Gå til innhald

Luke 21

desember 21, 2008

Eg har nokre rituale som eg utfører kvart år sist i adventtida. Eit av dei er at eg benkar meg med bordet med store mengder postkort, bilete og gjer-det-sjølv-kalenderar.

Så klipper og limer og klistrar og skriv eg kalenderar til folk eg er glad i med ei helsing for kvar månad. Det varierer kor mange av dei eg lagar. Eg har vore oppe i fleire og tjue, i år blir det langt der i frå. Det har eg ikkje hatt tid og overskot til, men i dag har eg laga fem kalendarar. Ein av dei er eg heilt ferdig med, dei andre fire ventar på dikta sine, men er elles fullendte reint biletemessig.

“Nå må du fornya deg litt,” seier kjærasten min. “Du må ikkje vera så forutseieleg. Og det kan han sjølvsagt ha rett i. Eg likar å gjera ting om igjen, men på nye måtar og med nye innfallsvinklar. I dag har eg laga ein kalendar full av salmetekster til mi kjære farmor. Det har ho aldri fått før. Eg prøvde å finna salmetekstar som eg går ut frå at ho kan og er glad i. Eit par av dei kunne eg høyra for meg farfar synga, og eg tenkte at det kjem nok farmor til å gjera og. Eg tok med salmen “Eg veit i himmerik ei borg, ho skin som soli klåre, der er kje syndar eller sorg, der er kje gråt og tåre.” Farmor sa at den salmen var farfar veldig glad i og hadde sagt han ville ha ho sungen i gravferda si. Slik vart det og.

Farfar hadde ein kraftig songstemme som runga i kyrkjeromet. Foreldra mine gjekk veldig sjeldan i kyrkja, men nokre gonger var eg med farfar dit. Det var fint og høgtideleg og litt keisamt på same tida.

I dag er det eg som har vore vaksen i kyrkja i lag med mange barn. Sundagsskulen gjekk fint, og det kjendest fint og rett å vera der.

Elles så har eg stort sett site på kjøkkenet med kalenderproduksjonen min med mann og barn svivande rundt meg. Det har vore koseleg. Nå skal eg få kalenderen
til farmor i ein stor konvolutt som eg må laga av to små konvoluttar, og så er det rydding av kjøkken. I morgon er siste skuledagen før jul.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Rato permalink

    Kjære Hedi, for ein fin skikk! Ein slik kalender må jo vera til dagleg glede for mottakaren! 🙂 Vil berre seia takk til deg for at du deler livet ditt med oss som er så heldige å få lesa tekstane dine her. Det er eventyrleg gildt! Og så vil eg ønska deg og dine ei koseleg og fredfylt jul! Kanskje ser eg deg i 2009! Stor juleklem frå Ra-To

  2. Heidi: permalink

    God jul til deg og, RaTo. Klart me treffest i 2009!

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: