Sitron mot reisesjuke:
Eg sprang rett til toget frå planleggingsmøte på jobben. På vegen til Oslo må toget skifta retning. I alle år har konduktøren gått rundt og snudd stolane i Kristiansand.
Nå har NSB kjøpt nokre nye vogner som ikkje kan snuast, truleg for å spara tid. Det betyr at ein må kjøra halve turen mot kjøreretninga. Etter mindre enn ein time var eg skikkeleg kvalm og bad tynt om å få sitja i restaurantvogna. Ho som jobba der var kjempesøt og gav meg tre små posar sitronsaft. Det skulle hjelpa.
Etter ti minutt på perrongen i Kristiansand gjekk det bra, sjølv om frisk luft var vanskeleg å oppdriva fordi dei andre som stod der stod der for å røyka.
Med setet rett veg gjekk alt så bra, ogdei siste fem timane kunne eg lesa og brodera utan problem. Nå er eg trygt innlosjert på det nye gjesteromet til Eva Mari der ein nystrikka genserkjole hang og venta på meg.
Heidi
Der finst englar på NSB! Gler meg til å sjå deg i ny genserkjole! På sundag skal me bruka «songen din» – Get together på gudstenesta i Bogafjell!! Omsetjinga di til Sandnesisk er veldig god:)
Så flott Torhild – du formelig gløder av energi – det er healing i ordene dine!!!
Er frånå av medlem i ei kjernegruppe under liturgiutvalet. Frå nå av er liturgi hobbyen min…
Håpar ikkje eg har teke meg vatn over hodet.
Så bra!Liturgi er flott – så lenge det ikkje vert oppfatta som framandgjerande av folk flest …. eit indre stammespråk som dei allar ivrigaste kan…
May-Brit:Ante verkeleg ikkje at orda mine kunne ha slik verknad! Kom på gudsteneste på Bogafjell på sundag,så får du høyra den flotte omsetjinga til Heidi på skikkeligt:)