Gå til innhald

Luke 20

desember 20, 2008

Gode bror, det var årets lengste natt… syng Lillebjørn Nielsen i ei vise. Og akkurat nå er det årets lengste natt. I alle fall i følge Einar som besøkte oss i dag og brukar å ha greie på den slags.

Reint lysmessig burde dette altså ha vore årets kortaste dag, og slik kjennest det og, alle fine stearinlys til tross. Eg har nådd mindre enn halvparten av det eg hadde tenkt å gjera i dag, men sannsynlegvis kjem det ein dag i morgon og.

Eg slo følge med dei tre gutane i heimen inn til eit stort kjøpesenter for å ordna nokre presangar. Slikt tek ofte lengre tid enn ein trur, men eg klarte å gå på lågpuls. Eg sat på ein benk og drakk kaffi i lag med Odd Christian medan Halvard og far hans handla gitarforsterkar. Halvard har vore kjempeflink og klart å spara tre tusen kroner i haust. Det siste tilskotet blir julegaven hans frå oss. Det er sikkert bra saker, men korleis han skal frakta med seg den kolossen når han skal ut og spela anar eg ikkje.

Nå har han vore med på sjølve handelen, men forsterkaren er nå boren inn i kjellaren og skal stå der til julafta. Det er kjekt å ha noko å gle seg til

Me fekk kjempekoseleg besøk av Liv og Einar og mor til Einar. Eg likar desse uventa adventbesøka. Huset var særdeles lite velordna, men eg får lena meg mot Eva Mari sin definisjon og seia at me bur i ein kunstnarheim. Men me kunne by på god julekaffi opptil fleire sorter julekaker frå den driftige bakekvelden på jobben min.

Etterpå bakte eg og Halvard fire brett aniskringler etter gode råd frå Gerd, men han held på at tante sine er mykje betre enn mine denne gongen og. Nå er dei i allefall i fryseboksen.

Så var det å vaska undulatfjører, støv og solbærsaft av golva mine. Framleis ser dei ikkje reine ut, men mykje betre.

I morgon skal eg vera med og ha sundagsskule. Eg skal ha andakt og har tenkt ut ei monologhistorie der eg er Maria med Jesusbarnet. Døtrene mine ville vore mykje rettare reint aldersmessig, men ungar har fantasi…
Det kjennest alltid veldig rett og fint å vera med på sundagsskulen, men eg innrømmer at det blir ein del tankearbeid dagene før. Eg vil veldig gjerne få formidla noko ekte som ungane kan ta med seg vidare.

Det kjennest fint å ha huset fullt av ungdomar att. Dei har framleis mange forventningar til julehelga. Eg håpar dei får ei fin jul.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Eva Mari permalink

    Ja, det er veldig koseleg å ha ungdomane i hus igjen.
    I går kveld gjekk eg tur i mørket og kom forbi nokre ungar som leika ute: «skal vi telle stjernene?, sa den eine. Det var stjerneklart og her i lysforurensinga er det ikkje alltid så lett å sjå stjernene.

  2. Heidi: permalink

    Nydeleg! I Spania låg eg og Ingrid på ryggen på Joffe sin terrasse og såg stjernene koma fram ei etter ei etter som det vart mørkare. Først såg me to, så såg me ti og til slutt såg me ein million.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: