Gå til innhald

Påskemorgen slukker sorgen…

mars 24, 2008

Det er visse ting ein bare må få med seg om ting skal vera ordentlege. På syttande mai må eg både høyra og synga “Gud signe vårt dyre fedreland,” og på påskedag er det “Påskemorgen slukker sorgen,” som teller. Eg hugsar endå at bestemor lærde meg denne songen lenge før eg begynte på skulen. Eg hugsar og at lærarinna mi i første klasse stod framfor klassen og spelte blokkfløyte til denne salma medan me song.

Lenge trudde eg at strofa “Sangen toner vår forsoner, vår forsoner til evig pris” handla om at våren skulle koma. Teorien min var at våren ved påsketider forsona seg med vinteren og overtok klimaet. Eg var ikkje heilt sikker på kva forsona var for noko, men noko fint og høgtideleg var det utan tvil…

Og ein fin påskedag har det vore. Påskesalma mi vart opplevd via tv-gudsteneste frå Nordstrand kirke i dag. Det var ei veldg fin gudsteneste. Etterpå var det eit nydeleg program om salmeplata til kronprinsesse Mette Marit og konserten der alle salmene vart framførde. Ho høyrdest så klok og reflektert ut. Eit av spørsmåla ho reiste var: “Når satte vi oss sist ned for å snakke om det egentlige?” Det var eit godt spørsmål som eg lar henga i lufta…

Påskedagen begynte eigentleg litt i går. Då eg kom heim frå midnattsmessa måtte eg bare skriva litt før eg fekk fred i sjela. Medan eg sat og skreiv, kom Odd Christian heim. Det ende med at me sette oss på kjøkenet saman og hadde ein samtale i natta. Eg elskar slike samtalar, for om nettene eksisterer ikkje tida på same måten som ho gjer om dagen. Det einaste litt dumme med å sitja oppe til halv tre er at denne ferien har eg fram til nå klart å la vera å snu døgnet opp ned. Det er ein klar fordel når skulen skal begynna att.

Ein tur langs stranda vart det i dag og i lag med gode vener. Etterpå kom det endå meir snø, og me samla familien rundt bordet og åt roastbiff med fløtegratinerte poteter.

Ingrid har klipt håret til Odd Christian. Dei lange krøllene har falt for saksa. Først vart eg reint nervøs av å sjå på. Eg fattar ikkje at han torer å la systera gå laus på håret sitt med saks, men det vart faktisk fint til slutt og han kunne rakrygga be faren sin kjøra seg til ei venninne…

Ingrid og eg har hatt jentebesøk i dag av Anne Mette og Kristina. Det nydelege fadderbarnet mitt, Kristina, er blitt vaksen jente spm skal fylla tjuetre år i august. Ho studerer for tida litteratutvitenskap. Eg ser henne alt for sjeldan, og det var så fint å ha henne her. Nå skal eg ned og rydda etter kalaset. Ute er det nullføre og masse snø. Eg håpar Odd Christian kjem seg heim for eigen maskin. Eg har ikkje veldig lyst til å leggja ut med bil på dette føret… Det paradoksale er at svært mange har lagt om til sommardekk etter ein omtrent snøfri vinter. Dette ligg an til å kunna bli skikkeleg trafikk-kaos.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Gunn permalink

    …. da jeg i min barndom hørte julesangen; Et barn er fodt i Betlehem, syns jeg det var så trist og vondt å høre : «Thi gleder seg Jerusalem. Hallelujah!! Hallelujah!!!!!!! «. Jeg trodde nemlig de sang : 10 gleder seg, jeg rusler hjem…hallelujah!!!!!!!
    Mulig at denne språklige (høyst private) misforståelse lærte meg littegrann om innkluderende adferd ?

  2. Heidi: permalink

    Det er morsomt kva ein kan feiltru i lange tider- Eg song «Og alle sjele de tredde trele alt som har mele det skal fortelle hans ære-

    Eg såg for meg at det å tre treler var ein slags perlekransart sjelene tredde i glede… Og eldstejenta mi song lenge nasjonalsongen på denne måten: Urettferdig over landet med de tusen hjem…

  3. Torhild permalink

    Hehe… eg sat på Betel på Ålgård og lurte på koss det såg ut når dei alvorlege mennene trakka rundt i ansjos (..å vandra i hans ljos…. oppdaga eg til mi store undring då eg hadde knekt lesekoden!!)

  4. Torhild permalink

    Hehe… eg sat på Betel på Ålgård og lurte på koss det såg ut når dei alvorlege mennene trakka rundt i ansjos (..å vandra i hans ljos…. oppdaga eg til mi store undring då eg hadde knekt lesekoden!!)

  5. buy tramadol permalink

    Very interesting site. Hope it will always be alive!

Legg att svar til Torhild Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: