På plass.
Sånn nokonlunde i alle fall. Det gjorde godt å ha lørdagen fri. Me vandra planlaust rundt i sentrumsgatene i sommarsol, med eit skarpt drag av haust, og såg på begynnande valkamp, gatemusikantar og tresko med påtrykte lam frå birkenstock.
Musikken tona frå gatemusikantar og butikkar: Living la vida loca, O la paloma blanca, The bananaboatsong og Billy Brown, you are a victim of your time. Me åt mongolsk mat på ein liten restaurant og drakk te med svigermor og svigerfar.
Sundagen var ein lang og roleg togtur, denne gongen i rett kjøreretning med liturgikompendium, bunadsbroderi og ei indisk bok. Så bar det rett opp frå perrongen til intensiv planlegging av første skuledag.
Og sidan då har tida gått i eitt med oppstart av skule og kulturskule, tusen små tannhjul som skal på plass, og som helst skal gripa inn i einannan til rett tid. Innimellom har eg teke i mot gode klemmar, lese elevloggar, delt ut bøker og sett standardar. Etter to døgn i sentrifugen landa eg i ettermiddag på ein uterestaurant i haustsol i lag med Jan Ivar for å legga ein slags årsplan for teatergruppene våre.
Og ja, eg trur eg har landa med beina på jorda etter noko som er eit av dei mest krevande akrobatnummera i årshjulet vårt: Oppstart av eit nytt skuleår.
Heidi
Krevande akrobatnumre er ofte høgdepunkt! Heldige me som lever intense liv i manesjen…på skikkeleg!!! Eg har lysgrøn bunadtråd og oppskrift som ligg og ventar på deg!!
Eg veit…
Fint å ha noko å gle seg til