Gå til innhald

Sing song blue…

mai 30, 2005

Leve pedagogikken! Rett frå jobb med heilt spesielle pedagogiske utfordringar til foredrag om nye læreplanar.
Tonen nå for tida er at skulen må vera viktig for samfunnsutviklinga. Meir matematikk inn i skulen. Kompetansen må hevast i basisfaga. Me må bli konkurransedyktige, og skulen og elevane må testast ut med jamne mellomrom.

Eg er gammal nok i faget til å ha svingt opptil fleire omgangar med pendelen. Fram og tilbake, fram og tilbake, som det står i ein norsk barnesong. For åtte år sidan vart me massivt kursa i at førskulemetodikken skulle opp på skuleniva. Barna skulle ha tid til leik, store deler av undervisninga skulle foregå ute, og om barna trivdest godt nok så kom lærdomen av seg sjølv…

Resten av kvelden har me hatt planlegging for neste år. Alle spesialpedagogene sat saman for å prøva å laga gode opplegg for alle elevane med spesielle behov. Alle behov på bordet, fordela pedagogar og assistentar, halda dette saman med klassane sine timeplanar og få ut det optimale tilbodet til alle… Høyrest lett ut, men det er i praksis så godt som umogleg… Det går rett og slett ikkje i hop… Men me er ein gjeng med optimistar som ikkje gjer oss så lett, så me kjem vel i mål på eit vis i år og.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Om du är gammal nok i faget, vad ska jag säga då? Jag har varit med om ännu fler svängningar… minns också det där med förskolepedagogiken. Vi satt en hel massa lärare i en aula och ett par förskollärare skulle berätta om sin pedagogik för oss. «Ja, i förskolan sätter vi barnet i centrum» tyckte de. Att vi inte reste oss och gick. Precis som om inte vi skulle göra det!! I vår stad blev det rätt kaos-aktigt, alla sexåringar skulle in i skolan och förskollärarna också, man skulle blanda åldrarna vare sig det behövdes eller inte, fritids skulle in i skolan, skoloran skulle organiseras i spår, klassernas beteckningar ändras (vi har tio skolår vilket resten av Sverige inte har) och i den stilen fortsatte det. Nu ser vi resultatet, katastrofalt dåliga kunskaper när de kommer till högstadiet. De vet inte var norr finns på kartan, exempelvis.
    Usch så sur och kverulantisk jag låter.
    Har ni schemat klart redan? Det har inte vi… vi borde ha det, men…

  2. Heidi permalink

    Nei, me er ikkje ferdige. Me skal sitja i kveld og for å få puslespelet til å gå opp. I Norge har me hatt tiårig skule i 8 år nå… Eg var sterkt for at 6-åringar framleis skulle vera barnehage. Nå er trenden at seksåringane skal forast med lærdom fordi dei første åra med ti-årig skule ikkje gav det kunnskapsløftet som ein del politikarar forventa… Nei for gammal er eg på ingen måte 🙂 Bare så pass gammal at eg ikkje utan vidare ropar halleluja til ein kvar ny reform. Spesielt ikkje viss
    reformen er basert på næringslivet sine behov… Men, men. Det er klart ein kan sjå på det på den måten og. Eit av argumenta var internasjonaliseringa…

Legg att svar til Heidi Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: