Gå til innhald

Rabarbra, sol og skulekorps:

mai 17, 2007

Då eg vakna tidleg på morgonen ein gong, registrerte eg takknemlig at det ikkje regna. To gonger i året når vermeldinga for landet vårt sine absolutte høgder. Det blir spekulert i vekevis i desember om det blir kvit jul eller ikkje, og i mai om korvidt det blir sol eller regn på 17.mai. Vervarslene for i dag var kolsvarte tidlegare i veka, åtti prosent sjanse for regn og styggever var prognosane. Men så dukka det plutseleg heilt uventa opp eit venleg høgtrykk, og me har hatt sol heile dagen!

Som seg hør og bør, høyrde eg ganske raskt etter oppvakninga lyden av eit musikkorps. 17.mai skal det norske folk nemleg vekkjast av ljomande marsjar, skarptrommer og trompetar. Eit kvart korps med respekt for seg sjølv marsjerer på vekkerundar rundt i byane i seks-sju tida…

Etter å ha laga meg kaffi og ovnspannekake med rabarbra, var det på tide å stryka Ingrid si bunadsskjorte, pussa bunadssølv, stryka dei små flagga til barnetoget og alle desse tinga som alle andre gode nordmann sjølvsagt gjorde i femtida i går ettermiddag. Heilt i tråd med meg sjølv, så nådde eg det så vidt…

For å nå att mannen i mitt liv, som hadde gått i førevegen, småsprang eg forbi uttallige bunadkledde småbarnsforeldre med barnevogner med bunadkledde småbarn som skulle trillast gjennom barnetoget. Fleire av desse toåringane sat og øvde i vogna på det dei skulle ropa høgt i toget av type “Nyland barnehage hei, hei, hei, ingen Nyland barnehage er som deg…”

17.mai-livet mitt er ganske forutsigbart. Det er uendeleg banalt å bli varm og våt i augene ved synet av tusen marsjerande barn med og utan nasjonaldrakter og fire musikkorps. Likevel blir eg det kvart år. Eg vinkar til eigne og naboane sine ungar, og ropar høgt til elevane mine som ropar høgt tilbake. Etter toget vart me inviterte inn til Bjørg på is og kaffi, for på denne eine dagen i året må ein servera is så raskt som mogleg. Det er ein del av konseptet.

Eg har vore hos foreldra mine og drukke kaffi på balkongen i lag med syster og svoger. På veg dit fekk eg med meg den obligatoriske konserten med den norske studentersangforeninga med Olav Tryggvason og
blånande fjordar. Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløme akkompagnert av lauvtre som sprett om kapp med nyfødde lam, og flagg som dansar i akkurat passe mykje vind. Stort vakrare kan det ikkje bli, sjølv om dette blir så sukkersøtt at eg mest kvir meg for å skriva det…

Dagen vart vakkert avslutta med grilling i hagen til Gunnar og Hanne Lise med påfylgjande kaffi, sjokolade og kaker inne i stova deira.

Eg fekk og med meg eit halvt TV program om Liv Godin, ein av lærarane mine frå barneskulen som i ein alder av 89 år driv og konstruerer bruer i Kongo. Leve alle sterke, modige kvinner med grensesprengande visjonar. Ho er ei dame eg er stolt av å kjenna.

Kvelden i går brukte Halvard og Sunniva på å stella det me antok var ein døyande hamster. Etter augebetennelsen fekk han i går voldsomme skjelvetokter, og orka så vidt å ta til seg mat. Halvard sat med tårer i augene og mata han med vatn frå ei teskei og eple skore i mikroskopiske terningar. Sunniva fotograferte han for å ha bilete frå siste kvelden han levde. Stemninga i heimen var nedstemt og samtidig bortimot litt høgtideleg.

Ungane varma opp baderomet til 25 grader, dei sette buret hans ut dit og laga ei mjuk seng til han med tilgang til yndlingsrettar og vatn. For fire-fem år sidan døydde dei to første hamsterane våre på same dagen. Ungane var først utrøystelege, men så fann dei ei slags trøyst i at dei døydde på Kristi himmelfartsdag, og at det sikkert betydde at dei hadde det godt ein annan stad. Eg påpeikte det merkelege samantreffet at det såg ut som om Shadow og skulle døy på Kristi Himmelfartsdag.

Då eg vakna i dag, var eg nokså sikker på å finna ein død hamster på badet, men han såg faktisk ut til å vera betre. Han åt salat og drakk vatn utan hjelp, og det vesle dyret kom seg til og med rundt i buret. Så nå får me sjå koss det går. Halvard var svært takknemleg. “Eg orkar liksom ikkje at han døyr heilt endå, han ser mykje friskare ut, ikkje sant mor?” Så nå får me sjå…

Eg lurer på om eg er i ferd med å bli heilt tullete med hensyn til dyr. Her bloggar eg side opp og side ned om sjuke smågnagarar og kvar einaste natt det siste halve året har eg stått opp midt på natta for åå sleppa inn ein kmjauande katt som står utanfor soveromsvinduet mitt og vil inn…

I morgon er det skulefri. Eg ser med stor fryd fram til å sova så lenge eg vil i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. May-Lis permalink

    Hei Heidi. Jeg blir så imponert av skrivingen din. Du er og blir bare dyktig. Har lest flere i dag og var ikke klar over at det er du som hadde skrevet den fine konfirmantsangen. (Trodde det var Torhild). For å gi dere begge honnør, så synger Torhild den kjempe bra. Hørte den første gang i fjor.

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, May-Lis. Eg skreiv konfirmasjonssalmen då Ingrid var konfirmant for 3 år sidan-

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: