Gå til innhald
Bilde

Luke 12 – Ordnar til jul

For meg har alltid ordtaket «som julekvelden på kjerringa» gitt god meining. Det blir alltid veldig travelt den siste veka. Eg har tenkt at det er fordi eg alltid har hatt det så travelt på skulen i denne tida, men nå ser eg at utfordringa nok ha djupare røter enn som så. Eg trur alltid at eg har god tid og at det meste i framtida er det veldig lenge til.
Når eg ser folk leggja ut bilete av ferdig pynta juletre og julegavar i vakker innpakning, kakeboksat på rad og rekkje med kommentaren «Nå kan jula bare koma», ser eg meg rundt i mitt rotete adventshus og kan nesten vera bittelitt misunneleg. Fordi eg ikkje har hatt ei einaste adventssamling med lystenning i eit mørkt klasserom, ikkje hatt ein einaste runde med juleverkstad med glitter som knasar under føtene og ikkje brend fingrane ein einaste gong på limpistolen, så er det litt vanskeleg å fatta at halve adventstida har gått.

I dag har eg forresten bedrive litt «forsiktig julestri». Eg har steikt krumkaker og kokosmakroner og laga deig til kakemenn, som eg skal baka med mormorjentene i morgon. Under bakinga fekk me besøk av Ståle Ree, så han har godkjend kvaliteten på krumkakene. Dei vart ikkje fullt så tynne som eg hadde håpa,.men sånn får det vera.

Ståle er den mest entusiastiske og positive mannen eg kjenner. Dagens glade bodskap var: «Æg he alltid gleda mæg øve kvær einaste nye dag, og nå æ æg blitt så gammale atte æg he jee øve te å gleda mæg øve kvært einaste nya kvarter». Ein annan av favorittene mine er: «Æg halta bara når æg går»… Og det har han rett i. Han har halta sidan ei alvorleg bilulykke i barndommen, men det er jo bare eit problem når han går, så korfor gjera eit problem større enn det er? I dag fekk me og ein leksjon om kjærleiken: » Å fjoga frå blom te blom kan adle klara, men å få ei rosa te å bløma liga fint i meir enn femti år, dæ æ dæ så æ konst.»

I ettermiddag og litt utover kvelden har eg og Odd Christian, eldsteguten min pleia ein tradisjon me har halde på i mange år: ein julegavehandletur til kjøpesenteret Kvadrat. Sidan eg er ein hysterisk engsteleg og dårleg sjåfør, kjører eg aldri dit, og sidan sonen sin far har kjøpesenter vegring, blir det stort sett den eine turen på meg. Med til tradisjonen høyrer eit varmt måltid, gjerne på Mexicana, og ein eller annan variant av kaffi på ein dertil eigna plass. Me hadde nokre veldig koselege timar der, og armane var lenger og bankkortet tynnare då me reiste heim. Ein av dei fine fordelane med fire barn er at ei etterkvart får mange hyggelege vaksne å henga med på kafear og sånn…

Nå er me snart ein time over datogrense. Dagen i morgon er nokså fullmøblert, så eg gjer vel lurt i å avslutta her og koma meg i seng.

Heidi

Luke 11- Ei ny julesalmevise dukka opp

Eg er normalt ikkje ein slik diktar som står opp om nettene for å skriva. Det hender det dukkar opp ein setning eller eit tema når eg har lagt meg, men då reknar eg med at eg hugsar det om det er viktig.
I går då eg hadde lagt meg og det var ganske seint, begynte det å sviva eit heilt vers i hovudet mitt.
Eg tenkte at det hugsar eg sikkert i morgon, men då det eine verset var blitt til tre, fann eg ut at eg kanskje burde ta vare på det. Utan å skru på lyset, for ikkje å vekkja han som sov på sida av meg, skreiv eg fem vers ned på messenger og sende dei til meg sjølv. I dag tidleg var eg spend på om versa tolde dagslyset, det er det og alltid spennande å finna ut. Det er ein slags julesong, kanskje ei salmevise, som er eit fint ord Ingrid Brækken Melve bruker om tekstar i skjeringspunktet mellom salmar og viser.

Kanskje det er eit svakheitsteikn for teksten at eg kjenner behov for å forklara litt meir. Denne teksten er ein tekst om alle glimta av håp og lys og kjærleik som møter oss ein vanleg dag og som me kanskje ikkje ser. To kvinner og ei lita jente har fått eit vers kvar. Den eine heklar englevenger, den andre tiggar på gata og velsignar folk som går forbi, den tredje er ei lita jente som dansar gjennom gata medan ho syng ein julesong ho nettopp har lærd. Her kjem teksten, kanskje det kjem ein melodi til nokon like lett som teksten kom til meg? Slikt veit ein aldri på førehand…

Ho heklar englevenger i silke og i ull,
Ho heklar heile dagen, og snart er korga full.
Då skal ho gi dei kroppar, og gloriar av gull.

På gata sit ei kvinne på teppet, det er kaldt,
har sjalet tett rundt kroppen, men manglar nesten alt,
ho lyser ei velsigning, er jordas lys og salt.

Ho ser ei lite jente som hoppar opp og ned,
og syng ein song ho lærde om kjærleik, jul og fred,
Ein song du kanskje hugsar, og du får synga med.

Gi kraft til englevenger, til barnesong som sviv,
mot vaksne, stive øyre med himmelsk perspektiv,
Gi mot til dei som heklar, og som velsignar liv.

Eg skreiv eit femte vers og, men er usikker på om det skal vera med. Er songen betre utan?

Gud, sjå til oss som lengtar, og hjelp oss sjølve sjå
at jorda vår som tumlar i mørke natta nå
er full av lys og kjærleik, av håp å byggja på.


Heidi

Luke ti – Me syng til jul

I dag kan eg by på ein invitasjon dersom du les dette før klokka seks i dag og bur relativt nær Bryne. Eg er med i diakoniutvalet som er arrangører, så nå har eg bakt ei kake til arrangementet og skal snart til kyrkja for å rigga til kyrkjeromet.

Elles så kom eg meg trygt heim med toget i går. Sju timar i fred og ro med eige dobbelsete medan ein blir frakta frå ein stad til ein annan er ein fin ting

Nå er bagasjen pakka ut, enkelte julegavar pakka inn medan eg gjer nokre forsøk på å få rydda litt på skrivebordet og i huset elles. Tider skal komme, tider skal henrulle. Nå skal heimen langsamt gjerast i stand til julegjestar og julefeiring. Det blir fint. Leif går med ekte hemul-interesse inn for å knekkja koden for å baka det perfekte surdeigsbrødet. Eg beundrar pågangsmotet.

Heidi

Luke ni- På toget

Då er eg trygt på toget etter ein veldig fin førjulsferie i hovudstaden. Dagen begynte klokka seks, så nå har eg nesten kome inn i ny rytme som morgonmenneske. I dag var bonusen at eg fekk leika litt med storebroren før barnehagetid. Det er alltid trist å skiljast frå flokken sin, men dei kjem til Bryne for å feira jul, så det blir ikkje så lenge til neste gong eg får sjå dei.

Eg let meg fascinera over den innebygde framdrifta i arten menneske. Då eg møtte dei ein gong i haust var minstemann fullstendig hekta på å snu seg frå rygg til mage. Han kunne liksom ikkje koma seg fort nok over på magen når han blei lagt på ryggen. Denne gongen er det om å gjera å koma seg opp på kne og hender og stå og gynga fram og tilbake. Dette skjer i løpet av sekund når han blir lagt på golvet. Det er tydeleg at målet er å koma seg framover, men eit så pass hårete mål veit eg at det tek tid å nå. Han flyttar seg heile tida, men foreløpig blir det mest bakover og sidelengs. Det er merkeleg å sjå kva kodar som ligg innebakt i eit menneskebarn. Alle er ulike, men nesten alle går gjennom omtrent dei same trinna, og alle barn over heile jorda bablar omtrent på same måten heilt til dei begynner å trena mest på dei lydane dei høyrer menneska rundt seg bruka, noko som sjølvsagt avheng av kor på kloden dei måtte befinna seg.

Og så er det alle personlegdomstrekka som tilhøyrer det enkelte individet. Å sjå dei utvikla seg er minst like fascinerande. Langsamt, men likevel heilt frå fødselen av viser dei kven dei er og kva som er deira særtrekk. Før eg fekk mine fire trudde eg at kultur var ei langt sterkare kraft enn arv, og at veldig mykje kom av kva oppdraging og påverknad eit menneske får. Etter å ha fått opplevd fire eigne barn, tantebarn, vennebarn, elevar, og nå i dette kapittelet fire barnebarn, innser eg at mykje meir enn eg trudde nok er medfødt personlegdom. Sjølvsagt kan denne påverkast, men ganske mykje trur eg er genuint knytta til enkeltindividet. Det er derfor me kan utfylla ein annan så godt og få til så mykje fint saman. Når det gjeld den yngste i Oslo så er eg heilt forelska i det gode smilet og det nysgjerrige blikket hans. Storebror er ein liten filosof som elskar å dansa og synga. Han har i tillegg ein sterk vilje som utan tvil kan bli brukt til mykje fint. Eg er ikkje dummare enn at eg innser at når det gjeld temaet barnebarn så er eit menneske på sitt aller minst objektive livsområde.Heldigvis blir det omtrent slik med elevar og. Det er ein kjærleiksmekanisme som kjem både vaksne og barn til gode…

Sunniva lurde på om eg kunne ta med meg ein ryggsekk med julegavar heim til Bryne. Det kunne eg, og eg var glad for at ho fulgte meg til stasjonen med all bagasjen. Me gjekk ned til Oslo S og fekk leigd oss ein stor bagasjeboks det slik at me kunne få svingd oss litt til toget skulle ta meg med heimover. Sunniva fekk kjøpt seg både peparkakedeig, nonstop og seigdamer til pynt og i tillegg ny grøn vinterkåpe. Me feira med quiche, kaffi og ein scone på deling i det eg trur heiter operapassasjen. Sunniva gjorde meg merksam på nokon som kom i mot oss. Eg såg opp, og trudde det var nokon me kjende. Då gjekk det opp for meg at mannen som passerte var Jonas Gahr Støre. Han helste «Hei, hei!» og smilte så koseleg før han gjekk vidare mot det eg antok var kontor avdelinga hans. Eg går ut frå at dei to som gjekk på kvar si side av han med øyrepropp i øyra må ha vore livvaktene hans. Det må vera rimeleg spesielt å ha med seg livvakter enten ein skal ut i lunsjpausen og ta ein kopp kaffi, skal på kino med barna eller ta ein joggetur om kvelden. Eg kjende litt på takknemlegheiten over å ha ein statsminister som virkar å vera ein hyggeleg og omgjengeleg reflektert mann med beina planta trygt på jorda. Slikt kan ein ikkje rekna som opplagd og sjølvsagt.

Nå har ei veldig hyggeleg billettørdame kontrollert billettane våre. Ho venta tålmodig viss nokon brukte tid på å leita fram billetten, og lytta medfølende til ho som sa at det var bare så vidt ho våga bruka tog viss det var noko det var viktig å rekkja fram til i tide. Ho sa at slik var det dessverre og at ho forstod det godt, men at på akkurat denne avgangen her var det sjeldan store forseinkelsar eller kanselleringar. Slikt kan jo vera greitt å vita.

Nå ordna ho ny plass for ei dame som lurte på om det gjekk an å få eit dobbelsete aleine sidan det var så mykje ledig plass. Ho svarte: «Det tror æ nok at æ skal klare å ordne. Alle liker jo best å ha et sede for seg sjøl..» Og til dei to som skulle ha delt setet. » Nå må dere bare kose dere med at vi har god plass i dag».

Fleire gonger på togreiser har eg faktisk tenkt på kor god stemning det blir av smilande og serviseinnstild personale. Me skulle alle bli litt flinkare til å hugsa at me heile tida rører ved liva til dei me til ei kvar tid har rundt oss. Det kostar oss stort sett lite å vera snille og vennlige.

Heidi

Bilde

Luke åtte- mormorferie

Dagen begynte med ein morgontime saman med det yngste barnebarnet slik at mamma skulle få sova litt lenger. I løpet av den timen hadde me oss litt «morgon mat» . Han som er nybegynner i kunsten å fortæra fast føde fekk ein kvart mosa banan medan mormora drakk nytrekt kaffi med koppen plassert langt unna gripevidde på bordet. Han fekk ei eiga skei i handa i tillegg til den eg mata med, og med stor entusiasme gjekk mosa banan inn og ut av munnen, på smekke pyjamas og barnestol. For ei heldig mormor som får bidra til hans første veke med fast-føde-læring.

Veslegut, som akkurat runda halvåret, er sånn omtrent den blidaste og mest fornøgde babyen eg har møtt i mitt liv. Det er veldig fint både for han sjølv og for alle rundt seg. For ein voggegave å vera smilande og glad, ikkje ha vondt nokon plass, og å oppleva verda som ein vennleg og interessant plass. Menneske kjem i alle variantar, alle med sine styrker og svakheitar og alle laga ulikt for at me skal passa i saman i intrikate mønster og saman bli til.fine bilete.

Då Sunniva stod opp, laga ho sin eigen variant av morgongrøt til oss av havregryn krydra med gurkemeie og honning og toppa med banan og hakka nøter. Eg spurde fint om å få hella mjølk over slik eg alltid gjer med havregrøt, og det fekk eg jammen lov til. Grøt med honning og gurkemeie smakte så godt at eg trur eg må prøva den varianten heime og.

Det var nydeleg å ta oss god tid, og etterkvart kom me oss då ut. Me hadde avtalt å møta Halvard på Majorstua til lunsj. Me møttest på Pust, ein veldig triveleg kafé som ikkje ligg så langt frå MF der eg i si tid studerte eit år for å ta kristendom grunnfag. På denne kafeen er det god plass til å ha med barn, og mange sit der med berbare PC-ar og ein kaffikopp.

Me gjekk Bogstadvegen ned til byen igjen, og eg kunne ikkje la vera å dra på smilebåndet då interiørbutikken Kid hadde store plakatar om at alle julevarer var til halv pris. Eg har innsett at eg ofte småspring eit steg bak meg sjølv og sikkert ei lita mil bak dei fleste andre. For.meg er jula framleis noko.som ligg fleire veker fram i tid, og som eg så vidt har begynt å tenkja på.

På veg tilbake skulle me henta storebror i barnehagen. Me fann ut at det ville gå raskast om Sunniva henta aleine, og eg venta på Tøyen torg med minstemann som skulle ha ein lur i vogna. Eg hadde tenkt at viss det blei kaldt kunne me varma oss på det fine biblioteket der. Streken i den rekninga var at barnevogner måtte parkerast ute, og med ein sovande baby i vogna var det nok best å vera ute. Eg var innom eit bakeri og kjøpte med «heimebakte peparkaker» for å varma meg litt. Så blei eg vandrende litt fram og tilbake og observera folk. Det er ein aktivitet eg alltid synest er interessant. Eg såg ein smilande selgjar av =Oslo sitt julenummer.stå der tålmodig utan å få seld meir enn eit par magasin. Heldigvis såg eg at dei aller fleste smilte tilbake og sa høfleg neitakk på spørsmålet om dei ville kjøpa. Det slo meg likevel at det å vera selgjar ute om vinteren må vera både kaldt og tålmodskrevjande. Jammen møtte ikkje ei eg kjende og, sånn heilt uventa. Plutseleg kom tantebarnet mitt Vilde rett forbi meg. Ho var midt i ein telefonsamtale, men stoppa opp og gav meg ein klem og kviskra at ho ville melda meg etterpå.

Me kom heim til Sunniva og Trygve med to.barn, varer me hadde handla, og alt me hadde hatt med oss. Ein av dei små eller store ulempene med å bu slik, er at den einaste måten å koma seg opp til leilegheita i fjerde og femte etasje er å gå dei 50-60 trappetrinna opp gjennom etasjane i den gamle gråbeinsgarden…

Dotter mi er beundringsverdig sterk, ho bar varene og to og eit halvtåringen, medan eg gjekk bak med babyen og veska mi. Som smånevrotisk eldre bestemor haldt eg barnet veldig fast med den eine handa, og hadde den andre på rekkverket. Nå har eg gjort akkurat dette såpass mange gonger at eg nesten klarer å tenkja at dette går heilt fint… Så fortel eg meg sjølv at eg må passa meg for å bli nevrotisk overforsiktig, for det er ein litt slitsam tilstand som eg nok har gode gener for å utvikla…

Min flinke svigerson laga nydeleg tacomiddag til oss, og Halvard kom hit for å eta middag og vera i lag med oss. Toogeithalvt-åringen serverte peparkaker i ei rosa skål, og prøvde å hala leggetida ut så langt han kunne. Det tolkar eg som eit sunnheitsteikn.

Heidi

Luke sju- Ei korg med hekla englevenger

Dagen starta med kaffi og to adventslys hos Eva Mari og Henrik på Haslum. Planane om ein føremiddag i byen vart byta ut med å halda seg inne første del av dagen. Det skuldest mellom anna veret som framleis var grått og vått. Eva Mari fortsette med å hekla englevenger til engleproduksjonen sin. Ho har ei heil lita korg klar, men trong endå fleire. Det å hekla englevenger er ein så vakker adventaktivitet at det må eg passa på å få fletta inn i eit dikt eller ei vise før eg gløymer tanken.

Eg strikka vidare på skjerfet med innebygd blondekant, og etterkvart åt me ambrosiabrød med smør og brunost og såg på ein for meg inntil dette ukjend julefilm: «Så er det jul igjen,» om norske Thea, busett i New York som tek med den indiske kjærasten sin til norsk jul heime i Telemark. Sjølv om det nasjonalromantiske aspektet var smurt i litt tjukke lag med mykje brunost, lang skitur, obligatorisk isbading julaften føremiddag, bunadar, ribbe og akevitt, så såg me i glimt oss og våre landsmenn gjennom såpass framande briller at norsk julefeiring vart litt småkomisk. Etterpå skrudde me på norsk langrenn, og etter å ha høyrd på kommentatorkommentarane ei stund om «pallplassar og tidelar,» så kunne eg ikkje heilt fri meg for tanken at me nordmenn er litt rare.

Eva Mari si matlaging overgår det meste eg sjølv driv på med, og ut på føremiddagen vart det servert salat med varm chevreost, rista valnøtter, pærer, cherrytomatar, honningdressing og balsamico. Så pakka eg saman den mobile garderoben og utstyrskassen min, og me kom oss på banen i god tid til å rekka «Juleroser» med Herborg Kråkevik og kompani på det norske teateret. Me rakk til og med ein kopp kaffi i foajeen.

Me fekk med oss premieren av ei forestilling som skal gå to gonger kvar sundag fram til jul. Ideen byggjer vidare på juleheftet «Juleroser», som Herborg Kråkevik har gitt ut kvar jul i ganske mange år med mange fine tekstar og betraktningar frå norske forfattarar. I år var temaet englar så ho ankom svevande og syngende i sele over scenen. Eg har veldig sansen for dama, og synest ho er både flink og klok i tillegg til å vera seg sjølv på ein trygg og eigenarta måte. Ho hadde med seg eit lite orkester, Solveig Kloppen, Ina frå «Jul i svingen,» og «Skam», Frida Ånnevik, eit mannskor og to flinke menn eg ikkje hugsar namnet på. Saman framførde dei fine tekstar på ulike måtar, og det vart vist bilete frå juleheftet på storskjerm, mellom anna det biletet eg er så glad i som viser to barn bera ein såra engel på båre. På eit gitt tidspunkt i forestillinga vart alle me som var publikum i den store salen som tilhøyrer hovudscenen, forandra til eit gigantisk kor som framførde «Det lyser i stille grender.» Eg anbefaler forestillinga til dei som har sjanse til å få ho med seg.

T- banen tok meg, koffert, ryggsekk og nett vidare til Tøyen. Sunniva ønska seg nokre matvarer og tennbrikettar, så eg var innom Rema på Tøyen torg der eg først fylde ei handlevogn med bagasjen min. Tennbrikettar var ei nøtt å knekkja. Eg leita fram og tilbake i alle hyller, og prøvde utan hell å få hjelp av nokon. Ein ansatt prøvde å overbevisa meg om at det var tennvæske eg trong. Ein medkunde på min eigen alder prøvde å hjelpa meg å leita i hyllene, det og utan hell. Eg sa at me fekk prøva å finna fyrstikker, då var me kanskje på sporet… Han parerte med at fyrstikker var sååå 1990, nå var det tennarar som gjaldt…

Til slutt konkluderte ein ekspeditør med at dei nok var utselde for tennbrikettar… Nederst på handlelista eg hadde fått på sms stod det: ”Skumnissar til etter at barna har lagt seg…» Det burde vera ein enkel instruks, men eg fann dei ingen plass i godterihyllene. Det var bare å bita i det sure eplet igjen og bli ho masete litt slitsame dama med ei trillevogn full av bagasje…

«Unnsjyll, mase, men he dokke skomnissa? Æg finne di ingen plass?»

???

Plan B i håp om å lukkast: Hemningslaus knoting etter å ha prøvd å sjekka ut at ingen Brynebuar på ferie lytta til samtalen:

«Skumnisser?»

???

«Godteri… Sånne myke julenisser?»

???

Og der vart det påkopling av plan C. Det blei yoghurtnøtter i staden. Godt det og…

Heidi

Luke seks- Svigerinnedag

I dag hadde me bestilt bord på Villa Bekk på Bekkestua til eit svigerinnetreff her i Bærum. Tilfeldigheitane gjorde at det var på dagen eit år sidan sist me gjorde det same. I fjor møttest me på Bærums Verk og hadde middag der.

I dag måtte dessverre Astrid melda pass i siste liten på grunn av av sjukdom me sakna å ha henne med, men me andre hadde det veldig koseleg. Eg og Eva Mari hadde nydeleg fiskesuppe som ein kan nyta synet av her. Etterpå toppa me det med kaffi og dessert. Spesialiteten på staden var italiensk mat men akkurat zuppa var norskinspirert. Det var romsleg med plass, hyggeleg personale og avslappa fin stemning der. For meg vart det ein ekstrabonus å tilfeldigvis møta Birgitte som eg ikkje hadde møtt på lenge. Ute var det grått, rått og vasskaldt, så det var ein fin dag å vera inne.

Før restaurantbesøket var me ein liten runde i butikkar på Bekkestua. Eg handla garn på halv pris i ein konkursbutikk, og etterpå var me innom to.fine bruktbutikker der eg fann litt forskjellig julepynt til Sunniva som driv og pyntar leilegheiten til jul for første gong.

I ettermiddag har Eva Mari lært meg å strikka skjerf med «innebygd blondekant». Det var mykje lettare enn det såg ut til, og så kjekt at eg hadde problem med å leggja arbeidet frå meg.

I kveld har me fyrd i omnen, drukke varm kakao og sett på «Skal vi danse». I morgon er planen ein føremiddag i byen, matiné på teateret med Herborg Kråkevik, og så tilbake til mormorlivet på Tøyen. Så heldig eg er.

Heidi

Luke fem- mormordag

I dag har eg hatt ein skikkeleg mormordag av det slaget som mormødrer gleder seg til i vekevis. Dagen starta med ein kopp kaffi og eit knekkebrød i lag med svoger Henrik. Eva Mari hadde for lengst reist på jobb. Eg konstaterte med glede at det var plussgrader og litt smågrått ver slik yr hadde lova. For ein vestlending som meg er litt grått ver eit lite problem bare ein slepp unna klinkande hålke eller vassing i snøslaps på glatte, eller ikkje vanntette sko.

Eg tok banen til Tøyen, her må det innskytast at eg frå eg budde i Oslo for førti år sidan har vore van med å kalla banane som i si tid gjekk frå Vestbanen for «trikk», noko eg truleg har lært av min Bærumsfødde mann, men «ungdomen» protesterer og meiner at det heiter T-bane, sjølv om dei stort sett går oppå jorda. Dei har heilt sikkert rett…

Eller kanskje det ville vera mest korrekt å benevna framkomstmiddelet som «ei reise med Oslo Sporveier». I alle fall vartar dei opp med «sporveisdikt» på Tøyen stasjon.

Eg og Sunniva tok med gutane på trilletur på Grünerløkka. Då eldstemann på to og eit halvt såg meg var det første han ropte frå vogna si «Hvor er morfar?» Då han høyrde at morfar var heime på Bryne kunne ein spora ein viss skuffelse. Det kom seg.då mormor tok han med inn i ein barnebok handel fordi han hadde sett ei veldig fin Mummibok med utbrettsark som låg i vindauget der. Han har og til ei viss grad forstått kva ordet «kjøba» betyr og var godt fornøgd då han kunne gå ut av butikken med ei bok i ein papirpose og ein rosa ballong i handa.

Ein tur til ein leikeplass var og veldig stas, sjølv om det var litt skummelt at hundrevis av måkar og eit titals kråker hadde samla seg der for å nyta gammalt brød som nokon hadde teke med til dei. Etterpå var me på kafé med to tålmodige gutar som klarte seg godt sjølv om me måtte venta ei stund på maten.

Eldstemann har teke kvantesprang i språkutviklinga sidan i sommar, og pratar i veg om alt mogleg som det viser seg at ein to og eit halvt- åring tenkjer på. Mormor let seg sjarmera av at han på.trass av oppveksten på Tøyen snakkar med skarre-r , a- infinitiv, og tydeleg Rogalandsaksent. Dette kjem nokså sikkert snart til å forandra seg, men vitnar om at han kjenner mange kjekke rogalendingar.

Minstemann som var nyfødd i sommar, har akkurat rukke å bli eit halvt år. Han har eit stort smil med to risengrynstenner i underkjeven. Dei siste par dagane har han fått prøva seg på nokre små skeier fast føde. Han har og akkurat lærd seg kunsten å stå på hender og kne og gynga fram og tilbake med rompa. Dette driv dei fleste på med ganske lenge før dei til slutt knekker krabbekoden. Det er fascinerande å sjå kor fort eit lite barn utviklar seg det første året. Likevel er me reine sinkene i forhold til kalvar og lam som nesten reiser seg direkte opp på fire skjelvende bein og begynner å gå.

Heldigvis er det ein snarveg mellom aust og vest som heiter toget. Nokre av oss ville aldri drøyma om å setja seg bak rattet og køyra denne distansen, og nokre av oss kvir seg veldig for å setja seg i fly. For slike raringar er det fint at ein til ei kvar tid bare er ei togreise unna. I alle fall dei dagane toget går.

Heidi

Luke fire – Toget og sånn

Nå er eg trygt plassert på toget, som enn så lenge går og er i rute. Det er nydeleg, låg desembersol utanfor vindauget, eg har site på kne i setet og fotografert, for strekningen mellom Bryne og Egersund er det vakraste på heile togturen.

I går kom det inn fullt av meldingar frå Go-Ahead om innstilde tog og buss for tog delar av turen på andre avgangar enn denne. Det følest nesten som eit lite under at toget verkeleg går. Det er jo litt komisk at det skal vera slik, men ein bieffekt blir jo faktisk at ein kjenner seg takknemleg for noko ein fort kunne rekna for sjølvsagt… Sjølv som pasjonert togpassasjer, må eg innrømma at det å ha ein togbillett langt i frå gjer deg trygg på at toget faktisk kjem til å gå. Det positive er at dei som styrer med det nesten alltid klarer å finna ei alternativ løysing. Då er det bare å henta inn Askeladd-innstillinga til livet: «Dette var uventa, det skal bli spennande»… Eg må vel innrømma at det hender det er godt å sleppa å leika Askeladd…

Eg er godt utrusta med strikketøy, skrivesaker, lydbøker og høyre telefonar, så dette bør kunna bli ein avslappande og fin dag. Rapport om det eg endå ikkje veit får koma i neste luke…

Dette er Hella sin juleengel frå i går. Eg fekk fylgja henne på adventklubb for femåringar. Alle femåringar var inviterte i fylgje med ein forelder eller besteforelder. Det var forteljing, song, posar med kakemann og klementin, eplejus, laging av englar og gang rundt juletreet. Det var veldig fint tillaga, og stas å vera invitert til noko utan storesystrer og slikt.

Då skal eg posta dagens luke før internett forsvinn. Det er nokså ustabilt på denne togstrekninga. Kanskje ein rett og slett skulle unna seg ein kopp kaffi i kafevogna 😁

Heidi

Luke 3- Helsefremmande tiltak

Eg høyrde ein gong nokon seia at det mest helsefremmande tiltaket for kvinner heitte syklubben, i alle fall når det gjaldt psykisk helse. Det kjenner eg at eg trur på. Det er alltid godt å ha nokon å lena seg mot, relatera seg til, fortelja livshistoriar til og få livshistoriar tilbake som gjer at du kan sjå eitt og anna i nytt lys og få større innsikt i korleis det er å vera andre menneske.

Det var naturleg for meg å gripa fatt i denne fliken av livet akkurat i dag, for nå er eg verkeleg midt oppe i syklubbdelen av livet, den som på godt jærsk blir omtala som «forening». Eg er med i fleire slike grupper, og alle gjer meg godt. I går var eg i lag med ei gruppe flotte damer som møtest med jamne mellomrom for å snakka om eit til kvar gong gitt tema, med bakgrunn i kristen tru. I går var temaet «Tvinna tommeltottar», og handla om behovet for av og til å vera heilt stille utan å kava med noko som helst fysisk arbeid eller med kjør på tankeplanet. Det viste seg at me hadde så mange andre tema som det var viktig å snakka om, så timane flaug på eigne venger medan me åt Ingrid si gode blomkål og brokkolisuppe med nydeleg nybakt brød til. Plutseleg såg me at me snart måtte gå heim, så då fekk me konsentrert oss om dagens tema ein halvtimes tid før me måtte bryta opp. Vertinna hadde forresten eit skilt på veggen som godt kunne passa inn i denne teksten, så det skal eg visa fram før eg skriv meir.

I kveld skal eg i veg til ei forening som har vore i drift i nesten førti år. Dei fleste av dei som er med der har eg kjend sidan me gjekk på vidaregåande skule. Me har møttest ca ein gong i månaden i alle desse åra, så me har relativt god kjennskap til kvarandre sine liv. Det er noko fint med det å bli ei gammal dame saman med nokon du og har vore ung jente saman med. Det første elementet i denne setningen ligg sjølvsagt framleis langt framme i tid…

Medan eg skriv om foreningar, må eg jo nemna at me var fire venninner som laga forening allereie då me gjekk på barneskulen. Alle vaksne damer hadde jo forening, så korfor ikkje me? Eg hugsar framleis den litt hektiske stemninga når mor skulle ha forening. Den gongen gjekk det gjerne i terteskjell med reker, fiskebollar og kjøttbollar, eller kanskje aspik med remulade og spiralloff. Til det heile høyrde det alltid ei kake, og det vart gjerne litt restar på oss ungane som fint måtte halda oss på kjøkkenet eller på romma våre når det var forening på gang. Som ein lidenskapleg lyttar skulle eg gjerne fått med meg praten i stova, men det vart alltid sørga for at det ikkje vart aktuelt. I ei ekte forening skulle damepraten få flyta trygt og fritt utanfor høyrevidden til ungar og mannfolk. Men tilbake til oss ti- elleve år gamle jenter som begynte å sykla i forening til kvarandre kvar fredagskveld der me serverte tomatsuppe frå pose eller noko liknande, me har faktisk halde saman heilt sidan då, og møtest framleis eit par gonger i året for å le av ting me opplevde for femtifire år sidan eller i sist veke. Eg vinkar til Karin, Rita og Jane dersom dei les dette, tenk så fint at me har klart å halda taket i kvarandre.

Bileta øverst er kanskje frå det litt fleire kunne tenkja på som eit helsefremmande tiltak. Ein gjeng tidlegare kolleger frå Bryne skule har i fleire år hatt ein trimtur langs Frøylandsvatnet kvar onsdag føremiddag. Nå er eg på det stadiet i livet at det er mogleg å henga seg på. Eg hadde bestemt meg for at nå måtte eg koma i vane med lange daglege turar nå når eg skulle få betre tid. Eg må innrømma at det er ein god del forbetringspotensiale på dette punktet. Frå evalueringa av individuelle utviklingsplanar kvart år før jul, hugsar eg formuleringa. «Målet er delvis nådd». Med litt velvilje kunne eg kanskje kryssa av i denne rubrikken. Det som er sikkert er at det er lettast å koma seg ut på tur viss nokon ventar på deg, og viss ein kan prata samtidig. Eg kan i alle fall bruka formuleringa «Målet blir vidareførd til neste semester.» Eg innser at helse er noko ein bør ta godt vare på, og at det er eit mål at kroppen ikkje blir på åttiårsnivå på nokre ord endå. Sidan nyttårsløfta framleis er langt frå gjennomføringsstadiet, så kan ein jo alltid leggja litt hårete planar. Eg må innrømma at eg framleis er langt i frå den delen av befolkninga som seier at dei gleder seg heile dagen til dei skal trena. Eg er og usikker på om det ville vera mogleg å lura kroppen sin til å hamna i denne kategorien, men det kunne kanskje vore interessant å prøva å finna det ut… Eg innser at eg er flinkare og meir interessert i å trena sjela enn lekamen som det så fint heiter på nynorsk…

Vel heime etter turen hadde eg ein lang, og utan tvil helsefremmande telefonsamtale med Torhild. Då eg høyrde at ho hadde sett lys under kongerøykjelsen kom eg på at eg kunne gjera det same. Så snakka me i lange tider medan eg drakk kaffi og åt Leif sitt gode heimebakte brød med brunost med julesmak og deilig grønt stikkelsbærsyltetøy frå julemessa.

Nå må eg snart til med pakking, for i morgon føremiddag set eg meg på toget for å ta ein førjulstur til Oslo/ Bærum. Det blir nok fint. Ein får håpa at toget går, og at eg kjem meg på i tide, så ordnar nok det meste seg.

Bare ein påslengd kommentar til uttrykket i den første setningen: «Helsefremmande tiltak for kvinner». Har mine rogalandske medsystrer reflektert over at me på vår dialekt nesten ikkje har eit nøytralt ord for vaksne menneske av vårt kjønn? Kvinne er eit ord eg kan skriva, men det er heilt unaturleg å ta i munnen når eg snakkar. Då blir det som regel «dame», men det er heller ikkje nøytralt. Ordet dame er det ein viss byswung over. Noko litt elegant og forfina, som eg i grunnen ikkje trur at eg lever opp til. Då eg var barn var vel det vanlegaste ordet «ei kåna», men det har og med seg ein slags innebygd vigselsattest. Dersom ein ikkje var gift kunne ein vera «gammal jente» til ein blei sånn ca nittisju og avgjekk med døden. «Ei vakså kjæring» kunne vera eit alternativ, men med eit liten bismak av noko negativt. «Kvinnfolkjå» og «mannfolkjå» var vel bortimot nøytralt for seksti år sidan, men er heller ikkje heilt gagnbart lenger? Ja, ja det er mykje ein kan grubla over både munnleg og skriftleg når ein langt heller burde ha rydda litt eller kanskje tvinna tommeltottar? Akkurat det med benevning ville vore enklare viss ein rett og slett var mann, men det er vel ein pris dei færraste av oss ville vore villige til å betala bare for å vita kva me skal kalla oss.

Ha ein framleis god dag!
Heidi