Om å sleppa taket i fortida.
I følge eit amerikansk husryddeprogram, så er det det eg må bli flinkare til. Ein psykolog meinte at dei som sleit med å kasta ting hadde angst for å la fortida vera fortid.
Nå driv eg og øver meg. Eg har endeleg kome i gang med å rydda klesskapet på romet vårt. Der har eg nemleg så mykje rot at det er bare fire hyller att til kleda mine. – Og det er alt for lite.
Så nå har eg prøvd å sortera perler, tøy, halvstrikka gensarar, gamle julekort og barneteikningar. Eg har funne barnestrømpebukser i størrelse fem år som treng å bli reparerte og fotografier frå tolv år tilbake. Ein stor søppelsekk tiltenkt Fretex og ein annan tiltenkt tippen, står oppmarsjerte…
Så er det bare å bita tennene saman og kasta. For eksempel eit åtte år gammalt samankrølla ark der det står “Hidi eg elsger deg hilsn Sunniva.” I dag har bodskapet varma meg for andre gongen… Og kva med alle småtinga eg kjøpte i Afrika, eller alle dei fine smykkeøskjene ein kanskje kan få bruk for?
Nå må eg ned og rydda senga slik at me kan finna oss ein stad å sova i natt, for akkurat nå er store deler av skapet flytta dit.
Elles så har me brukt store deler av dagen hos mor og far. Eg og ungane og kjære syster. I USA fantaserte ungane om morfar sine kjøttkaker, og i dag vart fantasiane innfridd. Det var ein perfekt dag til å sitja inne på kjøkkenet deira og drikka kaffi og bare la regnet regna.
Kor er hammaren Edvard?
Heidi
Synfaring av skap må vera ein gjevandes aktivitet for spesielt interesserte…
Kor flink du er, Heidi! Gler meg til å koma å synfara skapa dine!