I stormen sitt auge

I går kom eg uforvarende til å leggja ut eit bilete på facebook som eigentleg bare skulle liggja ute på ein liten bestemorkonto på Instagram. Det er ei innstilling på den kontoen som gjer at viss det ikkje er skrudd av så kjem det samtidig ut på Facebook og….
Eg oppdaga ikkje før etter fleire timar då folk kontakta meg etter å ha sett på biletet at eg var på sjukehuset. Dei lurde på kva som var gale, og så måtte eg fortelja at eg hadde vore innlagd på SUS i helga med blodpropp i lungene, men var heime nå… Det høyrest jo veldig dramatisk ut, og er det og, men for meg vart dette ei annleis oppleving enn eg hadde tenkt viss nokon hadde fortald meg at dette skulle eg gjennom. Eg trur at eg som har vore » midt i stormen sitt auge» har vore meir roleg enn alle rundt som har engsta seg. Det er ganske utruleg, for eigentleg er eg både hypokondar og pyse når det gjeld sjukdom. Eg må bare seia at eg opplever å ha hatt englevakt sidan det vart oppdaga og behandla i tide
I januar skada eg ein muskel i leggen, og det har vore vondt opp i kneet. Det har vore vondt å gå, og derfor har eg, som har pleid å vera ganske flink til å gå tur, sitte mykje meir i ro og venta på at det skulle bli bra. I tillegg har arbeidsdagane mine bestått av å sitja og skriva i staden for å springa opp og ned trapper og gå rundt på skulen min. Dette er høgst sannsynleg grunnen til at det danna seg blodproppar i den, vonde foten, som forøvrig var i ferd med å bli bra igjen.
For nokre veker sidan høyrde eg tilfeldigvis om ein som hadde blodpropp i leggen utan at det vart oppdaga i første omgang. Eg blei fortald at om bare den eine leggen hovnar opp utan at ein har skada seg, så skal ein sjekka om det kan vera blodpropp. Sist sundag hadde eg vondt l leggen, men knytta det til den gamle skaden, og at eg hadde stått og gått mykje i helga. Om natta vart leggen vond og øm, det kunne minna litt om krampe. Dagen etter sa eg til Leif at viss leggen hadde vore hoven hadde eg nesten frykta blodpropp. Han såg at den vonde leggen var hovnare enn den andre, og sa at eg kanskje burde sjekka det hos legen.
Eg ringde ned til legekontoret og la opp til å bli beroliga: Dette er sikkert ingenting, men eg ville bare høyra om de synest det bør sjekkast. Eg kunne svara nei på det meste: Leggen var ikkje veldig hoven, han var ikkje hoven ved ankelen og ikkje misfarga. Og eg var vel ikkje kortpusta? Kortpusta nei, ikkje i det heile tatt… – Dei trudde ikkje det var noko å bekymra seg over, og eg var letta…
Det siste spørsmålet heilt på tampen vart liggjande og sviva i bakhovudet dei komande dagane. Var eg ikkje i ferd med å bli litt kortpusta? Eg bestemde meg for at det var bare psykosomatisk. Fordi dei hadde sagt ordet kortpusta vart eg plutseleg andpusten når eg gjekk opp trappa vår. For ei dramaqueen eg var… Tolte ikkje psyken min å høyra ordet kortpusta utan å gjera meg heilt nevrotisk. På torsdag melde eg Eva Mari som er sjukepleiar. Burde eg gå til lege? Eg sende bilete av begge leggene mine og. Det var då ikkje så stor forskjell? Ho sa at eg måtte koma meg til lege for sikkerheits skuld. Det måtte eg lova. Og profesjonelt kommenterte ho at ein ikkje kunne lesa av grad av hevelse på eit bilete, då måtte ein bruka målband… Ja, då fekk eg kanskje ringa legen, men nå var det for seint, så det fekk bli i morgon.
Eg skulle i veg på sokneråd om kvelden og tok sykkel for å sjekka om eg blei meir andpusten enn normalt. Det var forferdeleg. Då eg kom fram etter ein kort motbakke på sykkelen vart eg ståande utanfor kyrkja og hiva etter pusten utan å føla at eg fekk kontroll på han. Ein som og skulle på møtet, helste muntert: «Ja, ja, det er i motbakkar me kjenner at me lever!» Eg prøvde å nikka muntert, for eg hadde ikkje pust nok til å svara. Så kom den handlekraftige nestleiaren i rådet. ( Eg har ikkje spurd om å få bruka namnet hennar her). » Er du dårleg?» Eg fekk til slutt hiksta fram at eg bare måtte få pusten tilbake. «Dette er ikkje normalt, Heidi. Du syklar jo så mykje, og eg har aldri sett deg slik. Eg går ikkje frå deg nå, enten kjører eg deg heim eller til legevakta! » Me fekk ringd Leif og han henta meg til øyeblikkeleg konsultasjon på legevakta. Eg forklarte den veldig hyggelege legen at anfallet ved kyrkja kanskje var panikkangst fordi eg var hypokondar og hadde fått for meg at eg kanskje hadde blodpropp. Han såg på meg: «Pleier du få slike anfall?» «Eg, nei, aldri…» Då syntest han me skulle ta det på alvor…
Nokre timar seinare vart eg køyrd inn i ein lunge CT maskin. Etterpå sa sjukepleiaren at eg nok måtte førebu meg på dårleg nytt, for radiografen hadde sett noko… Det viste seg at dei hadde funne fleire blodproppar. Så var det hjarteultralyd og masse elektrodar. Ikkje lenge etter låg eg på ryggen i ei seng på overvakinga tilkopla alt mogleg. Ein sjukepleiar sa at nå kunne eg sova trygt, for dei skulle overvaka hjartet mitt heile natta og ikkje ta auga av meg eller skjermen…
Eg tenkte med meg sjølv at behovet for det kanskje ikkje høyrdest ut som den tryggaste situasjonen i verda… Så låg eg der, fortumla og forundra. Eg skulle jo bare sykla til eit møte… Eg sov ingenting den natta, men kjende meg roleg og trygg sjølv om eg tenkte eg hadde god grunn til å vera livredd. Nå måtte eg bare stola på helsevesenet og at eg var i Gud sine hender.
Nå er eg heime att, og føler meg letta og takknemleg. Forstår at eg faktisk var i livsfare, men at dette ser ut til å gå bra. Livet er vakkert og dyrebart. I løpet av dei få dagane eg var i sjukehusbobla har våren eksplodert og det er berusande grønt og fint ute. Nå skal me til stranda og gå ein liten tur. Ta vare på kvarandre de som les dette. Eg har fått så utruleg mykje varme og støtte frå familie og venner desse dagane. Ofte gløymer me å vera takknemlege for at me har kvarandre, og så blir me plutseleg minna om alt me har.
Heidi