Gå til innhald

Luke 22

desember 22, 2008

Eg har viss ikkje tenkt over før kor sosial tid det er i dagane før jul. Då eg kom syklande heim frå jobb møtte eg Laila i gardsromet. Ho var på veg innom med julehelsing og gave. Om kvelden tikka det inn melding frå Anne Mette som og ville koma innom med julehelsing og gave. Ho hadde med seg fadderbarnet mitt, Kristina som studerer litteratur og er heime på juleferie. Det var ei veldig koseleg overrasking.

Bare Halvard var heime då dei dukka opp klokka ti om kvelden, men i løpet av ein times tid kom dei andre ungane og heim frå jobb og barnevakt og spelekveld. Vilde kom og for å bu her litt, så plutseleg sat me tett i tett ein heil flokk menneske med tekoppar, aniskringler og lussekattar. Dei lilla adventlysa var skifta ut med raude, og alle julepyntenglane var henta fram.

Elles så hadde eg ein liten skrivejobb dei først timane eg var vaken, så var eg på jobb klokka halv tolv, klassen min fekk avspasera føremiddagen etter forestillinga for eit par veker sidan. Så var det felles avslutning i aulaen, der elevar frå alle trinna hadde kvar sine innslag, og med avsynging av julesongar. Eg sat tett mellom elevane mine og kjende at dette var ein god måte å slutta semesteret på. Etterpå fekk alle saman klem og nokre gode ord.

Takka vera Halvard er me tidleg ute med julepynten i år. Han insisterte på å pynta juletreet. Det gjorde han aleine og etter eige hovud. Han bestemte at i toppen skulle det vera blå kuler, rundt midten skulle det vera ein seksjon med sølvkuler og nederst raude kuler. Eit slikt juletre har eg aldri sett før med horisontale fargeseksjonar, eg skal halda meg i skinnet og ikkje flytta på kuler… Men dei fine knallturkise kulene eg kjøpte på indiska i romjula i fjor måtte eg kjempa for å få lov til å henga opp, fordi dei ikkje passa inn i fargekoden.

Ingrid påstår at ho har litt unormale foreldre. Det kan eg ikkje forstå… Sjølv påstår ho at ho er heilt A4, noko eg protesterer heftig på. Kva for ein A4 fireåring finn på å kalla bamsen sin for Nils Gerhard Elgåsen, liksom…
Me konkluderte med at dei fleste menneske kanskje sjølv trur at dei er vandrande normalitetsbegrep…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Pyntar du enligt de liturgiska färgerna? Det vet jagannars ingen mer än min mor som gör – eller gjorde, när hon orkade.
    Normal kanske man vill vara. (?)
    Men vanlig?

  2. Heidi: permalink

    Ja, lilla til advent i alle fall. Det gjer dei fleste eg kjenner, til ei viss grad i alle fall. Alle her har lilla lys i advent. Eg er einig. Helst normal, men ikkje nødvendigvis vanleg… Men eg går ut frå at dei fleste tenåringar har ein periode i livet der foreldra virkar litt smårare, evntuelt kjedelege…
    😉

  3. borghild permalink

    Nils Gerhard Elgåsen.. haha!

  4. Heidi: permalink

    Og dokka heitte Søte Lille Pille…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: