Gå til innhald

16.mai.

mai 16, 2007

Dagen før dagen her til lands. Dei dystre vermeldingane for 17.mai-veret frå tidlegare i veka er modererte, og alt eg kan sjå av himmel frå vinduet mitt er bleikt mai-kveld blå. Sola legg venlege striper på åsen der ute, og naboen på 19 har vorspiel på verandaen. Ute i gata står det røde og blå traktorar på rekkje og rad, for slik kjem ungdomen seg på fest på mine kantar av verda.

Eg har plukka liljekonvall, blå klokkeblomar og raude alperoser, så 17.mai-bukettane er på plass. Eg har til og med fått ruska litt ugras.

Arbeidsdagen har vore god, og han har vore lang. To planleggjingsmøte på rad, gjorde at klokka var over seks då eg kom heim, og etterpå måtte eg og Sunniva på ein butikkrunde for å sikra oss noko godt i matvegen og kompletera antrekka til i morgon.

Høgdepunktet i klassen i dag, var forfattarbesøk frå ein skrivande bestefar. Elevane passa på å få vist fram steinalderutstllingane sine, som dei er frykteleg stolte av. Etterpå øvde me å gå i tog i lag med musikkorpset slik me gjer kvart år, og me feira at steinalderprodjektet snart er ferdig med å eta ispinnar i siste timen.

Akkurat nå høyrer eg noko bli knust nede på kjøkkenet. Kanskje eg får prøva å finna ut kva det er… Og rydda litt…

I ein pose på kjøkkenbordet har eg rabarbra. Det er dei første i år, og på rommet til Halvard har me fått eit akvarium med tolv rumpetroll.

I morgon er det 17.mai…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Och den dagen hoppas jag att du firar ordentligt 🙂
    och lämnar en rapport såklart

  2. Ukjend's avatar

    Men mor, å mor
    Eg lengtar heim te mor
    Eg er stor, eg er stor
    Men ikkje så stor
    Eg lengtar heim te mor

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    OC
    Viss du er den eg trur du er, så er eg rørt til tårer. 😉

  4. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Island helsar!!Her er 17 mai med tog der dei norske ungane leida an, og dei andre virke helst lettare rysta! Dagen er graa og, vindfull og kald, men dnett no skal dirigenten kvila og ungane er og handlar brus og is! Hipp hipp hurraaaaa!!

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild:
    Så kjekt med helsing frå Island. Gler meg til nærare referat.

  6. Ukjend's avatar

    Hvem andre skulle det vært? 🙂 teksten til nordstoga.. fikk litt hjemlengsel når jeg hørt den i dag..

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nokon andre med same bokstavane eller far som tullar med meg? Tek det som eit stort kompliment at nokon lengtar heim av og til…

Kommenter innlegget