Good morning, miss Bubblegum:
Det var morgonhelsinga frå Ingrid onsdag morgon, og var reaksjonen på mitt nye antrekk frå uno beståande av mangenta-rosa lang tunika med matchande korte tights…
Eg begynte å le høgt, for eg skjøna jo kva ho meinte…
Då eg tok på meg dei beige snøreskorne med sjokkrosa sole og tå, og med broderier på sidene, sa ho at eg hadde ein relativt barnsleg smak til å vera langt oppe i førtiåra.
Eg sa at det var då min menneskerett å vera eit barnsleg menneske, og det var ho heldigvis enig i…
Då eg plussa på dei rosa kleda med den signalgule vaktvesten me må bruka når me har inspeksjon i friminutta, kjende eg meg som reine farge-eksplosjonen der eg virra rundt i den varme venlege augustsola.
Veka har vore full fart frå ende til annan, men tjueto års erfaring tilseier at det er slik det er å opna eit skuleår. Det krever krefter å dra sceneteppet til sides, og nå er det gjort…
Nå sit eg her og har frifredag, frå nå av omtalt som skrivefredag… Eg skal kasta meg inn i liturgiens irrgangar, må bare skriva meg varm på ein tekst her på Andedrakt først… Living la vida loca… -På min måte vel å merka…
Heidi
det skal visst vera grått i år…du er kjempefin i det antrekket
Grått er definitivt ikkje min farge. 🙂
Fru Pigalopp og eg heier på fargerike Heidi!!Frifredag er fine ting!Eg MÅTTE bare på jobb kl 07.10 idag… ting bør jo vera klart før mandag+et viktig møte 08.30….elles har eg endeleg vore hjå den flotte frisøren min…feels good! No skal eg øva til dåpsgt i morgon og gt på sundag!
Eg måtte og bare innom jobb på eit møte, og så bare måtte eg samtidig… Men frifredag er finfine greier ja…
Jag kan inte tänka mig dig i grått, däremot som Miss Bubbelgum 🙂
Då er du nok på rrett spor sjølv om du aldri har sett meg, morsan 😉
Ha, alla bilderna från er sommarresa då!
Ååååjaa… Det hadde eg gløymt!