Spurv i tranedans.
I dag morges vart eg vekt med kaffi på senga med påfylgjande herleg salat. Dette er verkeleg eit hotell i særklasse.
Lokalet viste seg å vera lettare å finna enn eg hadde frykta. Så vart eg slusa inn i kyrkjebyråkratane si ypperste høgborg. Det var slik at eg måtte melda meg i resepsjonen, seia kven eg hadde kva slags avtale med og signera meg inn i ei bok.
Då me sat der, kjende eg at dette hadde eg lyst til. Eg var smigra over å vera spurt, og kjende meg på sett og vis som spurv i tranedans i lag med teologar, ei dame med doktergrad i liturgi og andre med kjende namn og flotte titlar. Eg er framleis usikker på om eg kan bidra med noko verkeleg vettugt, men eg tek utfordringa, sjølv om det blir hardt arbeid, og tida til det strengt tatt ikkje finst. At det blir lærerikt er eg ikkje i tvil om og dei andre viste så mykje varme og engasjement.
I sju timar sat me saman og jobba. Etterpå var eg så ør i hovudet at eg brukte ein halv time til å sviva rundt i gatene utan mål og meining. Det var så fin sol ute, og lufta hadde eit umiskjenneleg drag av haust. Eg kjende att dette klare kalde streifet av mogning og overgang til ei ny årstid. Sansane mine hugsa kva for vakker månad august er.
Eg var stolt av at eg fann vegen tilbake hit heilt på eiga hand. Etter middagen var me ute på tur. Me tok med oss heim tre dvd-ar og ein bukett store gule solsikker. Kvelden har vore like tilbakelent som det høver seg etter ei intens veke. Snart kjem natta hit.
Heidi
Eg er heilt overbevist om at du kan bidra med noko vettugt! Så flott at dei spurte om du kunne bidra i samband med gudstenestereforma!
Tusen takk Arne. Når du seier det så betyr det ein del for meg.
Din insats är givetvis viktig. Ingen skriver väl bättre psalmer (det var det ni skulle göra, väl?) för att man har nån akademisk grad? Det handlar om känsla. Och ja, språkbehandling också, språkkänsla etc. men om man ser på våra gamla psalmer var det inte så helt med språket alla gånger. Innehållet är det som bär.
Kyrkjebyråkratene si ypperste høgborg…. litt av ein karakteristikk av «Kirkens hus» i Oslo:) Eg har vore der – og spela litt på flygelet som stod i foajeen (hugsar du, Torun?)! Glad for at du har sagt ja til å vera med i dette viktige arbeidet! Eg stiller gjerne mi røynsle til disp – dersom du kan bruka meg til noko!
Takk alle snille vener. Eg la merketil flygelet. me var på eit møterom i kroken innforbi. 🙂