Gå til innhald

Som å bita i eit grønt eple

mai 15, 2007

som viser seg å vera mykje søtare enn venta…

I natt regna det. Eg vakna klokka halv seks av meg sjølv og stod opp fordi eg hadde så mykje ugjort…
På radioen melde dei endå verre ver enn forventa. Dei sa det var fire grader ute, og haldt fram med å melda kald vind og masse regn.

Eg skodde meg for verst moglege forhold. Eg tok på fora kommunal fleecejakke under regnkleda, og eg pressa to par ullsokkar i dei nye rutete støvlane. Etter ti minutt med høgtlesing i klasseromet, gjekk me til bussen. Det regna.

Det tok oss mest ein time å koma til steinalderhola, og ute regna det så det spruta. Eg førebudde meg på masse kalde og våte ungar som ville heim og måtte venta i tre timar til på bussen. Då bussane stansa, var det opphaldsver, og det lukta tang og tare, sjø og bjørk, våt asfalt og sommarregn. Sola skein medan me gjekk til hola der Jens kom i leopardmønstra nylondrakt og prøvde å jaga oss vekk med ein lang kjepp. Ungane sat vagla høgt og lågt medan han fortalde om steinalderlivet sitt, og soldatane marsjerte forbi på vegen

Etterpå var det min tur til å fortelja, og sjølvsagt kom ein ny flokk soldatar forbi akkurat då forteljinga var på det mest spennande. Så gjekk me ned til stranda, via nokre spennande bunkarsar frå krigen, for å grilla pølser, leika og sparka fotball. Ikkje ein drope regna det, og sola skein heile dagen.

Ungane hadde det kjempefint, og fleire av dei spurde om me ikkje kunne reisa tilbake ein annan dag og. Det er så fint å ha sjanse til å leika med dei og snakka om vanlege ting som opptek dei. Ikkje ein konflikt var det heile dagen, og det er ganske sterkt for den nokon-og-femti-ungar-store flokken vår.

Nokon dagar blir ein konfekt av ein dag. Spesielt smakar det godt viss dei kjem heilt totalt uventa.

Og i kveld har det vore tre timar øving med Jeppe på Bjerget igjen. Nå begynnar me å få dreisen på det… Dramaelevane våre ser plutseleg alvoret i situasjonen dei og, og tiggar om å få ekstraøvingar. Slikt kan me sjølvsagt ikkje stå i mot, så på sundag skal me øva meir.

Nokre av desse ungdomane har vore dramaelevar hos oss i fem år. Det er flott å sjå korleis dei har utvikla seg i denne perioden. Å fylgja ungar og ungdomar i utvikling er kjempespennande.

Då eg kom heim nokså sliten etter ein lang og intens arbeidsdag, vart eg smitta av Halvard si bekymring for Shadow, den eine hamsteren vår. Me har hatt han i omtrent to og eit halvt år, og det er vel kanskje forventa levetid for ein hamster? Dei siste dagane har han hatt ein slags augebetennelse eller noko slikt. Det ser ut som augene er igjenklistra, og me må opna dei med lunka vatn. Får ikkje bestemt meg for om eg synest det er rett å kontakta dyrlege for å få augedropar til ein hamster…
Og tynnare har han blitt og…

Snakkar litt med eldstesonen på msn. Han sit på hybelen og les til eksamen, og hadde behov for å beklaga seg litt.
Får kryssa fingrane for at han klarer å lesa seg gjennom pensum slik at han kjem greitt i mål… Viss du les dette, Odd Christian, så kom deg til lesesalen. Det er lettare å lesa der…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Odd Christian permalink

    Å gå på lesesalen 23:47 blir litt drøyt, tar det i mårå. ok?

  2. Borghild permalink

    skummelt med shadov… trur ikkje dei lev så mykje lenger enn 2-3 år…. har nok fått grønn eller blå eller rød stær slik som gamle folk kan få…

  3. Heidi: permalink

    Odd Christian:
    Er det eksamen, så er det eksamen… ;-9
    Borghild:
    Ja, stakkars vesle hamstermannen. Det er merkeleg kor sterk medlidenhet ein får for eit bittelite dyr… Har ikkje tru for røde hundar eller blå stær…

  4. RaTo permalink

    Ja, ikkje sant. Veit du, eg går mest med ei lita sorg i meg fordi vesle Ludvig pinnsvin, som eg fann meir død enn levande på stien sist haust ? og pleia iherdig tilbake til livet ? ikkje har kome tuslande fram etter vinterdvalen. Han har nok ikkje overlevd vinteren, stakkars liten. Eg hadde han på vaskerommet ei veke, ga han kattemjølk (i tåteflaske dei første dagane), tørrfor og avokado (livretten til pinnsvin, må vite). Og då han var frisk som ein fisk, flytta han ut i hagen, og fekk maten sin der. Han rigga seg til under terrassen. Men ? liten som han var, har han nok ikkje stått imot kulde og regn. Og eg som hadde gledd meg til å ha han tuslande rundt i hagen ?

  5. Heidi permalink

    RaTo:
    Stakkars Ludvig Pinnsvin.
    Det høyrest koseleg ut å mata ein pinnsvinunge med tutteflaske. Dyrebestanden i heimen er i skrivande stund berika med 12 rumpetroll…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: