Gå til innhald

Kvitt som maling.

februar 21, 2008

For eit og eit halvt år sidan malte eg kjøkkenet kvitt med lyseblå skapdører. Den øverste delen av veggen lova kjærasten min å ta. I dag er det blitt gjort…

Så forhasta oss sånn reint handverksmessig gjer me ikkje… Dagane går fort, og eg heng med så godt eg kan. Eg veit jo innerst inne at om eg skulle rekka alt eg gjerne ville så måtte eg ha tre veker ferie og ikkje ei.

Men eg har rukke viktige ting. To kafébesøk med venninner, eit besøk hos farmor, kosestunder med ungane mine, eit vaska- skap- og- vegger- besøk hos Inger,ein runde hos tannlegen, ei arbeidsøkt med Jan Ivar, kjøttkaker hos foreldra mine, fire-fem-seks timar bunadbroderi, skrive særemne med Ingrid, vore på kino og brukt eit par timar på liturgi.

Kunne ein ynskja seg meir? Ja, det står framleis mykje på lista, men endå har eg då tre dagar att med ferie…

Ingrid og Oddvar ler nedi stova, kjærasten min dansar swing i Stavanger, Sunniva er ute og kjøper sko og Hallvard er på hyttetur. Kattane er både her og der, og eldsteguten har eg ingen oversikt over.

Det er vanskeleg å halda akslene på plass, elles så har eg det heilt nydeleg.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. inger permalink

    Mange takk for vaskehjelp, gode Heidi!! Det er verkeleg gildt å vaska seg gjennom tre kjellarrom saman med deg 🙂 Så får det våga seg at eg har flytta nokre hundre meter lengre bort frå deg:) Me finn einannan uansett!! God ferie vidare!

  2. Heidi: permalink

    Klart me finn einannan. Kjellarvasken var høgdepunktet for meg i går. 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: