi me syntest ho såg litt fornem og egyptisk ut fekk ho namnet Cleopatra. Seinare same hausten kom Halvard heim i matfriminuttet med ein endå mindre kattunge som heldt seg rundt skulen hans og som nokon hadde kasta stein på. Så var det ein ny runde med plakatar, og plutseleg hadde me to kattar. Cleopatra, som hadde rukke å bli husvarm, og lille langhåra Venus som til å begynna med var så engsteleg at ho dei første dagane stod og skalv når me sette henne ned på golvet. Ho var så lita at ho måtte stå med framlabbane på matskåla for å rekkja opp til maten, ein vane ho fortsette med resten av livet.
Dei to vart vel forlikte kattesystrer. Dei likte å liggja tett inntil kvarandre og å eta samtidig av matskålene. Det var på den tida huset vårt vart fullt av dyr fordi spesielt dei to yngste barna var veldig mjukhjarta når det gjaldt alt som levde. Me hadde kaninar i bur, hamstarar, først to me kjøpte, og så ein heil syskenflokk Halvard kom heim med fordi nokon hadde slept dei ut i Sandtangen. Me hadde to undulatar, gullfisk i bolle, ein stareunge som Halvard trudde hadde ramla ut av reiret, rumpetroll som vart til små froskar og til og med ei flaggermus med spjæra venge som Halvard hadde planar om å helbreda. Enn så lenge budde ho i ei skoøskje og vart mata med slikt som flaggermus i fylgje informasjon på nettet likte å eta. Naturleg nok levde verken fuglen eller flaggermusa lenge i fangenskap. Alle desse dyra var nok ikkje hos oss samtidig, men i nokre år var det reine menasjeriet her i tillegg til ein stor syskjenflokk.
Dei siste 10-12 åra har me bare hatt Cleopatra, for Venus vart sjuk og måtte heilt uventa avlivast då eg og Ingrid tok henne til dyrlegen for noko me håpa var ein bagatell som forårsaka manglande matlyst og energi. Etter nokre år var det plutseleg bare to vaksne og ein katt som budde i det store blå huset vårt. Cleopatra har vore ein katt med personlegheit. Ho har vore kjærleg og kosete inntil det klengete og påtrengjande. Når eg skreiv på tastatur likte ho å liggja mellom tastaturet og skjermen, når eg strikka likte ho å liggja inntil kroppen min litt oppfor dei strikkande hendene. Ho ville gjerne bli kost med av alle som kom innom, spesielt dei som ikkje likte kattar, og sidan ho gjekk inn og ut av eiga katteluke var det eit skikkeleg spetakkel å halda henne ute når me hadde gjester som helst ville slippa unna henne. Då var det jamring og mjauing og forsøk på å smetta inn dører som ho til og med ved eit par anledningar klarte å opna sjølv. Ho var ei sprek og energisk kattedame som inntil det nesten siste balanserte på hustak, hoppa opp i vinduskarmar og kom heim med ein og annan fugl ho hadde fanga. Då ho for ei tid tilbake vart dårleg reiste me til dyrlege med gråten i halsen fordi me tenkte at ein så gammal katt får me sikkert ikkje levande med oss heim. Det viste det seg at me gjorde, med gode medisiner vart ho nesten som ny, og me var glade.
Dei siste fire- fem månadane har ho blitt merkbart eldre og slakkare. I jula trudde me nesten at ho skulle døy frå oss, men med ein ny runde medisin vart det betre. Dei siste tre-fire vekene har ho vore sutrete og ekstra klengete. Ho har som før elska å liggja på fanget, mala og bli kost med, men turane ut vart stadig kortare. Sist helg då eg var vekkreist hadde ho jamra ekstra mykje og Leif sende melding om at han hadde bestilt time hos veterinæren på fredag. Denne dyrlegetimen låg som ein tung klump i magen på oss begge denne veka. Eg håpa i det lengste at veterinæren skulle seia at dette kunne fiksast og at me fekk ny medisin som gjorde underverk. Leif tenkte nok meir at nå kunne me ikkje drøya prosessen lenger viss katten ikkje hadde det godt.
Eg grua så forferdeleg til dyrlegetimen at då Leif sa han kunne reisa aleine om eg bare hjalp til å få henne inn i buret slo eg til. Eg følte meg som ein svikar då eg ikkje var med, men visste at om eg skulle uttala meg så hadde eg ikkje klart å gå inn for avliving om det ikkje var heilt uunngåeleg. Cleopatra fekk laks til frokost på fredagen og klokka kvart over elleve reiste dei til dyrlegen. Det vanskelegaste var å senda henne i veg. Eg følte meg som ein mordar og ein bøddel. Eg veit alle seier det er humant å la dyr sleppa når dei er gamle og har det vondt, men eg klarer i beste fall bare å tru på det med forstanden. Følelsane tilseier at det å velgja livet av ein venn er noko ein bare ikkje gjer sjølv om denne har fire bein og lang hale.
Eg håpa i det lengste å få ein levande katt tilbake, men tenkte at det nok var det minst sannsynlege utfallet. Veterinæren sa at mange venta for lenge med å la gamle kattar sleppa å ha det vondt og støtta Leif i at det nok var den beste løysinga i dette tilfellet.
Nå er det tomt her heime sjølv om eg veit at mange ting blir meir praktisk. Me kan reisa heimefrå med godt samvit, me slepp å engsta oss for om ho har det vondt og me slepp å gå og grua for den uungåelege avskjeden. Eg har høyrt at det å klappa ein katt er ein av dei beste teknikkane for å slappa av og kvila. Nå får me prøva andre metodar, dei finst nok dei og. Så får me takka Cleopatra for fylgjet. Det har vore fint å ha deg her.
Sjølvsagt finst det spor av henne i dikta mine. Eg får ta med eit av dei her:
Katten
I det året dei spådde dommedag ligg katten og slikkar høgre labben sin med ru og bleikrosa tunge.
Ho passar på å koma godt til mellom klørne tek seg ein tenkjepause
Klokka nnærmar seg ti. Dei fleste gjestene har gått til ro eller reist heim. Me har hatt ein fin dag og ein fin kveld.
Dagens hhelt er svigersonen Trygve som har stått på kjøkkenet sidan klokka åtte i dag morges for å tilbereda austlandsk juleribbe etter alle kunstens reglar. I tillegg hadde me vestlandsk pinnekjøt så alle vart fornøgde, og til frokost år me Sunniva sitt nydelege surdeigsbrød.
Vesle Tage opplevde sin første julaften med litt hoste og snott i nasen, men han var blid og glad og veldig begeistra for å få Fantusbamse, dokke og nye klær. Iben song med barnekoret i kyrkja, og Hella var delvis med på songen ho og.
I morgon blir me mange til middag då og, men det kjennest ikkje som noko ein bør bli stressa av. Nå skal eg bare rydda unna julegavane og ta tidleg kveld.
Hos oss lever skjøre ting utrygt. Denne fine julekula, som eg har arva etter bestemor, låg knust i julepynten, som nok var litt for uforsiktig lagra.
Det betyr ikkje at me ikkje har nok juletrepynt. Treet er akkurat ferdigpynta nå på seine kvelden, og er fylt til trengsel av pynt frå mange ulike årtier. Noko stammar frå utlandet, og noko er heimelaga. Noko er dyrt og veldig fint. Anna får bare henga med av sentimentale grunnar. Faktisk er det framleis ganske mykje pynt igjen i kassen, men edelgrana me har kjøpt og spylt og tørka før jul, i håp om at ingen skal bli allergiske, har så mjuke glatte nåler at ting sklir av når greinene blir for fulle.
Ikkje eit einaste år rekk eg å gjera alt eg har tenkt før jul. Eg lurer på korleis «alle andre» klarer det. Eller kanskje dei ikkje klarer det dei heller?
Det har vore ein fin og travel dag med julegjester og andre som høyrer huset til. Klokka fire kom alle vaksne barn, og dei andre barna. Så fekk småjentene hjelpa til med å pynta juletre før me hadde graut med mandel, julebrus, kaffi og julekaker. Eg er djupt takknemleg for alle mine og for å få lov til å ha så mange fine folk rundt meg.
Klokka ti i kveld stod eg på kjøkkenet og pussa sølvskeier, nesten litt i smug, mens eg prøvde å få rydda alt rot av kjøkkenbordet. Eg prøvde å få litt skryt av yngste som min som kom ut med diverse frå stova. «Legg merke til kor husmoderleg mor di prøver å vera, sjølv om ho ikkje får det heilt til», prøvde eg meg med…
Svaret hans var i grunnen ganske klokt: «La oss bare embraisa at me er familien Viltersen. Me lever godt med det litt ufullkomne. Det viktigste er at me har det fint i saman.» Det har han rett i.
Det er ein gammal familiehistorie frå Harry Potter-bøkene og filmane si første tid. Endeleg fann me ein filmfamilie som likna litt på oss, sjølv om den aktuelle familien faktisk er trollmenn.»Hugs at me er oppvaksne i familien Viltersen,» er eit uttrykk alle i familien vil forstå dersom det blir sagt rundt bordet.
Nå skal morgondagens vertinne leggja seg før ho blir alt for trøytt og la julepynt vera julepynt…
Etter uveret i går vakna me til nydeleg ver i dag. Ei perlemorsky forma som ei fredsdue fløy over himmelen. Eg hadde lyst til å fotografera for å ha bevis, men fann ikkje mobilen i tide. Me får håpa og satsa på at det var eit godt teikn for jula og det nye året.
Sjølv tok eg meg ein føremiddagsrunde med barnevogn rundt Tjødnå, for eg trudde «badne» var klar for å sova litt. Det var han tydelegvis ikkje. I staden låg han i vogna og småpludra på eit språk bare han heilt kan forstå
Når eg seier til mor at nokre av barnebarna har litt vel lite behov for søvn, så svarer ho med «Du sov veldig lite du og…» Me får velja å sjå på det som di slags anvendeleg superkraft, sjølv om barn som er mykje vakne om nettene, vaknar grytidleg og har lite behov for å kvila om nettene kan vera heftig kost kor dei som skal passa på dei.
I dag ankom ein ny julegjest, Trygve. Han er pappa til han som helst vil vera vaken, så nå er me mange til å avlasta kvarandre.
Me har hatt fikk jentelunsj for fire generasjonar på Figgen hos lillesyster i dag. Det var fint. Arbeidsrommet er rydda og juletreet står på for klar til pynting. Dette kan gå bra ❤️