Seinsommartankar.
Før eg har fått tid til å reflektera over at me har gått inn i august, denne mjuke månaden som Einar Skjæråsen skriv så vakkert om, så registrerer eg at me alt er over halvvegs.
Sidan sist har veka vore full av planlegging med tanke på det komande arbeidsåret. Det har vore lat planlegging på kafé, eller med ei stor skål salat på golvet i gapahuken. Og det har vore intens planlegging med møter og timeplanar til hjernen surrar som ein sverm haustdovne bier. Det har vore vemod over at sommarferien er over blanda med gleda over å møta att folk eg er svært glad i, og i går haldt rektor den årlege garasjefesten i garasjen og hagen sin. Akkurat som me har gjort dei siste elleve åra lo me høgt og hysterisk og prata lågmælt mellom varmelampar og utepeisar til det var natt og ikkje kveld.
Eg har levert inn bunaden, og til mi barnslege glede sa ho som driv butikken at det var vakre broderi… Sunniva og Ingrid vart målte begge to fordi Ingrid nå må få sin bunad justert slik ein som regel må gjera det fordi ein sjeldan er ferdig utvaksen som konfirmant. Sunniva har så smale handledd at det rører noko djupt inne i meg.
Då eg nyleg var og såg Mamma- Mia- filmen i lag med kjærasten min, Gunnar og Hanne Lise vart eg veldig positivt overraska. Eg hadde ikkje venta at det var ein film eg skulle kjenna meg nevneverdig berørt av, men det vart eg. I scenen der Meryl Streep som sin rollefigur pyntar dotter si som brur, og tenkjer tilbake på barndomen hennar fekk tårene til å renna nedover kinna mine. Eg tenkte på Ingrid som flyttar ut om ei veke for å gå på folkehøgskule, og som kanskje aldri meir skal ha fast adresse ute, og eg tenkjer på Sunniva som er i ferd med å bli vaksen ho og.
Då Sunniva plutseleg fortalde meg i dag at ho skulle ta tog inn til byen for å gå på kino med ein gut ho hadde møtt på leiren, kom eg til å tenkja på ei novelle me las i engelsktimane på gymnaset, “Go lovely rose”, som handla om kvalene ein far gjekk gjennom då dottera var ute på sin første date. Den gongen tenkte eg på det som sentimentalt og litt overspent, men plutseleg såg eg dybdene i novella…
Nå er det lørdagskveld. I dag har eg vore ute og handla inn fint materiell til skrivekurset eg skal ha i kulturskulen. Om tre minutt skal eg ned for å sjå ein dokumentarfilm om Michael Jackson i lag med Halvard, den einaste av ungane mine som framleis vil sjå fjernsyn med mor si på ein lørdagskveld. Tidlegare i kveld sat eg ute og las avisa i tynne klede. I avisa stod det at ein måtte nyta helga, for på måndag kjem hausten og gråveret. Til slutt måtte eg inn og kle på meg genser fordi eg fraus.
Heidi
Men vad är gapahuken?
Fågelungarna ska flyga ut, det vet du ju. Det är förfärligt roligt med vuxna barn också! Och sen blir det barnbarn…
Eg veit det, Tintomara, og eg er ved godt mot… Ein gapahuk er eit sånn tak som speidarane byggjer til å sova uner ute med sånn halvvegs vegger på sidene. Me har ein luksusvariant ute på skuleområdet der me kan setja oss i ly i lag med elevane, halvvegs ute og halvvegs inne. Har du sånn halvvegs inntrykk av kva det er?
«Vindskyddet eller «Gapahuken» är en traditionell övernattningsform»
Ja, vindskydd är jag bekant med sedan mina vandringsdagar! Men inte så stora att man får plats med en klass i dom! Men vi brukar ha stockar i fyrkant utanför, runt eldplatsen, och då får de förstås plats! (Numera har jag förstås så få elever att vi gott får plats i ett vindskydd, fast jag är rätt omfångsrik! 😉
Det er den største gapahuken eg har sett og… Skikkeleg tak av tre og vegger av tre…
du rører meg i dag, Heidi.Gler meg til å sjå deg i september.
og eg gler meg til å sjå deg. 🙂