Gå til innhald

Fortumla på sidelinja.

juli 27, 2004

Så står eg her i min eigen heim, og ser på eit og anna med nye auger. Kjøkkenet skulle desperat trenga litt maling her og der, og kvifor fekk me ikkje teke strøk nummer to på dørkarmar og vindaugskarmar då me malte stova for tre somrar sidan?…

Men eg er jo sterkare antimaterialist enn nokon gong nå etter Afrikaturen, så kvifor stressa med slikt? Huset som har vore utan meg i snart fem veker, skrik etter kjærlege husmorhender… Dessverre finst det ikkje så mange av det slaget her hos oss i Kong Sigurds gate, men eg får gjera så godt eg kan bare eg nå får ta tida til hjelp.

Å vera i Afrika kjendest som å leva eit anna liv. Eg har mykje å fortelja sånn etterkvart, -og etter heimkomsten har eg vore hos svigerfamilien austpå, der me mellom anna var med på å feira bryllaup. I tråd med livets viderverdige samantreff så vart det eit halvafrikansk bryllaup. Nevøen min gifta seg med ei nydeleg dame frå Burundi, så det vart dansa og jubla på fleire språk der og.

Nå står eg her i heimen min med armane langs sida og veit ikkje heilt kor eller kven eg er… Jodå, det gjer eg nok, eg veit begge deler om eg kjenner etter. Det er bare det at eg helst vil halda meg på afrikansk kvilepuls endå ei stund, og her er det så mykje å ta fatt i. Her er så mykje som minner meg om mitt vanlege, travle europeiske liv, og Alt Ein Aldri Fekk Gjort. Visst skal eg ta fatt på arbeidet med glede, men først vil eg unna meg å ruga på alle dei nye inntrykka og tankane ein dag eller to.

Eg er vanlegvis hypersosial, men foreløpig har eg stort sett ikkje fortald nokon at eg er heime att. Det gjer eg vel i morgon eller så…

Eg har kokt meg norsk grøt med sukker og kanel. Det smakte godt. Så har eg vaska kjøkenet og gått i gang med stova. Eg får sjå kor langt eg kjem. Så skal eg ut og gå ein lang tur i det vakre norske kveldslyset trur eg… Kanskje eg meg sjølv att bak ein eller annan sving?

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Hjärterdam permalink

    Pusta du ut, som du säger är det inget som behöver tas om hand på momangen om det fått vänta i fem veckor.Hoppas att du hade det underbart i Afrika!Kram!

  2. morsan permalink

    Ja välkommen tillbaka! Och jag är väldigt nyfiken på och «flygrädslemedlet» fungerade…

  3. Tintomara permalink

    Välkommen hem! Det ska bli roligt att höra om allt du varit med om!

  4. Heidi permalink

    Ja, eg har hatt det underbart i Afrika. Det merkelege er at på den ti og ein halv timars lange turen frå Heathrow til Dar Es Salaam var eg ikkje redd eit einaste sekund. Eg ville aldri ha trudd det var mogleg. Ein av moglegheitane er at vidunderpillene faktisk virka, noko eg framleis har litt vanskeleg for å tru. Eller kanskje det var flyterapien min gode ven Stig foretok på personalturen til København. Eller at nokon bad om at englane måtte passa på meg…? Kven veit… Heilt utruleg i alle fall…

  5. Kesia permalink

    Jau, englar og vidunderlege guddommelege hender bar deg og flyet ditt like til Afrika! Og attende!

Legg att svar til Hjärterdam Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: