Gå til innhald

Luke 19

desember 19, 2008

Eg hadde ein fin morgon med Ingrid. Så var eg innom på jobben for å levera eit sitjeunderlag til ein som skal ha fri på måndag. Eg vart oppdaga av eit par av elevane mine, og måtte inn i klasseromet for å helsa på og få eit par klemmar, sjølv om eg hadde fri i dag. Etter ein litt slitsam arbeidsdag i går, gjorde det godt å få spontane klemmar, og at ein av gutane kom med ein liten pakke eg måtte gøyma til julafta der det stod “Til verdens snillaste lærar,”
på merkelappen…

Eg var på julelunsj med kollegene i kulturskulen. Me var heime hos Guri med utsikt langt utover mot havet. Bordet var dekka med tulipanar og lys og ein liten sjokoladenisse til kvar. Det var koseleg. Best av alt var det å få beundra nyfødde vesle Sigurd. Nyfødde barn er det vakraste og mest spesielle eg veit. Det er som dei har med seg ein bit av himmelen og avgrunnsdjupe kloke nyfødde auger. Og så luktar dei så godt.

Eg har fått send i veg juleposten. Truleg tidleg nok til at dei fleste får julebrevet sitt før jul.

I kveld har me vore på allsongkveld i lag med Hanne Lise og Gunnar. Jan og Ulf er med i gruppa som styrer songen. Begge er gamle kjende av meg og var på ein måte som representantar for tider som har henrulla.
Den eine var ein gong den frommaste guten på gymnaset mitt med langt Jesushår og ei tru sterkare enn fjell, så vidt me kunne skjøna.

Den andre gjekk eg på lærarskulen samtidig med, og mest ti år seinare var me naboar på folkehøgskulen, der både han og kjærasten min arbeidde i ein periode. Den eldste dotter hans er jamngammal med den eldste sonen vår, og saman med eit tredje folkehøgskulebarn som var eit år eldre, sprang dei rundt på skulen og internata som prinsar og prinsesser.

Felles for begge desse to nå etterkvart vaksne mennene, er at dei stråler ut ein varme som det er godt å ta i mot.

Få ting er så minneskapande som songar og musikk. Når me syng “You`ve got a friend”, vinkar eg og kviskrar “Hei Torbjørn. Eg ser Torbjørn for meg med åttitalsbriller og gitar på ein scene i Kristiansand. “You just call out my name, and you know wherever I am, I`ll come running to se you again.” Fint å vita.

Og til “Brigde over troubled water”, kjører eg bil med far. Det er bare oss to i bilen. Eg sit i framsetet ved sidan av han. Han kjører bil, og syng saman med radioen: “Like a brigde over troubled water, I will lie me down”.

Julebreva gjer meg og litt sentimental. I brevet til Heidi og Per Inge skriv eg: “Nokre gonger lengtar eg etter å vera meir i lag med dokke.” Eg vinkar til Sissel som eg ikkje har sett på så lenge, og til Kari som eg sender eit brev til på rein impuls fordi eg plutseleg kjem til å tenkja på henne.

Eg håpar nokre av helsingane fell i god jord. Eg har lese så mykje i aviser og på bloggar om folk som er sinte på skikken med julebrev:

“Å få brev med bilete av andre sine ungar er som eit hån mot oss som ikkje har eigne ungar”, skriv nokon. “Kven kan tru at eigne bortskjemde snørrungar er interessante for resten av menneskeheita?” Og eg kan forstå dei på ein måte, men skal ein verkeleg måtta tenkja slik? “Ei helsing frå familien perfekt,” seier nokon. Men familien perfekt er då på ingen måte oss her i det rotete huset med spindelvev under taket og meterhøge papirbunker i opptil fleire rom? “Kven bryr seg om dottera til nokon eg studerte med for tjuefem år sidan har begynt på sjukepleien?” seier nokon. Eg raudnar lett og retter opp handa, for meg interesserer det. Eg gler meg umåteleg over desse skrivne rapportane frå folk eg ein gong har stått nær og vore veldig glad i.

Men kanskje det skuldast den same sære tilbøyelegheiten som gjer at eg les bloggar til kjende og ukjende med stor interesse, gjerne utover nettene. For levd liv interesserer meg djupt og oppriktig. Eg finn stor glede i å prøva å finna ut korleis det er å vera andre. Korleis ser livet ut frå andre utsiktspunkt enn mitt eige? For meg er det utruleg mykje meir interessant enn både å samla på frimerke og halda seg oppdaterte på aksjemarknaden.

Elles innrømmar eg at eg med jamne mellomrom fell for freistinga å ta ein av desse tåpelege testane som det ligg så mange av på nettet . Sånne av typen: “Hvilken sko er du?” og “Kven er du i Mummidalen?” Og så får ein den djupe innsikten at ein er ein conversesko eller ein Snusmumrik, og lever lukkeleg vidare med eit litt utvida sjølvbilete…

For nokre dagar sidan prøvde eg meg på ein “How feminine are you?” test. Resultatet vart at eg var 16% feminin, i følge testen akkurat så lite feminin ein kunne vera og framleis definera seg som hokjønn. Målgruppa var nok kanskje amerikanske kvinner under 25 år… På spørsmål om kor ofte ein går på høghælte sko, og om ein vågar å gå til postkassen sin utan sminke, så er det bare å innsjå at eg fell totalt gjennom reint femininitetsmessig… Det kan eg leva med… Og det håpar eg at norske jenter på alder med døtrene mine kan og…

Eg var trass alt tenåringsjente i den tidsepoken då mine eldre medsystre brant bh-ane sine på bål… Og barna mine ler av klassebiletet mitt frå avgangsåret på ungdomsskulen. Der er jentene relativt usminka, jenter og gutar har same hårfrisyre og same typen klær.
Av og til går trendar i ein retning ingen kunne ha spådd. På syttitalet trur eg dei færraste drøymde om at det skulle koma ei tid der femåringar av hokjønn skulle kles opp som om dei var dei sekstenårgamle tremenningane til Barbie…

Nokon som er gamle og surmaga og litt hårsåre på å vera fråtekne sin femininitet? Nei ikkje i det heile tatt…
😉

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Borghild permalink

    haha! herlig innlegg.. 🙂
    gler meg til å lesa årets julebrev frå dåkk!

  2. Heidi: permalink

    🙂

  3. May Brit permalink

    æg helle mæ dæg æg 🙂 4 siders julebrev fra oss er på veg 🙂

  4. Tintomara permalink

    Jag gilalr alltid det du skriver, men det här var ändå en av höjdarna! jag kände SÅ igen mig i det!
    M’r jag blir epnsionär ska jag minsann också skriva julbrev. Nu är jag näjd om jag för iväg julkoren med en mycket summarisk hälsning.
    och jag fascineras också av andras liv, alltid lär man sig något! Och man blir tacksam för sitt eget, hur ofullkomligt det än är.
    Jag beundrar dig också som orkar skriva julkalender på det här viset! Trots allt annat du gör!
    Kramar av elever är inte så ymningt förekommnde på högstadiet, men jag har fått en, och det av en av de tuffa gossarna! Det känns speciellt när man når fram till någon av de där som behöver det.
    Önskar dig och din familj en härlig jul!

  5. Heidi: permalink

    Tusen takk, Tintomara. Herleg jul til deg og.

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: