Gå til innhald

Skal bare…

februar 23, 2008

Viss det finst utbrytarkongar, så finst det kanskje avsporingsdronningar? I så fall er eg ei av dei.

Nå er me eigentleg i gang med grundig husvask. Nå snakkar me om salmiakk og steikeomnsrens og eg veit ikkje kva. Fordi eg er snill med meg sjølv, har eg innvilga meg eit kvarters pause kvar gong eg har jobba ein heil time. Og det er nå…

Eg drikk sukkerfri kakao med ekte krem på, og på raioen syng Benny Borg gamle sentimentale balladen “Morgan Kane, var hans namn.” Fordi eg er ei avsporingsdronning tek den songen meg med til kaféen på tettstaden der eg vaks opp, datoen er 17.mai og året er sånn ca 1975. Kjell Magne Stangeland står ved sidan av jukeboksen han nettopp har lagt pengar på og syng med på Morgan Kane for å få meg og venninna mi til å le. Det gjer me. -Og eg lurer på om dette glimtet av sein barndom/tidleg ungdom kan brukast til noko. Ei novelle eit dikt?

Eg skriv på eit teaterstykke og prøver å mekka saman eit nytt laudamus som skal knyta himmelen til jorda. Samtidig ryddar eg hus, men det er ikkje nok. Eg fell stadig i stavar over alt anna enn eg burde. Eg oppdagar ei tjukk bok om sveltekunst skriven av Finn Skårderud, og finn det så interessant at eg bare må lesa boka ut. Eg kjører Ingrid til jobb og blir fanga av eit radioprogram slik at eg blir sitjande ein halvtime i garasjen for å høyra ferdig. Det er ein dramatisert dokumentar om å ha kreft med spreiing til skjelettet, kryssklippa med eit gammalt samisk sagn. Det er utruleg fengande gjort. Eg frys på ryggen og smiler om einannan og må bare vita korleis det går…

Og mobilen min har forlengst ringt for å varsla meg om at eit kvarters pause er gått… Og det veit eg jo, men eg har framleis kakao att i koppen, og ein kan ikkje stoppa midt i ein tekst som blir til mellom fingrane mine og mellom øyrene mine. Eg må jo sjå korleis det går…

I radioen er det ein ny song: “Oh yes, I´m the great pretender, I`m wearing my heart like a clown.” frå albumet Moondog expess trur eg dei sa. Songen vart til under idétørke. Idétørke har aldri vore mitt problem, derimot tid…

Og alle desse inntrykka eg sparar på. Dei må jo kunna brukast til noko… Derfor samlar eg og på fine knappar, blonder og restar av silke og fløyel. Fordi eg ein dag skal sy noko vakkert…

Men nå skal eg visa meg sjølv og mine lesarar at eg skal kobla meg tilbake til sporet og vaskebøtta og det heile. Kledd i tights, dongeriskjørt, raggsokkar og rosa hettegenser og med fletter i håret for å gje meg sjølv noko å le av så skal eg nok oppnå nirvana i form av norsk husmorstandard i heimen…

Oh, yes, I´m the great pretender… Ha ein vidunderleg lørdag!

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Men vad ÄR avsporing? jag begriper att det har med städning att göra förstås. Och vad är flöjel? Nån sorts garn?
    Du är dkutig som städar en timme och vilar en kvart, för mig brukar det bli ungefär tvärtom!

  2. Heidi: permalink

    Nei, Tintomara. Avsporing har i utgangspunktet ikkje så mykje med städning å gjera. Det er opprinneleg eit jernbaneord. Eit tog burde som kjend halde seg på jernbaneskinnene, men av og til sporar det av = kjører ut av sporet, og då kjem det ikkje så langt… Ordet blir brukt i overført betydning viss ein mistar fokus, gløymer seg ut og begynner med noko heilt anna enn det ein skulle gjera. Ein kan spora av i ein samtale og, mista fokus og gå over på noko heilt anna… Eg trudde det var eit uttrykk ein brukte på svensk og. Eg lærer heile tida. Og fløyel er eit slags tøy, sammet, meiner eg at det heiter på svensk. Så fint at de spør om det er ord de ikkje forstår. Eg les så mykje svensk om dagen at eg stort sett forstår det meste, men det hender framleis at eg heng meg opp i eit og anna ord eg ikkje forstår.

  3. morsan permalink

    Stickspår?

  4. Heidi: permalink

    Heiter det det på svensk?
    Nå forstår ikkje eg heilt… Betyr stickspår eit sidespor, mon tru? Å spora av er vel meir å forlata järnvegen? Altså å havarera på ein måte. Men det å ta eit sidespor er kasnkje eit vel så godt bilete som å spora av… – Sånn eigentleg. Språkdebattar kan vera innvikla når me har kvart vårt språk. Eg lurer på om dette er fattbart i det heile tatt for dei som ikkje er norske. Nå lurer eg på korfor me ikkje seier «Ta eit sidespor» i staden for «å spora av». Det første er vel eigentleg meir talande. Språk er rare greier. Men som alle ser av kommentarane mine nå, – avsporingsdronning de luxe.

  5. Heidi: permalink

    Fleire innlegg i avsporingsdebatten?

  6. Tintomara permalink

    Jaha! Urspårning heter det på svenska, och det kan också användas i överförd betydelse. Stickspår också för den delen. -Du får väl fråga morsan och mig om det är något svenskt ord su hakar upp dig på! 😉
    Och visst är det intressant med språk, fast jag skulle ju läsa dig även om du skrev på svenska, förstås!

  7. Heidi: permalink

    Takk, Tintomara. Ja, eg spør når eg lurer på noko 😉 Nå har eg lært to nye ord stickspår og urspårning. Språka våre er så like at det er lett å tru at ord ein ikkje brukar så ofte er heilt like på svensk ;.)
    Helsar urspårningsdrottningen.

Legg att svar til morsan Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: