
Som dei fleste veit så er ikkje norsk sommar heilt det same som sommar i syden. Skal me vera brutalt ærlege, så er nok ikkje norsk sommar heilt det same på vestlandet som på austlandet heller… Men dersom me legg til sides tanken på antal varmegrader og antal solskinsdagar me synest me har rett til å forventa av ein sommar, så vil eg slå eit slag for at vestlands-sommar, eller endå meir spesifikt, sommar på Jæren.
Sommaren på Jæren har mange kvalitetar og er heilt fantastisk så lenge du ikkje bare ser for deg lange dagar på eit handkle på stranda eller å symja rundt i behageleg varm sjø. Slike dagar kjem nesten kvart einaste år, men ein kan aldri planleggja når dei kjem. Ein må bare snu på hælen og gripa dei i lufta mens dei er her.
Etter høljeregnet i går hadde dei lova oss opphaldsver, solgløtt og pålandsvind i dag. Torun og eg bestemte at det måtte vera ein fin dag til ein langtur langs strendene. Sidan me bokstaveleg talt er mest bevandra frå Borestranda og sørover, fann me ut at me ville gjera det motsatte i dag. Me starta ved båthusa på Sele og gjekk nordover. Me vart ikkje skuffa, naturen der er heilt fantastisk. Bortsett frå nokre surfarar nordst på Hellestø og nokre vassande personar på Vigdel, hadde me strendene nesten heilt for oss sjølv. Det er ein luksus ein ikkje finn så mange andre stader i verda, milevis med fantastisk flotte strender der ein slepp å gå i kø, eller å liggja nesten oppå handkleet til andre som er der.
Lyset var fantastisk, havet blenkte i alle nyansar av blått og kvitt, grønt og lilla. Svalene flaug lågt langs havkanten, truleg for å snappa til seg tanglopper. Tjelden vassa rundt med høgfrekvente skrik, ærfuglar duppa i bølgjene, og måkane sviktar aldri.

Me gjekk langs steinstrender og sandstrender, og nokre gonger litt oppe i marehalmen og sanddynene for å koma fram. I enden av Hellestøstranda fann me oss ein lun plass til medbrakt salat, kaffi og lefse og lappar frå jærbakaren. Me hadde planar om å bada, men sjølv om sola skein heile tida var vinden så pass kjøleg at me i første omgang nøya oss med litt vassing.
Då me kom tilbake til bilen juksa me litt og køyrde vidare til Ølberg. Der visste me at dei sel sånn omtrent den beste softisen i heile verda, og i tillegg tenkte me at det kanskje var litt mindre kald vind med tanke på bading. Eg er glad i å bada, men må innrømma at eg er ein lystbadar som helst ikkje piner meg uti iskaldt vatn med mindre det er varmt nok til å kunna kosa seg i vatnet når ein først har gjennomlevd prosessen med å koma seg under… Torun er derimot ein pasjonert badar nesten uansett temperatur, og eg hadde nesten lova henne at eg skulle bada i lag med ho. Eg klarte det nesten. Badedrakta vart i det minste våt på den nederste brøkdelen. Eg prøvar å læra ungane på skulen at det er lov å seia nei og visa respekt for eigne grenser, akkurat det praktiserte eg i dag, medan den langt tøffare venninna mi som meiner at ein må symja minst sju tak for at eit bad skal vera gyldig, gjorde akkurat det…
Etterpå var det på med varme jakkar, og så vart det softis på ein gammal trebenk. Etterpå kjøpte Torun med seg nykokt krabbe heim til faren sin. Då me stoppa hos oss for at ho skulle få med seg tilbehøyr frå plantekassane våre som dill og persille, insisterte ho på at me måtte få nokre klør slik at me og fekk smaken av krabbe. Det gjorde me. Det smakte sommar av eit krabbesmørbrød med grovt grytebrød, smør, salatblad, sitron, majones og dill.
Dersom nokre treng sommartips for gode dagar i vårt hjørne av verda, slår eg eit slag for vandringar langs strendene. Det er ein fantastisk måte å nyta naturen, god tid og lange samtalar med ein du liker å ha lange samtalar med. Som eit alternativ går det utmerka godt an å vera tause og, det er så mange andre lydar der at det aldri vil vera feil det heller.
Og i fare for å bli oppfatta som litt einspora: I morgon lovar eg å skriva om noko anna enn jærstrendene.
Heidi

Kanskje eg med dette kan gi eit ansikt til noko mange kjenner seg att i? Eller opna døra på gløtt til noko du aldri har kjend på kroppen.
Dei som kjenner meg godt veit at eg nesten aldri er sjuk, og at eg samtidig tenderer til å vera skikkeleg hypokonder. Eg er alltid livredd når eg har møtt fram til mammografi eller liknande og føler meg dødsdømt heilt til eg får svaret i posten om at eg ikkje har noko å bekymra meg for. Eg trur eg må ha nesten norsk rekord i å ta hurtigtestar for korona, for å forsvara meg sjølv litt, så var det mest fordi eg visste at eg som ansatt i barneskulen var veldig eksponert for smitte, og eg var livredd for å smitta andre. Det kan kanskje kallast sekundærhypokonderi? Redselen for at nokon skal døy av korona fordi eg har smitta dei…
Eg og syster mi har det likt. Me er mellom dei få eg veit om som er redd for at ein tur til optikaren eller tannlegen kan avsløra alvorleg langt framskriden sjukdom. Me har ein teori om at det ligg i genene etter at bestemor som lita jente mista mor si og nesten alle søskena i tuberkulose. Det at slike opplevingar kan setja genetiske spor har faktisk fått eit slags vitenskapeleg belegg dei siste åra, sjølv om dei fleste er skeptiske til teorien når eg nemner han for dei.
Nå har eg igjen for litt over tre timar sidan på ny fått livet i gave. Eg har i eit års tid gått og kikka på ein føflekk og tenkt at den burde eg sikkert få sjekka. Dei siste vekene har eg følt meg forfulgt av artiklar om føflekk-kreft og høyrt om andre som har fjerna føflekkar som viste seg å vera noko ein ikkje burde gå med. Eg tenkte at det kunne vera eit teikn på at eg måtte koma meg i veg for å få vist flekken min til nokon som hadde greie på deg.
På fredag bestemte eg meg, og sykla til M44 med klar agenda om å få scanna den gjeldande føflekken. Eg måtte svara på mange spørsmål, og dei fotograferte føflekken med noko som likna på ein butikk- eller biblioteks-scanner. Ho som gjorde det lurte på om eg ville sjå flekken på skjermen. Det kunne eg godt ha takka nei til, for på skjermen i sterk forstørring såg han heilt forferdeleg ut. Så vakla eg ut der i frå og gjekk inn i den redde venteperioden eg visste måtte koma. Eg klandra meg sjølv for ikkje å ha gjort dette for lenge sidan, for nå kunne det fort vera for seint. Eg fekk beskjed om at eg ville få sms -beskjed når hudlegane hadde sett på flekken, og at dei ville ringa i tillegg viss dei fant noko bekymringsfullt. Det kunne ta ei til to veker å få svar. Eg førebudde meg på alle moglege tilbakemeldingar. Mest på dei aller verste.
Eg tenkte at nå vart det to veker i alarmberedskap, der eg skulle bli nervøs kvar gong eg fekk ei melding, for ikkje å seia ein telefon. Det viste seg at eg fekk sms-en allereie i dag. Eg skalv sånn på hendene at eg nesten ikkje fekk til å slå inn dei to kodane eg trengte for å opna svaret. Det viste seg at eg slapp i frå engstelsen med liv og helse denne gongen og. Flekken dei hadde scanna var heilt ufarleg, med eit fint latinsk namn. På norsk vart det på folkemunne kalla ein «gammelmannsflekk». Det namnet får eg heller leva med.
Eg veit at verken liv eller helse er sjølvsagte greier. Kvar dag som helst kan me få ein takstein i hovudet eller noko endå verre. Eg føler at eg nok ein gong har fått livet i gave. Det kjennest veldig godt sjølv om den innerste delen av hypokonderhjernen min kviskrar at hudlegar og kan ta feil.
Det var i grunnen bare den gleda eg ville dela i dag sidan eg nå ein gong har opna ein sommarblogg. Pass godt på deg sjølv og ikkje vent med å få det sjekka dersom du er engsteleg for noko. Sjølv feirer eg livet med blomsterbuketten på biletet og kald rabarbrasaft. Moreller kjøpte eg og med meg heim.
La oss vera glade for å ha kvarandre.
Heidi

Nå sit eg her på eit nestenrydda kontor og flikkar på tekstar eg har liggjande. Sidan eg opna ein sommarblogg i går kan eg jo by på eit av dikta eg jobbar med.
Eg har tenkt mykje på kva som gjer ein barndom trygg og god, og kva som gjer at barn kjenner seg elska og ivaretatt. Eg trur ikkje det finst fasitsvar. For meg var besteforeldre ein viktig faktor i barndomen medan andre barn kan ha ein utmerka barndom heilt utan besteforeldre. I diktet prøver eg å få fram at det uperfekte kan vera meir enn godt nok for eit barn. Nå lurte eg på om eg skulle sletta dette avsnittet, fordi eg synest folk skal lesa dikt utan å bli fortald kva dei handlar om. Nå, ja. Det får vera som det er. Det er ikkje sikkert at dette diktet kjem på trykk eller at det blir slik som dette, men det får duga som ei føremiddagshelsing frå meg.
Eg er usikker på om bestemor kjende til blomen blå valmuesyster, men ho var veldig glad i blomar og elska akkurat denne blåfargen. Derfor gir det meining å illustrera teksten med dette biletet.
Bestemor sitt kjøkken
Bestemor sitt kjøkken hadde vore lyseblått
med flortynne blondegardin
og smårutete vindu om ho hadde fått bestemma.
I det verkelege livet var skapdørene brune,
og i dei syntetiske gardina var det små hol
brennemerka av morfar sine rastlause sigarettar.
Luktene på kjøkkenet var som ho hadde ønska,
varme lukter av nysteikte kjøttkaker
og nykokt havresuppe,
sommarfarga lukter
av nykokt saft og syltetøy
solbær, rips og stikkelsbær,
med kokte glovarme flasker
i rekkjer og rad på benken
klare for å fyllast med varm saft og korkast igjen.
Kaffikjelen alltid klar på plata,
kaffisilen på benken ved sida av
sukkarbiter i ein opna pakke på benken
og asjettar med wienerbrød frå Sverres konditori.
Lag på lag med wienerbrødflak,
tytebærsyltetøy i midten,
ei stripe gul eggekrem på toppen,
den eg likte å spara heilt til slutt,
tjukk stiv, kjøleg melisglasur heilt øverst.
På ein stålstol med blått plastsete
sit den vesle tynne morfaren min
sixpencelue med trykk-knappen i panna kneppa igjen.
Han drikk kaffi med mjølk frå eit lyseblått tefat.
og et wienerbrød
sjølv om munnen er nesten utan tenner.
Bestemor sitt kjøkken var brunt og ikkje lyseblått.
Bestemor sitt kjøkken var ein god plass å vera barn.
Heidi

Nå har det allereie gått ei veke av sommarferien, og me er inne juli månad som eg trur må vera den absolutte favorittmånaden min. Kanskje saman med august, men medan august er pakka inn i mogning og vemod har juli framleis venteglede og ny sommar i armane.
Sommar har me hatt ei stund, for det vart mange fine dagar i juni. Før skuleferien starta hadde eg ei nydeleg og veldig varm langhelg i Oslo, der eg var på salmeseminar og fekk med meg årsmøtet der eg avslutta styrevervet mitt i norsk hymnologisk forening. Det har vore interessant å vera med i to år, men akkurat nå har eg det for travelt til å kunna skjøtta ei slik oppgåve så godt som eg gjerne ville. Det er godt å kunna plukka ned nokre ballar, for dette skuleåret har vore veldig travelt. Me fekk landa det greitt, men eg trur aldri eg har hatt eit så travelt år før, og det seier ikkje så lite. Eg må skunda meg å seia at det er ikkje bare på grunn av jobben det har blitt slik, eg har lett for å ta på meg litt for mykje ansvar fordi det er så mykje eg har lyst til å gjera.
Eg har alltid likt at sommaren kjem med romslegare dagar og god tid slik at ein kan finna att kvilepulsen og få tenkt tankane sine ut. Ein bonus med eit styrverv i Oslo har vore at det har blitt nokre ekstra turar dit. Med to barn, eit barnebarn og anna nær familie i hovudstaden, er det alltid stas å koma seg dit. Å få vera med og bera kengurubarnet Tage medan han ennå er nokså ny her i livet er stort. Helst ville eg at alle barna mine og spesielt barnebarna skulle ha budd i mi gate her på Bryne, men Oslo er ikkje det verste alternativet. Ei halv dagsreis med tog så er eg der.
Straks skuleferien starta, reiste me til Søgne for å feira St. Hans-helga med gode venner. Det vart så fint å få ei helg i saman med to vennepar me har kjend godt dei siste 30-40 åra. Eg samlar på venner og er alltid open for å finna nye, men det er noko eige med dei som kjenner deg og historia di, og der me alle veit så mykje om kvarandre at me på ein måte bare kan skriva eit nytt kapittel i ei bok alle er godt kjende med. Jan og Hilde bur i eit hus med fantastisk utsikt utover sjøen. Desse lyse nettene rundt Jonsok er heilt magiske. På grunn av tørkeperioden me har vore gjennom fekk ingen tenna bål eller grilla, men me koste oss med open dør mot havet og spekemat på bordet.
Då me kom heim fekk me besøk av Sunniva og Tage, og eg fekk fortsetja løpet som kengurumormor.
Den vesle vennen er blid og sosial, men liker seg best når han sit på fanget eller er spend fast i beresele tett inntil ein vaksen kropp. Det er fint å sjå barna mine i rollen som omsorgspersonar, og det er aller best å få prøva seg i rollen som omsorgsperson sjølv og. Etter å ha vakse opp med fire fantastiske besteforeldre som alle kjendest som ganske nære personar, har eg høge tankar om kor viktig besteforeldre er.
Nå er dei to feriegjestene tilbake i Oslo, og Ingrid og Oddvar har teke med seg jentene og reist på ferie. Det vil seia at tida er komen for at mormor må gjera litt andre ting enn å bera barnebarn, leika og kosa seg. Her er det store mengdar rot å rydda opp i. I går haldt eg på i time etter time på arbeidsromet, eit forsømt rom og kapittel over litt for lang tid. Nå kjem det seg, men framleis er det nok å ta tak i. Samstundes hadde eg håpa at eg i løpet av sommaren kunne få gå gjennom alle tekstane og dikta eg har liggjande ferdige og halvferdige i bunker og notatbøker. Det er fire år sidan siste eg gav ut diktbok, så nå synest eg tida kunne vera mogen for det igjen. I samband med det var eg inne og leita her på bloggen min, for eg visste eg hadde nokre tekstar der eg kanskje kunne bruka.
Då eg sat og las meg fire år tilbake vart eg glad for alt eg har skrive her. Om ingen andre skulle hatt interesse av å lesa det, så er det for meg ein form for levd liv i hermetisert form som eg set pris på å ta med meg vidare. Det var då eg tenkte at eg måtte skriva sommarblogg i år og. Det var bare å koma seg i gang.
Noko anna eg har ambisjonar om å gjera i sommar er å vera flink til å koma meg ut på tur. I dag lurte Leif på om eg hadde lyst til å bli med ut og sykla. Det var ganske fint ver ute, og etter eit par våte, grå og kjølege dagar passa det godt å koma seg ut på sykkel.
Me tråkka oss gjennom sommardagen sørover Jæren, og eg kjende på kor glad eg er i dette landskapet mitt med beitemarker og åkrar, markblomar i grøftene, masse fuglar, beitande kyr og sauer og forblåste vindskeive tre. Får me ein sommardag på Jæren med 18 varmegrader, sol frå lettskya himmel, forsiktig vind som ikkje er iskald, då er me godt nøgde og har det godt. Det gjer ikkje noko om ein må sykla med ein strikkejakke over sommarkjolen eller om me for å vera litt tryggare har med oss regnklede i sidetaska på sykkelen. Får me ikkje bruk for å plukka fram det siste, så er det rein bonus.

Me sykla ned til Wiig-stranda i dag der havet gjekk høgt og skummande. Det lukta av rotnande tang og tare og av salt sjø. Me hadde ikkje med oss badetøy, og det var heilt i orden for det var avkjølande nok å vassa litt. Eg har eit sterkt og intenst forhold til jærstrendene. Av og til må eg bare ned dit. Pulsen frå bølgjene og den vide opne horisonten får noko i livet mitt til å falla på plass. Det høyrest voldsomt ut, men eg får ikkje til å forklara det betre, og dei som har det på same måten som meg veit kva eg meiner…
Utpå ettermiddagen fekk me veldig gildt besøk av Torun. Heldige meg som kjenner så mange gilde folk. God juli, alle saman!
Heidi

Arbeidsdagen er i praksis nettopp avslutta, og eg og katten slappar av i sofaen i nesten fullt dagslys klokka ti om kvelden. Lyset på denne årstida er heilt fantastisk. I eit dikt eg kan finst fylgjade linje : «mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene.» Eg skal ikkje gi meg ut på dogmatiske utleggjingar om det teologiske innhaldet i linja, men eg speglar meg i diktaren sin tanke.
I dag fortalde eg elevane mine at dette er den siste vårdagen, i morgon er det juni og då er det sommar. Eg måtte samtidig konfontera dei med den litt mørke sanninga at eg ikkje kan garantera at dei får bruk for tynne sommarklede med det første.
Datoen i dag tilseier at når det gjeld maibloggen, så er han fullend med dette innlegget. Eg kan fornøgd med eigen innsats setja klistrelappen «mai-23» på det store digitale syltetøyglaset og setja det på den store hylla saman med dei andre 17 årgangane…
Så kan eg diskutera med meg sjølv kva eg skal med 18 årgangar mai. Det er ikkje sikkert eg kan gi eit godt svar. Dokumentera livet ? For meg sjølv? For andre? For etterkomarar og samfunnsforskarar? Fordi eg ikkje er typen som er i stand til å gi slepp på noko som helst. Kanskje litt alt saman…
Det kjennest godt å framleis ha stor glede av å skriva, og det kjennest litt godt å kviskra eit oppmuntrande «Oppdraget utførd for i år!» til meg sjølv.
Takk for fylgjet, gode venner. Eg kjem nok til å skriva ein del simmarblogg etter kvart… God juni, til alle saman.
Heidi

Om omtrent eit døgn frå nå kryssar me grensa til juni månad, og me tek i fylgje kalendaren steget inn i sommaren. For nokre år sidan oppdaga eg at sommaren var mi favorittårstid. Lenge ville eg nok ha svart at eg likte våren best, men nå er eg ikkje i tvil om at det er sommaren som toppar det heile.
Desse mogne rolege vekene med alle blomane, luktene og dei lange lyse kveldane er sjølve hjartet i årsløpet. Det å pusta roleg utan å heile tida skulle nå noko, og dette å ha ein kalendar med god plass, er truleg ei nødvendig vitamin-innsprøyting for dei av oss som har ein tendens til å enda opp med litt overmøblerte avtalebøker.
Kveldane og nettene er allereie vidunderleg lyse, det er bare synd at morgonen kjem så tidleg. Elles skulle eg med stor glede følgt livsvisdomen i songen som seier at sumarnatta er for ljos til å sova burt. Eg har stor sans for tanken om å «vandra i saman ute under dei lauvtunge tre». Eg kjenner til og med eit par menneske eg truleg kunne lokka med meg på vandringa… Me får ta det igjen etterkvart. Kanskje det blir varmare og?
Men framleis er det ein dag igjen av månaden mai. Den skal me ta med oss.
Heidi

Melding frå Torhild i går då eg akkurat hadde rydda inn frå solettermiddag i hagestova i ly av nordavinden:
Torhild: Lyst til å besøkja oss?
Heidi: Nå med det same?
Torhild: Ja, for eksempel…
Sidan me ikkje har lyst til å slutta heilt med å vera spontane, og sidan det alltid er kjekt å vera ønska ein plass, kom me oss i bilen i løpet av eit kvarters tid.
På den innebygde verandaen til Torhild og Per Magne fortsette innandørs-sommaren med jordbær, is, banan, peanøtter, granateplefrø og kaffi. Det vart ein veldig koseleg kveld, og eg fekk med meg heimestrikka sommarskjerf i regnbogefargar i gebursagspresang.
I dag var det duka for sundagssamling, eller kanskje heller måndagssamling i heimen. Eg fekk ein idé om å gjera om kjøkken og stove til pannekakerestaurant. Det rekna eg med måtte kunna utviklast til ein grei kombinasjonsmeny for alle generasjonar. I fantasien min skulle ein stor stabel varme pannekaker serverast med sprøsteikt bacon, oppskoren frukt, ferske jordbær og bringebær, banan, non-stop, varm bærsaus, piska krem, vaniljeis, sukker og smør, og så kunne alle forsyna seg med det dei måtte ønska.
Ideen var slett ikkje verst, men det tok mykje lenger tid enn eg hadde trudd å steika løvtynne pannekaker av ti egg og to liter melk, og det gjorde seg ikkje sjølv å førebu alt det andre samtidig med steikinga. Det ende med utløysing av røykvarslar som måtte koplast ut og steiking for vidopen verandadør. Ingenting vart klart då gjestene kom, men det blei det etterkvart, og når alle gjestene er familie er det heilt greitt å måtta hjelpast åt litt…
Etterpå arrangerte mitt organiseringssøkjande eldste barnebarn diverse konkurransar, som ho delvis fekk heile forsamlinga med på. Kanskje endar dei med jobb i skulen både ho og lillesøstera på to – og eit halvt, som har oppdaga at ho får merksemda og ordet dersom ho med ei betydningsfull mine klappar ein rytme og ventar til alle ser på henne?
At oldefar var ein kløppar på å bretta papirfly overraska meg ikkje, men det viste seg at oldemor kunne det ho og. Så måtte alle skriva namnet sitt på flyet med ein kulepenn før dei skulle kastast lengst mogleg. Både mormor og oldemor lurte seg unna neste konkurranse som vart hopping i form av høgdehopp og stille lengde.
Eg fekk meg ei ny ladning med syrinar til å fylla vasane med, og oppdaga etterkvart at eg sikkert hadde hatt pannekaker nok til 8-10 personar til. Resten vart delt ut i plastboksar til dei som ville ta med heim, og resten vart frose ned.
Barnas morfar har sykla til danskebåten, og har planar om å bruka det komande tidsromet med å sykla på danske hærvegar. Nokre av oss blir att i heimlandet for å halda samfunnshjula i gang. Og nå har kvelden nok ein gong innhenta oss igjen.
Ein ny dag ventar på andre sida av vekkjarklokkealarmen.
Heidi

I dag starta eg og dagen ganske seint med å gjera meg klar til at me skulle sykla til Timekyrkja på pinsedagsgudsteneste. Datoen og dagen tatt i betraktning, så hadde eg vurdert å ta på ein sommarkjole. Etter ein kikk innom yr vart det langbukse og ullkofte under kåpa, og i tillegg ullvottar på hendene.
Eg må innrømma at ikkje alle mine kyrkjebesøk er ut i frå eit reint lystprinsipp. Akkurat som eg uti frå rutinane mine står opp og går på jobb kvar morgon, og akkurat som eg i beste fall tek på regnklede og går ein tur sjølv om det regnar, så prøver eg å koma meg i kyrkja på sundagane, fordi eg har ei overbevisning om at det er godt for meg, og etterpå er eg alltid glad for å ha vore der.
Av og til får eg ei sterk oppleving av det som står i salmen:» Som når eit barn kommer hjem om kvelden, og blir møtt av en vennlig hånd». Slik var det for meg i dag. Det var veldig fint å vera i kyrkja, salmene var fine og sommarslege, det stod fine sommarblomar på altaret og prosten vår, Lars Sigurd, kledd i pinseraud stola, klatra opp på preikestolen, som er såpass høg i Timekyrkja at eg ofte har lurt på om eg ville bli lamma av høgdeskrekk om eg vart nøydt til å stå der oppe og tala. Så langt har eg ikkje blitt utfordra på det.
Eg fekk og gratulert Kristine og Erik som bar sin vesle Henrik til dåp i dag. Det var fire dåpsbarn, og som alltid blei eg veldig rørt av å sjå babyane omgitt av glade stolte familiar. I det heile tatt er nyfødde barn noko av det som rører meg aller mest i heile verda.
I ein av dei gamle salmene, kanskje Grundtvig eller Lindemann, song me om korte lyse netter med nattergalens sang. Kanskje me ikkje kan leggja skulda for dårleg nattesøvn på nattergalen her på Jæren i Nordavindland. Men visst blømer det fleire og fleire markblomar i grøftene for kvar dag som går, og i dag vaiar det norske flagg mellom dei kvite og grøne bjørkene i anledning pinsedag.
Her heime har eg teke grep og flytta meg med radio, mobil, strikketøy, bøker, kaffi, mobil og skrivebøker ut i utestova. Her er det faktisk blitt veldig godt og varmt, så her kan eg leika sommar og kjenna på den gode solvarmen. Ei kjøttmeis flyr til og frå og forsyner seg med frø frå fuglemataren, og sommarblomar og urter frå Vik-gartneri står fine utanfor glasveggane.
Eg sit og og kikkar på alt som skulle vore gjort av rydding og fiksing, men i dag har eg bestemt meg for å la det vera. I dag vil eg halda kviledagen heilag, og tenkja at alt som skulle vore gjort kan eg få sleppa å gjera i dag, med mindre eg plutseleg skulle få ein ustyrleg sterk trong til å gjera det. Det er då ein fantastisk tanke?
Kanskje eg skriv nokre pinsedikt, eller kanskje ein salme? Det fekk eg lyst til då eg sat i kyrkja i dag. Me får sjå kva veg vinden bles meg…
Heidi

Eg starta dagen i dag og med å lesa ei bok, bare fordi eg kunne. Eg las «Uro i koronaen sin tid» av Bent Høie. Det er allereie merkeleg å tenkja tilbake på den lange tida me var inne i koronabobla. Tenk at det verkeleg var slik me hadde det nokså nyleg… Og tenk at me tilsynelatande er trygt ute på den andre sida og lever omtrent som før. Heile perioden med nedstengning og frykt for. Smitte virkar nesten litt uverkeleg. Det første me gjorde om morgonen var å sjekka smittetal, og me sat benka som barn framfor barne-tv når Hans, Erna, Espen og Camilla dukka opp på sine hyppige seansar for å opplysa, trøysta og fortelja oss kva som var lov og ikkje lov denne veka.
Som biletet viser, så brukte me deler av dagen ute i det grøne. Me hadde til og med med oss ryggsekk med kaffi, knekkebrød og eit par melkesjokoladebitar, og hadde heilt bokstaveleg talt lunsj ute. Sjølv om me har begynt å lengta etter varmare dagar, så tyder mykje anna på at det nok blir sommar i år og. Grønfargane er akkurat så hypnotisk vibrerande som dei bare er på skkurat denne årstida seint i mai. Skogstjerner, gauksyre, lupiner og mykje anna set og farge på naturen, fuglane syng, og humlene er på plass.
Vel heime i stova skrudde me på varmeovnar og varmepumpe før eg pakka meg inn i eit teppe og fann fram strikketøyet. Eg har ikkje hatt tid til strikking på fleire veker, så det kjennest nesten luksuriøst.
For første gong henta me med oss sushi frå den nye restauranten i Jernbanegata. Det smakte veldig godt.
Og viss nokon skulle lura: Eg har imgen sponsoravtalar med sushibransjen eller bokbransjen…
Heidi

I dag fekk eg melding frå far om at han hadde vore innom og lagt liljekonvall og syrinar i vasken på badet nede. Kanskje det var ein kommentar til at eg nesten påstod på bloggen min i går at ingen av desse blomane hadde sprunge ut endå?
Fine var dei i alle fall, og eg vart veldig glad. Begge deler høyrer til under mine absolutte favorittblomar saman med blåklokker, tiriltunger, kornblomar, valmuer og solsikker og sikkert mange fleire viss eg får tenkt meg om. Fleire presangar har eg og fått i dag. Så mange gilde folk eg kjenner.
I dag var det absolutt fantastisk å kunna ta ein sein og roleg morgon. Eg gav meg til og med lov til å lesa ut ei bok eg begynte på i går kveld, Ingebrikt Steen Jensen si bok om å leva med demens. Han skriv om ein av dei sjukdomane dei fleste av oss er livredde for å få, men det er på mange måtar likevel ei livsbejaande bok med mykje livsoptimisme.
Kveldane er lange og lyse, nå ventar me bare på varmen. Akkurat som i mai alle andre år lurer eg litt på kor dagane blir av. Dei renn som sand mellom fingrane eller bles vekk med nordavinden. Men fine er dei, og me klamrar oss fast så godt me kan. Det kjem rolegare dagar etter dette…
Heidi