Gå til innhald

August i Oslo

Dette er litt av utsikta frå Sunniva og Trygve sin balkong i Oslo. Det viser deler av ein fantastisk bakgard med drivhus, plantekassar, tre, benker og småbord og eit fantastisk uteareal for alle småbarna som bur der. Eg er imponert over byutviklinga i Oslo. Det er så mange grøne lunger, parkar og fellesareal, og bilane har forsvunne meir og meir ut av sentrum.

Me har hatt eit heilt fantastisk ver denne veka, sol og sommar kvar dag, deilig fint og varmt. Det vil seia nå i føremiddag har det regna litt, men når det er 20 grader og meir og vindstille, så er det ikkje så farleg med sommarregn. Eg høyrer at ikkje alle er like fornøgde med sommarveret i år, men me har truffet godt med turane våre, og me har samanlagd hatt ein fin norsk sommar, synest eg.

Folk soler seg i parkane og på strendene, eg synest å leggja merke til at sommarbrune nordmenn har lysare brunfarge enn for eksempel for ti år sidan. Kanskje det skuldast solkrem, eller kanskje at det å steikja seg i sola ikkje er så trendy som før? Skal sjå eg er meir trendriktig enn eg trur, for i år har eg ikkje ligge strekk ut i sola innsmurt med solkrem ein einaste gong. Ikkje fordi eg ikkje kan lika litt sol på ryggen, men då skal ein ha god tid, og det har skjedd så mykje anna.

I går hadde me ein nydeleg kveld i lag med Torun, Torbjørn og Elise som kom frå Røyse for å vera i lag med oss. Me hadde kjempegod middag på Südöst på Grünerløkka før me spaserte rundt i byen, prata og såg oss om. Det har vore mange fine treff med venner i sommar, gode menneskemøter er noko av det finaste eg veit. På torsdag hadde eg ein lang og og triveleg lunsj med mi gode barndomsvenninne Sissel på Aker brygge. Me treffest sånn omtrent ein gong i året, og som det står i songen: «Hver gang vi møtes, har vi det bra, vi e venna før livet, sånne e goe å ha.»

I går flytta me inn på gjestehuset på Katharinahjemmet, her bur det nonner og voluntører, turistar og studentar. Dette er ein god og fredeleg plass å halda til når ein er i Oslo. Eg har budd her fleire gonger med venninner, men eg trur det er første gongen Leif er her. Her er det fint bibliotek, klosterbutikk, kapell og ein koseleg spisesal med enkel og god frokost. Viss ein vil kan ein vera med på tidebønner. I går var me på messe i Dominikanarklosteret som ligg fem minutts gange frå her me bur.

I dag har me feira min eldste svoger Joffe med storfamilien, pølser, salatar, frukt og kaker. Me stilde ein heil liten delegasjon frå vår heim med Leif og meg, Halvard, Sunniva, Trygve og Tage i eit slags felles sundagsopptog frå Bekkestua stasjon med Tage i barnevogn.

Vel framme møtte barna våre fleire av syskenbarna sine og ein ganske stor gjeng små tremenninger var samla for første gong. Om me hadde klart å samla alle ville det ha vore ytterligare sju små syskenbarn, men geografisk spreiing tatt med i reknskapen, så var det slett ikkje verst å klara å samla så mange. Me var heime hos Einar og Astrid som har overteke det som for generasjonen under oss var farmor og farfar sitt hus og hage, og det var jo litt ekstra kjekt.

Jubilanten og dei tre brørne hans stilde alle i chenille-onepiecar med juletre og reinsdyr på, som vart kjøpte inn til Leif sin 60-årsdag, og alle var glade og fornøgde. Her vil nokon lura på om Harboe familien er litt spesielle. Til det kan det kanskje tilføyast at dei fleste familiar er litt spesielle, så akkurat det spørsmålet skal få bli hengande ubesvart i lause lufta…

I morgon avsluttar me den siste av dei tre ferieturane for i år og set oss på toget heim. Nå blir det striskjorte og havrelefse som det heiter på den gamle seiemåten. Me kan vel fornya oss litt og kalla det morgonalarmar, vekeplanar og fråverssjekk på Visma.

«Når hausten kjem og sistkveldskløva hente, då skal e takk, før sommarn så å fekk». Men som eg minner meg sjølv om kvart år: August er ein sommarmånad, og det er framleis langt fram til hausten…

Heidi

Sommar i Oslo

På onsdag sette me oss på toget retning Oslo. Me har budd tre netter hos Sunniva og Trygve som har flytta inn i ny leilighet i ein av dei gamle Gråbeinsgardane i skjæringspunktet mellom Tøyen og Grønland. Dei har ikkje gjesterom, men ein fantastisk bakgard dei deler med alle dei andre i komplekset. Der var det eit bakgårdshus besøkande gjester kunne leia seg inn i.

Der var det mellom anna eit drivhus med langbord der eg sette meg ned for å skriva ein salme som eg bestemde meg for å skriva rett etter at eg hadde lagt ut sist innlegg. Eg har lyst til å dela teksten eg skreiv. Arne Martin Aandstad har alt laga ein fin melodi, men den trur eg ikkje at eg får til å dela frå mobilen, så det får venta. 😊 Eg er i byen og sit utanfor Espresso House på Stortorget og skriv. For ein snau time sidan fekk eg melding om at melodien var klar, så då måtte eg inn på ein kafé for å lytta til lydfila. Kreativt arbeid er spennande. Her er teksten. Sidan han er heilt nyskriven kan det framleis koma justeringar.

Rør ved vår vilje

Rør ved vår vilje, Skapar.

Rør oss, så me kan sjå

kor vondt og kor vilt me handlar

mot jorda me lever på.

Rør våre nakne føter

me trør med på heilag mold.

Rør våre harde hjarte.

Skapar, me mista kontroll.

*

Rør ved vår tanke, Jesus.

Rør ved våre hjarte mildt.

Fyll oss med mot og varme.

Me veit me har gått oss vilt.

Rør ved vår egoisme

som seier at alt er vårt.

Rør våre redde tankar,

Herre, me treng det så sårt.

*

Rør oss, du Heilage Ande.

Rør oss og vår feige tru

på at me er utan ansvar.

Ja, rør oss, og vekk oss, du.

Lei oss i val og haldning,

og vis oss kor me skal gå.

Vis oss din veg til handling,

rør ved oss, gjer det nå.

*

Rør meg, du himmelske kjærleik.

Styrk mine vaklande steg.

Hjelp meg å håpa håpet,

kom, styrk meg, og bli hos meg.

Rør meg, slepp aldri taket,

sjølv når eg trur galt er rett.

Rør meg i himmelsk omsorg,

sjølv når eg snublar og dett.

Heidi

PS: Nå fekk eg til å dela notene

Himlajorden

«Kalla den änglamarken eller himlajorden om du vill,
jorden vi ärvde och lunden den gröna.
Vildrosor och blåklokkor
och lindblommor och kamomill…»

Slik syng Evert Taube på plater og gamle innspelningar nesten femti år etter sin død, og mange har sunge og syng med han songen om å ta vare på alt det fine me har arva og har overteke ansvaret for.

Sommaren er verkeleg ei tid for det vakre, kvar dag finn eg fine fotomotiv som eg tenkjer eg har lyst til å dela på instagram for å la andre få sjå noko av det fine eg ser, det ser eg at mange andre og gjer, både der og på andre kanalar.

Ein av dei årlege sommargledene eg har er å lytta til Sommar i P2 og høyra meir eller mindre kjende personar fortelja om livet sitt utan å bli avbrotne av programleiarar eller motdebattantar. I år hadde eg mage episodar å ta igjen, sidan me har vore så mykje på reise, så eg hadde ein liten bank med ventande interessante menneskemøte. Eg såg at den eine som hadde ein episode der var klima-aktivist. Eg må innrømma at det ikkje var den første episoden eg klikka meg fram til, sidan sommaren var så fin og alt var bra, og eg visste at eg kanskje ville bli trist og fortvila av å høyra på.

Likevel, då eg var ute og sykla tur ned til strendene, og mellom anna tok bilete over frå ein byggåker på Vik eller deromkring, fekk tanken at nå hadde eg nytt stilla ei stund, nå kunne eg kanskje høyra litt på radio. Denne gongen fall valet på episoden med klimaaktivisten Jonas Kittelsen. Eg tenkte kanskje at det kunne passa mellom i åkrane og blomane.

Akkurat som eg hadde tenkt/ frykta gjorde dette sterkt inntrykk på meg. Det var lett å identifisera seg med den unge mannen først i tjue-åra som etter å ha teke pause i studiene og budde på ei hytte i eit halvt år der han las bøker og levde så billig han kunne for å få tid til å tenkja, fann ut at det einaste valet han kunne forsvara var å bruka livet på å prøva å gjera ein forskjell i forhold til klimakrisa. Han hadde budd eit år i Kina og kjend klimaendringar og luftforureining nær på kroppen, og var vettskremt med tanken på kva som var i ferd med å skje med jorda.

Då Trump vart vald til president for snart åtte år sidan, tenkte eg at dette har ikkje jorda tid til. Å la ein klimakrisefornektar ha roret i USA virka som ein situasjon ein ikkje kunne ha råd til medan stoppeklokka til ei ufråvikeleg gigantkrise tikka vidare. Trump vart vald, så kom korona, og så kom krigen i Ukraina. Klimakampen pågår, og mange krefter er sett inn på å snu utviklinga, men jorda er ei stor skute å snu. Naturforskarar seier at for å overleva som menneske er me programmerte til ikkje å få full panikk for villdyr før løva hoppar fram frå busken rett framfor oss. Det er ein beskyttelsesmekanisme for ikkje å gå til grunne i bekymringar, men kanskje ikkje alltid det som gjer åtferda vår mest framtidsretta. Under koronakrisa gjekk store deler av verda inn i eit for oss ukjend modus, og me levde med at ingenting såg ut som før. I den bobla levde me med store restriksjonar i to år. Det lar seg altså gjera å leggja om kursen viss me må. I følgje Jonas Kittelsen har me gått inn i ein kollektiv fornektingstilstand, der me later som om det klimaforskarane har funne ut ikkje er sant.

Dagens anbefaling frå meg er å høyra på denne episoden på «Sommar i P2», og så gjera deg opp eigne meiningar om kva du trur på eller ikkje. Eg veit at det er vanskeleg å vita kva me kan gjera. Det monnar liksom så lite om eg skulle lukkast i å vera kjempeflink til å sortera søppel, eller av ulike grunnar lar vera å gå inn i fly når det ikkje er tvingande nødvendig. Det er dei store systema me må endra på. Når det er sagt, så startar det meste av det store i det små, og alle store rørsler startar med at nokre få ser at det må skje noko.

Om eg har tenkt å lenka meg fast inne på stortinget eller noko slikt? Nei, det har eg vel ikkje, men eg har stort behov for å ropa ut at nå må det skje noko. Eg har barnebarn og potensielle oldebarn å ta ansvar for, og dei som lever under tørke og hetebølgjer som nesten ikkje er til å leva med, dei er har og barnebarn og barn eller er barn sjølv. Akkurat nå er mitt bittelille bidrag å skriva denne teksten, men eg tenkjer at me alle må vera så sterke og vakne og modige som me kan for å prøva å gjera vårt for at jorda framleis skal vera bebueleg og god i lange tider. Eg har problem med å forstå at dette ikkje skulle vera den aller første og største utfordringa å ta tak i, og eg forstår ikkje at ikkje alle kan einast om det.

Om dette er krisemaksimering og svartmaling, og om eg har latt meg lura til å tru noko som ikkje er sant? Ja, då kan eg med handa på hjartet svara at ingenting gledar meg meir, og det er ingenting eg heller ville ta feil om. Her har eg ikkje det minste fnugg av behov for å ha rett. Eg er bare redd at det ikkje er så vel.

Måtte me finna gode, kloke måtar å stå saman på. Og måtte me ikkje la alt det vanskelege overskugga gleda og det gode i verda og i kvardagane. Eg har klokkartru på at det går an å kvila i det gode slik at me blir sterke nok til å stå i alt som er vanskeleg. Dette var dagens, til meg å vera, ganske aktivistaktige tekst. Det er lov å la seg inspirera, og det er lov å vera ærleg og redeleg heilt ueinig i tankane mine. Ha ein framleis god sommardag.

Heidi

Sommarsjela

Mot slutten av juli er den etterlengta tilstanden heilt på plass. Dette romet i livet der ein nesten ikkje veit kva dag eller dato det er, og kan oppleva å vakna til heilt blanke dagar der store og små ting kan skje utan at ein har ofra for mange tankane på det på førehand.

Dette å vakna utan vekkarklokke og la dagen starta seg sjølv, kanskje med ei god bok og så ein god kopp kaffi. Å træ ein kjole over hovudet og gå barbeint inn dagen med framleis bustete hår. Sjekka i skåla om det er att nokre jordbær frå i går. Så kan ein kanskje skriva eit dikt som plutseleg har lyst til å bli skrive, eller kanskje kosa seg med å skriva nokre linjer på bloggen, ein hugsar så vidt at ein har ting ein må få gjort før sommarferien er over, men det kan då godt venta ein dag eller to. Kanskje ein etterkvart får lyst til å finna fram sykkelen og sykla ein tur, eller kanskje heller gå ein runde ein eller annan stad, men det får visa seg etterkvart…

Omtrent akkurat slik har dagen min vore til nå, og det er heilt nydeleg. Eg veit at lærarferiar er eit stort privilegium, eg vågar nesten ikkje skriva om det her, eg bare seier at denne pausen frå usannsynleg travle arbeidsdagar i verdas beste yrke, og endå kan eg venta ei vekes tid med alt som må tenkjast og ordnast før eit nytt skuleår skal sparkast i gang.

I dag har eg ei bok å anbefala. Me har høyrd boka «Afganerne» av Åsne Seierstad som lydbok den siste veka. Her møter me tre forskjellige personar frå Afganistan i tida rundt og etter at Taliban tok tilbake makta i 2021. Dette er personar med ulike ståstadar. Jamila, Ariana og Bashir. Den eine ein markant kvinneleg politikar, den andre jusstudent frå ein relativt liberal familie der mora var rektor på ein skule, den siste ein mann med maktposisjon i Taliban. Me får og bli kjende med familiane deira og menneska dei omgir seg med. Det blir fortald på ein måte som gjer at om ein kanskje ikkje får rein sympati for Talibankrigaren, så får ein ei viss forståing for korleis han tenkjer og korfor han handlar som han gjer. Ein får og innsikt i korleis det er å leva i Afganistan.

Medan eg høyrde boka, tenkte eg mykje på kor autentisk dette kunne vera. Eg veit jo at Åsne Seierstad veit mykje om Afganistan, men er ei vestleg kvinne i stand til å leva seg inn i korleis det er å vera innfødd afganar. Dette gjorde at det var veldig sterkt å få med siste kapittel der forfattaren fortel korleis boka blei til. Ho har drive grundig feltarbeid, og alle menneska i historia eksisterer i det verkelege livet. Ho har møtt dei mange gonger, snakka med dei, brukt tolkar, skrive ned og bedt dei vurdera det ho har skrive, ho har snakka med mennesker som kjenner dei, verkeleg gjort alt ho kan for at det er deira eigen stemme som får fortelja om liva dei lever. Eg sit igjen og lurer på korleis det går med dei. Korleis går det med Jamila som flykta til Noreg og prøvde å driva arbeid i Afganistan via ein PC i Finnmark. Korleis går det med Bashir og dei tre konene hans? Er han framleis klar til å døy for Taliban? Og kva med Ariana som bare mangla litt på jusstudiet då universitetet vart stengd for kvinner? Lever ho i lag med mannen som ho sa ja til å gifta seg med fordi familien var desperate i ein vanskeleg situasjon? Har ho klart å bli glad i han, eller er ho framleis fyld av avsky og forakt? Vil han halda løftet sitt om at ho skal få fullføra utdanninga og stå på eigne bein?

Den andre boka eg har lese dei siste dagane er ei av dei bøkene eg kjøpte på bruktbokutsalet i Ålbæk. Det er ei samtalebok mellom forfattaren, som eg akkurat nå ikkje hugsar namnet på, Benny Andersen og Povl Dissing. Dette er ei bok eg nesten ikkje klarer å leggja frå meg. Benny Andersen er eit av mine store litterære førebilete når det gjeld å skriva dikt. Eg kan vel ha vore nitten år då eg oppdaga han, og sidan har eg hatt veldig stor glede av tekstane hans gjennom heile livet. Dei fleste kjenner nok både han og Povl Dissing best gjennom songen «Svantes lykkelige dag» med refrenget om at «Og snart er kaffen klar». Både den og Evert Taube sine tekstar hugsar eg som noko som gjorde stort inntrykk på meg i barndomen. Ein del av tekstane til Benny Andersen er med i boka, og dei gir meg lyst til å skriva mange nye tekstar.

I går kveld sette eg meg ned for å sjå litt på opningsseremonien frå Paris- OL. Eg såg at det skulle vara i fire timar og hadde ikkje drøymt om at eg skulle bli sitjande som hyptnotisert og sjå heile forestillinga, men det gjorde eg. Det var verkeleg imponerande å sjå korreografiane, dei store linjene, måten dei brukte byroma i Paris og Seinen på. Det er sikkert spesielt å sitja på ein platform på Seinen og spela flygel i høljeregn, og fleire enn meg lurde sikkert på korleis det gjekk med flygelet. Ein ryttar riande midt i elva på ein mekanisk hest av metall var og veldig fint. Høljeregnet må ha vore ein strek i rekninga, men samtidig noko ein må ha tenkt gjennom under planleggjinga. Eg synest dei oppnådde å gå ut med bodskapen om ein draum om ein betre og fredelegare verden der menneska står saman om å beskytta livet.

Det var likevel ein stemme eg gjerne ville hatt med i det store koret, kyrkja sin stemme. «Imagine» av John Lennon vart vakkert framførd. «Imagine there`s no countries, it isn`t hard to do. Nothing to kill or die for, and no religion too». I det store mangfaldet ville eg gjerne hatt med nokre element av at menneske og kan strekkja seg mot Gud for å få hjelp til å leva rettferdig, nestekjærleg, berekraftig og i solidaritet med andre. Kanskje eit kyrkjekor utanfor Notre Dame eller ei bøn til Gud sungen av ein solist.
Nå skal det seia seg at skulefransken min er nokså langt frå nypussa, så det kan ha vore stemmar og element eg ikkje fekk med meg. Eg veit at det er mange skuggesider og mykje makt involvert i eit OL_arrangement, men eg syntest likevel det var fint at fokuset i denne store forestillinga var fred og samhald mellom menneske. Å påstå at toppidrett framleis er leik er nok ei sanning med modifikasjonar, men det er vel for så vidt dei fleste sanningar…

Nei, nå får eg la dagen driva meg vidare. Litt har eg då tenkt å få gjort i dag, sjølv om eg fortel meg sjølv at det å kvila litt i ferien er ganske viktig det og…


Heidi

Ålbæk

Den aller første Danmarksturen med vaksne barn gjekk og til Ålbæk. Eg er ikkje sikker på når dette var, men det er sånn omtrent 14 år sidan. Den gongen var det bare me og «ungane» som reiste.

Noko av det eg hugsar best er stranda og den vesle hamna. I eit hus i hamna var det ein gjenbruksbutikk med brukte bøker. Der kjøpte eg mange danske bøker, mellom anna bøkene til Dea Trier Mørk som eg hadde slukt og lese om igjen opp til fleire gonger på norsk. Så låg eg på magen ute i sola og les

Ein av dei tinga eg hadde lyst til å finna ut var om dette utsalget framleis eksisterte, og ein dag var eg og Leif på ein lang trilletur med Tage i vogna ned til hamna. Til min glede såg eg at den same måten å skaffa seg bøker på eksisterte framleis, og eg kunne fornøgd venda tilbake med ein pose full av ulesne bøker. Når eg er i Sverige og Danmark kjøper eg alltid med meg bøker heim. Ein eller annan avtale gjer at skandinaviske bøker er vanskelege å oppdriva på originalspråket i Norge, noko eg synest er trist. Så lenge norsk og dansk er så tilgjengeleg for oss, så er det litt trist at me må gå vegen om nokon si omsetjing.

Dagane i Ålbæk har gått utruleg fort, og veret har vore det finaste me har hatt på nokon av Danmarksturane våre. Det har vore fint å vera saman, og for barnebarna trur eg at det å vera i lag med besteforeldre, syskenbarn, tantar og onklar i ei veke er heilt magisk og styrker opplevinga av å bli oppdregne av ein landsby.

Denne gongen gjorde utleie systemet på huset me budde i at veka i Danmark denne gongen bare varde i seks dagar. Nå er me pakka og klare til overfarten til gamlelandet, og står i fergekø i Hirtshals. Dei som skal til Oslo skal med ei anna ferge, så dei har me allereie sagt ha det bra til. Heldigvis skal me til Oslo om ei vekes tid, så ferien er ikkje heilt slutt endå.

Nå kjører me om bord, så nå får eg finna brillene og gjera meg klar til avstigning.

Heidi

I stim

Langt her nedi djupet, her er alt så flott. Det er her me lever, her me har det godt. Finne ved finne, spord ved spord, og havet er vårt spisebord, det er så godt å leva når ein kan gå i stim

i går tok me med oss småjentene og reiste til Nordsjømuseet i Hirtshals, der kunne me sjå rett inn i fiskestimar og fotografera dei. Denne gamle songen frå musikalen «Reka Regina og kampen om havet», dukka opp i tankane mine. Det må vera sånn ca 26 år sidan me laga dette stykket om forureining av havet, og ulike vesen i havet parodierte menneskemåtar å tenkja og leva på.Stimfiskane sitt motto var: «Treng aldri ha ein tanke, me bare går i stim». Åle Ålesen var glatt og innsmigrende, havfruene tenkte på å ta seg best mogleg ut, og rockene laga «rokke-rock». Det var nesten så eg fekk lyst til å setja stykket opp igjen… Nokre av formingslærarane hadde laga fantastiske kostymer, ein del av dei ligg nok framleis på kostymelageret på skulen.

Det er ein fin eigenskap å kunna gå i stim. Saman er me sterke og ein er tryggare i sentrum av ein stim enn aleine midt i det store havet. Samtidig tenkjer eg at og til at me menneske er meir stimfisk enn me likar å vera ved. Me treng ein stim å høyra til i, og det er lettare å meina og tru det som er opplese, vedteke og godteke som politisk korrekt enn å stilla spørsmål og ta opp kampen dersom noko skurrar

Så lenge me høyrer til stimen vår er det godt og trygt. At andre går i andre stimar og trur på andre ting kan vera meir problematisk, og dersom ein annan stim tenkjer annleis enn oss må dei vera dumme og hjernevaska heile stimen.

Det er mykje rart ein kan bruka tida på å filosofera over når dagane er lange og lyse og ferien gjer oss godt. Her i Ålbæk er me opptekne av å gå i vår eigen vesle stim, og det klarer me ganske godt. Det er fint å ha alle sine rundt seg. Alle gjer ting dei har lyst til å gjera i større og mindre grupper og så samlar me oss rundt langbordet til frokost og middag. Me kan synga med Prøysen og: «Og vi passa unger og vi laga mat, og lønna den passa oss akkurat…»

Av og til skjer det skikkeleg uventa ting som at det plutseleg sit ein frosk eller ei padde, me vart ikkje heilt einige, i dusjen, når ein av oss kjem inn på badet. Den må ha kome opp gjennom ei ganske smal sprekke i sluken. Heldigvis er det handlekraftige damer mellom oss som fort fekk fanga den vesle gjesten og geleida han eller ho ut fridomen i det grøne graset.

Nå er nokre av oss på frisbeegolf, og andre er på ein runde på brukt- og antikvitetsbutikkar. Dei to yngste held fortet og heimen saman med meg. Hella kom akkurat og serverte meg store grøne sukkererter. Nå skal me sjå litt på Karsten og Petra.

Heidi

Skagenstur

Denne føremiddagen vart sett av til noko spesielt, ein tur til Skagen bare for mormor og skulejenta vår. Ho er blitt så stor at ho synest museum er veldig kjekt, og ein føremiddag der ei stor jente får gjera ting litt aleine må då vera innafor… Eg hugsar sjølv at eg syntest det var så fint å få reisa på bytur aleine med ein vaksen av og til då eg var på hennar alder.

Første post på Skagensdagen var eit bamsemuseum. Der var eg og Sunniva då ho var på omtrent same alder som Iben. Eg måtte først finna ut om det bittelille museumet framleis eksisterte, og det gjorde det. Det var litt nostalgisk å gjenta opplevinga 31 år seinare.

Så var me i Anchers hus. Ein av mine favorittstadar i Skagen. Først måtte eg fortelja om kunstnarkolonien i Skagen og om huset der vesle Helga budde i lag med kunstnarforeldra sine. Helst ville eg teke henne med ein heil dag og sett på alle Skagensmaleria på museet og, men eg hadde vett nok til å unngå overdosen. Eg trur desse to musea var akkurat passe

Etterpå fann me jo eit standsmessig konditori der dei serverte kaffien i blå porselenskoppar med ei tilhøyrande kaffikanne. Der var det kaker og danske isar med mange kuler og guf, softis, syltetøy, kokosbolle og krem og alt som bare danskar kan utstyra is med. Valet vart likevel kvar vår softis i kjeks.

Dokka Live frå dagen før, ville vera med. Iben kunne avsløra at ho fylde året akkurat i dag, så ho fekk velja seg eit nytt klesantrekk og ein liten emalje koffert til reisebruk. Me fann ut at alle måtte få vera med og feira, så me gjekk inn på eit bakeri der Iben fekk bestemma at me kjøpte med oss eit rosa eller lyseblått pikekyss til kvar, slik at dei som var igjen heime og skulle få feira litt.

Resten av dagen vart bading og leiting etter små konkyliar på stranda. Middag hadde me ute i hagen rundt langbord dekka til tolv i beste «Hipp, hipp, hurra -stil». Her i huset er det ei stor hylle med danske billetbøker som me kan lesa når det blir leggetid. I morgon skal det regna, så då må me finna alternativ til hage og bading. Me får sjå kva livet har å by på

Heidi

Ålbæk 20.juli

Det var stor stas å møta igjen mormorjentene mine på danskebåten. Eg hadde ikkje sett dei på tre veker, og så lenge trur eg aldri me har vore borte frå kvarandre før.

Etter ein tur for åtte-ti år sidan har eg alltid vore litt spent på hurtigbåt til eller frå Danmark. Slik eg hugsar det sat me og dei fleste andre passasjerane og spydde heile turen som tok dobbel så lang tid som han av skulle fordi stormen gjorde at dei måtte velja ei alternativ lei. Det gjorde så pass inntrykk at eg sa at eg aldri meir skulle på den typen enn hurtigbåt meir. Men det har viss reiseleiarane mellom oss gløymt…

Denne gongen var havet slett som eit stovegolv, så det var ingen grunn til engsting. Då me kom fram til Ålbæk, var første pulje allereie klare og inn installerte i det fine huset det ser på biletet. Eit par timar etter oss kom dei siste to, og så var me fulltallige.

Nå er det storfamilielivet som gjeld i ei lita veke, tolv til frokost og tolv til middag, og tolv par joggesko og sandalar sånn omtrent frå størrelse 20 til 46. Huset er stort og romsleg, i stova er det to langbord, og på terrassen er det eitt. Det er nesten som å vera på leir.

Det mest fantastiske, og nesten litt uventa, er at me har hatt heilt nydeleg sommarver i dag med sol og 25 varmegrader, så me har bada og kost oss ute. Nå har eg kjøpt jordbær og vaniljesaus som me kan ha til lørdagskos. Minstemann er alt i seng med tutt og pyjamas. Det kan nesten virka som har somna allereie. Iben sit her hos meg med ny dokke kjøpt på genbrugssupermarkedet.Dokka skal heita Live og har fin og blomstrete kjole. På stranda har dei b funne bittesmå konkyliar og skjell som kan opnast og lukkast. Viss ein vil kan ein leggja ei fin perle inni dei.

Heidi

Sommar

Me har passert midten av juli og det er midt på sommaren. Me har hatt nokre dagar heime før ny ferietur og har fått vaska klede, rydda litt og pakka på ny.

Sommaren er ein tilstand. Eit rom i livet som av eg alltid lengtar litt tilbake til. Blåklokker og kløver, lyse kveldar og grøne tre, lukter av solkrem, blomar, gras og høy, smakar av søte jordbær og ville bringebær, det å leva litt utan struktur i eit hav av god tid. Alt dette er sommar og ingenting er heilt avhengig av sol og varme og fråver av vind og regn.

Men som innimellom gjer godt. I går var det sol og sval, blond sommar på Bryne. Tjue grader og varmt nok til å kasta jakken. Eg sykla ein tur langs Frøylandsvatnet, forbi Midgardsormen og så tilbake same vegen, stoppa litt for å fotografera og smaka på bringebæra som veks langs vegen. Nå ladar me bil i Lyngdal klare for Danmarkstur med heile familien.

Verda går sin skeive gang. Trump triumferar med skotsår i øyret etter nesten å ha blitt drepen i sist veke. Samtidig prøver dei å få Biden til å kasta handkleet inn for å sleppa til nokon som er yngre enn nokon og åtti. Snart er det OL.

Det vesle sommar livet, og den store verdenssituasjonen, der eit presidentval i USA som kunne minna om ein litt lite truverdig Hollywoodfilm, er bare ein liten del av alt som ikkje er heilt på hengslene.

Me må halda oss godt fast i alt som er godt og be til høgare makter om at me og alle andre menneske må bli kloke og sterke slik at me langsamt og litt etter litt kan koma oss ut av uføret og bidra til ei betre verd. Ei verd der somrane framleis kjem, milde og svale og varmar oss på ryggen.

Heidi

Vakre vestlandet

Me er heime att i vårt eige hus på Bryne. Turen har gått veldig bra i dag og, og det har klaffa perfekt med alle fergene.

Me hadde nokre fine timar i Bergen med Bodil og Per Christian, gamle venner me ikkje har vore i lag med sidan før korona. Me har hatt så mange fine folk å vera i lag med på denne turen. Det er nesten litt tomt å koma heim att.

Som alltid når eg har vore lenge borte slår det meg kor fint det er i Rogaland… Eigentleg rart at ikkje turistane strøymer til i store svermar. Nå skal me få oss litt veldig sein middag og pakka ut tinga våre. Den første vaskemaskinen sviv allereie.

Heidi