Gå til innhald

Treminuttars tekst om gras.

april 27, 2008

“Gras luktar annnleis enn mose. Grass som er klipt med grasklippar luktar annleis enn gras som er blitt til lange brune strå. Jord luktar annleis enn gras. Jord luktar vått og fuktig og rått. Jord luktar heilt nydeleg.

Ein gong då eg var lita dytta eg mose med ein pinne gjennom ei sprekk i flaggstanga. Eg fekk moster til å hjelpa meg sjølv om ho er vaksen og nesten gammal.

Nokre gonger rullar me oss ned ein bakke med gras og høy. Det kitlar i magen. Av og til ligg eg og bror min eller eg og nokon andre tett inn til einannan med armane rundt kvarandre og rullar saman ned den same grasbakken. Det er humpete og kitlar mest endå meir i magen.”

Det er godt å tygga på enden av eit grasstrå. Grøne grasstrå smakar annleis enn dei som er blitt gamle og brune.”

Desse treminutts greiene får meg til å setja ord på små bitar av barndomen min. Det er ganske fascinerande. Det er så overkomeleg å laga bitar av ein tekst som bare skal ta plass som tilsvarer tre minuttar. Eg anbefaler andre å leika same leik som meg: Tre minutts minne frå du var lita. Kanskje festar eg endå fleire til tastaturet utan å vera tilkobla internett, for nå vart eg hekta på denne nye leiken…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Stilig. Har vært barnevakt for barnebarnet mitt i kveld ……. og da blir overskriften VIDUNDERLIG. Og så blir jeg opptatt i tre minuttt her. MInst

  2. Heidi: permalink

    Det tviler eg ikkje på. Eg har akkurat vore og henta Sunniva og ei venninne som har vore barnevakt i kveld dei og. 🙂

  3. Tintomara permalink

    Det där ska jag absolut prova! Jag undrar om jag inte oftast får sagt det jag vill på tre minuter. Men jag måste få gå tillbaka och rätta fel sedan, för jag skriver så illa med tangentbord. (Med penna stavar jag aldrig fel!)

  4. emma permalink

    Eg rulla nedover ein lang bakke på den måten for nokre år sidan. Fekk skikkeleg fart på grunn av vekta som er noko høgre enn før. Anbefalast!

  5. Heidi: permalink

    Eg og har same problemet med tastatur, Tintomara, eg måtte inn og retta etterpå. Kanskje me skal hiva oss på ein dobbelrulle Emma 😉

  6. Gunn permalink

    Jeg rullet også , i fjor sommer var det vel. Fikk hundebasj på jakke og bukse. Blir ikke med på hverken enkel eller dobbeltrull mer.

  7. Heidi: permalink

    Kanskje eg rett og slett har gløymt ulempene med rulling…

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: