Gå til innhald

Luke 14 desember-23

Etter ei særdeles intens veke følte eg meg som ein søvngjengar då klokka fortalde meg at eg måtte stå opp. Ein rask hårvask måtte det og bli, for slikt hadde eg ikkje hatt tid til heile veka.

Éin stor bag med klede frå kostymelageret på skulen, samt ein kaffikjele med storleik som frå eit gammalt bedehuskjøkken, skulle vera med i opp-pakkinga i dag, og Leif tilbydde seg å kjøra meg.

I bilen til jobb fekk eg plutseleg ein merkeleg sansefornemmelse. Eg vart så utruleg varm i fingertuppane, og varmen liksom breidde seg oppover i handa. Før eg fekk reflektert over om det var heilag energi eller eit begynnande slag, fekk eg ein følelse av noko fuktig og rennande. Blødde eg frå ein finger?

Eg løfta hånda opp for å undersøkja det nærare og såg at tuppen på strikkevotten min draup av kaffi. Det viste seg at pilgrimen min hadde plassert eit stort krus kaffi i kopphaldaren mellom framseta, og at eg var så i ørska at eg hadde sitte med handa i kaffikoppen utan å leggja merke til det. Ein god lått vart i det minste ein oppvekkjar. Eg trur eg snart treng ferie…

Kollega Lise hadde vore på jobb frå kvart på sju for å koka risgraut på frosen overskotsmjølk frå mjølkeskapet. Denne skulle elevane våre få invitera fadderbarna sine til å eta i lag med dei ni ein forlenga matpause. At nokon er på skulen på den tida for å by på arbeidskrafta si imponerer meg djupt og inderleg…

I dag fekk me lese ut «I et speil, i en gåte» av Jostein Gaarder. Sjølv om eg etter dei første kapittela lurde på kva eg hadde begitt meg ut på, så vart det ei fin leseoppleving. Me fekk nokre spennande samtalar rundt filosofiske spørsmål, og sjølv om temaet er trist, så er det vakkert og spennande på same tida.

Det aller beste i dag er at Sunniva og vesle Tage er på plass i heimen. Turen frå Oslo med barn i beresele og to koffertar hadde gått veldig bra. Han som nettopp var ein liten baby rasar rundt på golvet, reiser seg og går langsmed bordet, og vil helst ta og smaka på alt han ser. Eg trur juletreet skal få venta nokre dagar til med å stå der med dryssande nåler og spennande pynt.

Nå gler eg meg veldig til komande dagar i lag. Kvelden har eg brukt på eit arbeid eg har lova å gjera før jul. Tradisjonen tru så har eg framleis veldig mykje å ordna før jula kjem for fullt, men jul skal det bli.

Heidi

Luke 13 desember-23

Ein kjenner at ein lever i veker som dette. Når korona, influensa og annan styggedom sveiper over landet, og når vikarar ikkje er å oppdriva så er det spennande frå dag til dag korleis me skal få kabalane til å gå opp. Ein kan ikkje gå ut i frå at det ein trur ein har kontrollen på om kvelden kan gjennomførast dagen etter. Heldigvis jobbar eg med veldig positive og løysningsorienterte menneske, så me finn ut av det meste.

Når ein er litt trøytt, sliten og overarbeida blir på ein måte det livet ein står i ekstra sterkt og ting gjer inntrykk. I dag var morgonoppmuntring nummer ein at eg sa til ein kollega at eg hadde laga eit Luciaopplegg i fjor som eg kunne ha trengt, men eg trudde det vart sletta då eg fekk ny ipad. Han fortalde at det opplegget hadde han, og med eit par tastetrykk var det på plass. Så let eg meg røra av ein at gutane som hadde skrive i adventkonvolutten at i dag hadde han noko i sekken. Det låg det ein boks med heimelaga julegodter, og auga hans glitra mens han delte ut.

Så sstod plutseleg rektor Tore smilande i døra og lurte på om han og hunden fekk lov til å besøkja oss. Det vart ei nydeleg og improvisert stund der dei fekk læra litt om hundeoppdragelse og dei som ville fekk helsa på hunden og gi godbit viss hunden gjorde forventa triks. Det vart eg og rørt av, og då første trinn kom inn med glitter, lys og kvite skjorter og tok ein runde i romet medan dei song Luciasongen, begynte tårene mine å pipla fram. Eg fekk sagt til klassen at når eg er ekstra trøytt er det to ting som får meg til å gråta: Syngande barn med lys i hendene og mannskor med kvite songarluer.

I dag var det den siste av tre onsdagar med juleverkstad. Det er intenst, småkaotisk og koseleg på same tida. Eg er fornøgd med at eg og kollega Marit faktisk fekk rydda vekk alt materialet me ikkje fekk brukt slik at eg slepp å gå ein runde med fulle posar for å leggja på plass sånn ein dag på nyåret.

Om ettermiddagen var det siste runde på jobb i kulturskulen. Me hadde julekonkurransar og smakte på julebrus medan me prøvde å skriva ned beskrivingar av smaken. Alt dette akkompagnert av julemusikk frå elevkonsert i aulaen og frå øveromet ved sida av oss. Det var ganske stemningsfullt. Ute lyste ettermiddagshimmelen med solnedgangsfargar i rosa og turkis før kvelden pakka dei store teppa av mørke rundt oss.

Det kan vera at det er provoserande å seia det høgt, men eg liker desembermørket og synest det behandlar oss vennleg og respektfullt.

Heidi

Luke 12 desember-23

Viss nokon måtte lura, så gjekk skulegudstenesten veldig fint. Eg er letta og glad for at det blei som eg hadde håpa og satsa på. Det er veldig kjekt å jobba med ungar på den måten, sjølv om etterspelet nå er at bagasjeromet i bilen stappfullt av kostyme og rekvisittar som må ryddast på plass for eksempel i morgon…

Etter jobb småsprang eg til neste arrangement eg hadde medansvar for: Diakoniutvalger sin “Me syng til jul». Det gjekk og veldig fint. Vel heime har eg jobba med salmetekstar. Nå blir det tidleg kveld…

Heidi

Luke 11 desember-23

I nokre yrkesgrupper, for eksempel i læraryrket, vil eg påstå at me enten me vil eller ikkje opparbeidar ein viss endringskompetanse.

Sei at du for eksempel skal øva inn «Den gamle skomakaren» som ei dramatisering til ei julegudsteneste. Hovudrollen er i gode hender heilt til han som spelar skomakaren blir sjuk. Heldigvis får du henta inn verdens beste reserve som jobbar som ein helt for å øva inn rollen på kort tid. Du tenkjer kanskje at nå er du i ein luksus-situasjon, og at om den første blir frisk att fort, må dei kanskje få spela kvar sin av to forestillingar. Så kjem dagen for generalprøve i kyrkja, og så viser det seg kanskje at dei for eksempel er sjuke begge to.

Då kan det tenkjast at du prøver å overtala ein av dei andre skodespelarane til å overta skomakarrollen, og at vedkomande går med på det, men er ukomfortabel med å vera i ein rolle han ikkje har fått øvd inn og med sorg ser sin eigen rolle nesten bli pressa på ein som er like ukomfortabel med å vera i ein rolle han ikkje kan.

Så kan du tenkja deg at denne situasjonen må sjonglerast med resten av skodespelarstaben som lurer på kostymet er, og om du har ekstra manus, og det har du sjølvsagt, men kor har du lagt det mon, tru?

Alt dette er sjølvsagt ein form for tankeøvelse, sjølv om det kunne jo tenkjast å skje på ekte. I så fall er det fint at du i slike situasjonar har erfart at det ikkje nyttar å hyla og skrika om du skulle få lyst til det. Det har heller ikkje noko for seg å seia med høg stemme at du og har halde på i to timar utan pause, eller at ikkje du heller har hatt matfriminutt.

I slike tenkte situasjonar kan du nerkeleg nok koma til å tenkja til slutt at det er heilt fantastisk kva desse ungane får til, og at det er heilt utruleg at så mange av dei klarer å bevara ro og fatning. Og i eit hjørne av sjela di kan du kanskje kjenna med ei viss forundring at du veit at du har verdens beste jobb.

Fortsetjing kan koma til å fylgja.

Heidi

Luke 10 desember -23

Ein fin dag er til ende og klokka er alt for mykje…

I går kveld gjorde eg omtrent der same som min morfar gjorde nesten kvar lørdagsettermiddag i barndomen min: steikte ein stor porsjon kjøttkaker og let dei koka i tynn brun saus i ei stor gryte. Han hadde erter i bløyt i ei anna stor gryte og skrelde poteter i ei tredje. Me var alltid mange som åt middag der. Morfar kokte mykje av maten heime hos besteforeldra mine, han var nok forut for si tid. Eg fekk fortald at han lærte det av ein kokk då han var på «eksisen».

I dag var me mange rundt middagsbordet hos oss. Iben telde at det var fem som åt middag saman med mammaen sin i dag. Så får det vera dagens gåte koss det gjekk til.

Før me kom så langt hadde eg og Hella hatt ein effektiv dag. Først baking av tre krydderkaker i form, så gudsteneste og sundagsskule og så ein omgang utbaking av kakemenn. Eg likar sundagar med glad stemning og mange til bords.

Så er ryddinga og førebuingane til neste skuledag eit kapittel for seg sjølv etterpå. I kveld har pilgrimen eg deler hus med hjelpt meg å frakta kostyme og rekvisittar til kyrkja slik at dei ligg klar til øving i morgon føremiddag. Eg fortel meg sjølv at øvingsprosessen er minst like viktig som resultatet, men sjølvsagt er det kjekkast viss det går bra og me får til det me gjerne vil få til.

Til slutt ei helsing frå Sporisand forlag. Eg kan ikkje eigentleg ikkje fordra å blanda «børs og katedral», men eg innser at dette er ein god arena til å koma med litt informasjon:

I helga har me pakka og send bokpakkar til folk som har bestilt boka mi. Me reknar med at me framleis har nokre dagar på oss til å få ting fram til jul, men det begynner å hasta.

Dei som bur på Jæren kan kjøpa boka på Bryne på Vivo, Nordli og Garborgsenteret i tillegg til på Jærhagen på Klepp. Det går an å bestilla boka gjennom bokhandelen, men det går nok fortare at me sender direkte.

Leif har eit strålande tilbod om å levera bøker på døra utan fraktomkostningar til dei som bur i Jær-regionen. Bøker som skal sendast med posten kostar kr 318, og dei som ikkje treng slik sending kostar kr 280. Eg kjenner på at prisar på alt mogleg har stige i det siste. Når det gjeld boka mi får eg trøysta meg sjølv og andre med at denne boka er merkbart mykje tjukkare enn alle dei andre diktbøkene mine. Dette er nok eit resultat av at det denne gongen har gått fire år sidan sist medan eg i åra før har kome med ei bok annankvart år…

Og dette var den einaste reklamen du kjem til å måtta lesa i adventbloggen i år. I allefall den einaste reklamen for slikt som kostar pengar…

Heidi

Luke 9 desember-23

Dagens bilete er eit av decoupagebileta som vart laga på juleverkstad i sjette klasse.

Av og til lagar elevane noko heilt anna enn det eg har sett for meg, og det har eg i grunnen veldig sansen for.

I dag har eg skrive min del av årets julebrev. Det var i grunnen greitt at eg fekk litt dårleg tid på grunn av nokre bøker som skulle sendast, for eg slit med kunsten å begrensa seg. Me er av dei som framleis liker å senda årlege julebrev til venner og familie. Jo då, eg har lese kritikk rundt det å senda slike brev, at ein framstår som veldig perfekt og at alt er så bra med mykje skjult sjølvskryt, og kven bryr seg eigentleg om at nokon si yngste dotter nå er ferdig utdanna jordmor?

Eg rekkjer forsiktig opp ein arm. Eg bryr meg. Eg synest det er veldig interessant å høyra korleis dei eg kjenner har det òg kva dei er opptekne av. Eg les kvart einaste ord i kvart einaste julebrev med stor interesse, men eg innser at på ein del felt i livet er eg noko for meg sjølv. I alle fall, brevet er skrive, og det vart sikkert litt for langt…

Så laga eg ein dobbel porsjon kakemanndeig, for den første me laga vart det så lite av. Viss alt går etter planen skal minstejenta på tre vera hos mormor og morfar på føremiddagen mens storesyster spelar handballturnering, så då får eg vel kanskje ein baksteassistent.

Etter to veker med frost er nå normalveret tilbake. Eg må innrømma at det var med ein viss fryd eg konstaterte at nå var det trygt sykkelføre igjen. Eg er skeptisk til sykling på glatta etter eit par ubehagelege fall.

I går kveld og i kveld har eg og Leif sett på opplesinga av Jon Fosse sine skodespel. Det er fint å sjå på, men me får ta litt om gongen. Kjekt er det at han har fått prisen, og kjekt er det sjølvsagt og at han skriv nynorsk. Eg stussar likevel litt på at det siste får så stort fokus. Er det verkeleg så eksotisk å skriva nynorsk? Me er så ganske mange menneske som har det som daglegspråk og synest at å skriva nynorsk er det naturlegaste i verda og ingenting å laga stort oppstyr av? Men for alt i verda, eg skal ikkje gjera dette til ei krenkingssak, det er bare ein tanke som slo meg her ein dag. Heia Jon Fosse og heia nynorsk skriftspråk.

Heidi

Luke 8-desember 23

Eg fekk det for meg at det å skriva blogg ikkje nødvendigvis treng å vera noko ein gjer rundt midnatt. Nå har ein liten pause på kjøkkenet og høyrer på platedate mens ein stor krumkakedeig godgjer seg for å bli klar til steiking.

I dag har eg hatt fine lunsjgjester med gildt samver og påfylgjande strikking. Som de ser så er adventlysa framleis lilla her i huset, det har akkurat gått opp for meg at det er bare gamlingar som ikkje har gått over til kvitt. Men jammen viser biletet raude juleserviettar og englar på plass på bordet, så kanskje ein anar ei ørlita juleforskyvning hos meg og.

Eg skal ikkje hiva meg på diskusjonen om korfor jula har flytta på seg. Eg bare konstaterer at i barndomen begynte jula med pynting av treet «litla julaftå». Nå trur eg det er vanlegare å pynta til første helga desember enn å venta til den 23.

Når det er sagt, så er det jo slik at skikkar og måtar å ordna seg på skiftar gjennom tidene. Måten me feira jul på då eg var lita var utan tvil veldig annleis enn slik dei feira då besteforeldra mine var små. At jula har forandra seg på to generasjonar er vel kanskje ikkje så mykje å heva augnebryna over.

Ein annan ting eg tenkte på i dag, som kanskje gjeld fleire enn meg, er gleda ved å stella i stand til besøk kontra det at huset ikkje alltid ser ut som ein helst skulle ønska. For å snakka for meg sjølv og ikkje involvera for mange andre, så ønskjer eg meg ein heim det folk kan ringa på døra kor tid som helst. Eg kosar meg med å ha folk rundt meg.

På den andre sida så ser roma i huset vårt veldig sjeldan ut som om dei er klipte ut av Bonytt. Med eit program der arbeidsdagane ofte varer til langt på natt kombinert med manglande genetisk disposisjon for orden og system, så skal eg ikkje unnslå at stova til sine tider ser ut som ho er møblert ved hjelp av hjulvisp…

Kanskje er det ein naturleg konsekvens av eit minstemål av det som heiter «skammaved» at eg ofte føler behov for å be gjestene mine unnskulda rotet. Eigentleg trener eg på å seia «Kom inn, så gildt å sjå deg! «, og så bita i meg siste del av setningen som konstaterer at gjesten sine auge fungerer godt nok til å sjå at det er ganske rotete her…

Kanskje eg har spelt mine kort så godt at dei som les dette med jamne mellomrom føler seg forplikta til å skriva ein kommentar om kor hyggeleg det er i rotet mitt?,Det var ikkje meininga…, trur eg…

Men akkurat nå er det ganske ryddig i opptil fleire av roma i huset. Det kjennest eigentleg ganske deilig så lenge det varer…

Heidi

Luke 7 desember-23

I dag då eg kom heim låg det ein litt tjukk konvolutt og venta. Eg forstod ikkje kva det var, og det tok litt tid før eg opna han.

Då innhaldet gjekk opp for meg, vart eg glad. Som eit tillegg til salmeboka blir det gitt ut hefter med nye salmar som er gjevne ut etter at den nyaste salmeboka kom. I dette heftet har eg fått med ein salme eg har skrive som Hilde Svela har laga melodi til. Dette er ein av dei nokså ukjende salmane mine som eg sjølv er veldig glad i.

Eg vart litt i tvil om det er lov å leggja tekst og melodi ut her, men eg går ut frå at eg kan det…

Siste verset harmonerer jo forbløffande godt med boka eg les for klassen min akkurat nå : «I et speil og i en gåte». Dette har eg alltid synest er eit spennande bilete på det å forstå livet.

I dag klarte me å få organisert at eg fekk bruka fleire skuletimar til å øva med dei som skal opptre på skulegudstenesta før jul. Eg er alltid lukkeleg når det går an å få til gode øvingar slik at barna blir trygge nok til å gjera sitt beste.

Skuledagen i dag vart ein dag etter mitt hjarte. Først hadde me ein dobbeltime med song, høgtlesing, teikning, felles grubling på ei matematisk utfordring og ein leik dagens elev hadde ønska seg i den fint pynta konvolutten i den heimelaga adventkalendaren vår (fire mann i sofaen).

Så var resten av dagen musikkdag der elevane i grupper jobba med å laga dansar, rappar, små musikkstykke, beatboxing eller heimelaga julesongar. Dei kunne jobba med ein vanleg arbeidsplan når dei var ferdige med oppgåva. Parallelt med dette vart det altså øvd til julegudstenesten.

I morgon skal elevane ut og gå på skeiser før den nyfrosne skeiseisen forsvinn, men fredag er min «heimedag», så det blir utan meg.

Det aller beste med fredagar er å vakna utan vekkjarklokke.

Heidi

Luke 6 desember

Dagen har vore fullpakka av innhald, og tempoet har vore ganske intenst. Eg jobbar med ei gruppe elevar som skal dramatisera Tolstoj si kjende historie om den gamle skomakaren på julegudstenesten i neste veke.

Av ulike grunnar har me ikkje øvd så mykje som eg helst ville ha gjort, men me satsar på at det skal gå bra likevel. I beste fall får me øvd ein god del i morgon og på måndag, sjølv om me er litt i manko på personale.

Minimalist blir eg visst aldri. Først slepar eg rundt med store koffertar og baggar fulle av kostyme og rekvisittar. Så tygg eg i meg litt mat sånn i farten før eg spring vidare for å finna tunge store nett med materiale til juleverkstad og rekk akkurat å setja fram litt demonstrasjonsmateriale før elevane ramlar inn

Etterpå venta kulturskulen med nye oppgåver og to timar med skapande skriving før eg hoppa over i ein kjole og vart henta med bil utanfor skuledøra og kjørd til den nydelege staden på biletet.

Guro hadde pynta så nydeleg til «juleforening», og eg måtte dela her kor fint det var. Me er ein gjeng med damer som har møttest omtrent ein gong i månaden dei siste 37 åra . Fire av dei kjenner eg frå vidaregåande skule, og då eg flytta heim til Bryne att fekk eg vera med i ei nokså nystarta syforening i lag med desse flotte damene.

Dette var ein god måte å landa ein intens dag på. Nydeleg mat, kloke damer og uendeleg mykje å le av, slik trivst eg med å ha det.

Nå må eg stupa i seng, for om seks timar er det på tide å stå opp igjen. Eg gler meg til å snart få nokre morgonar utan vekkjarklokke.

Heidi

Luke 5 desember-23

Så vakre morgonar har me for tida. Det er kaldt og klart og lyset er så fint som det bare kan vera i desember og januar.

I dag har eg og eldstesonen hatt vår årlege adventstur til Kvadrat. Det har eg gleda meg til den siste veka. Sidan eg er ein pysesjåfør som ikkje kunne drøymt om å setja meg i bilen og kjørt dit på vinterføre, og sidan pilgrimen min ikkje kan utstå store kjøpesenter, så blir ein vintertur dit nesten litt eksotisk. I tillegg til det så er Odd Christian veldig hyggeleg selskap.

Me reiser dit rett etter jobb og finn oss ein stad å eta middag, så går me i butikkar begge vil inn i sin bokhandlar og hobbybutikkar, vaser litt rundt kvar for oss og møtest igjen for å drikka kaffi. I dag hadde me det mest dramatiske punktet av turen akkurat der. I det eg sette meg i ein lenestol gjekk det eine beinet av, eg datt bakover med føtene i vêret og slo ein full kopp cappuccino over heile meg. Heldigvis brant eg meg ikkje og lårhalsar og hodeskalle er like heile. Mest av alt var det komisk. Betjeninga kom springande og lurte på koss det hadde gått. Eg fekk ny kaffi og masse merksemd om det hadde vore eit mål. Då eg avslo tilbodet om ein gratis muffins kom dei med gavekort som fortalde at eg ville få gratis kaffi neste gong eg kom dit…

Det seiest at den som kan le av seg sjølv alltid har underhaldning. Det har hend eg har kvidd meg for å setja meg i vaklevorne gamle campingstolar, men ein solid lenestol har eg så langt ikkje funne grunn til å frykta…

Eg hadde vurdert å kjøpa meg ein julekjole eller kanskje eit par T-skjorter, men det frista ikkje å gå inn i prøverom gjennomvåt av kaffi. Neste gong set eg kanskje frå meg kaffikoppen før eg prøver meg på stolen? Forøvrig var det ein kjempefin tur.

Heidi